Blogging vekkjer oppsikt!
For om lag to veker sidan vart eg oppringt frå Voldingane si lokalavis "Møre". Ei hyggeleg stemme i telefonen spurte meg om det var eg som hadde bloggen "Frå eit A4-liv" ? Jau, det var då det:) Dama eg snakka med spurte om det var greit at ho kunne få presentere bloggen min i avisa og låne bilete derifrå, til slutt vart eg stilt nokre spørsmål. Eg sa at det burde då vere greit, sidan bloggen min ligg open for heile verda, så må den då kunne tole eit oppslag i ei av dei lokale avisene:)
Ettersom det har kome ei stor blogge-bølgje i Ørsta/Volda området med stadig nye bloggarar, ville "Møre" presentere eit utval av bloggar frå Volda og Ørsta kvar laurdag framover.
Lite visste eg om at eg med min blogg skulle verte både framside- og dobbelt midtsidestoff i laurdagsutgåva til nabokommuna si lokalavis! Eg hadde nok meir sett føre meg ein liten artikkel gøymd mellom lokale politiske diskusjonar og spalter med NPK-nyhende, så overraskinga var stor då eg såg ansiktet mitt på framsida av avisa same kvar eg skulle denne dagen; på jobb, besinstasjonen og i daglegvarebutikken. Ikkje det at eg vart irritert, berre overraska over storleiken på oppslaget:)
Eg har fått mange positive kommentarar på oppslaget i avisa, og dei som ikkje synest fullt så mykje om det let nok vere å nemne noko om det.
Som så ofte så er det gjerne ein sjølv som les teksta/intervjuet med dei mest kritiske brillene på. Står der noko som har vorte feiltolka, noko som er trekt ut av ein samanheng? Det er ikkje lett å få med seg alt som vert sagt i eit intervju, kanskje spesielt vanskeleg i eit telefonintervju. Eg synest at det var ein fin artikkel, der mykje av teksta var henta rett frå bloggen min. Eit par ting vil eg likevel kommentere (for dei som kanskje har lese artikkelen):
Der står noko om dette med å legge ut informasjon og bilete av familien, med tanke på at folk kan misbruke bileta;
"Etter mykje tenking kom eg fram til at det er så pass mange som gjer det, så eg bestemte meg for at det gjekk greitt. Men eg har tenkt nøye over det, så folk ikkje trur eg er heilt dum"
Eg kjende meg ikkje heilt igjen i fråsegna, spesielt det med at "det er så mange andre som gjer det, difor fann eg ut at det var greitt". Men, men slik står det no, eg klandrar ikkje den som skreiv artikkelen, eg kunne nok kanskje ha spurt om å få lese korrektur før det vart publisert, noko eg skal tenke på til ein eventuell neste gong:)
Kan hende forklarte eg meg litt vanskeleg over telefon, men det eg ville presisere var at eg er kritisk til kva type bilete og informasjon eg vel å legge ut på nettet.
Eg har tenkt litt att og fram når det gjeld heile blogginga generelt. Skal det bloggast frå denne kanten, så vert det ein blogg med mange aspekt frå livet, då vert det naturleg å ta med både bilete, sjølvopplevde erfaringar, personlege meiningar og kjensler. Eg er klar over at der er ein viss fare for at data som ligg på nettet kan verte misbrukt av folk med lite hyggelege intensjonar. Bloggen ligg på verdsveven open for alle, sånn sett når den ut til større delar av verda enn ei lokalavis. Eg har både lest og høyrt om folk som har vorte misbrukt på nettet, der misbrukarane faktisk ikkje har hatt meir å nytte seg av enn eit profilbilete av eit ansikt og ein fødselsdato. Sånn sett er det ikkje lett å heilgardere seg mot noko her i livet. Vel ein å ha ein profil anten på facebook, nettby, blogger, m.m. så er ein meir eller mindre utsett for at andre kan misbruke bilete og data.
Det eg også nemnde, var at eventuelle misbrukarar kan nytte seg av fleire forum enn blogg dersom dei vil få tak i bilete og andre data, som til dømes aviser og andre tidsskrifter på nett. Det har vorte vanleg at blant anna lokalaviser opnar opp for at lesarar kan legge inn eigne bilete på diverse bildegalleri. Her finn ein mange bilete med fullt namn, og av og til alder på vedkomande. Sommarstida er det ikkje sjeldan å sjå bilete av ungar på stranda, ofte lettkledde eller nakne. Slike bilete er eg redd kan trigge dei som kanskje er sjuke nok til å misbruke bileta.
Det er nok ikkje lett å trekke ut ei setning som ein konklusjon ut av alt dette, som igjen skal publiserast i ein artikkel, det har eg forståing for. Eg hadde likevel lyst til å få fram at eg legg ikkje ut bilete og informasjon på bloggen som resultat av ein konklusjon; "greitt å gjere fordi det er såpass mange andre som gjer det".
Då framstår eg faktisk som det motsette av det som var tanken bak setninga. Ganske naiv og kanskje litt dum? :)
Vel ein å vere synleg må ein vere budd til å ta konsekvensane av det, det er vel noko av det eg også ville vise at eg har tenkt igjennom. Det håpar eg at dei som har lese litt på bloggen min har fått med seg. Vi er alle ulike, med ulike grader av openheit og anonymitet. Eg meinar at ein ikkje nødvendigvis er meir naiv dersom ein vel å dele bilete, kjensler og tankar, enn dei som ikkje gjer det.
Diskusjonen om kva som er rett eller gale, naivt eller smart, dumt eller klokt å gjere når ein vel å vere synleg på verdsveven, kan nok verte lang, likeeins er det nok mange meiningar om dette. Det skal eg ikkje skrive noko meir om no:)