fredag 31. oktober 2008

"I'm BAD"


Eg har gjort det igjen.
Det som eg skulle passe meg så vel for slik at det ikkje skjedde fleire gongar.
Eigentleg er det for flaut til å stå på trykk, men eg har med åra lært at det går an å le av seg sjølv også, ikkje berre av andre sine flauser...

Eg likar å danse. Frå eg var 17 år og fram til eg klekte ut mine fyrstefødde, då var eg ei danseløve eller ein danseklovn, alt ettersom kven du spør;) Der det var dansegolv med bankande rytmer frå høgtalarane, der var eg å finne, gjerne tre kveldar i veka. Då var det ikkje snakk om sving, tango, foxtrot og andre flotte pardansar, pardans har eg forresten ikkje lært meg skikkeleg enno, har liksom ikkje vore heilt gira på det. MEN når det kjem til å utfalde seg åleine på dansegolvet (...ja, gjerne saman med fleire som dansar åleine...) då likar eg meg best! Ingen innøvde trinn, berre rørsler som kjem som følgje av musikken.
Det er SÅ godt!
Som Madonna syng på si siste plate:
"You know I feel it in my heartbeat, don't you know, can't you see, when I dance I feel free, wich makes me feel like I'm the only one, that the light shines on".
Når eg er åleine på biltur syng eg av full hals i duett med Madonna, men då eg ikkje er heilt sikker på korleis det høyrest ut for andre, gjer eg det berre når det er meg og Madonna som er åleine på tur.
Dei siste fem åra har det ikkje vore same mulegheitene for å få utfalde seg på diskotek som danseløve/danseklovn, ikkje er eg like ofte på fest som før (naturleg nok) og ikkje har det vore like freistande å hive seg på dansegolvet med struttande gravidmage... (Sjølv om eg har gjort det også, med stor suksess! Då eg var tvillingsvanger i 8.mnd, var eg ein av fire vinnarar i ei lokal dansekonkurranse:) Om eg vann fordi eg såg ut som ein stranda kval er uvisst, då er det betre å leve i trua på at dei syntest eg var flink! :) )

Sjølv om eg ikkje har entra dansegolv i fleng siste åra, så har eg ikkje slutta å bevege meg til musikk. Nei, langt i frå! Eg har då stereoanlegget mitt som eg kjøpte for konfirmasjonspengane mine for hundre år sidan, det formidlar fortsatt lyd av god kvalitet. Så innimellom husarbeid, lekser, amming og blogging, ja då finn eg stundom tid til litt fysisk utfalding.

Det var ein dag tidlegare i år, eg trur det kunne vere tidleg i sommar. Mann og ungar var på handel og eg skulle stelle heime. Husarbeid er som kjent kjekkast når ein har musikk til, slik er det i alle fall for meg. Så eg sette i ei brent cd-plate som inneheldt litt forskjellig musikk, deriblant Michael Jackson med "Bad"...
Godt humør som eg sjølvsagt var i då eg hadde heile huset for meg sjølv, så skrudde eg anlegget på med god styrke og håpte på at naboane var opptatt med gjødsling og anna gardsarbeid slik at dei ikkje vart forstyrra av min husarbeid-bakgrunnsmusikk.
Teppa vart hengt ut til lufting, golv vart vaska og støvsugd, og gangen vart med eitt forvandla til eit dansegolv med bankande rytmer til. Det var ikkje til å unngå at mor sjølv slo seg laus i heftig dans midt på golvet i gangen framfor den store spegelen.
Det utvikla seg etterkvart som Ravi syng det i hit'en "Utadæsjæloplevelse"; dans, dans, dans oppå bordet, legg deg ned på gølvet, dans, dans, utadæsjælopplevelse...
Stadig fleire gamle hit'ar vart pumpa ut av høgtalarane, og eg var i storform, svetten hagla -og eg dansa, lo, song med og dansa vidare:) Som fortsatt midlertidig fungerande meieri for veslegull, så var det sikkert ikkje til å unngå litt lekkasje der eg dansa rundt med mengder av både endorfinar og adrenalin i blodårane.

Når eg dansar, så dansar eg ikkje berre med føtene, slik "bytt-om-fot og bytt-om-fot" som eg eingong lærte for lenge sidan på Barnelag eller Leikarring som det også kan kallast.
Nei, når eg dansar så er det med heile meg, til og med med ansiktet...når eg verkeleg vert riven med...slik som denne dagen...
Intense, litt sinte blikk på meg sjølv i spegelen, medan eg syng duett med Michael av full hals: "I'm BAD, I'm BAD, you know it!"
(Heldigvis for at eg ikkje dansar på same måte som Michael, med eit godt grep om edlare delar og slikt...)

Som i ein slags uverkeleg draum i slow-motion ensar eg noko ytterst i synsfeltet mitt...
Det er akkurat som eg ikkje vil snu på hovudet for å sjå betre etter, for eg trur eg har rett når eg tenkjer at DER STÅR NOKON UTANFOR DØRA! OG DEN NOKON SER PÅ MEG!!!
Tankane flyg om kapp på innsida; Skal eg springe og gøyme meg? Kven er det? Kva skal eg seie? Skal eg forklare situasjonen? Eg tenkjer alle desse tankane på ein gong i løpet av brøkdelen av eit sekund, før eg snur meg og gjer det som eg sjølvsagt må gjere... Late opp døra. Seie hei. Vere naturleg. Late som ingenting, det er trass alt mitt hus, og her gjer eg kva eg vil.

Utanfor døra står det ein mann. Postmannen. Ein ung, pen postmann. Han smiler. Han har ein pakke til meg som eg må signere på.
Eg er fortsatt eit kaos på innsida, tankane flyg enno i stor hastigheit; skal tru kva han tenkjer? Har han stått der lenge og sett på? Vil han fortelje det til alle han kjenner, at han har sett det mest komiske av alt, slik at han og venene gapskrattar når han gjenfortel det han har sett? Eg skundar meg å signere på mottatt pakke, seier takk og skundar meg å late att døra.

Så ser eg meg i spegelen.
Om eg var eit kaos på innsida, var kaoset på utsida MYKJE verre!
Skrekk og gru!
For det første; mi usminka sannheit kombinert med veldig hektiske roser i kinn...
Bustete manke med restar av morgonens kamp med Linnea og grautskåla...
Men verst av alt: to store, mørke, våte ringar midt i augesynet på den unge postmannen!!! Den lys turkise singlet'en kunne på ingen måte kamuflere min mjølkespreng...
Ikkje nok med at eg såg slik ut, men det faktum at postmannen garantert hadde sett delar av min utfaldande dans, samstundes som han garantert kunne høyre meg i duett med Michael Jackson, det var nesten uuthaldeleg å tenkje på!
Kan det verte meir flaut enn dette?
Eg lovde meg dyrt og heilagt at dette aldri skulle skje igjen.
Det har det heldigvis ikkje gjort heller.
Ikkje fullt så gale...
Eg har ikkje slutta å danse heime, men eg har tatt eit par forhaldsreglar.
Eg dansar ikkje i yttergangen der det er fritt innsyn gjennom vidauget i ytterdøra.
Eg torer ikkje synge av full hals, prøvar å nøye meg med litt miming, men det er likevel ikkje alltid eg greier å late vere å synge...

Dette skjedde ein dag i forrige veke.
Medan Linnea sov trygt og godt i vogna si ute, så skulle eg trimme litt inne. Musikk må sjølvsagt til dersom eg ikkje skal bryte saman etter 10 armhevingar og 20 situps... Etter ei lita ykt med styrketrening på stovegolvet, var det tid for litt dansing framfor den litt mindre spegelen lenger inne i gangen. Eg dansa, kosa meg og song med, ikkje av full hals denne gongen, men likevel høgt nok til at det sikkert kunne høyrast ut i yttergangen.

Så var det eg vart var ein lyd. Nokon som banka på? Jau, der var den igjen, eg skunda meg å slå av musikken og gjekk ut for å opne opp. Der stod det to smilande damer på trappa.
"Forstyrrar vi? Driv du og øvar kanskje? Vi kunne høyre deg synge skjønar du."
Dei hadde visst banka på nokre gonger(vi har ikkje dørklokke) og medan dei venta på at nokon skulle opne døra hadde dei altså fått med seg at det var nokon heime, ei syngande husmor. Isolert sett så er vel ikkje akkurat det så uvanleg. Det er berre det at mi songstemme eignar seg best når det berre er eg som høyrer på...
Damene var visst ute i eit vervande ærend, men eg inviterte dei ikkje inn.
Eg var glad for at dei ikkje hadde fått med seg alt, og eg var glad for at eg såg litt meir representabel ut enn forrige gong eg vart overrumpla.

Nokon som har ei flause som de kan tenkje dykk å dele? ;)

tysdag 28. oktober 2008

Snipp, snapp, snute, så var DET eventyret ute...

Det var i det herrens år 2007, den 17. desember kom det til verda ei nydeleg lita jente.
Foreldra synest ho var mest som eit under, trass i dårlege odds klamra jenta seg fast i mor sitt liv nesten heilt fram til forventa termin.
Så frisk og rein og god!
Lukka var fullkomen:)
Den vesle jenta fekk sin eigen raude prikk på fødselstavla på sjukehuset, og det var tid for å reise heim og feire jul!
På gudmor sin 25 års dag, fekk den vesle jenta det fine namnet sitt; Linnea.
Linnea vart døypt i Ørsta kyrkje, i oldefar sin dåpskjole som vart brukt for første gong i 1915.


Som yngst i ein syskenflokk på seks, var det ikkje noko utprega roleg tilvere som venta yngstejenta...
Linnea vart med på lasset hit og dit og over alt:
Late vinterferiedagar på heisa saman med gode vener...

Fjellturar saman med heile familien...


På båttur til Raudøya, trass i litt slosting med den nye redningsvesten...

Då tante skulle "drikkast ut", fekk Linnea vere med på nok ein båttur.
Denne gongen på eit idyllisk svaberg i Austefjorden...
Reker, vin og champagne med og utan alkohol til dei store -og pupp til Linnea:)

Pupp smakar heldigvis like godt over alt!:)
I frå 0 moh i Austefjorden -til 1303 moh på Saudehornet.

Nokre bleieskift hugsar vi betre enn andre, her på Saudehornet.

BØ! Titt-tei! :)
Då det var tid for at mamma skulle byrje på skule i Ålesund, måtte Linnea vere med.
Litt underhaldning på dei kjedelege bilturane måtte til.

Linnea -ein av eksamenskandidatane!:)
Her på høgskulen i Volda, ein av dagane med iherdig jobbing med gruppeeksamen.

Linnea -ivrig Åmdal-supporter på årets siste heimekamp. Heia Pappa!!


Som yngst i stor syskenflokk, har Linnea naturlegvis fått mykje kos og stimuli frå dei eldre syskena.
Stor stas! :)


Etterkvart som Linnea vart større og meir mobil, fekk vi god hjelp til forskjellig husarbeid:)
Her som kjøkkenskrivar!

Vedfyrarhjelpa til Pappa eller høgtlesing av gamle aviser -alt ettersom...


Men så kom dagen då mor til den vesle jenta oppdaga at ho ikkje hadde nokon baby i hus lenger!
Mollemora, Gollehøna, Molle-Golle-høne-pøne, Tosplerosk, Gollevenn, Minne-mune, Roskemor men mest av alt; LINNEA-MORA.
Veslejenta har vorte stor jente!
I går var det siste dagen av mammapermisjonseventyret mitt...
Det var med blanda kjensler eg gjekk inn døra på sjukeheimen i går kveld.
Mest av alt hadde eg lyst å vere heime med veslegull og dei andre storegulla mine, men natta gjekk greit den.
Eg visste trass alt at ungane var i dei beste hender heime med den flinkaste Pappaen ein kan tenkje seg:)
Det var kjekt å møte smilande pasientar og kollega igjen, det skal nok gå bra dette.
Men at eg kjem til å sakne livet som heimeverande -ja det er sikker på...

Takk for alle lykkeynskjingane eg har fått i samband med jobbstart igjen!

laurdag 25. oktober 2008

Litterær utfordring

Først vil eg takke så mykje for alle dei fine, oppmuntrande meldingane eg har fått på det forrige innlegget mitt! De skal alle som ein vite at eg set stor pris på at de tek dykk tid til både å lese innlegga mine -og attpåtil tek dykk tid til å legge att ein kommentar. TUSEN TAKK!!!

For litt sidan fekk eg ei utfordring med kjekke Dagny http://d-heim.blogspot.com/
Utfordringa var som fylgjer: eg skal vise fram bøkene i bokhylla mi som er til inspirasjon, nytte og hygge. Det viste seg etterkvart å verte vanskeleg med tanke på å avgrensing...Eg er veldig glad i bøker, ja nærast alle typar bøker finn du i heimen her.
Sjølv om det ikkje kjem fram på bloggen min til vanleg, så er eg opptatt av interiør.
Her har eg plukka ut eit par alternative interiørbøker som eg meinar at alle vil ha like mykje glede av, uavhengig av ein maksimalistisk eller minimalistisk stil.
"Stilren innredning" av Jane Cumberbatch og "Ryddige hjem" av Terence Conran. Begge bøkene kan vere nyttige i ein "kaoskontroll" av hus, heim og kvardagen generelt.
Jane Cumberbatch forteller hvordan du kan oppnå en mer balansert livsstil ved å vere fokusert på hva du egentlig har bruk for. Hun gir gode råd om alt fra farger på veggene til tilberedningen av et enkelt måltid med ferske råvarer. Boken er spekket med gode forslag som er både inspirerende og realistiske selv med et smalt budsjett, og viser hvordan du kan få det beste ut av hjemmet ditt og nyte livet. (Sitat frå boka)
Boka inneheld bilete som er verd prisen åleine, her er det snakk om augekvild! Eg har ikkje dokumentasjon på denne fråsegna; men eg trur at boka må vere både blodtrykkssenkande og kolestrolsenkande, stressfaktoren er iallefall garantert fråverande når du sit med denne i fanget:)

Eg hentar inspirasjon, eg drøymer meg vekk og eg kosar meg når eg les i denne boka. Stilren innredning handler om funksjonell, men vakker design. Stilren innredning dreier seg også om å forenkle og sortere, slik at boligen blir mer velorganisert. (Sitat)

Kapitla har overskrifter som: Natur, Lukt, Tekstur, Mat, Arkitektur, Funksjon, Orden, Hjemmelaget, Farger, Lek, Hvil, Vask og Sov

Stilren innredning handler også om helse, vi blir hva vi spiser. Stilren innredning tar også for seg hvordan vi kan bo mer økologisk. (Sitat)
Boka "Ryddige hjem" av Terence Conran er full av praktiske tips og inspirasjon som trengst for å halde oversikt i heimen. Han viser fleire løysingar for organisering av kle, bøker, utstyr, møblar m.m. for at roma skal verte mest muleg funksjonelle og hyggelege.
"Hva vi eier og hvordan vi organiserer dette, er med på å skape uttrykket i hjemmet vårt. Det har dessuten stor innflytelse på hvordan vi fungerer i hverdagen. God organisering av ting vi bruker ofte, gjør hverdagen mer effektiv."

"Med anskaffelse av for mange ting kan til slutt ta overhand og skape et kaos som virker forstyrrende."
"Å holde orden er en kontinuerlig prosess hvor gode rutiner er alfa og omega, denne boka gir deg de beste tips til hvordan du kan skape disse rutinene."
Boka inneheld løysingsforslag frå rom til rom, vurdering av dine behov, sorteringsstrategiar, oppbevaringsmåtar, ulike tips om sikkerheit, stell og vedlikehald med meir. I tillegg er boka rikt illustrert med flotte og inspirerande bilete.

Begge bøkene inneheld det dei lovar og eg kan anbefale dei på det varmaste:)

Hagebøker har eg også fleire av, (eg er snar å hamstre bøker på mammutsal, opphøyrssal og andre sal) ikkje alle er like inspirerande, men desse to er mine favorittar. Hittil. (Eg fekk veldig lyst på dei hagebøkene som Dagny http://d-heim.blogspot.com/vert inspirert av:))

Då eg er eigar av ti kvite fingrar, ikkje grøne, kan eg med litt godvilje plasserast i kategorien "nybyrjar i hagefaget". Som nybyrjar passar desse to bøkene meg godt. "Frå frø til frodig hage" er ei bok som lovar ei grundig innføring i alt hagearbeid.

Boka viser framgangsmåtar med tydelege bilete, og gjer at eg kan opne opp for den kjende teskeia. Ja, eg er av dei som må ha tips om hagearbeid inn med teskei...
Eg drøymer om ein hage å vere stolt av, men eg har forstått at slikt krev sin mann eller si kvinne, alt ettersom.
Samstundes vil eg ha ein hage som ikkje krev enormt med tidkrevande luking. Luking er i mine auge noko som eg ser på som aldeles meiningslaus bruk av tid! Kanskje fordi eg har kjempa ein forgjeves kamp mot skvallerkål i tre år!!!:( Då likar eg betre klipping og skjæring av tre og buskar:)
¤
"Hage...uten grønne fingre" av landskapsarkitekten Dorte Gjefsen som har over tjue års erfaring med "problemhagar", er også ei hagebok heilt tilpassa meg:)
Boka er lettlest og grundig, den er skrive med ein humoristisk vri og den er full av nyttige råd og ikkje minst er den illustrert med flotte bilete!

Boka inneheld også tips til ein grønsakshage. Det er noko som eg har bestemt meg for å prøve på. Eg likar å hauste, eg likar å vite kvar maten vi et kjem frå, og med ein eigen grønsakshage vil vi vere eit stykke på veg i så måte.

¤


Denne boka "Levende rom -med planter som design" av Diana Yakeley likar eg også godt. Den er som ei innandørs hagebok, samstundes som den er ei form for interiørbok.
Boka viser blant anna kor viktig plasseringa av ei plante er for å framheve den i eit rom. Størrelse og proporsjonar, stil og plassering, form og farge, tekstur og mønster vert tatt hensyn til.
Mange flotte og inspirerande bilete er alltid eit pluss i mine auge, og det har også denne boka!
¤


Når det kjem til skjønnlitteratur så er det utvilsamt sjangeren familiedrama som tiltrekker meg mest. Anne Karin Elstad er ei av mine favorittforfattarar, saman med blant andre Anne B. Ragde. Eg har lest dei fleste bøkene av desse to damene, det er vanskeleg å plukke ut ei favorittbok av alle dei flotte bøkene som dei har skrive, men triologien om "Berlinerpoplene" og "Folket på Innhaug" (som her er avbilda) er bøker som eg kjenner meg godt igjen i og er veldig glad i.
Grunnen til at desse bøkene "går rett i hjertet på meg", er at eg lever meg inn i bøkene frå første stund, eg smiler og ler, kjenner på håp, frykt og sorg i lag med "personane" i bøkene. Kall meg håplaust emosjonell, det gjer ingenting så lenge eg sjølv kjenner meg rikare etter å ha lest slike bøker:)
Ei anna bok av Anne Karin Elstad, "For dagene er onde" er ei bok som alle burde ha lest, det er ei bok til ettertanke og som eg trur at alle har godt av å lese!

Desse pocketbøkene av seriane "Sønnavind, "Jordmoren" og "Thea", dei finn du over alt i heimen vår, eg les dei på senga, over grautapanna, på do, i bilen (vel og merke når eg sjølv ikkje er sjåfør;)) Dei kostar meg litt pengar alle desse bøkene, men eg brukar verken pengar på tipping, røyk eller alkoholhaldige drikkar, så difor tillet eg meg denne utgiftsposten likevel:)


Ei anna bok som eg har lyst å vise fram, er denne boka av Randi Ekrem, "Primstaven". Boka fekk eg i julegåve av mi kjære Mamma for ti år sidan. Ho veit at eg er litt over gjennomsnittet interessert i tradisjonar:)
Når det gjeld gamle merkedagar så er det noko som spesielt Bestemor har prata mykje om oppigjennom oppveksten min, ho brukte å skrive ned vêrteikn og andre teikn i årlege Almanakkar. Dette har eg dessverre ikkje lært meg, men nokre vêrteikn har eg då snappa opp.
Randi Ekrem skriv i boka si at; Det er ikkje mange vaksne -og enno færre barn - som veit særleg mykje om dei gamle merkedagane, og om oppbygginga av den gamle "kalenderen" -primstaven. Ein viktig del av kulturarven vår er derfor i ferd med å gå tapt.
Dette er noko eg synest er frykteleg synd, difor tek eg ofte fram denne boka for å dele med heile familien desse gamle merkedagane.
¤
Eg må også vise fram friluftslivbøkene som heile familien har glede og nytte av, Fuglehåndboka som vi tek fram for å finne ut kva fuglar vi ser i hagen, flora, soppbok og nokre fjellbøker med fine bilete og turskildringar.
¤
Eg kan ikkje gå utanom barnebøkene, som kanskje er dei mest leste bøkene i huset for tida...
Dei gamle kjente, kjære forfattarane som Astrid Lindgren, Thorbjørn Egner, Alf Prøysen, Elsa Beskow, dei er like aktuelle i dag. Det er eg glad for, -eg som synst at det meste var betre før;)
Nokre nye bøker har vi sjølvsagt, den nynorske bokklubben "Blåmann" har kjekke bøker. "Bø og Bæ"-bøkene er favorittar:)
Då vi bur i Ivar Aasen si heimkommune, er vi sjølvsagt nynorskbrukarar, og eg er opptatt av at ungane lærer seg å ta vare på språket og dialekta si. Ved høgtlesing frå bokmålsbøker les vi også på nynorsk, og herved oppmodar eg alle andre nynorskbrukarar til å gjere det same! (Eg veit at det er mange som allereie gjer akkurat det, og det synest eg er flott!!)
Dette er ein av huset sine skattar: Mitt skattkammer.
Desse bøkene vart i si tid kjøpt av mine Besteforeldre til sine born; min Pappa og syskena. Eg er heldig som har fått behalde desse bøkene, dei er ikkje mine, men huset sine, og eg passar på dei som dei skattane dei er.
Mitt skattkammer -bøkene er som ein visp som vispar opp gode minner om eit trygt Bestemorfang... Denne historia om "Bambo" trur eg var ein av favorittane til alle syskenbarna mine, så at Bestemor sikkert kunne denne forteljinga utanboks, det er eg viss på;)
Til slutt har eg lyst å vise litt av pensumbøkene som eg les i no om dagen. Dei fleste er veldig interessante, nokre er litt kjedelige -kanskje fordi dei er så tunge å lese, eg kan lese side opp og ned, utan å ha fått med meg kva som eigentleg står der...
Den boka som står i framgrunnen; "Barndommen varer i generasjoner" av Kari Killén, er verkeleg å anbefale til ALLE som har barn, eller som har med barn å gjere. Den skulle vore obligatorisk for alle foreldre! Herved anbefalt:)

Eg vil avslutte med eit sitat henta frå boka, synest at det kan stå til ettertanke.
Utfordringa vil eg sende vidare til:
Utfordringa er altså:
Kva bøker er til inspirasjon, nytte og hygge for deg?
Kjekt om de tek utfordringa, og så er det sjølvsagt lov å sende den vidare!

tysdag 21. oktober 2008

Tankar

Slik som denne blomen, slik heng eg også med hovudet i dag. Eg bøyer nakken, tek innover meg uveret som har herja siste dagane. Det er tungt.
Ryggen min er framleis rak, men eg bøyer nakken. Eg kjenner meg tappa. Tappa for krefter som skal halde hovudet mitt oppe.
Det kan storme og hagle på meg, rundt meg, eg skal likevel stå. Men når det stormar og haglar som verst rundt og ikkje minst PÅ mine nære, kjære -då har eg det som verst. Då er det som orkanen sitt auge buldrar inni meg, eg vert skjelven, opprørt, sint og fortvila. Orkanen må få sleppe ut, eg vel å sleppe han ut gjennom det skrivne ord...

Ein drope. Så liten, det er ikkje sikkert du får auge på han eingong. For nokon er eg berre ein drope i havet, utan noko vidare spesiell tyding. Den vesle ringen som breier seg etter at eg har landa på vassflata, er det ikkje alle som ser. Ja, slik er realiteten -og det er fint, eg har aldri hatt ynskje om å ha alle sine auge retta mot mine handlingar.
Men for nokon er eg meir enn berre ein drope. Dei ser ringane som spreier seg rundt meg. Ringar av glede, kjærleik, håp og lukke, men også av og til ringar av vemod, sakn, fortviling og undring.
Ein sjeldan gong møter ein nokon som kjenner glede av å trakke på desse ringane. Eller det som verre er; søle olje i, splitte, øydelegge dei skjøre ringane. Med sine negative haldningar og krefter spreier dei uhygge rundt seg.

Eg har tenkt. Eg har grubla og undra meg over kva det er med dei som let seg styre av desse dominerande kreftene. Som ikkje torer å sleppe laus den gode evna (som dei mest sannsynleg har) som handlar om å glede seg på andre sine vegne. I staden så ser dei seg nøydde til å "stikke kjeppar i hjula", "sette skår i gleda", "så tvil og misnøye" eller rett og slett gjere sitt til at ringane av glede og lukke ikkje skal få breie seg vidare!

Slike negative krefter gjer at ein kjenner seg tom. Den energien som ein hadde tenkt å vidareføre i positive ringverknadar, den vert borte. Det kan brått kjennast som ein står åleine, åleine med det som ein trudde var godt, og som ein no vert usikker på om at det gode har vore til skade for andre? For kvifor skulle det elles verte slik?

Det som tidlegare blomstra og vart fylt med sol og positiv energi, det vert no "hengt ut til spott og spe". Det som skulle bere kraft og gi styrke til mørkare kveldar, det råtnar i staden på rot. Med ei eiga evne til manipulasjon og destruktivitet bles han seg opp, stor og øydeleggande; stormen med dei harde og piskande haglbygene. Eg vert opprørt av slik framferd. Det han kanskje ikkje veit er at eg i tillegg vert sterkare av det, eg er seig, eg let meg ikkje knekke.

Styrken som fyller meg, fyller også mine nære, kjære. Saman vert vi sterkare, vi skal nok ri stormen av denne gongen også.
Det er likevel synd, spesielt for dei unge skota med dei nydelegaste blomane, som er mest utsette for uvêret. Godt for dei er det då å kjenne at nokon står rundt og vil støtte dei -uansett!

Dette er min blogg. Her får du ta del i mine tankar. Passar det ikkje deg å lese desse tankane står du fritt til å klikke deg ut av bloggen min. Eg kjenner at det gjer meg godt å få skrive ned det som ligg meg på hjartet.

Eg heng ikkje like mykje med hovudet. Eg har ikkje slutta å bløme:)


Du skal være tro...

Du skal være tro, men ikke mot mennesker som i gold grådighet henger ved dine hender.

Ikke mot noe ideal som svulmer i store bokstaver uten å røre ved ditt hjerte.

Ikke mot noe bud som gjør deg til en utlending i ditt eget legeme.

Ikke mot noen drøm du selv ikke har drømt

Når var du tro?

Var du tro når du knelte i skyggen av andres avgudsbilder?

Var du tro når dine handlinger overdøvet lyden av ditt hjerteslag?

Var du tro når du ikke bedrog den du ikke elsket?

Var du tro når din feighet forkledde seg og kalte seg samvittighet?

Nei.

Men når det som rører ved deg gav tone

Når din egen puls gav rytme til handling

Når du var ett med det som sitret i deg

Da var du tro!

André Bjerke