fredag 31. oktober 2008

"I'm BAD"


Eg har gjort det igjen.
Det som eg skulle passe meg så vel for slik at det ikkje skjedde fleire gongar.
Eigentleg er det for flaut til å stå på trykk, men eg har med åra lært at det går an å le av seg sjølv også, ikkje berre av andre sine flauser...

Eg likar å danse. Frå eg var 17 år og fram til eg klekte ut mine fyrstefødde, då var eg ei danseløve eller ein danseklovn, alt ettersom kven du spør;) Der det var dansegolv med bankande rytmer frå høgtalarane, der var eg å finne, gjerne tre kveldar i veka. Då var det ikkje snakk om sving, tango, foxtrot og andre flotte pardansar, pardans har eg forresten ikkje lært meg skikkeleg enno, har liksom ikkje vore heilt gira på det. MEN når det kjem til å utfalde seg åleine på dansegolvet (...ja, gjerne saman med fleire som dansar åleine...) då likar eg meg best! Ingen innøvde trinn, berre rørsler som kjem som følgje av musikken.
Det er SÅ godt!
Som Madonna syng på si siste plate:
"You know I feel it in my heartbeat, don't you know, can't you see, when I dance I feel free, wich makes me feel like I'm the only one, that the light shines on".
Når eg er åleine på biltur syng eg av full hals i duett med Madonna, men då eg ikkje er heilt sikker på korleis det høyrest ut for andre, gjer eg det berre når det er meg og Madonna som er åleine på tur.
Dei siste fem åra har det ikkje vore same mulegheitene for å få utfalde seg på diskotek som danseløve/danseklovn, ikkje er eg like ofte på fest som før (naturleg nok) og ikkje har det vore like freistande å hive seg på dansegolvet med struttande gravidmage... (Sjølv om eg har gjort det også, med stor suksess! Då eg var tvillingsvanger i 8.mnd, var eg ein av fire vinnarar i ei lokal dansekonkurranse:) Om eg vann fordi eg såg ut som ein stranda kval er uvisst, då er det betre å leve i trua på at dei syntest eg var flink! :) )

Sjølv om eg ikkje har entra dansegolv i fleng siste åra, så har eg ikkje slutta å bevege meg til musikk. Nei, langt i frå! Eg har då stereoanlegget mitt som eg kjøpte for konfirmasjonspengane mine for hundre år sidan, det formidlar fortsatt lyd av god kvalitet. Så innimellom husarbeid, lekser, amming og blogging, ja då finn eg stundom tid til litt fysisk utfalding.

Det var ein dag tidlegare i år, eg trur det kunne vere tidleg i sommar. Mann og ungar var på handel og eg skulle stelle heime. Husarbeid er som kjent kjekkast når ein har musikk til, slik er det i alle fall for meg. Så eg sette i ei brent cd-plate som inneheldt litt forskjellig musikk, deriblant Michael Jackson med "Bad"...
Godt humør som eg sjølvsagt var i då eg hadde heile huset for meg sjølv, så skrudde eg anlegget på med god styrke og håpte på at naboane var opptatt med gjødsling og anna gardsarbeid slik at dei ikkje vart forstyrra av min husarbeid-bakgrunnsmusikk.
Teppa vart hengt ut til lufting, golv vart vaska og støvsugd, og gangen vart med eitt forvandla til eit dansegolv med bankande rytmer til. Det var ikkje til å unngå at mor sjølv slo seg laus i heftig dans midt på golvet i gangen framfor den store spegelen.
Det utvikla seg etterkvart som Ravi syng det i hit'en "Utadæsjæloplevelse"; dans, dans, dans oppå bordet, legg deg ned på gølvet, dans, dans, utadæsjælopplevelse...
Stadig fleire gamle hit'ar vart pumpa ut av høgtalarane, og eg var i storform, svetten hagla -og eg dansa, lo, song med og dansa vidare:) Som fortsatt midlertidig fungerande meieri for veslegull, så var det sikkert ikkje til å unngå litt lekkasje der eg dansa rundt med mengder av både endorfinar og adrenalin i blodårane.

Når eg dansar, så dansar eg ikkje berre med føtene, slik "bytt-om-fot og bytt-om-fot" som eg eingong lærte for lenge sidan på Barnelag eller Leikarring som det også kan kallast.
Nei, når eg dansar så er det med heile meg, til og med med ansiktet...når eg verkeleg vert riven med...slik som denne dagen...
Intense, litt sinte blikk på meg sjølv i spegelen, medan eg syng duett med Michael av full hals: "I'm BAD, I'm BAD, you know it!"
(Heldigvis for at eg ikkje dansar på same måte som Michael, med eit godt grep om edlare delar og slikt...)

Som i ein slags uverkeleg draum i slow-motion ensar eg noko ytterst i synsfeltet mitt...
Det er akkurat som eg ikkje vil snu på hovudet for å sjå betre etter, for eg trur eg har rett når eg tenkjer at DER STÅR NOKON UTANFOR DØRA! OG DEN NOKON SER PÅ MEG!!!
Tankane flyg om kapp på innsida; Skal eg springe og gøyme meg? Kven er det? Kva skal eg seie? Skal eg forklare situasjonen? Eg tenkjer alle desse tankane på ein gong i løpet av brøkdelen av eit sekund, før eg snur meg og gjer det som eg sjølvsagt må gjere... Late opp døra. Seie hei. Vere naturleg. Late som ingenting, det er trass alt mitt hus, og her gjer eg kva eg vil.

Utanfor døra står det ein mann. Postmannen. Ein ung, pen postmann. Han smiler. Han har ein pakke til meg som eg må signere på.
Eg er fortsatt eit kaos på innsida, tankane flyg enno i stor hastigheit; skal tru kva han tenkjer? Har han stått der lenge og sett på? Vil han fortelje det til alle han kjenner, at han har sett det mest komiske av alt, slik at han og venene gapskrattar når han gjenfortel det han har sett? Eg skundar meg å signere på mottatt pakke, seier takk og skundar meg å late att døra.

Så ser eg meg i spegelen.
Om eg var eit kaos på innsida, var kaoset på utsida MYKJE verre!
Skrekk og gru!
For det første; mi usminka sannheit kombinert med veldig hektiske roser i kinn...
Bustete manke med restar av morgonens kamp med Linnea og grautskåla...
Men verst av alt: to store, mørke, våte ringar midt i augesynet på den unge postmannen!!! Den lys turkise singlet'en kunne på ingen måte kamuflere min mjølkespreng...
Ikkje nok med at eg såg slik ut, men det faktum at postmannen garantert hadde sett delar av min utfaldande dans, samstundes som han garantert kunne høyre meg i duett med Michael Jackson, det var nesten uuthaldeleg å tenkje på!
Kan det verte meir flaut enn dette?
Eg lovde meg dyrt og heilagt at dette aldri skulle skje igjen.
Det har det heldigvis ikkje gjort heller.
Ikkje fullt så gale...
Eg har ikkje slutta å danse heime, men eg har tatt eit par forhaldsreglar.
Eg dansar ikkje i yttergangen der det er fritt innsyn gjennom vidauget i ytterdøra.
Eg torer ikkje synge av full hals, prøvar å nøye meg med litt miming, men det er likevel ikkje alltid eg greier å late vere å synge...

Dette skjedde ein dag i forrige veke.
Medan Linnea sov trygt og godt i vogna si ute, så skulle eg trimme litt inne. Musikk må sjølvsagt til dersom eg ikkje skal bryte saman etter 10 armhevingar og 20 situps... Etter ei lita ykt med styrketrening på stovegolvet, var det tid for litt dansing framfor den litt mindre spegelen lenger inne i gangen. Eg dansa, kosa meg og song med, ikkje av full hals denne gongen, men likevel høgt nok til at det sikkert kunne høyrast ut i yttergangen.

Så var det eg vart var ein lyd. Nokon som banka på? Jau, der var den igjen, eg skunda meg å slå av musikken og gjekk ut for å opne opp. Der stod det to smilande damer på trappa.
"Forstyrrar vi? Driv du og øvar kanskje? Vi kunne høyre deg synge skjønar du."
Dei hadde visst banka på nokre gonger(vi har ikkje dørklokke) og medan dei venta på at nokon skulle opne døra hadde dei altså fått med seg at det var nokon heime, ei syngande husmor. Isolert sett så er vel ikkje akkurat det så uvanleg. Det er berre det at mi songstemme eignar seg best når det berre er eg som høyrer på...
Damene var visst ute i eit vervande ærend, men eg inviterte dei ikkje inn.
Eg var glad for at dei ikkje hadde fått med seg alt, og eg var glad for at eg såg litt meir representabel ut enn forrige gong eg vart overrumpla.

Nokon som har ei flause som de kan tenkje dykk å dele? ;)

16 kommentarer:

Lill sa...

Hihi det var moro å lese og eg måtte flire fleire gonger:)) Ein føler seg mildt sagt brydd og flau med stor B og F, men IKKJE stopp med dans og sang, uansett kvar du er.... Eg syng alltid i bilen og det er på ein måte befriande, men nå syng eg som ei kråke..... men kråker må også "skrike" ikkje sant? Nyt helga Det skal eg ute på den vakre Ø

Fivrel sa...

Hoho, for ei fantastisk fin forteljing, eg vart sitjande og le høgt her for meg sjølv ;-)
Du er så god til å fortelje! Bileta er ljos levande i hovudet mitt når eg les teksten din, og då er det ikkje fritt for at låtten kjem :-) Ikkje minst fordi eg har opplevd noko liknande sjølv! Det var også husarbeid, og ...hihi, Tina Turner, og om ikkje så aktiv dansing som deg, så iallefall syngjing til høg musikk. Brått ensar eg au ein skugge i augnekroken, der ute på trappa. Hjelpe meg, det er jo dyrlegen! Og så HAN då, som eg ser slik opp til og har så respekt for, for på dette tidspunktet er eg enno berre 15 år og drøymer om å verte nettopp det han er. Kva kan vel øydeleggje biletet av meg som seriøs, hardtarbeidande og dyktig meir, enn nettopp denne hendinga - tenkjer eg då.

Men alt løyser seg til det beste, for det er ikkje noko motsetnad i å både vere seriøs og dyktig OG livsglad med stor musikkentusiasme. Men har eg lært av dette? Har eg slutta å syngje og danse til høg musikk når faren for å verte offentleg er til stades?! Som deg - nei. Det går ikkje. Og godt er det! For ingenting er betre enn å vere fylt av energi og glede og høg musikk! God helg til deg! ;-)

Lykkeligkaos sa...

Hahaha! ja no lo ej høgt :)
Arti å lese!
Alle har vel gjort den der en gong eller 5! Ej me synge og dansa til alle døgnets tider, når ej og paul først blei ilag vart ej skikkeli flau kvar gong han kom heim og tok meg på "fersken" i full sving med dansetonar frå eigen hals, men no har eg måtte slutta å bry meg. Han har nok funne ut at det tek ikkje SÅ lang tid å stelle seg på badet, men når enn skal synge og danse i tilleg så tek det gjerne litt ekstra lang tid, er ikkje så lett å ha på maskara medan en tek en piruett eller 3 ;)
Syng og Dans i vei du Astrid! En god sang og dans forlenger livet! Eg er i vertfall overbevist om at det gjer oss litt lykkeligare av det, eg verte vertfall altid i godt humør når eg får synge å danse litt :D
Det også eit godt førebilde for ungane at enn skal tore å by på seg sjølv, ikkje vere redd for å utfolde seg :)

Siren sa...

Oi...kan tenke meg at det var litt flaut med Michael Jackson dansen ja...hehe...men om det er noen trøst, så har vi alle og enhver flauet oss ut! ;)
Har en hilsen til deg inne på bloggen min, stikk innom! :)

Monica sa...

Hohohohohoh...så steikje bra.. No log ej godt! Synes ej ser postmannje der han står. LOL
Men tru du kan ta det HEILT kuli, de e monge om dinna flausa. Ej e sjøl fele te å synge høgt og falskt te dei fleste songa som fengje. Spesielt ille e de i bilen...ser sikkert fryktelig lur ut når dei forbikøyrande fe fritt innsyn te mandlane mine der ej sle mej lause..
He faktisk prestert å stå i mine eigne tanka en gong når ej klipte en kunde..og plutselig ser ej at han ler godt. Jadda, der hadde ej visst stått og songe med på en julesong so gikk på radioen... En smule pinlig der og da jah.. :)

Anonym sa...

Er det ikkje typisk? Du skildrar kvardagssitusasjonane veldig godt og eg må ofte le litt når eg les. Ikkje fordi det er dumt, men fordi eg kjenner meg veldig igjen.

Ugla sa...

Dette var ei morosam soge. Sikkert flaut då du stod der, men det vart ei riktig god historie. Du har flotte bilete på bloggen din. Så moro å fylgje utviklinga til veslejenta di. Les for ungane dine så mykje du kan. Dei vil sjølv bli glad i bøker, dei får stort ordforråd, og dei vil kanskje lære å lese tidleg. Då vert skuledagen lett. Vi las ein masse for dotter vår då ho var lita. Og alle bøkene vart lesne på nynorsk. Både Pippi, Emil, Aurora i blokk Z og mormor og dei 8 ungane sa EG - ikkje JEG.
Ha ei god helg - med song og dans!

AnneGrethe7 sa...

...hihi....arti......ja, d e godt me kan skjule oss bak pc'en her me sit og blogga..ikkje alltid like lekre kan ej tenke mej...usminka...grauta-flekka både her og der, ei slita joggebukse og singlet...det er akkurat det so e so befriande deilig me dinne blogginga...trur nok me ser like ille ut alle når me ikkje he stelt oss...:)

Ej he nok ei flause eller to på lager ej me ...og kansjke ein dag skal ej manne mej opp å fortelje...hihi....

ønskar deg ein super laurdag :)

Kate-Marita Pettersen sa...

Å hvilken fantastisk skildring du delte med oss:) Levde meg fullstendig inn i historia di og tok meg i å sitte å nynne til I`m bad. Jeg kjenner meg veldig igjen, pleier alltid å spille musikk på full guffe når jeg vasker, syns liksom det går så mye lettere da. Å det gjelder å ikke ta seg selv så høytidelig:)
Ha en fin søndag:)

Anna Lisa sa...

Nå måtte eg flira!! Dette var morsmt å lese:)
Det er jo kjekt å få synge og danse med høg musikk...men flaut hvis nokon ser!! haha!! Min sønn fikk sjøkk en dag når han kom heim frå skulen og eg sto foran tv`n og dansa til TOM JONES som ei gala!! Vi lo begge to!! Han av meg og eg av han sitt sjokkskada fjes:) Siden har han fortalt dette i ALLE familieselskap og så vidare:)jaja..bra eg ikkje tar meg for høytidelig:)
Du er flink å skrive og beskrive det som skjedde. Eg så alt for meg :)
Ha en fin søndag:)
Klem

Steinbokkjen ;o) sa...

Å men du skriv så utrule artig og levande. Kjempehærle innlegg - og eg vil no sei at da va kje flaut berre noko me alle sku ha gjort! Faaaaaantastisk go trim og hæærle feel good som gjer oss friskare. Hadde eg kome på døra hadde eg hatt lyst til å vore m deg inn og fortsett... Kooooooooz deg viare m dansing når du enn måtte ha lyst du!
Og tusen takk for at du delte!
ha ein vidonderle sondag ;o)

Nyyyyyyyt

Dagny- Heim sa...

Kjempebra, Astrid! "Å, steik kor ej lo!"

Har du hatt besøk eller møtt på den postmannen etterpå, eller søkte han om overflytting? :-D Skal vedde på han syntest det var like flaut, kunne ikkje stikke av heller, måtte gjere jobben sin :-)Men eg er sikker på han hadde det fole kjekt når han fekk fortelje seinare!!

Torill sa...

Så kjekt at du vart min lesar ved besøk nr 10 000. Det er så kjekt at folk besøker bloggen min sjølv om eg ikkje er med i noko forum eller andre bloggoversikter. Eg har ikkje nokon blogg som skriv berre om hobby, interiør eller hage, eg skriv berre om det som skjer meg og det som er meg.

Flauser har eg gjort i hopetal, men dei har helst vore helge/nattestid i ein tilstand som eg ikkje opplev så mykje lenger... Eg blir sjeldan flau, men eg burde vel kanskje vore det litt oftare.

Har vore i Volda i helga, eg får sann heimlengsel. Du er jammen heldig!

AnneGrethe7 sa...

Tusen takk for koseleg helsing på dagen til Iver August. Vi har feira med heile familien vår...24 stk. til middag og kaffe. Så håper veslegull har hatt ein fin dag. Mange fine gåver.

Kjekt med jentefest og er det over 2 år sidan siste vinglaset ditt, så var det vel fortent no.

Ha ein super søndagskveld Astrid....no skal ej krype inn i armkroken til min kjære, strekke på beina og sjå film....

Klem

Nunne sa...

No fikk e meg en god latter! :))
Joda, kunne ha laga innlegg om det,men det er bedre bare DU får høre.
Jeg gikk i 2.kl. Den tida var skola 4-delt og 2.og 3.kl gikk i samme klasserom. Jeg kunne både lese og skrive og regne litt før vi begynte på skola, så jeg fikk endel lærebøker hos læreren som var for eldre unger.
En dag hadde 3. et mattestykke der første tallet sto.. la oss si 659 og så sto og så sto svaret...f.eks 362 og så gjaldt det å finne det som skulle være i midten. INGEN i 3.klarte dette, og da læreren spurte oss i 2. om noen forsto, rakte jeg opp handa. Freidig gikk eg fram, tok krittet og regna stykket på tavla, helt uten problem. Litt ergelig over at de andre kunne være så dumme snudde jeg meg måt klassen mens læreren roste meg og takka for hjelpa.
DET VAR DAAAAAA! Ei jente som satt fremst hviska... "GUNNNLAUG, SKJØRTET DITT!"... og vet du hva. Der sto jeg i bare den beige heimstrikka strømpebuksa mi...mens det svarte foldeskjørtet mitt lå i en krans rundt beina. Knappen hadde gått opp, og dessverre var glidelåsen ødelagt. Trenger jeg si mere... jeg fikk høre det i hvert friminutt resten av dagen.... Sukk, jeg var sååååååå flau.

Men historia di likte jeg. I mitt hs, bak mine vegger, med mine ting, gjør jeg nøyaktig det som faller meg inn. Setter på en CD med FULL TRØKK og synger med, yesss, gjerne. Og kommer det noen, så okey, de er velkommen inn. Jeg ber ikke om unnskyldning for hva jeg driver med i anstendighetens navn. Så bare syng, du Astrid! Klem.

Rita Olene sa...

Haha no måtte ej berre le!!! Kjente mej visst litt igjen der!!! Kanskje ikkje me dansinga,men ej e voldsomme å synge(sjøl om ej ikkje kan det),i bilen, når ej gjer husarbeid og e heime åleine(bur i BLOKK...hihihoho:)

Fine blogg du he og kjekt å lese!!:)

Og TAKK for kommentar på bloggen min!! So kjekt når folk teke sej tida til å legge igjen nåken ord!