torsdag 18. september 2008

Studineliv!

Studine med sånn passe bra studieteknikk...
Sjekk hjerneføda heilt til venstre på biletet;)
Heilt utruleg kor fort gjort det er å fortære ein halv kilo sjokolade når ein sit djupt konsentrert og fokusert i pensumlitteratur!!!


Siste veka har eg jobba flittig. Ja, eg tillet meg å skryte litt av meg sjølv...

Sidan det er nokre år sidan sist eg gjekk på skule, så skal eg ikkje legge skjul på at var det ein overgang frå å vere heimeverande i mammapermisjon, til det å vere "student med alt anna attåt"

Og; eg har fått høyre det. Opptil fleire gongar. Alle har ei formeining om dette. Og det som har slått meg er at det er så mange som lurer på "korleis dette skal gå?"
Eg svarar at "vi trur det skal gå bra", men det som då ofte kjem som følgande spørsmål er; "men kva med økonomien?", "har de råd til dette då?", "kva med alle ungane?", "ja, det vert nok tøft for dokke dette her", "korleis skal de få tid til dette då?", "kva med ditt og kva med datt", osv.

Det er ikkje meint å henge ut nokon som har tenkt eller sagt desse fråsegnene, for eg kan til ei viss grad forstå at folk lurer. Men det som eg reflekterar over er: kva er det som gjer at andre skal vere så opptatt med å sjå hindringane og eventuelle vanskar som kanskje skulle oppstå? Dette er då noko som vi strengt tatt sjølve har gått både ei og to runder i heimen med, og vi har vurdert det dithen at dette skal vi greie!

Vi ser heilt klart at det kan by på utfordringar dei komande åra, ikkje minst ser vi at vi av og til er bortimot avhengige av at vi har hjelpande hender rundt oss (Ære vere dokke som stiller opp for oss på ulike vis!!!) Desse hjelpsame hendene ser vel som oss verdien av at vi skaffar oss meir utdanning, og vi håpar og trur at det vil kome familien tilgode også.

Ein annan ting er at vi må vere flinke å disponere tida våra godt (seier eg som sit her og bloggar...;) Dette er vi sjølvsagt klar over utan at andre skal sjå seg nøydde til å fortelje oss kva vi har tid til og ikkje. Eg trur det hadde vorte tatt ille opp om eg skulle kommentere andre sine prioriteringar både når det gjeld tid og pengar.

Det skal vere sagt at det er mange som berre har lovord og lykkeønskingar å kome med til oss. (Kva dei eigentleg tenkjer kan dei berre svare for sjølv;)), men eg trur at det er vel meint hjå dei aller fleste.

Vel meint trur eg eigentleg det er frå "kritikarane" si side også, for eg likar å tru på det positive i alle. Kven veit, kanskje er det til og med nokre som er litt misunnelege? :)

Det var visst litt godt å få lufte dette!

9 kommentarer:

Tove sa...

Fantastisk bra innlegg, Astrid!!!! Kast antijantelova og misunninga på båten! Det er lenge sidan eg sa til deg at viss nokon skal klare dette, så er det nettopp du og familien din! Dokke er godt forankra i kvarandre og i livet elles, og OM det kjem utfordringar (merk deg at eg seier OM) - så er dokke godt utrusta til å takle det! Stå på, fru Astrid!!!!! Eg heiar på dokke, det veit du! Her ligg forresten ein pakke til deg... Eg tek gjerne med meg "skapbloggaren" Laila og kjem fram ein tur. Kanskje me klarer å omvende henne! Ha ein fin dag og ei fantastisk helg!

Huset i skogen sa...

Det er vel slik at folk lettere henger seg opp i det negative og ser hindringer i stede for det positive? Bygdadyret og janteloven lever i beste velgående, det kan vi iallefall slå fast! Jeg krysser fingrene for deg, og tror at dette klarer du:) Stå på, og lukk ørene for alle komentarer.
Ønsker deg en fin helg!

AnneGrethe7 sa...

Ja, e me ikkje heldige so he slike flinke manna????? Må berre nyte d og håpe på meir kake..hehe...

FLott innlegg du hadde .....stå på!
Du har prøvd, og skulle det ikkje gå så har du i alle fall satsa og det står det respekt av.

Vi gjorde oss ferdige me barneselskap for ei lita stund sist helg. Reflekterte litt over kor mange barneselskap eg har hatt for borna mine, og etter litt kjapp hovudrekning vart talet 30...puh.....og fleire blir det....:)

Lykke til.
ynskjer dokke ei super turbohelg :)

joanna sa...

Hei Astrid.

Eg må bare seie deg at de klarer alt de vil! Det er i alle fall min filosofi og om ein ikkje prøver å sjå positivt på tilværelsen så går det i alle fall ikkje bra. Og ja alle har ein eller anna formeining om saker og ting, men som eg då brukar å seie: Har ikkje de positive ting å kome med så klapp gjen!

Huff verkar streng eg no, men eg trur at studiene kjem til å gå kjempe bra for dykk. Og økonomien? Eg gjekk frå å ha full lønn til å leve av studielån for nokre år tilbake og veit du at det gjekk også bra.


Ynskjer deg lukke til og ei fine helg :O)

P.S Per Tore lurar på kvar Svein Erik hår på skule. Han har nemleg blitt student sjølv ;O)

Cecilie sa...

Eg synest at du er tøff som har byrja å studere att eg. Eg saknar det å være student, ha mange menneske rundt meg med dei same interessene som eg har sjølv og få masse inspirasjon frå flinke lærarar og medstudentar, men eg må vel innrømme at eg ikkje lengtar etter oppgåveskriving og eksamenspress. Heldigvis er dette berre ein brøkdel av det å være student, og at det som regel alltid fører med seg noko godt, som t. d. meir kunnskap og eit kjekt sosialt studentliv.

Eg bøyer meg i støvet, og ønker deg lukke til.

Torunn sa...

Er ikke det rart...at alle andre ser dine begrensninger mye bedre enn deg selv??

Nei, ære være deg(dere). Stå på!! Dette kommer til å gå bra!

har et motto som sier; " Går det, så går det. Hvis ikke så går DET også!"

God helg

Klem Torunn

Ramme Alvor sa...

Ja eg skjønar at du kan verte frustrert. Eg er blå (grønt er ut :) av misunning. Å vere student er noko av det kjekkaste eg har vore med på. Eg held på 4 år på høgskule og har putla på litt attåt arbeid, ungar, hus og politikk.no seinare..det siste vart litt svett, men sigeren var stor då det var overstått. Neste år er eg igang igjen. Eg tykkjer de er velsigna som får gjere dette og som kastar dykk ut i det. De kjem til å lukkast, det er eg sikker på!

Må de ha ei velsigna helg!

R.A.

Unknown sa...

Hei Astrid!
Fikk bare så lyst å skrive en liten kommentar til det siste innlegget ditt. Jeg har nemlig selv tenkt "hvordan klarer de det" om dere. Men det handler ikke om skepsis til deg og dine, men mer en følelse av at dere får til noe som ikke vi får til, eller som jeg tror at ikke jeg hadde fått til. Det vil si at jeg blir imponert og kanskje misunnelig - ikke kritisk!!! Bare mine tanker, men kan være greit å ha med seg dette perspektivet også!? klemelen:)

Anonym sa...

Ej må berre beundre dokke Astrid!!! E virkelig imponert over stå på viljen hos dokke begge to. Som Tove seie: E det nåken so klare det so e det vell dokke der framme i den vakre Bjørdalen. Og til dej Tove: Kanskje skal ej me begynne med ditte...No he ej begynt på jobb og då e det merkelig ka enn fe tida til.