søndag 27. juli 2008

Den dagen alt vart annleis...


Sola skin på ein varm sommardag, familien er som vanleg samla til middag, praten går om laust og fast rundt bordet. Etterpå går dei kvar til sine aktivitetar, kosar seg med ei god bok, ut og ha det moro med gode vener, jobbe litt i hagen. Alt er ved det trygge, vande, livet er godt å leve!

Brått, utan teikn på at kvardagen skal endrast, ikkje eit forvarsel, absolutt ingenting som skulle tilseie det, likevel skjer det; ALT vert annleis.

Sola skin ute, men likevel så skin ho ikkje. Familien er samla, men det er ein som manglar. Ikkje berre for ei lita stund, men for alltid!
Ufatteleg. Så endeleg. Aldri meir. Slutt.

Ei grufull sanning er i ferd med å trengje seg inn i bevisstheita. Vil ikkje fatte det, skubbar tankane til side, tenke på det ein annan gong, kjenner at kroppen ikkje er klar enno. No er det altfor låkt, må tenke på noko anna, tenke på dei andre, dei har det sikkert verre.

Draum. Var det eit mareritt? Jau, det det vere, eit grusomt mareritt. Kjenner etter, var det sant likevel? Det kjem smygande innunder huda, det som gjer ein oppmerksam på at det var eit levande mareritt.

Svart. Tomt, uendeleg tomt. Kaldt, ufatteleg kaldt. Låkt, grusomt låkt. Ei smerte som ikkje er meint til å bere. Det er trongt å puste, det snører og knyt seg i kvar ei blodåre i kroppen, dei vil ikkje, orkar ikkje, greier ikkje meir. Men likevel gjer dei det. Pusten går og hjartet slår, -utan at ein eigentleg orkar det. Må ha ein "timeout". Nokon må hjelpe, dette er meir enn ein kan takle.

Etterpå.
Dei seier at såra vil gro. Det er berre delvis sant.
Eit stort og djupt blødande sår var det, og det blødde lenge. Skorpa som danna seg på såret, hadde lett for å dette av og då blødde det meir. Men ein lærer seg å leve med slike sår, ein må det, har liksom ikkje så mykje val.

Djupe sår set djupe spor, og arra vil alltid vere der. Arr som minner ein på den dagen alt vart annleis, og ikkje minst på dagane før...

Til minne om min kjære Pappa, og til minne for alle dei som saknar sine kjære!

laurdag 26. juli 2008

Om å hente sin eigen mat.

Det enkle ER ofte det beste!

Tidlegare i veka, før den store varmen kom til oss, var 3 av ungane på sin første fisketur.

Dorging på Dalsvatnet er ein av mine barndomsskattar. Eg og syskena mine som bytta på å sitte bakerst i båten med kvar si "dorgefjøl", og ein trygg og god pappa som rodde runde på runde rundt vatnet. Den stolte gleda over å kome heim til mamma og få vise fram fiskane som vi hadde fiska sjølv.
Slik var det også denne dagen, berre ein generasjon etter:)

Gjett om det var stolte ungar som kom meg i møte med kvar sine 5 sjølvfiska kreder! Sjølvsagt skulle dei ha krede til middag denne dagen.

Men med slik ein flott middag skulle ein hatt ein god dessert til.
Kva var då meir naturleg enn å hauste sine eigne ripsbær? Ungane fekk kvart sitt beger, la på sprang ut i hagen og plukka med stor iver! Litt av bæra tok kortaste vegen, rett i munnen, men dei fleste gjekk i begera. For som Elisa så klokt sa det: "Vi kan ikkje ete opp alle bæra no mamma, då he'kje vi noke å ha sukker og vaniljesaus på!"


Arbeidsfordelinga vart slik; far laga til middagen, ungane ordna desserten og mor sprang inn og ut for å dokumentere (les: tok bilete) og passa på minstejenta.

Femten flotte kreder som skulle mette fem forventningsfulle munnar!

Og dagens dessert: sjølvplukka rips! Mmmm....
Då maten var oppeten (ungane åt kjempegodt!) og det var tid for å takke for mat, då sa Matias: "I dag vil ej takke mej sjøl for maten, for ej he no fiska fiskane sjøl og plukka bæra sjøl!
Og det hadde han no heilt rett i! :)

onsdag 23. juli 2008

Eg har ei tulle med auge blå...

Eg har faktisk to tuller med auge blå. Her er den minste av dei; Linnea.









Kosestunda om kvelden etter at storesyskena har lagt seg, er noko heilt spesielt.

Med song, rim og regler, der eg får verdas beste respons; barnelatter og barnesmil, er ei ufatteleg fin stund!















Eg får lyst å "fryse" desse stundene, slik at eg kan ta dei fram ved seinare høve, denne spebarnstida går så fort, så altfor fort! Samstundes gledar eg meg kvar dag over nye framsteg, steg på vegen til den vesle ungen min som etterkvart skal verte ei stor jente!

Det gryr av dag, dei vaknar til liv.
Eg kjenner meg glad, dei gir meg slik giv.

Eg legg meg om kvelden, kjenner meg rik.
Ser på himmelkvelven; tenk at det vart slik?

Fjelltur!

Når storfamilien skal på fjelltur, gjeld det å finne eit passande turmål.
Her i Bjørdalen er vi omkrinsa av høge, kvasse tindar og store ruvande horn. Desse er alle fantastiske turmål spør du meg, men når ein skal ha med seg 10 barneføter som skal trakke i resene sjølv, så bør ein legge lista litt lågare og heller sikte seg inn på ei av dei to tuene vi har.
Bakketua, som skiljer Bjørdalen frå Kvanndalen, vart turmålet denne dagen.

Noko som er særs viktig når vi skal på tur, uansett kvar turen går, og uansett kva varigheit turen har, er innhaldet i tursekken. Forutan vatn på alle drikkeflaskene, har vi med grove skiver med godt pålegg til alle mann, nokre epler eller litt anna frukt, ein kjekspakke og sist, men ikkje minst: "overraskelse" (les: sjokolade) Denne "overraskelsen" er noko som vi alle gledar oss til, og når små fotar byrjar å verte trøytte og humøret kanskje skulle sige eitt par hakk, då undrar vi oss litt over kva slags "overraskelse" som ligg i sekken, og vips så er humøret på topp for ei stund til:)

Bakketua kan ein nå på ulike vis, ein kan til dømes gå "rett på", kortaste vegen, gjennom låg fjellbjørkeskog i noko ulendt terreng. Toppen er då mest sannsynleg nådd innan tre mødesame kvarter. Vi gjorde val om å gå ein omveg, for målet for oss var i hovudsak turen -ikkje toppen.



Fjellbjørka veks sjeldan rett oppover, denne her var ganske skeiv:) .......Kvanndalen er også ein fin dal!
På turen tok vi mykje bilete, til og med eg kom med på bilde denne dagen:) Alle fekk vere med å knipse, og nokre bilde var det sjølvutløysaren som tok seg av. Blomsternamn vart pugga og lært, og som tidlegare hobbybotanikar fekk eg friska oppatt bortimot 70 plantenamn denne dagen. Synne hadde augene med seg, så det var omtrent ikkje ei plante som vart forbigått! Kjempekjekt!


Her er Synne med eit eksemplar av den fine blomen med det fine namnet:Linnea

Vi såg sommarfuglar, biller og eit par froskar, og sjølvsagt møtte vi på sauene som har sommarbeitet sitt her. Ungane hadde stor glede av å få dele litt av nista si med nokre av dei sistnemnde:) Elles så fann vi mellom anna gamle, rare trerøter og store steinar som likna på sovande kjempar! Det er så fasinerande med ungane sin utrulege fantasi, dei ser ofte så mykje meir enn oss vaksne!





Noko som for ungane var det raraste på heile turen, var at vi gjekk oss på ein stor flekk med snø, "Sjå mamma! SNØV! SJØL om de e sommar!!!" Så då måtte vi sjølvsagt bort å kjenne på:)

Eg kan sjølv hugse kor rart dette var. Det er noko av det som er så godt med å vere i lag med ungane; å oppdage ting på nytt igjen. Den gleda eg får inni meg når eg ser kor ungane frydar seg over dei same tinga som eg eingong også fryda meg over, er så god. For som vaksen har ein vel nærast har gløymt denne bortimot berusande kjensla over å ha oppdaga noko "nytt".

Vel fire timar etter at vi parkerte i Kvanndalen, var vi på Bakketua. Ikkje ei sur mine på desse timane! (sett vekk i frå eit par fall som resulterte i skrubbsår på knea, då er det sjølvsagt lov å klage litt, men heldigvis vart dette gløymt nesten med ein gong:) )

På fjellryggen som skil Kvanndalen frå Bjørdalen er det flott utsikt! Dalsvatnet, deretter Vatnevatnet oppe til venstre i bildet.

Alle var samde om at vi hadde hatt ein kjempefin tur! Det høyrer også med til historia at vi overnatta i selet våra i Kvanndalen, ei flott avslutning på ein innhaldsrik dag.

måndag 21. juli 2008

Eg bloggar!



Etter eit par månadar med "tenke på å opprette ein blogg"-tankar, har eg no tatt steget!

Det vert nok litt famling, prøving og feiling, men sånn er det vel med det meste her i verda. Når noko skal lærast så må ein gjerne prøve det nokre gongar først. Det er iallefall det eg seier til ungane mine, så då må det vel gjelde for mor sjølv også?

For etter å ha brukt bortimot ein time av mi dyrebare "åleinetid" på å lage til profilen min og skrive litt om meg sjølv, forsvann plutseleg alt det eg hadde skrive -utan at eg fann det igjen nokon stad... Så no gjenstår det litt utfylling og finpussing på profilen min før eg er skikkeleg i gong.

Eg kjem sterkare igjen!