laurdag 10. januar 2009

Tradisjon til glede for søthungrige gullungar:)

Ein av mange førjulstradisjonar er blant anna det å bake julekaker, helst sju sortar.

Julemenn, pepparkaker, hardevafler, brune pinnar, krumkaker, sirupsnippar, risbollar er nokre av favorittane, men i tillegg til alle desse småkakene som gradvis forsvinn på mystisk vis allereie halvvegs i julefeiringa, så har vi noko juleknask som er freda til vi bikkar over i eit nytt år: pepparkakehus:)

Eg kan dessverre ikkje skryte på meg eit flott, eigendesigna og sjølvlaga pepparkakehus, sjølv om eg helst skulle ynskje at det var det eg kunne vise fram til alle våre julegjestar -og ikkje minst her på bloggen! Kanskje til neste år...? ;) Det ligg allereie ei oppskrift med fine byggmonteringsplansjar til eit kjempeflott stabbur i oppskriftsboka mi -det hadde vore noko å ha på stas i "Bestastova"!

 Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 017 Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 011

Å PYNTE pepparkakehus går som ein leik når ein har ivrige barnehender som vil hjelpe til. Litt verre var det då huset skulle monterast...det kan nemnast at vi måtte til med litt ekstra "fugemasse" undervegs grunna eit par arbeidsuhell, men, men slik må ein gjerne rekne med.

Vi hadde heldegvis rikeleg med stæsj til å pynte huset med, som de kan sjå så var det ikkje all pynten som kom seg så langt som til huset:-D

(Fantefjes er slikt som er heilt vanleg når ungane vert merksame på at dei er fotoobjekt, slik som Elisa vart her...)

Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 013

Pepparkakehuset vårt fekk stå i fred heile jula, faktisk heilt til 8.januar. Denne dagen var heile familien samla slik at alle skulle få kvar sin smak av huset.

Når ti ivrige barnehender kappast om å hente eitt pepparkakehus, ja då er oddsa høge for at dette skal gå problemfritt... Huset gjekk i golvet meir enn ein gong på ferda gjennom dei tre stovene, tårer måtte tørkast og mor enda opp med å bruke strengestemma:/ Ein litt trasig start på det som skulle vere ei kjekk oppleving. Heldigvis så vart uhella fort gløymde og det var seks blide og forventningsfulle som kika opp då eg ba om eit bilete:) Bortsett frå Linnea då, som sikkert ikkje forstod så mykje av det heile.

Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 366 

KLAR - FERDIG - KNUS ! ! !

Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 367 

 Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 369Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 370

Synne passar på at Linnea ikkje får i seg seigmenn og non-stop, men nokre smular fekk ho lov til å smake på:)   Vesle Gollemor er høgt og lågt for tida og ein dag tidlegare i veka datt ho slik at ho kutta seg under auget:(   Det var ikkje godt å seie om det var mor eller dotter som felte flest tårer då..;(

Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 373Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 372

Elisa og Stine i ein intern-humor episode. Fire års aldersforskjel jamnar seg ut for kvart år:) Matias og Eirik var snare å forsyne seg med dei bitane som hadde seigmenn på seg.

På under ti minutt var pepparkakehuset stort sett oppete, berre dei bitane utan pynt på låg att, dei var det visst ingen som ville ha.

16 kommentarer:

Torill sa...

For ein herleg familie, så søte ungar alle saman! Dokke har heldige som har så mange små gledesspredarar!

Nunne sa...

Det var DET vi glemte i kveld...å ta med oss pepperkakehuset når vi dro til de to små farmor og farfarungan våre...
Men, så står huset her til i mårra ettermiddag og ettermiddagskaffen.
Spises må det jo! Og GODT er det..
Herlig familie du har! Blir alltid glad av å sjå dåkk!
Helgeklem fra ei farmor i nord...

Stoltzen2012 sa...

Så koselig blogg du har!! Ja vi har også tradisjon med knuse-pepperkakehus..:o) Kjekt å ha noen tradisjoner:o)

~♥~ Monica S sa...

Ingen som ville ha bitane uten snop?? mmmm merkelig!

Stakkars lissje piå di.. huff og huff! Huska godt mine når dei var så uheldige.... offa!

Pepparkakehuset vårt va merkelig likt dokka sitt... ?!??!.. og det står endå.. i morgå går det enten til ungane eller til dunders.. ;-)
Då skal eg rydde ut jula.. seint ja.. eg veit det.. men eg syns det er litt trist å gi slepp på det gode lyset jula gir frå seg :-)

Ha ei god helg!
Monica

Anita sa...

Hadde samme type pepperkakehus selv;o) Tradisjonen her i huset er at minstemann inviterer noen venner med seg hjem, også pynter de huset sammen en gang før jul. For å korte ned tiden bittelitte grann på nyttårsaften (han venter så fært på fyrverkeriet hvert år;o)) så knuser ungene huset litt utpå kvelden. Da er det frem med hammer'n - og knust er huset:o) Så koser de seg med pynten - og litt av huset

Tove sa...

Åhhhh, så kjekt dokke har hatt det! Vart ikkje peparkakehus på oss i år. Eg skulda på at vi ikkje hadde nokon stad å setje det, men det var vel heller at det vart smått med tid til kakebaking i år... Lagar du verkeleg 7 slag til jul??? Du imponerer, fru Bjørdal!!! Skal tru om du og fru Olsenbanden får tid til eit januarbesøk på Halsane??? Det hadde vore så kjekt!!! Ha ei fin helg!

Unknown sa...

Tror vi var kommet til 3juledag da største frøkna sier...;"mamma, vi glømt å lag pepperkakehus!" med bebreidende stemme...jeg har noe å gjøre opp for til neste år...

AnneGrethe7 sa...

Nydeleg bilete av dei skjønne ungane dokka :)
Ser ut som dei kosa seg skikkeleg.

Ønska dokke ein fin søndag i regnet...her berre tek vi livet med ro i dag!

Klem

Anne Mette Lie sa...

Hei! Eg har ikkje vore innom bloggen din før - det var kjekt å lese her! Eg ser at de er litt same type familie som oss; ofte ut på tur med store og små, til beins eller på ski! *klem*

Anna Lisa sa...

Dokke har hatt ei koselig stund tenker eg. Og alltid kjekt å knuse huset til slutt og spise godsakene.
Du er så flink Astrid!!
Herlig familie.
Stakkars lilla som har slått seg da..huffa...
Håpa det kjem seg og ho ikkje har det vont.
Ønska deg ei fin veke min venn
Klem

Anonym sa...

Jeg er egentlig på vei til å legge meg, og har slett ikke tid til å skrive bloggkommentarer, men jeg MÅ bare si at jeg liker bloggen din SÅÅÅ godt.
Har selv veldig bestemte meninger om barneoppdragelse, men om jeg gjør og sier det som er rett i alle tilfeller vil jo foralltid bli en gåte...
Men - det er jo deilig når eldstemann på 20 sier at han syns han har hatt fine foreldre, og at det eneste vi har gjort feil er å være for ettergivende når det gjelder å smake på forskjellige sorter mat!!!!
Desverre er jeg litt for materialistisk etter det min samvittighet tilsier, men jeg VET det, og prøver av og til å bli flinkere. Nå MÅ jeg legge meg. Håper du fortsetter å blogge slik du har gjort. Av og til må man være enige om at man er uenige (Ikke spesielt myntet på deg og meg, bare sånn rent generelt :o))

-klem-

Unknown sa...

Heisann, herlege bilder av ungane...
Det ser ut som dei storkosar seg alle mann!!
Pussig at bitane utan snop ligg att;0)
Har noko til deg, klem

Monica sa...

Nååå så koselig det så ut da!!!
Pepperkakeknusing er stor stas! Her i huset knuste pepperkakehuset våra på mystisk vis ein morgen..mmmm...misstenkjer svoltne barnehender gitt..hohohoh

Lill sa...

For ein kjekk gjeng som verkeleg setter pris på pepperkakehuset ;0)) Vi knuste Silje sitt i går ilag med nokre søskenborn og det fekk bein å gå på.....
Dokke er ein flott familie Astrid:))
Ha ein fin måndagskveld.
klem frå Lill

Anette {foreldremanualen} sa...

Ha ha, knusing er jo egentlig morsommere enn å bygge det! ;-)

Cecilie sa...

Koselege bilete du har lagt ut Astrid. her i huset knuste vi pepparkakehuset på bursdagen til Benedicte, trur det må bli ein tradisjon å gjere det på den dagen.

Kikar du innom bloggen min, så finn du ei lita utmerking til deg.