laurdag 20. september 2008

Ekstra PR :)

For tre veker sidan fekk eg ein pakke i posten.
Eg er med i ulike bokklubbar, men brukar å vere flink å avbestille då det ikkje er alle bøkene som fengjer meg like mykje.
Men tilbake til pakken. Pakken var sendt frå Cappelen Damm, og eg vart med det same litt irritert for eg meinte det at eg hadde avbestillt den siste boka derifrå. Men då eg åpna pakken vart eg KJEMPEGLAD!!! Det var ei bok som eg på førehand var lova å få tilsendt så snart den var ferdig. Eg nærast kasta meg over boka som låg framom meg. Eg visste nemleg i grove trekk kva den handla om. Og boka vart slukt, kunne ikkje legge den frå meg før eg var ferdig.


Tidlegare i år hadde eg besøk av forfattarane; far og son Arne og Arve Fuglum, som er vener av familien min. Arne har vore jamnleg på besøk her i garden kvar sommar så lenge eg kan hugse. Då eg var lita trudde eg at han var ein slektning, eg funderte vel eigentleg ikkje så mykje på slektskapen, men trudde at han var syskenbarnet til Bestefar. Seinare har eg fått høyre historia bak det nære forhaldet som han og min bestefar hadde.

På torsdag kom "Møre-Nytt", lokalavisa her, og då eg skumma igjennom opna det seg ei to-siders skildring av boka!
Den vert settpå som "ein viktig tilvokster til den skrivne lokalhistoria vi har i Ørsta frå før" (sitat frå Møre-Nytt 18.sept. 2008)



Arne Fuglum var berre 10 år i 1944, og då byen Bergen var ein utsett stad å vere under krigen, med eksplosjonar og allierte angrep, vart han saman med 4000 born frå Bergen evakuert frå byen. Han vart blant dei som vart sendt avgarde åleine, med ein namnelapp rundt halsen, til ei framand familie langt heimanfrå.

Arne kom til Ørsta, nærare bestemt til Åslagarden. Åslagarden er garden som eg har vakse opp på, og som vi bur på enno.

Det som gjer boka ekstra spesiell for meg, er at hovudpersonane er blant anna min Bestefar og mine oldeforeldre. Oldeforeldra mine døde før eg vart fødd, men bestefar var ein veldig god forteljar, og har fortalt så levande om familien sin at eg på mange måtar føler som eg har kjent dei.


"Byen brenner formidler et stykke vestlandsk krigshistorie sett gjennom tiåringen Arnes øyne, men også med utgangspunkt i mannen som var en viktig drivkraft bak Barnehjelpens evakueringsarbeid, journalist Egil Tresselt. Boken er spekket med øyenvitneskildringer og detaljer om krigshverdagen i Bergen og i Ørsta -og er også en hyllest til alle som åpnet sine hjem og deltok i arbeidet for å få byens barn i sikkerhet."
(Sitat frå baksida av boka)



Ekstra artig for meg er det at eg er via eit lite avsnitt bakerst i boka :)

5 kommentarer:

Ramme Alvor sa...

Den boka høyrtes kjekk ut. Mykje historie og identitet for deg, men sikkert interessant for alle oss andre også. Her eg kjem ifrå kom det også born frå Bergen utan at veit noko meir om akkurat det.

Må du ha ei velsigna helg!

R.A.

Tove sa...

Denne boka skal eg ha, og hadde bestemt meg for det før eg las om det på bloggen din - ARTIG! Svigermor mi var bergenstaus og kom til Hovdebygda i løpet av krigen, så denne må eg lese! Og så gler eg meg sjølvsagt til avsnittet om deg... :)

AnneGrethe7 sa...

Ja, ei flott bok...las det Roar Rønning skreiv i Møre-Nytt og bestemte meg for at denne boka skal eg ønske meg til jul. Har lese mykje frå 2.verdskrig, særskild lokalhistorie. Då eg gjekk på læararskulen skreiv eg også hovudoppgåva mi i grunnfag samfunnsfag nettopp om Ørsta under okkupasjonen. Denne interessa har eg nok fått gjennom pappa. Han er radioamatør , lærar og god ven med Rønneberg som held til i fjella ovanfor Rjåneset under 2. verdskrig og han var med i motstandsrørsla......synest det er viktig at vi formidlar desse hendingane også til borna våre. Dei har ikkje vondt av å kunne litt historie...hihi...men som eldste dattera mi ofte sei...når du levde i gamledager mamma.....så kanskje dette blir i tipp, tipp - oldedagar for dei ??? :)
Ha en super laurdagskveld Astrid!

AnneGrethe7 sa...

hihi....var ikkje pappa som var med i motstandsrørsla, men Rønneberg...kunne misforståast...går litt fort i svingane her....

Anna Lisa sa...

Dette verkar for å være ei slik bok eg kunne tenke meg å lese.. Må skrive den i boklista mi.
eg har akkurat lest ferdig "Drageløperen", og den var bra skrevet...fengande bok men trist..og til tider ubehageleg... Men eg har tenkt å lese oppfølgaren "Tusne strålande soler"
Kjekt å lese ei god bok i haustmørket framover.
Takk forresten for koselig elsing i bloggen min:)
Ønska deg god helg vidare. På mandgskveld landar eg på Hovden flyplass...og det vert nok bare heilt herleg:) Er ganske heimekjær skal eg innrømme.
Klem