måndag 19. januar 2009

Fire x fem!

I går fekk eg ei utfordring frå Tove, den skal eg prøve å svare på no.

4 Favorittprogram på TV:

Eg ser svært lite på tv, så her må eg nok putte inn program som eg har sett på/fylgt med på tidlegare...

  • "So you think you can dance?"
  • "Dansefeber"
  • "71* Nord"
  • Div. oppussingsprogram når eg kjem på det.

4 Ting eg gjorde i går:

  • Såg Synne spele handballkamp i Voldahallen.
  • Rydda og vaska etter ei hektisk veke med lite og inkje husarbeid.
  • Leita fram pensum og laga meg ein leseplan.
  • Var på ein liten fotosafari ute i lag med den store blesten.
063

4 ting eg ser fram til:

  • Å vere ferdig med eksamen i vitskapsteori...
  • Praksis på helsestasjonen
  • Å få reparert stabburstaket, før den store blesten tek det med seg til dunders!
  • Mange skiturar, med årets Grotlirenn som høgdepunkt og avslutning på skisesongen.

n1231626682_10120_9016 ørstafjord

4 Favorittrestaurantar:

Her må eg nok melde pass. Kjem ikkje på nokon favoritt, har ikkje så godt utval å velje frå heller. Den beste maten får eg heime, anten her eller hjå andre.

4 ting på ønskelista mi:

n1231626682_70270_795- fotar

  • Om det går an; livsvarig god helse til alle rundt meg!
  • Dobbel garasje.
  • At eksamenane mine går smertefritt, gjerne med gode resultat!
  • Fine skiforhald og fint vintervêr heilt til påska er over:)

n1231626682_10139_8576 kvanndal

Eg sender utfordringa vidare til desse fire:

Eg må også nemne at eg er så takksam for alle dei fine utmerkingane som eg har fått!

Det kjem eit takke-innlegg om ikkje så lenge:)

5 kommentarer:

Anna Lisa sa...

Artig utfordring og kjekt å lese det du har skrevet til svar.
Fine bilder.
Ha ein fin kveld
Klem

Unknown sa...

Artig utfordring og eg tek den, ja...
Kjekt å lese, Astrid:9)
Klem

AnneGrethe7 sa...

Ser me ønskjer oss dobbelgarasje begge to...hadde vore ein draum og han skal realiserast når sparekontoen har fått på fyll:)

Gratulerer med flott intervju i Møre...

Klem

Ramme Alvor sa...

Bileta dine er so flotte at eg vil ut på ski, NO! :)
Kjekt å lese litt om deg :)

Britt

Kate-Marita Pettersen sa...

Skal ta utfordringa di etterhvert:)
klæm fra Kate:)