laurdag 30. august 2008

"Fru Effektiv"

Som ein kan lese i det forrige innlegget mitt, så er eg ein fornuftig brukar av tid. c",) ;)

Eg kan vel eigentleg ikkje skryte på meg å vere så fryktelig flink til å passe tida, for alle som kjenner meg, veit at eg er håplaus når det f.eks. gjeld å kome presis. Eg er iallefall ikkje kjend for å vere tidleg ute, for å seie det på ein finare måte.

No er det faktisk slik at eg prøvar å kome tidsnok, men det er med meg som med Albert Åberg; eg skal berre, eg skal berre...

Eg og mannen min har sjølvsagt hatt nokre diskusjonar rundt akkurat dette temaet, kvifor er eg alltid ute i siste liten? Kan eg kallast treig? Nei, det er ikkje heilt der problemet ligg heller. Eg meiner at det kjem av at eg er så utruleg effektiv(!) (Kanskje vanskeleg å forstå at det er ein samanheng her..?)

Jau, for det er nemleg det at eg har så mykje som eg skal gjere, og effektiv som eg er, så gjer eg fleire ting på ein gong. Og dess fleire ting ein skal passe på, til lettare er det å gløyme andre ting igjen. I mitt tilfelle gjeld det ofte klokkeslett. Det er ikkje det at eg gløymer klokkesletta, det er berre det at eg skal berre fyrst.
(Er det nokon som forstår samanhengen no?)

No har eg altså vorte ein bloggar. Og blogginga mi skulle ikkje gå ut over andre gjeremål i kvardagen.

Blogging skal skje etter at ungane er lagde, etter at andre husmorsyslar er fullførde og etter at mannen har funne go-stillinga si i sofakroken med fjernkontrollen i handa;)

Men alle som bloggar veit at det ikkje er enkelt, ein av og til berre ta ein bitteliten tur innom bloggen for å sjå om der er noko nytt. Det kan vere å sjekke teljaren, (som eg har fått på plass, etter prøving og feiling i fire veker...) eller det kan vere å sjå om nokon har lagt att kommentarar (som i så tilfelle er heilt hivens!!!) eller for å sjå om favorittbloggarane har komt med nye innlegg (ein kan nesten få litt sånn "pakke-opp-julegåve-kjensle")

Så, her ein dag medan eg venta på at grauten skulle koke seg ferdig, tenkte eg, effektiv som eg er, at i denne ventetida kunne eg ta ein snartur innom bloggen. Eg så gjorde. Jaudå, her var det forskjellig nytt som måtte lesast, fine bilete og dikt, artige historier og kommentarar. Brått høyrer eg mannen min med ei noko heva stemme: "skolle ikkje du passe grauten?!"
Jau, sa eg, men eg skulle berre...


Slik kan det gå i mi effektive verd...

torsdag 28. august 2008

Om TID



Mykje kan seiast om tid.

I dag snakkar dei fleste om "dårleg tid", "har ikkje tid", "tida går så fort", "tidsklemma" osv.

Men er det verkeleg slik at nokre har mindre tid enn andre? For all del, eg skjønar godt at ein av og til kan få kjensla av at ein ikkje har "nok" tid, men heilt matematisk sett har vel alle like mange timar i døgnet. Ein annan ting er korleis ein vel å prioritere desse timane ein har til disposisjon...


Her til lands er det frykteleg viktig å fylgje klokka, viss ein ikkje gjer det kan det meste gå gale. For vi har tidsfristar over alt; på jobb, på skulen, diverse avtalar som skal haldast, fly og tog som vi skal nå, legetimar, frisørtimar og andre timar. Dagsrevyen, sportsrevyen, Hotel Cæsar og andre såper på tv som vi skal sjå (dette gjeld sjølvsagt ikkje meg vel og merke, då eg ikkje er særleg oppteken av det som rullar på tv-skjermen).

For ikkje å snakke om alle treningstidene som skal haldast greie på! Bl.a. fotball, handball, symjing, ski, riding, ballett, speidar, kor, leikarring, helsestudio, bedriftsfotball, spinning, step, bosu, yoga, you name it...

Så skal vi ha tid til familie, vener og sjølvsagt blogging! (I den rekkefylgja ja...;))

Ikkje rart at vi har fått eit samfunn med utbrende slitarar fulle av dårleg samvit, nettopp på grunn av at tida ikkje strekk til!!!

Tru meg når eg seier at eg er redd. Redd for at denne fryktelige tidsklemma skal kome å bite seg rundt meg, halde meg fast i sitt harde grep! Tenk om ho knip meg så hardt at eg ikkje evnar å sjå kva prioriteringar som er viktigast her i livet! Eg skjelv berre ved tanken!!! Heilt sant!

Tida er noko av det mest dyrbare vi har, det gjeld berre å bruke den rett.

Og kva som er rett må nok vere opp til kvar einskild å svare på...



(Bileta er av kjøkkenklokka mi. Den er noko av mitt kjæraste arvegods, den tilhøyrde besteforeldra mine som budde i huset her før oss. Etter at vi pussa opp huset, hengde eg klokka opp på veggen igjen, omtrent på same plassen som den hadde før. Ein ting var sikkert: Det var aldri dårleg tid i bestemor sitt kjøkken:) )







onsdag 27. august 2008

Familiedag på Brudavollen


(Klikk på bileta om du vil sjå dei i full storleik)

Søndag vart det arrangert familiedag på Brudavolltunet.
Dette har vorte eit årvisst arrangement, der særleg småbarnsfamiliar møter opp i fleirtal. Det er tillaga mange ulike aktivitetar for borna; dei blant anna får prøve å kinne smør, vere med i smia, karde ull og sjå på prosessen frå ull til ferdig tråd.
Eventyrstund, skattejakt, riding, gå med stylter(som var stor stas for ungane våre!) var populære aktivitetar.


Her er det Stine som får hjelp av Bestefar Stig til å halde balansen.


Synne har gjort dette nokre gongar før, så ho manøvrerte styltrene godt:)


Eirik (3 år) trengde naturleg nok litt hjelp, så då var Pappa trygg å ha bak seg.


Kjekt med ein Bestefar som kan hjelpe Elisa!



Det vart rømmegraut på heile familien denne søndagen, store og gode porsjonar til alle mann:)



...bortsett frå Linnea då... Trur ho var litt snurt då ho ikkje fekk smake. Neste år Linnea! :)



Etter å ha kosa oss nokre timar i det vakre, velstelte Brudavolltunet, var det på tide å reise heimatt. Elisa ville sitte på ryggen til storesyster Stine på veg ned til bilen, og det vart slikt eit fint motiv, så dermed vart det foreviga:)

Vi er alle glade for dei frivillige kreftene som vi har her i bygda, og takkar dei for at dei står på og brukar av fritida si på å lage det kjekt for oss!

måndag 25. august 2008

Eit stabbur fortel

Eg ynskjer deg velkomen inn,
eg er forma og laga av herren min.
Mi oppgåve var å opne opp,
då rette lykjelen dukka opp.
.
.
Gjennom tiår dei mange har eg tent,
og fleire generasjonar har eg kjent.
Gleder og sorger, latter og tårer,
livet sin veg har gitt mange slags gåver.
.
.
Har du med deg lykjelen skal du få sjå,
det som innom døra skjular seg i ei krå.
Veggane som nøysamt er lafta,
med hjelp av berre handemakta.
.
.
Kunsten som den gong vart nytta,
er snart inn i historia flytta.
Mose og lav i hol og sprekkjer,
tettar for vinden og anna som lekkjer.
.
.
Store stokkar bygd opp og tatt ned.
Bra var det at dei ikkje vart ved.
Smidde for hand slik dei skulle passe,
ja tenk kva krefter som er nedlagt i desse.
.
.
Unge og gamle, framande og kjente,
her har dei vitja både gut og jente.
Her er det kle, sko og bøker, kister og skap,
her er det mange som har slått av ein prat.
.



Her låg kornet i bingar mange,
her hang det saltmat og pølser lange.
Kvar dag gjennom åra dei vitja meg,
her var kleda og maten dei henta seg.
.
Etter tru og god teneste for alle som kom inn,
kom det andre og tok over funksjonen min.
Døra den gjekk ikkje opp og igjen så ofte,
støvet det la seg og det vart ikkje borte.


.


Framleis står eg her klar til å nyttast,
sjølv om her er ein del som må ryddast.
Det som før vart handtert med vande hender,
veit dei ikkje korleis dei skal bruke lenger.
.
Mitt liv som stabbur er ikkje forbi,
dette var berre eit glimt av fortida mi.
Heilt som her var før vert det nok ikkje,
men historia mi den kan ingen rokkje.
.
Eg treng nok litt hjelp frå ei arbeidshand,
kanskje vert det knytt nye venskapsband?
Gammalt og nytt skal knytast i hop,
eg trur det vil gi meg ei sterkare rot.

astrid-08

Du er ung i dag, du er sterk i dag,
og den grønne jord er din.
Fold dig ut som et knitrende silkeflagg
i den feiende, friske vind!
.
Du er full av sol og av gyllen vår,
og du kjenner de tusen sange.
Og du eier en verden av skjønne år
og av timer rike og lange.
.
Fold dig ut i dag mens ditt hjerte slår
og ditt sinn er en blomsterhave.
Grip din skinnende lyse vår
og livets tindrende gave!
.
Av Inger Hagerup

fredag 22. august 2008

Yngstemann på Saudehornet??

Onsdagane er Svein Erik sin fridag. Og med 3 av ungane i barnehagen og 2 på skulen, var det berre vi to voksne pluss Linnea (8mnd) som var heime, med andre ord: vi følte oss ganske "fri" denne onsdagen. Og då vermeldinga på yr varsla om fint ver denne dagen, la vi planar om fjelltur. For fjell og friluft er noko både Svein Erik og eg verdsett veldig høgt.


Så kva for fjelltopp skulle vi sikte oss inn på?
Eit av dei viktigaste kriteria var at vi måtte finne eit fjell med god rås utan kliving, dette fordi vi skulle gå med Linnea i beresele og dermed var det viktig å sette føtene trygt framom seg:) Samtidig hadde vi lyst å slite oss litt ut denne dagen, så Saudehornet (1303 moh) vart destinasjonen. Der har vi vore nokre gongar før, så vi visste at der er trygg og god rås heile vegen.

Etter at ungane var levert i barnehagen, pakka vi tursekken og sette kursen mot fjellet. For at turen skulle verte mest mulig komfortabel for vesle Linnea (8 mnd), hadde vi med vogn slik at ho fekk sove første delen av turen.













(For dei som ikkje veit det, er det bomveg/grusveg eit godt stykke på veg opp til Saudehornet, ei særs populær trimrute for spreke ørstingar! Ikkje heilt mi type trimrute denne vegen då, men det er sikkert berre fordi eg er bortskjemt med eit flott friluftseldorado "rett utom nova".







Utan mat og drikke...:)





Det vart handla inn rikelige mengder med smågodt, sjokolade og anna godis, Linnea måtte nøye seg med yoghurt og pupp -sikkert ikkje så verst det heller:-)
























































Turen gjekk kjempefint! Linnea såg ut til å storkose seg, bortsett frå at ho reagerte litt på det skarpe lyset på toppen, då var solbrillene til mamma gode å få låne B-)
Som de ser på bileta så låg det skodde rundt toppen, vi fekk likevel nokre glimt av det fine veret då vi satt der. Då kunne litt av utsikta også nytast, og sunnmøres alpenatur er noko for seg sjølv!!

torsdag 21. august 2008

Eg, nostalgisk?

Året var 1871. Henrik Olason var 21 år.
Skal tru om han tenkte noko om korleis historia til huset skulle verte? At tipp-tipp-oldebarna hans skulle leve innanfor dei same veggane som han var med på å røyse?

No er huset noko endra sidan 1871, men det står på dei same murane, og dei gamle tømmerveggane er bortimot uendra.
"Slekt skal følge slekters gang..."
Eg kjenner meg heldig som får bu i eit hus med sjel. Spesielt er det sjølvsagt sidan det er mine forfedrar som har budd her i generasjonar.
Då vi heldt på med oppussinga for 4-5 år sidan, hadde eg ikkje planar om å ha ein slik ane-vegg. Men etter at vi flytta inn og eg fekk tenke litt på det, kom eg til at det ville vere kjekt å ha!
Alle bileta, med rammer, hadde eg liggande i ein gammal kommode som tilhøyrde mine oldeforeldre, så det var berre for meg å henge dei rett opp på veggen. Dekorativt vart det!

tysdag 19. august 2008

Det store "kvifor" spørsmålet og andre kvardagslege utfordringar...

"Mamma, koffår plokka du bær?" spør Elisa.
"Jau, det er fordi eg skal fryse ned bæra i frysaren" seier eg, som om det var heilt sjølvsagt for ein fireåring.
"Koffår det då mamma?" kjem det igjen frå Elisa.
"Jau, det er fordi at då kan eg ta opp bæra seinare ein gong eg treng dei" svarar eg, litt opptatt med mitt.
"Jammen koffår det då?" -Denne jenta gir seg ikkje med dette til tider travle spørsmålet.
"Jau, for då kan eg for eksempel pynte ei god kake med fine raude ripsbær" seier eg, og kjenner at eg syns dette spørsmålet kjem i litt for hyppig frekvens.

Eg må stoppe opp litt, bite meg i at sjølv om eg har haurt dette "koffår" bortimot hundre gongar hittil denne dagen, så kan eg ikkje verte irritert. Eg må dele dette talet rettferdig på tre, så då vert det i overkant av 30 "koffår"-spørsmål per snute. Og det er i grunnen ikkje så mykje?

Eigentleg burde eg fryde meg over kvart eit einaste slikt spørsmål, for det er vel eit godt teikn på at ungane mine er nyskjerrige på kunnskap, same kor lite eller mykje viktig denne kunnskapen er.
Og frydar meg gjer eg då også, spesielt etter litt ettertanke. Det er berre det at av og til, i somme situasjonar, kan denne repeterande ordlyden verte oppfatta som masing...

Det er spesielt etter at ungane har gått til ro om kvelden, og etter at eg har fått sortert tankane mine, at eg ser kor fantastiske ungane mine faktisk er. (Slik som ungar flest;) )
Så når tankane over dagen er rydda i nokonlunde orden, kjem av og til den litt låke kjensla av dårleg samvit...

-Har eg vore nok tilstades for ungane mine?
-Har eg sett kvar einskild for den ho/han er?
-Har eg skjent på alle når det berre var ein av dei som gjorde ugagn?
-Har eg vore flink nok å rose kvar einskild for det dei har gjort bra?
-Har eg sagt nei også dei gongane eg kanskje burde sagt ja?
-Har eg lytta alle dei gongane dei har spurt meg om noko?

Mykje å tenke på dette, og ikkje minst mange spørsmål som fort kan gi svar som ein kanskje ikkje likar. Eg vel å svare at: eg prøvar så godt eg kan!

Eg er nok ingen supermamma, men eg trur eg er nokonlunde dugandes likevel. Eg trøystar meg med det:)

"Mi" grend

Gamle grendi av Ivar Aasen

Tidt eg minnest ein gamal gard
med store tre og runnar.
Vollar, bakkar og berg og skard
og blomster på grøne grunnar.
Der hadde eg meg so godt eit rom:
hus og mark med både bær og blom,
alt eg nøytte som ein eigedom
med både lut og lunnar.



Der var dalar og lider nog,
der lur og bjøllor klungo
Der var ruster og fager skog, der tusund fuglor sungo.
Tett med stova stod ei bjørk so breid,
der hadde skjorerna sitt gamle reid
Staren song i kvar ein topp, som beid,
og erlor i tunet sprungo.