tysdag 18. november 2008

Ein hyggeleg kveld :)

For ei tid tilbake hadde Tove ei utfordring på bloggen sin, der ein kunne legge att ein kommentar som fortalde om små og store gleder i kvardagen.  Det er så sant som Tove ofte seier; hugs å sjå det store i det små!

Eg la att ein kommentar og venta i spaning til liks med alle dei andre som hadde lagt att kommentar på "Småting"-utfordringa til Tove.

Så ein dag las eg ei viktig melding på bloggen min; "du må skunde deg inn på bloggen min Astrid!"

Eg så gjorde, og det som venta meg på Tove sin nydelege blogg, det rørte meg til tårer....

Det er ei stor glede for meg å presentere vinnaren av "Småting"-utfordringa mi!

011 012

astrid

Fantastisk Astrid med bloggen Frå eit A4-liv er så absolutt ein verdig vinnar av utfordringa mi! Og grunnane til det er mange..... Ho er omsorgsfull og kjærleg mamma til 4+2 born, eit skuleeksempel på ei hustru, samstundes som ho sjonglerer studier og jobb. Denne flotte sjukepleiardama har nettopp teke til på helsesysterutdanning, og kjenner vi henne rett vert no nok å sjå i korridorane på sjukeheimen òg! Astrid veit kva som er viktig i livet og formidlar dese verdiane til ungane sine på ein suveren måte. Så kjære Astrid:

Du er ein kvardagshelt utanom det vanlege! Eg beundrar pågangsmotet ditt og engasjementet ditt! Du gir av deg sjølv og er ei vitamin-innsprøyting for alle som kjenner deg! Du utstrålar ei indre ro og ein varme som mange kan misunne deg.

Om ikkje lenge dukkar det opp ei lita overrasking til deg! Enten lyt posten ta seg av leveransen, eller så lyt eg ha meg ei tur fram i den nydlege Bjørdalen og overlevere det sjølv!

Gratulerer, kjære Astrid!

Eg måtte lese superlativa omatt og omatt, for så å lagre det på innsida til seinare høve. For det må nemnast at sjølv om eg vart både rørt, stolt og glad over dei vakre orda, så er det slett ikkje alltid ein kjenner seg så "vellukka" som dette!

Uansett; TUSEN TAKK TOVE!!! Du gjorde meg umåteleg glad :)

Dette var i september. Så gjekk no dagane, både for meg og Tove.

Så var det endeleg ein kveld timeplanane våre hadde ledige timar for  å legge inn eit treff! Tove tok med seg den tidlegare skapbloggar-venninna våra Laila og kom fram i Bjørdalen på ein kveldsvisitt :)

Tove hadde lova meg ei lita overrasking... Gåva ho kom med var så mykje meir enn det, berre sjå her:

 Blogg nov 08 154

Sidan kameraet dessverre ikkje var for hand akkurat den kvelden, måtte eg til med ein rekonstruksjon ;) Ja, det var det ordet vi begge leita etter Tove ;)

Blogg nov 08 156Blogg nov 08 157Blogg nov 08 162

Pakken lukta nydeleg av mandarin, jordbær og champagne...

No kan eg vaske meg rein og god med den velduftande såpa ,før eg set på te-vatnet... og medan teen får trekke eit par minutt, så får eg unna resten av oppvasken som ein leik med desse spreke hanskane! Når den gode teen er klar, tek eg med meg tekoppen + denne flotte boka inn i godstolen og finn roa i kvardagen -som fleire enn meg synest er viktig!

Blogg nov 08 166     

Tusen takk for ei kjempeflott gåve Tove! 

Mannen i huset hadde laga pastasalat med kylling og pesto+ kvitløksbrød med parmesan til oss bloggdamene, og til dessert hadde eg laga ein variant av denne kaka :)

        Blogg nov 08 171Blogg nov 08 179Blogg nov 08 172

Tove var blogg-orakel som eg og Laila spurte til råds om forskjellig, bl.a. WLW (windows live writer), ny e-post adresse, msn for dummies m.m.

Blogg nov 08 178

Kveldstimane gjekk fortare enn dei vanlege kveldstimane, og eg trur det må kome av at eg storkosa meg i selskapet med to herlege jenter!

TUSEN TAKK FOR EIN KOSELEG KVELD LAILA OG TOVE !!!   

Blogg nov 08 111Blogg nov 08 126

5 kommentarer:

Lill sa...

Hei hei i ruskeveret:))
Fyrst av alt GRATTIS med premie og med gåve. Så koooooseleg. Tenkjer dokke ikkje ensa klokka der dokke sat, og det er sånn det skal vere. Gode venner, godt lag og ein føler seg varm innvendig:) Det er slik vi vil ha det:))Nokon bryr seg.

Eg teller dagar til sola mi kjem flygande over Atlanteren. Blir ubeskriveleg å få gitt ho ein mammaklem då! 5 veker skal vi vere ilag, før ho vender nasen mot Dallas att. Veit at dei vekene vil berre fyke avgarde, men du kor kjekt vi kjem til å ha det.

Kos deg der framme.
Smil og klem frå Lill

Nunne sa...

Du verden for en gave! Og så artig dere har hatt det! Og for en mann som kan lage så god mat! MIN mann kan ikke lage mat, men SPISE, det kan han!
Du er så søt, du Astrid, at jeg syns du fortjente den flotte gava! Tove er snill, ho. Og kreativ!
GOD NATT!

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Åhh! Så koselig! Den gava var velfortjent. Du skriver så godt og levende. Flink var du da du valgte deg mann også, skjønner jeg. Den maten, mmhh. Vann i munnen her.

Klem fra Toten.

AnneGrethe7 sa...

Hallo:)

Tusen takk for koseleg kommentar:)
Ser du virkeleg har fått dreisen på WLW- som sagt eit heilt supert program å produsere innlegg i.

Måndag er det arbeid for meg også, heldigvis går tilvenninga med dagmamma strålande , men det er ei blanda kjensle eg har av å måtte innsjå at eitt heilt fantastisk deilig år heime er omme.

Ønskjer deg ei n fin kveld Astrid!
Klem

Nikoline sa...

Balsam for sjela med slike stunder!Det var jo ikkje småtteri du fekk heller,då!Og alt låg det omtanke bak,ser eg... godt med gode vener...
Ha ein strålande dag!
PS:EIN ting kan eg garantera,det kjem ikkje noko bokutgjevelse herifrå!!
Men det er jo ok å vita at ein hadde hatt ein kjøpar...ha,ha..Nei,slike ting overlet me til dei som kan slikt.