laurdag 30. august 2008

"Fru Effektiv"

Som ein kan lese i det forrige innlegget mitt, så er eg ein fornuftig brukar av tid. c",) ;)

Eg kan vel eigentleg ikkje skryte på meg å vere så fryktelig flink til å passe tida, for alle som kjenner meg, veit at eg er håplaus når det f.eks. gjeld å kome presis. Eg er iallefall ikkje kjend for å vere tidleg ute, for å seie det på ein finare måte.

No er det faktisk slik at eg prøvar å kome tidsnok, men det er med meg som med Albert Åberg; eg skal berre, eg skal berre...

Eg og mannen min har sjølvsagt hatt nokre diskusjonar rundt akkurat dette temaet, kvifor er eg alltid ute i siste liten? Kan eg kallast treig? Nei, det er ikkje heilt der problemet ligg heller. Eg meiner at det kjem av at eg er så utruleg effektiv(!) (Kanskje vanskeleg å forstå at det er ein samanheng her..?)

Jau, for det er nemleg det at eg har så mykje som eg skal gjere, og effektiv som eg er, så gjer eg fleire ting på ein gong. Og dess fleire ting ein skal passe på, til lettare er det å gløyme andre ting igjen. I mitt tilfelle gjeld det ofte klokkeslett. Det er ikkje det at eg gløymer klokkesletta, det er berre det at eg skal berre fyrst.
(Er det nokon som forstår samanhengen no?)

No har eg altså vorte ein bloggar. Og blogginga mi skulle ikkje gå ut over andre gjeremål i kvardagen.

Blogging skal skje etter at ungane er lagde, etter at andre husmorsyslar er fullførde og etter at mannen har funne go-stillinga si i sofakroken med fjernkontrollen i handa;)

Men alle som bloggar veit at det ikkje er enkelt, ein av og til berre ta ein bitteliten tur innom bloggen for å sjå om der er noko nytt. Det kan vere å sjekke teljaren, (som eg har fått på plass, etter prøving og feiling i fire veker...) eller det kan vere å sjå om nokon har lagt att kommentarar (som i så tilfelle er heilt hivens!!!) eller for å sjå om favorittbloggarane har komt med nye innlegg (ein kan nesten få litt sånn "pakke-opp-julegåve-kjensle")

Så, her ein dag medan eg venta på at grauten skulle koke seg ferdig, tenkte eg, effektiv som eg er, at i denne ventetida kunne eg ta ein snartur innom bloggen. Eg så gjorde. Jaudå, her var det forskjellig nytt som måtte lesast, fine bilete og dikt, artige historier og kommentarar. Brått høyrer eg mannen min med ei noko heva stemme: "skolle ikkje du passe grauten?!"
Jau, sa eg, men eg skulle berre...


Slik kan det gå i mi effektive verd...

6 kommentarer:

sa...

Hihi, ja sånn kan det gå:) Vi damer er så effektive at det går helt gale en gang innimellom, sånn som her ;)
Kjenner den julegave-åpningsfølelsen når det har kommet kommentar på innlegget, men eg e jo helt fersk på dette her.
Nyt søndagen, vær effektiv og bruk gooood tid ;) Klem fra meg

Tove sa...

Må seie at det ringer ei bjelle ein plass.... Dette høyrest kjent ut! Har ikkje tal på kor mange grautapanner som har kokt over, kjøttdeig som har vorte ihelsteikt, potetpanner som har kokt tørre og grønnsaker som har kokt ihel! Ikkje alt skuldast blogging, sjølvsagt, men er vel meir eit resultat av "skal berre"-teorien din, ja.... Ser vi dokke i kveld, kanskje?

Dagny- Heim sa...

He-he-he! Kjenner meg igjen her, ja!! Er spesielt god på å gløyme steikepanna, som skal bli passe varm, medan eg berre skal... Mannen i huset har lurt på kvifor vi har steikepanner på forbrukskontoen :-D

Dagfinrud Moe sa...

Kjenne mej veldig igjen...ej e akkorat sånn!!;-) Godt skrive, Astrid!

joanna sa...

Hahaha... Det er ikkje bare du som skal bare!! Her ein dag skulle eg vere så effektiv at eg laga middag, vaska kle, vaska golv og dører (ja frå dette forige innlegget) at eg gløymde panna med poteter og resten kan du tenke deg sjølv! Med andre ord: Det stinka i heile huset og ein kan godt vurdere kor effektivt det var! ;O)

Klem

FO - 2 sa...

Heisann.
Takk for trivelig besøk på bloggen min og for fine ord.
Det er alltid koselig å få fine tilbakemeldinger. :)
Du er selvfølgelig hjertelig velkommen tilbake.
Har kikka gjennom bloggen din nå.
Fine bilder.
Kan se at hele familien koser seg på turer osv.
Flott! :)
På den måten får barna deres mange fine opplevelser og minner for livet. Herlig! :)
Inntil neste gang.
Kos deg og ha det fint! :)