laurdag 28. mars 2009

2360645122_0b361d7d28

Somme dagar gjer det godt at også naturen kan felle tårer...

måndag 23. mars 2009

"Ekte leik"

Å hoppe paradis var ein av dei aktivitetane i min barndom eg gledde meg mest til når det vart vår og snøfrie vegar.

I går under familiefrukosten fann ungane ut at dei ville ut å lage paradis:)

031 

At ungane meistrar å aktivisere seg sjølv med leik er noko som vi ser på som svært viktig, så det gledde stolte foreldre å sjå korleis ungane kosa seg ute i går. Dei trassa den sure vinden og sluddbygene, og dei hoppa, reia, klatra, sparka ball, rulla på kryss og tvers av den store plenen vår. Som vaksen misunner eg ungane den enorme energien dei legg for dag, samstundes som eg gledar meg stort over å sjå kor friske og raske dei er.

033 034

Ekte leik
Førsteamanuensis Asbjørn Flemmen ved Høgskolen i Volda har følgande definisjon av denne type leik:

  • Ekte leik er en miljøavhengig sosial virksomhet der interaksjonen skjer gjennom utstrakt bruk av allsidig grovmotorisk atferd.
  • Den er spontan i det den springer ut fra barna sjøl, ut fra deres forutsetninger på det utviklingstrinnet de står på.

 035 036

"Den frie leken er annerledes enn den tradisjonelle idretten ved at den er spontan, og at reglene ikke er gitt på forhånd. Den spontane leken er barnas egen. Det er de som bestemmer, organiserer og lager regler.Gjennom reglene skaper de ofte en jevnbyrdighet mellom de som deltar slik ikke resultatet er gitt på forhånd. Det fører til at barn på vidt forskjellig utviklingsnivå finner mening i å leke sammen."

041 043

"Ekte leik skjer uten voksenstyring og endres stadig ut fra de rammebetingelser som blir gitt. Kvaliteten i lekemiljøet er derfor svært viktg for den frie, ekte leken. For å utvikle den spontane leken trenger en et aktiviserende nærmiljø og særlig naturområder." 

-Asbjørn Flemmen-

Leikestativet som ungane fekk forrige sommar har vore mykje i bruk heile året. Eg las ein gong noko om at slike leikestativ står ubrukt hjå over halvparten av dei som har eit slikt. Skal tru kva som er årsaka til det? 

 049 052

Ikkje alle er så heldige å ha ein sprek Oldefar til å hjelpe seg når farta på reiene skal verte stor nok, der er vi veldig heldige!

Morfar/Oldefar er ein av ungdomane, det har han alltid vore:) Eg kan ikkje hugse nokon andre vaksne som har leika så mykje i lag med oss, heilt frå vi var små. Kan ikkje hugse at han har sagt nei ein einaste gong! Du er fantastisk Morfar!

054 056

"Veit du ka Mamma? Ej skal faktisk verte flinkare å spele fotball enn han Pappa ej!"

Då blir du flinke då Matias;)

060 061

Eitt av våre fire radarpar her i garden; Magnus og Eirik, er fortsatt på toddlerstadiet :) Det er heilt herleg å sjå dei i leik! Nesten så eg fekk lyst å rulle i lag med dei, det hadde nok gjort meg godt... Eg trur vi vaksne har mykje å lære av ungane når det gjeld fysisk utfalding:)

tysdag 17. mars 2009

TAKK!

Dette er eit innlegg som skulle ha vore delt opp i fleire innlegg, og dei skulle ha kome jamnt og trutt etterkvart som utmerkingane har vorte utdelte. TTT er dessverre velkjende bokstavar her i hus... men no har eg samla alle dei flotte utmerkingane som eg har fått sidan sist takkeinnlegg, og det er tid for å dele dei med fleire:)

Eg vil understreke at eg er veldig glad og takksam for alle utmerkingane og koselege helsingar som de legg att til meg, både dei kommentarane som de legg att her på bloggen, men også alle dei meldingane som eg har fått via facebook, sms, e-post, brev og ansikt-til-ansikt :)

Dokke er så kjekke!!! :) :) :)

Eg vert eigentleg litt forundra når eg kikar innom bloggen min og ser kor mange som er innom kvar dag. At det er mellom 70-100 ulike ip-adresser som vert registrert i løpet av eitt døgn der det ikkje eingong er noko nytt innlegg å lese, ja det synest eg er mykje. Då er talet på kommentarar vesentleg mindre... Og då lurer eg litt på kven de er alle de som besøker meg utan å legge att spor? Sjølvsagt har eg forståing for at ikkje alle tek seg tid til å legge att kommentar kvar gong dei klikkar seg innom ein ny blogg, men no siktar eg til alle dykk som jamnleg er innom; det hadde vore kjekt om de la att ei lita helsing, legg deg gjerne til som følgar av bloggen min dersom du er innom ofte:) Ingen tvang -berre eit ynskje! :)

¤

 Det_gror_etter_gode_ord   line a

Line i Storemyra har vore så snill å dele desse to fine utmerkingane med meg! Tidlegare har eg berre føysa over det å finne seg vener over nett, noko så fjernt...men no veit eg betre, bloggvener er også kjekke å ha!!! :) :) :) Eg vil dele desse to utmerkingane med tre bloggvener som eg set stor pris på:

Britt

Elisabeth

Nunne

¤

dagny

Utmerking for varme og støttande kommentarar har eg fått "i retur" frå Dagny, Tusen takk Dagny!

No sender eg den i retur til Line, som eg fekk den med første gong:)

Line kjem alltid med kjekke, varme, støttande, oppmuntrande, inkluderande kommentarar. Du er super Line!

¤

frå lill 

Denne koselege eigendesigna utmerkinga er det Lill som har laga. Tusen takk Lill!!

Den går vidare til tre jenter som også har hjartet på rette staden:)

Line

Laila

Cecilie

¤

frå M.Sk 

Tusen takk til Monica som eg fekk denne med :)

Eg vil dele den med Fivrel :)

¤

lill

Tusen takk til Lill som har delt denne søte utmerkinga med meg:) Den går vidare til:

Anna Lisa

Torunn

Kari

Kari

Nikoline

¤

Din_blogg_er_fantastisk- frå kate

Denne fine utmerkinga har eg fått med Cecilie. Tusen takk! Eg delar den med:

Lill

Camilla

Tove

¤

  Line

Line har utnemnt meg til Æresborgar av Blogglandia:)

Eg vart både glad, rørt og smigra, så tusen takk Line!!!

No vil eg dele den med ein annan Æresborgar av Blogglandia:

Dagny

¤

friendsaward[1]

Eg kan også takke Line for denne fine venne-utmerkinga! Den vil eg dele med:

Silje

Monica (Acinom)

Anne Grethe

Kristin

Ida Mari

¤

hearts-pink_cat_thumb[3]

Monica har laga denne søte utmerkinga, tusen takk Monica!

På tide å dele den vidare med:

Monica (Husmorsliv)

Stine

Synnøve

Tara

Kate

Line 

¤

fra_sol

Denne søte bamsen fekk eg med Line:) Tusen takk Line!

Bamsen vil eg dele med Ma :)

¤

  Jeg_liker_bloggen_din!

Nok ein gong må eg takke Line for ei flott utmerking!

Det er ei jente på 11 år som har laga denne flotte utmerkinga, stikk gjerne innom denne flotte og kreative jenta!!
Reglar:
1. Legg ut biletet og reglane, og link biletet til http://solsbittelillerike.blogspot.com/
2. Skriv kven du fekk den med og link til vedkomande sin blogg.
3. Gi den til tre eller fleire bloggar du likar godt.
4. Legg att ein kommentar på bloggane deira så dei veit at dei har fått den.

Torill

Marit

Torunn

¤

award24[3]

Denne har eg fått med Line, Lill, Kari, Fivrel og desse fine orda fyl med utmerkinga:

"Denne bloggen invisterer i og tror på NÆRHET
- nærhet i rom, tid og forhold!"
Disse bloggene er usedvanlig sjarmerende og søte,
og formålet er å finne og være venner.
De er ikke opptatt av utmerkelser eller selvhevdelse.
Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelsene er kuttet vil
enda flere vennskap ha forplantet seg.
Vær vennlig og gi litt ekstra oppmerksomhet til disse!
Gi denne awarden til åtte bloggere som igjen må velge seg nye åtte."

Sidan eg har delt denne med åtte bloggarar før, gjer eg det ikkje på nytt.

¤

Lill .

Takk igjen til deg Lill, for denne utmerkinga! Det er mange flotte Mammabloggar i Blogglandia, blant andre:

Linda

Guttemamma

Fru Pettersen

og sjølv om dei har fått den før; Jentene i Foreldremanualen:) Til dykk frå meg:)

¤

EnglarBloggevenner

Dei søte englane og dei kjekke damene fekk eg frå Line.

Til alle dykk som er innom; ta dei med deg til din blogg om du vil! 

Og legg gjerne att ein liten kommentar;)

 

onsdag 11. mars 2009

"Innedag"

Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 100

"Nede på stasjonen, tidlig ein morgon, står alle toga så fint på rad.

Mannen i lokomotivet sveivar på eit handtak;

TUT-TUT-toget går!"

Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 103Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 101

Når ein liten venn strevar med sår hals og stygg hoste, er det ofte greit å halde seg innandørs. Då er det kjekt å leike seg. Tog og togbane er ein favoritt, særleg når Mamma ligg på golvet og leikar.

Når Mamma i tillegg syng "Tog-songen" av full hals, ja då er det ekstra kjekt:)

Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 112

Eirik er driven lokførar og veit å få Mamma til å gjere som han bed om. "Kan du vær så snill å bygge togbane til mej Mamma?" 

Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 118

Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 095Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 114

Medan både Eiksundsambandet og Kvivsvegen vart lagt ut på anbod, så ordnar vi opp i tunnelarbeidet sjølv her i garden! Der K.A. Aurstad nyttar seg av store, tunge maskiner, der greier vi oss med handemakta. Sjølv treåringar veit råd når tunnelarbeidet ikkje er gjort grundig nok. Det hjelp ikkje å skulde på dårleg ingeniørarbeid, her lyt det praktisk tenking til!  Eirik ordnar slik at toga kan passere tunnelen, medan eg får i oppgåve å skilte den utbygde strekninga.

  Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 097Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 098

"SYNG DÅ MAMMA!"

Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 115

Storetoget som går av seg sjølv (batteridrive) er det gjevaste toget. Eg vart kommandert til å ta bilete av det medan det tøffa seg over tunnelovergangen:)

Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 110Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 111

Viktig oppgåve for ein lokførar å halde toget på skinnene!

 Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 122

Åh, så kjekt å ha sysken å leike seg med!

Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 124

Ikkje alltid like populært når Linnea skal vere med då, men...

 Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 125

Då er det godt at storesyster kan hjelpe med å rette opp skadene som skuldast ei litt ivrig veslesyster! :) 

 

Innedag kan vere kjekt det!

søndag 1. mars 2009

Fjelltur i snøkave

Etter ei heil veke innandørs med ein kjedelig kink i nakken, var det på tide å få lufte både kropp og sjel.

 Melshornet 013

Fredag var det duka for Linnea sin første pulktur. Vêret vart grundig observert via yr sine vêrmeldingar frå tidleg på dag, og sola skein frå ein bortimot skyfri blå himmel då vi pakka sekken og tok laust heimafrå. Ikkje før vi hadde fått pulken ut av bilen og teipa på dei gamle, slitte skifellane, jau då kom den einaste skya på himmelen og la seg over oss:( 

Heldigvis har både eg og min kjære vore ute for både eitt og fleire snøfall oppigjennom åra, og ikkje minst veit vi at vêret skiftar fort på våre kantar, så vi var godt rusta for fjelltur sjølv om snøen lava ned rundt oss.

Melshornet 014

Tidspunktet for turen var ikkje tilfeldig valt, men lagt opp etter Linnea si kvilestund. Ho fann seg godt tilrette i same fjellpulken som eg låg i på min første pulktur:) På ei seng av heimeflådd(!) saueskinn, sovna ho allereie før vi hadde gått 100 meter. Det var ikkje fritt føre at eg misunte henne litt der ho låg... Tenk å ligge godt innepakka og verte vugga i søvn av den taktfaste rytma av far sine ski og stavtak:) Då var det verre med meg som gjekk der bak, aldri så lite sur og misnøgd med at vêret vart som det vart:(

Takka vere min kjære sine oppmuntrande og positive kommentarar om kor flink og sprek ei kjæring han har (jada, han smurte godt på ;) ) så trakka eg i veg vidare. Rart kor lite som skal til for at humøret skal stige eit par hakk, endå eg veit at den spreke kjæringa han snakka om, slettes ikkje er i toppform for tida...

 Tur til Melshornet 035

Etter at kroppen var komt i gang, og blodpumpa hadde stabilisert seg på ein fin slagfrekvens, då kunne eg endeleg kjenne kor godt det var å vere på tur. Med gore-tex hetta godt snurpa rundt hovudet, var det omtrent som å gå i si eiga vesle verd. Lyden av min eigen pust og puls dyssa meg inn i eventyrland, eit eventyrland så kvitt og reint så langt auge kunne sjå (det var forresten ikkje så veldig langt eg kunne sjå til tider...) Mjuk og fin puddersnø, akkurat passe djup slik at det ikkje var så tungt å gå. Det einaste aberet var den lite samarbeidsvillege nakken som trua med å låse seg igjen:@

 Melshornet 015Tur til Melshornet 037

Spreke, flinke, gode og oppmuntrande mannen min! Hadde eg spurt om eg kunne få sitje på skuldrane hass så hadde eg kanskje fått det? :)

Så lenge eg fekk gå bak han og pulken i opptrakka spor, så var det ei god løysing det!

Tur til Melshornet 038

Som ein kan sjå utifrå bileta, (som er av variabel kvalitet, mobiltlfkamera måtte nyttast då kompaktkameraet vart utlada undervegs) så skifta vêret litt innimellom. Eg var snar å knipse nokre bilete dei få gongane sola braut igjennom:)

På toppen var det ikkje mykje freistande å pakke ut nista, nei! Vi skunda oss å ta av skifellane før vi gjorde pulkførarbyte.

Melshornet 017

Til dykk som undrast på om det var så lurt å drage med seg eit "liteban" på fjellet i snøkave og minusgrader: Eg kan love dykk at ho låg både varmt,trygt og godt! Sjølv om pulken ser veldig nedesnøva ut, så var ikkje jenta det. Pleksiglaset sørga for det. Og jada, ho fekk puste:) Dette gjer vi gjerne igjen ein annan gong også!

Tur til Melshornet 042 Tur til Melshornet 050

Ja, eg har kjennskap til "Crebs-syklus"... Å stå i plog heile vegen frå toppen av Melshornet og ned, det kjennest i låra!!!

Aller helst hadde eg nok trengt å øve meg på godkjende telemarksvingar heile vegen nedatt, spesielt med tanke på dersom eg skal delta i det årlege telemarkrennet på Bondalseidet i påska. "Slalom-stilen" min fell ikkje i god jord hjå portvakter og portvaktdommarar, nei der skal rett vere rett!

Ingen har fått så mange tilleggsekund som meg oppigjennom åra...   

Tur til Melshornet 053Tur til Melshornet 055

Ei glad og fornøgd Linnea i bilen på veg heim, noko uvitande om heile fjellturen:) Ho våkna ikkje før vi var på veg nedatt.

Vel heime -og etter ein varm dusj, kunne vi endeleg setje oss ned og nyte den gode nistematen!

Tur til Melshornet 057

Og dei var begge samde om at det hadde vore ein gild tur:)