måndag 13. juli 2009

Det er noko spesielt med...

...den fyrste tanna.

1. juni 2004. På dagen fem månadar etter at du kom til verda, fekk du di fyrste tann!

Ein milepæl.

Ein dag mamma aldri gløymer:)

Eit lite skarpt "riskorn" kunne sjåast og ikkje minst kjennast. I den tannlause babymunnen din kika den fram, den fyrste mjølketanna di. Endå eit teikn på at min vesle jentebaby var i ferd med å verte stor:)

Den høgre framtanna di fekk snart selskap av resten av mjølketennene dine, dei kom som perler på ei snor den sommaren.

elisa tann

I dag, 12.juli, på Bestefar sin bursdag, var det tid for den fyrste mjølketanna å takke for seg.

I bursdagselskapet på Grevsneset, midtvegs i ein av dei mange melonbåtane, der losna tanna!

elisa og bestefar 2

Eg veit ikkje kven som var den stoltaste etter tannfellinga; godaste Elisa mi eller var det kanskje mamsen sjølv?! :)

tannfe tannfe.

Vi ventar i alle fall begge to i spenning om tannfeen kjem på besøk i natt! :)

måndag 22. juni 2009

Kjære Stine!

IMG_0001

(Fotograf: Marta Lystad)

I dag, 21.juni 2009, er det 10 år sidan du kom til verda.

Det er 10 år sidan Synne vart storesyster for første gong.

Det er 10 år sidan du kraup inn i hjarterota til alle som stod deg nær.

På desse 10 åra har du allereie vevd eit stort og fargerikt teppe. For det meste er det vevd i spreke, glade fargar, men også litt av dei mørkare fargane er på livsteppet ditt. Du har kanskje fått erfare og fått lære meir om livet enn somme andre på din eigen alder.

DU Stine er ein fargeklatt i deg sjølv. Du har visst alltid vore eit naturleg midtpunkt; glad og sprudlande, raus med klemmar og gode ord. Du veit det kanskje ikkje heilt sjølv endå, alle dei fantastiske flotte eigenskapane du har. Ikkje sjeldan viser du både klokskap og forståing som sjølv vaksne kan misunne deg... 

I dag har du fyllt 10 år -og du har heile livet framom deg! :) 

Her er eit lite utval av alle bileta vi har av deg:

IMG_0016IMG_0018

Du har alltid likt å pynte deg:) Spesielt godt likte du leppestifta i Besta si veske;)

IMG_0008IMG_0029IMG_0026

Du har hatt mykje glede av mine mange skopar. "Astrid? Kan ej få vere skomannekeng?" var standardspørsmål då du var heime annakvar helg. Fram og tilbake på golvet, med hofteknekk og smilet på plass:) Seinare har du hatt gleda av å kle deg ut ved ulike høve, blant anna som Julebukk og i Lurvetog.

IMG_0003IMG_0004IMG_0015IMG_0006 

Du er ei friluftsjente. Du kosar deg i ditt rette element både vår, sommar, haust og vinter.

Snøklokkeplukking om våren var du eit par år VELDIG fasinert av:) Eg kan hugse at du omtrent kunne plukke hagane fri for snøklokker, du sa; "Sjå der då Pappa! Dinna snøklokka e endå finare, dinna snøklokka står åleine, dinna snøklokka kanskje e mammasnøklokka til dinna", alltid hadde du ein grunn til å plukke endå fleire:) 

Sommaren har du og Synne likt å starte tidleg, iallefall badedelen av sommaren;) Grilling på Grevsneset har alltid vore kjekt! I år skal du til og med feire selskapet ditt der.

Hausten har vore ei fin tid for ulike turar i skog og fjell. Du er flink å hauste av naturen, her er du på din aller første sopptur -den dagen var skogen full av gul(l) -og dei steikte kantarellane gjekk ned på høgkant den kvelden:)

Vinter og snø er også stas. Her er du med på juletreskogen for første gong -og du fekk velge ut juletre til Besta.

IMG_0017

Du er ei Gollejente! :)  Her er du 4 år gammal, på ein kjempekoseleg ferietur i Bø.

IMG_0021IMG_0020

Du har alltid vore nyfiken på kunnskap. Konkrete og filosofiske spørsmål dansar om kvarandre:)

Du er dessutan flink til å ta utfordringar som møter deg. Vi har snakka mykje om å "gutse" i ulike samanhengar, og det gjer du Stine!

Det vil nok kome godt med vidare, for livet er fullt av utfordringar!

Om du treng hjelp forbi hindringar på vegen din -då veit du at vi vil hjelpe deg vidare.

Nesten som i hinderløypa på Sommarland;)

IMG_0014stine-kattIMG_0013

Du er glad i dyr -og dyra er glade i deg. Dyrepassar...det er du nesten allereie Stine. Ein flink dyrepassar:)

IMG_0002-sepSøndagstur til Helgehornet 189- sv-kv

IMG_0010Synne 11 år, selskap i Kvanndalen 036

Familiane dine set du veldig høgt. Du viser med heile deg at du verdset å vere saman som familie.

Heimekos inne/ute, ulike aktivitetar og turar der vi er samla, dei lange, gode samtalane rundt kjøkenbordet

...små og store hendingar som vi opplever i lag, alt dette knyt familiebanda sterkt i hop:)

Bakketua-fjelltur juli 08 067134

Bakketua-fjelltur juli 08 051- nær

Av og til kan eit bilete seie meir enn tusen ord. Slike som dette.

Nokre ord synest eg likevel talar sterkt her; kjærleik, nærleik og tryggleik.

Trehjulsykkel fjøs og stabbur (106)

Hugsar du dagen då du kom heim frå skulen med denne plakaten? Du hadde vore vekas elev:)  

   Du er ikkje berre flink å leike med gutane:) Du er flink til så mykje!

ski vinter 09 051Grotlirennet -09 038-stine  

Du er flink til å glede deg over å få vere aktiv. Du er flink som tør å setje utfor bratte løyper.

Du er flink til å kose deg på fotballbana. Du er flink til å spele på lag -og til og med flink til å lage mål:)

benditcup-08_kamp3_3536 -STINE-stine kiwi cup

***

Det er seks år mellom desse to bileta...

Eg ser likevel at du er den same jenta:) Ei jente som vardar vegen sin på ein flott måte!

 -sv-kvSøndagstur til Helgehornet 205

Gratulerer med 10-års dagen din kjære Stine!

laurdag 6. juni 2009

Bloggen min er 1 år!

Etter å ha kika igjennom bloggen min, fann eg ut at det i dag er eitt år sidan eg skreiv mitt første innlegg.

Her er det:

6. juni 2008

"Sydenferie" i Bjørdalen

Dei siste ti dagane har eg tatt ferie, ferie frå min kvardag som husmor i fødselspermisjon. Det er ikkje slik at eg har reist så langt av garde, og eg har heller ikkje reist frå familien min. Dessutan har ferien hittil ikkje kosta meg ei einaste krone. Likevel har eg tatt ferie, ikkje på hotell med basseng og 500 meter frå stranda, men hus med hage og 1 km frå friskt og godt ferskvatn.
Ferien eg snakkar om, er meir slik;
Då nordavinden snudde i slutten av mai, kom fineveret. Og med søraustleg bris og sol heile dagen, vart eg instillt i "sydenmodus".
Ulltrøya, som er flittig brukt gjennom heile året på desse kantar, vart bytta ut med bikinien eg fekk i eit "Det-Nye"-blad i fjor sommar. Varmepumpa som surrar og går for å halde oss varme stort sett heile året, fungerar no som luftkjølar. Kjøt- og fiskekaker, graut og ball på middagsmenyen er no bytta ut med pastasalatar, grøne salatar, friske dressingar, baguettar, foliert laks og -det er ikkje til å kome heilt vekk frå: grillpølser.
Innandørs husarbeid er sett på vent, berre det mest prekære som å sette på oppvaskmaskina om kvelden, og ei og anna koke med kle i løpet av veka... (Vekk er bekymringane om at alle ungane har kvar sine tre lag med reine, tørre klede til ei kvar tid, der halve huset er tatt i bruk som tørkestativ for at 3 stk parkdressar med og utan for, same antal 2-delte regnkle skal vere klar til neste dag. Dette var berre ein liten digresjon...)

(No juksar eg litt, og legg til eit bilde frå Vatnevatnet, som ikkje ligg i Bjørdalen, men heller ikkje så langt ifrå:) )

No om dagen er det altså nesten som å vere på sydenferie; vi kler oss i shorts, skjørt og bikini, et ein lett frukost, før vi smør oss godt inn med solkrem og spring ut i sola :) Solsenga i hagen er inkludert i huslånet, vi slepp å vere førstemann ut for å sikre oss ein parasoll, og skal vi på stranda for å bade er det innan gangavstand. Her har vi ferskvatn med "kreder" istadenfor saltvatn med brennmanetar og giftige kråkebollar. Ikkje minst har vi lange, lyse kveldar med grilling og anna god mat utandørs der solnedgangen er finare enn alle andre bakgrunnskulissar!
No kan det kanskje oppfattast som eg er motstandar av å reise til sørlegare breiddegrader og til varmare strok når vi har det så fint her heime. Det er ikkje heilt slik det er. Det er vel heller det at eg konstanterar kor fint vi har det her, for deretter å undre meg over kva det er som gjer at så mange vel å legge ferieturen sin til komersielle turisthotell der ein ofte ligg som sild i tønne når ein skal kose seg på stranda. Sjølvsagt er ikkje det alltid slik. Eg har vore på ulike "resorts" både her og der, og har stort sett kosa meg der eg har vore.
Eg trur; at ein kan ha ein fin ferie (med feriekjensle) sjølv om en ikkje reiser så langt frå heimen. Eg trur til og med at ein kan ha ein fin ferie (-også her med feriekjensle) sjølv om ein BERRE er heime! Men det krev vel helst at ein klarer å leggje til side kvardagens kjas og mas. Ein føresetnad er at alle familiemedlemane har fri frå jobb og organiserte fritidsaktivitetar, slik at ein har mulegheita til å vere i lag. Har ein det så er ein allereie godt på veg.
Trur eg! :)

Etter litt kalkulatorrekning kjem eg fram til at eg har publisert 0,25 innlegg pr dag, sidan dette er innlegg nr.90. Altså er eg ikkje den mest produktive bloggaren, men eg trivast fortsatt "her inne" så eg vert nok verande ei stund til:) Ein av grunnane til at eg trivast så godt med blogginga, er alle dei hyggelege tilbakemeldingane eg får, så TUSEN TAKK til dokke alle! :)

Med ynskje om ein strålande laurdagskveld alle som er innom:) Vi bloggast!

måndag 1. juni 2009

Nokon som vil ha is?!

Slik var reaksjonen då ungane fekk dette spørsmålet tidlegare i dag. Sjølvsagt vil dei ha is! :)

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 008

Så med is som mål for turen, la vi i veg på 12 hjul mot Sæbø. Familien på åtte fordelt på fire syklar, eitt sykkelsete og to sykkelvogner:)

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 007Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 005

Her er vi såvidt i gong, på veg ut frå Bjørdalen. Linnea har fått låne tante B. sin fine, rosa sykkelhjelm:)

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 018Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 022

Endeleg over første kneika! Flatt og fint på Bondalseidet før ein vidare berre kan nyte TRILLEturen heilt ned til Ville bru:)

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 024

Forbi gardane på Stokke vart vi forbikøyrde av 5-6 flotte veteranbilar. Dei sneik seg med på biletet som eigentleg skulle vise den flotte utsikta...

La gå! ;)

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 025

Vi sykla over Kvistad-brua og vidare nedover Moane mot Sæbø.  

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 026Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 031 

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 030Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 037

Stine viser fram "fornøgd-jente"-teikn:) Blide og fornøgde ungar på heile turen, endå det heilt sikkert var slitsamt innimellom for dei også!

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 038 

Vel framme på Sæbø kunne vi springe inn på Bellingen og kaste oss over isdisken:) Velfortente isar til alle saman.

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 039

Då vi skulle benke oss med isane våre, fekk far sjølv det spontane spørsmålet som han har fått så mange gongar før; "Er dei dine alle i hop?!" 

Litt rart at det skal vere slik ein sensasjon å vere pappa til seks, at framande folk ser seg nøydde å kommentere det. Litt artig også:)

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 036Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 043 

Posering i framgrunnen av majestetiske fjell høyrer med når ein er på Sæbø:)

Utsikta frå Slogen, 1564 moh er: "one of the proudest in Europe" i flg William Cecil Slingsby 1884

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 047

Det vart oss fortalt av lokalkjende at temperaturen i sjøen i dag var 12*C. Det var ikkje med på å friste meg uti...men storejentene derimot!

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 050

Elisa på leit etter fine skjel:)

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 054

Vi starta med å sykle gamle riksvegen frå Sæbø på veg heim. Her, på Rise, står det att ei trapp med eit minnesmerke framom. Legg merke til rekkverket på trappa, det har vore sterke krefter i sving den morgonen 19.februar 1968... Raset som utsletta Rise må ikkje gå i gløymeboka. Stine stoppa opp for å lese det som står skrive på minnesmerket og det gjorde inntrykk.

 Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 055

Er det rart eg tek meg sjølv i å nynne på "Vestland, Vestland" etter ein slik tur?! :)   

Å Vestland, Vestland! Når eg ser deg slik
med fagre fjell og fjord og tronge vik,
det stig i all sin venleik stort og vilt
og atter møter meg så mjukt og mildt.

Tore Ørjaseter