torsdag 8. januar 2009

Eit forsøk på litt oppklaring:

Tusen takk for ALLE tilbakemeldingane på innlegget mitt i går!

Før eg skriv noko meir må eg understreke at eg vert spesielt glad for at de kommenterar det som ligg dykk på hjartet, og med det meinar eg at det er bra at også dei som er ueinige seier i frå når dei er det! :)

Eg ser meg likevel nøydd til å skrive eit litt oppklarande innlegg, då eg tydelegvis har ordlagt meg litt upresist her og der.

Alt i teksta er tufta på mine/våre tankar. Eg har til dømes skrive om kva som eg/vi (eg og min husbond) stiller oss spørsmål om, kva vi synest er fornuftig og ikkje, kva vi vel å gjere i vår familie, osv.

Eg må beklage på det sterkaste om eg har formulert meg som at eg/vi gjer "alt rett", har løysingar på det meste og er betre enn dei fleste. Det kan eg ikkje late stå uoppklara. Vi har som dei fleste andre; "våre mange feil og manglar", eller svakheiter som eg heller vil kalle det:) 

Det eg prøvar å få fram er vel meir i retning av at vi strevar etter å gjere det beste for våre ungar og vår familie; det beste vurdert utifrå vår sin ståstad. Slik er vi nok ikkje så veldig ulike nokon av oss, vi handlar vel alle utifrå det ein trur er det beste. Difor må andre sjølvsagt få gjere akkurat som dei vil, det skal ikkje eg blande meg bort i noko meir enn at eg har tankar om det eg ser og høyrer rundt meg, både sjølverfart, men mest av alt gjennom media, der ein kan få eit visst inntrykk av utviklinga av dagens samfunn . På mange vis så vert eg skremd over media si makt og påverknad, det er så lett å surfe med på same bølga som alle andre, og det eg er redd for i den samanheng er at vi ikkje tek oss tid til å stoppe opp og verkeleg tenke etter om vi verkeleg vil vere med på bølga eller ikkje?

¤

Når det gjeld valet vårt angåande fyrverkeri, så har vi fortsatt tankar om at vi skulle ønske at fleire gjer som oss. MEN det er ikkje dermed sagt at vi ikkje respekterar andre sine val. Eg meinar at det må vere mogleg å vere sterkt ueinig og samstundes ha respekt for at andre ikkje meinar det same:) Respekt for mangfaldet ser eg på som svært viktig, i alle samanhengar! Takk for påminninga, eg ser i ettertid at akkurat det burde vore presisert i innlegget under.

Ein annan kommentar som eg synest var så flott var denne:

For noen år siden var jeg så heldig å overvære verdensmesterskap i fyrverkeri. Jeg fikk se Kinas bidrag - og det var fyrverkeri det! Går ikke an å sammenligne med det som vi har her på nyttårsaften. Her var det ikke snakk om enkle smell og mye pang, her var det rene kunstverk på himmelen. Det var feks motiver som trær o.l. Helt fantastisk!
Etter det har jeg syntes at feks kommunen burde stå for et flott fyrverkeri, og at det burde bli forbud for andre. Men jeg synes ikke at man skulle ta bort gleden ved fyrverkeri, det er mye annet som også er sløsing - men som vi mennesker bruker for å glede oss. Fyrverkeri er noe som gleder fattig og rik.

Dette er eg nok ganske så einig i, tusen takk for kommentaren :)

Eg har ikkje med innlegget under meint verken å vere formanande, betrevitande eller fordømande.

Dette er berre ei utlufting av tankar som eg har gjort meg, og som eg hadde lyst til å dele med fleire. Vi er sjølvsagt alle ulike; med kvar våre verdiar, oppfatningar, meiningar og tankar kring det meste. Dette bør vi sjølvsagt akseptere, sjølv om det er lett å legge seg bort i ting som ein har andre meiningar om, meg sjølv inkludert i aller høgste grad;)

Som alltid når ein les noko som andre har skrive; kan det skrivne ord verte oppfatta på ulike måtar.

Slik er det, og slik vil det alltid vere, spesielt dersom forfattaren av teksta ikkje har vore tydeleg nok.

Eg har kanskje ikkje vore tydeleg nok, og eg beklagar så mykje dersom eg har trampa på nokon!!

Det var ikkje hensikta med innlegget mitt i går :(

Ein annan ting er at litt av hensikta var å få fram engasjement hjå andre, det synest eg er sunt:)

Eg likar å få tankevekkarar sjølv, anten vekkaren strir heilt i mot mine eigne meiningar og verdiar eller at vekkaren gjev meg eit positivt "spark i baken" :)

¤

Som vanleg er bloggen min rett frå hjartet, eller levra, alt ettersom ;)

Bloggen min er for mange kanskje vél personleg. For meg er dette den einaste måten å blogge på. Eg trur ikkje at bloggen min glir rett inn i nokon spesiell sjanger som til dømes: kvardagsblogg, interiørblogg, mammablogg, nettbutikkblogg, lyrikkblogg, reiseblogg osv. Eg bloggar om det som fell meg naturleg, og som tittelen på bloggen min seier; "Frå eit A4-liv", så er det nettopp smått og stort frå dette livet ein finn her:)

Kan hende er det somme som har tenkt over at bloggen min er prega av eit "eg/vi -fokus"? Det er i tilfelle korrekt observert:)

Her inne skriv eg stort sett om ting som er;

Sett igjennom mine auge.

Kjent igjennom mitt hjarte.

Tenkt mellom mine øyre;)

Det er ikkje det same som at mine tankar kring ting er det einaste rette. Slik tru på meg sjølv har eg ikkje utvikla slett enno;)

Heldigvis! Det er vel det siste eg ynskjer for meg og mine...

Eg håpar at eg har ordlagt meg litt meir presist denne gongen. Eller kanskje vart det berre endå verre?

De får i tilfelle vere snille å bere over med meg, eg har ikkje meint å fornærme nokon! :)

n1231626682_10126_2520

Dette er noko av det som vi likar å bruke tid på! :)

 

11 kommentarer:

Lill sa...

Hei hei:)
Forrige innlegg var klart og tydeleg og eg tolka det slik du ville vi skulle tolke det:) Ingen problem med et:o)) At du skriv rett frå levra gjer bloggen din flott og unik, fortsett med det! Alltid kjekt å lese innlegga dine Astrid:0)
Fekk dessverre ikkje tid til å legge inn kommentar igår, hadde ein heil dag i Ålesund saman med Solstråla mi, berre kos og god mat. Må nyte kvart sekund no før ho drar på måndag tilbake til Dallas.
Når det gjeld fyrverkeri er eg enig med DU. Vi kjøper aldri det, vi prioriterar andre ting her heime.
Ha ein fantastisk dag og nyt livet.
Stort smil frå Lill

Unknown sa...

Heisann:0)
Føyer meg inn bak Lill her, tykkjer og at innlegget var klart og tydeleg, og på ingen måte bedrevitande!!
Som du skriv sjølv så er blogen din personleg og skreven ut i frå ditt synspunkt, og det er jo det som gjer den så flott;9)
Det er ikkje utan grunn at vi kjem attende gong etter gong, og at besøkstala dine veks...
Bloggen din er DEG, Astrid, og det må du aldri forandre på!!
Angåande fyrverkeri så høyrer nok vi til i den kategorien som kjøper, men heldigvis ikkje i dyre dommar eller for å overgå andre...
Vi kjøper for vår eigen del, og dei tre siste åra har vi vore fleire i lag, og dermed brukar kvar enkelt familie mindre pengar på det...
Synst no det er flott med fyrverkeri, eg, men kanskje det hadde vorte enno betre med organisert fyrverkeri som Anette nemnde??
Ynskjer deg ein fin dag:0)
Så flott at gåva ko heil fram og fall i smak:0)
Klem

Ramme Alvor sa...

:) Eg vart så glad for innlegget ditt. Du skriv slik at vi kan debattere litt. Debatt borgar for kvalitetsikring og er i tillegg opplysande. At du tek opp slike emner er også veldig viktig sidan vi ellers lett kan, som du her skriv, surfe med på media sine bølger...
Tusen takk for at du sler eit slag for ettertanken!

Helsing ei som overhode ikkje var fornærma, kun berika :)
Britt

~♥~ Monica S sa...

Flott! :-) Eg trur likevel eg forstod kva du tenkte i går.. (med øyrene?? hihi! ;-) )

Synes du er flink.. og om eg nokon gong ikkje skulle vere fullstendig einig.. så likar eg å plukke ut det som høyres fornuftig ut i MINE ØYRE og halde meg til det :-)
Vi e no tross alt ikkje perfekt nokon av oss.... ;-)

Takk for følget ;-)

Monica

~♥~ Monica S sa...

Hihi.. det var visst tidlig morgon når eg las innlegget ditt sist ;-)
DET var mellom øyrene ja.. hahaha!! :-) Javisst!!

Det seiast at det er på augene ein fyst vert blind!! ;-)

Monica

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Det var da ikke noe galt med ditt forrige innlegg!

På sin egen blogg må man kunne si hva man mener, og dette var da slett ikke egnet til å tråkke på noen. Om noen er uenig i ditt standpunkt og reagerer slik, må de ha dårlig samvittighet for noe.

En blogg bør da være litt personlig, det er det som gir den sjel og som gjør at vi gidder å kikke innom stadig. Du skriver så bra og har "gyldne tanker" (sitat: Blåfjell). Hvor personlig en er, må en få avgjøre selv og de som er uenig kan jo bare finne seg noe annet å lese.

Fortsett som før med din flotte blogg, det gjør så godt å lese dine betrakninger og tanker. At foreldre vil gi sine barn andre verdier i dette forbrukssamfunnet er så flott, men neimen ikke lett.

Anette {foreldremanualen} sa...

Heisann! :-)

Jeg ble iallefall IKKE fornærma av innlegget ditt - bare så det er sagt! ;-)

Synes du skriver kjempegodt, og liker at temaene varierer. Det er jo det som er så fint med blogging - man kan skrive om akkurat det man vil! ;-)

Anna Lisa sa...

Eg synes du skriver flott og tydelig. Eg sjønte at du skrev om dokka meiningar og verdiar. Og eg oppfatta ingen kritikk mot andre sine valg. En blogg er personlig.Du bestemmer kva du skriver i din blogg. Og hvis du uttalar deg om noko må så klart dei som leser bloggen sjønne at det er deg sjølv du skriver om. Eg støttar deg i forrige innlegg, og er enig i alt du skrev. Men samtidig veit eg at det var deg sjølv du skreiv om. Det var dine tankar, og dei har du lov til å ha.
Ønska deg fin dag
Klem

Silje sa...

Hei :) Las det forrige innlegget ditt, og må seie meg heilt enig med deg i at fyrverkeri ikkje står på mi prioriteringsliste! Vi hadde berre stjerneskot iår, og dei var til og med løyvde frå ifjor..så no er det andre året vi let være fyrverkerisirkuset. Takk for koseleg kommentar på bloggen min ;)
Klem Silje.

Unknown sa...

Heisann og takk for lang og koseleg kommentar:0)
Kjekt at det er fleire enn meg som likar å halde på jula, hadde eigentleg tenkt å lage eit lengre innlegg om det då vi pakka vekk jula, men rakk det ikkje då, og dermed gjekk det litt vekk!!
Ser jo at det er veldig mange som ivrar etter å kvitte seg med jula nærast før romjula er over, og det synst jo eg er litt trist, da...
Eg er og av dei som irriterar meg over at jula vert dregen tidlegare og tidlegare inn av handelsstanden, det verste eg høyrde denne jula, var ein butikk som hadde julevarer allerede i september!!
Kjenner eg vert opprørt berre eg tenkjer på det *sukk*
Lat oss få ha jul når det skal vere jul, det er vel tidsnok med julevarer i slutten av november, men dette er no mi meining då...
Eg er og opptatt av tradisjonar, men vi hadde ein diskusjon om dette med utkasting av jula på jobben...
Eg har som tradisjon å koste ut jula treattandedag, sjølv om eg veit det er for tidleg etter gammalt av, og eg har høyrt uttykket tjuandedagKnut jagar jula ut...
Men på jobb var det fleire som hevda at det var mortensmessKnut som jaga jula ut, og det er då i februar ein gong...
Veit det er ein del eldre som har jula til februar!!
Interresant tema dette:0)
Såg du hadde lagt deg til som følgar, og det synst eg er kjempekoseleg...
Ynskjer deg ein fin fredagskveld, klem

Monica sa...

Heilt einig med dei fleste her, skrive man ikkje med meining, so ser ej ingen vits...Det e de som gjer bloggen din verdt å lese Astrid! Og e de nokken so ikkje lika det du skriv? ja, so kan dei jaggu berre la være!! ;) ikkje verre!
Ligg foresten nokke te dej på bloggen min!