søndag 1. mars 2009

Fjelltur i snøkave

Etter ei heil veke innandørs med ein kjedelig kink i nakken, var det på tide å få lufte både kropp og sjel.

 Melshornet 013

Fredag var det duka for Linnea sin første pulktur. Vêret vart grundig observert via yr sine vêrmeldingar frå tidleg på dag, og sola skein frå ein bortimot skyfri blå himmel då vi pakka sekken og tok laust heimafrå. Ikkje før vi hadde fått pulken ut av bilen og teipa på dei gamle, slitte skifellane, jau då kom den einaste skya på himmelen og la seg over oss:( 

Heldigvis har både eg og min kjære vore ute for både eitt og fleire snøfall oppigjennom åra, og ikkje minst veit vi at vêret skiftar fort på våre kantar, så vi var godt rusta for fjelltur sjølv om snøen lava ned rundt oss.

Melshornet 014

Tidspunktet for turen var ikkje tilfeldig valt, men lagt opp etter Linnea si kvilestund. Ho fann seg godt tilrette i same fjellpulken som eg låg i på min første pulktur:) På ei seng av heimeflådd(!) saueskinn, sovna ho allereie før vi hadde gått 100 meter. Det var ikkje fritt føre at eg misunte henne litt der ho låg... Tenk å ligge godt innepakka og verte vugga i søvn av den taktfaste rytma av far sine ski og stavtak:) Då var det verre med meg som gjekk der bak, aldri så lite sur og misnøgd med at vêret vart som det vart:(

Takka vere min kjære sine oppmuntrande og positive kommentarar om kor flink og sprek ei kjæring han har (jada, han smurte godt på ;) ) så trakka eg i veg vidare. Rart kor lite som skal til for at humøret skal stige eit par hakk, endå eg veit at den spreke kjæringa han snakka om, slettes ikkje er i toppform for tida...

 Tur til Melshornet 035

Etter at kroppen var komt i gang, og blodpumpa hadde stabilisert seg på ein fin slagfrekvens, då kunne eg endeleg kjenne kor godt det var å vere på tur. Med gore-tex hetta godt snurpa rundt hovudet, var det omtrent som å gå i si eiga vesle verd. Lyden av min eigen pust og puls dyssa meg inn i eventyrland, eit eventyrland så kvitt og reint så langt auge kunne sjå (det var forresten ikkje så veldig langt eg kunne sjå til tider...) Mjuk og fin puddersnø, akkurat passe djup slik at det ikkje var så tungt å gå. Det einaste aberet var den lite samarbeidsvillege nakken som trua med å låse seg igjen:@

 Melshornet 015Tur til Melshornet 037

Spreke, flinke, gode og oppmuntrande mannen min! Hadde eg spurt om eg kunne få sitje på skuldrane hass så hadde eg kanskje fått det? :)

Så lenge eg fekk gå bak han og pulken i opptrakka spor, så var det ei god løysing det!

Tur til Melshornet 038

Som ein kan sjå utifrå bileta, (som er av variabel kvalitet, mobiltlfkamera måtte nyttast då kompaktkameraet vart utlada undervegs) så skifta vêret litt innimellom. Eg var snar å knipse nokre bilete dei få gongane sola braut igjennom:)

På toppen var det ikkje mykje freistande å pakke ut nista, nei! Vi skunda oss å ta av skifellane før vi gjorde pulkførarbyte.

Melshornet 017

Til dykk som undrast på om det var så lurt å drage med seg eit "liteban" på fjellet i snøkave og minusgrader: Eg kan love dykk at ho låg både varmt,trygt og godt! Sjølv om pulken ser veldig nedesnøva ut, så var ikkje jenta det. Pleksiglaset sørga for det. Og jada, ho fekk puste:) Dette gjer vi gjerne igjen ein annan gong også!

Tur til Melshornet 042 Tur til Melshornet 050

Ja, eg har kjennskap til "Crebs-syklus"... Å stå i plog heile vegen frå toppen av Melshornet og ned, det kjennest i låra!!!

Aller helst hadde eg nok trengt å øve meg på godkjende telemarksvingar heile vegen nedatt, spesielt med tanke på dersom eg skal delta i det årlege telemarkrennet på Bondalseidet i påska. "Slalom-stilen" min fell ikkje i god jord hjå portvakter og portvaktdommarar, nei der skal rett vere rett!

Ingen har fått så mange tilleggsekund som meg oppigjennom åra...   

Tur til Melshornet 053Tur til Melshornet 055

Ei glad og fornøgd Linnea i bilen på veg heim, noko uvitande om heile fjellturen:) Ho våkna ikkje før vi var på veg nedatt.

Vel heime -og etter ein varm dusj, kunne vi endeleg setje oss ned og nyte den gode nistematen!

Tur til Melshornet 057

Og dei var begge samde om at det hadde vore ein gild tur:)

19 kommentarer:

Unknown sa...

Imponert over at dokke orka, eg...
Synst det er veldig kjekt å gå på ski, i FINEver...Ellers vert det ok ein tendens til å sige ned i sofaen;0)
Og Frk Linnea var vel den som hadde det både varmast og mest komfortabelt, tenker eg!!
He he, anar eg eit anstrengt forhold til GODKJENDE telemarkssvingar her??
Klem

Ramme Alvor sa...

Eg kosa meg på tur med deko. Takk for at du tok oss med!

Klem
Britt

Anette {foreldremanualen} sa...

Dere er en skikkelig friskus familie!! Det så faktisk litt herlig ut (selv om jeg egentig hater å stå på ski....!). Det hjelper at dere er så blide og glade på bildene! ;-)

Unknown sa...

For det første er det totalt utenfor min fatteevne at det går an å være så sprek...jeg er en SVÆR wannabe på det området...vel, ski på fjellet opplever vi jo uansett ikke på disse trakter, men ut på tur har jo ikke med vær og føreforhold å gjøre. Det kan man overalt...med eller uten ski...
For det andre misunner jeg alltid de små som kan sove godt i pulken. Minstemor vår var bare ett år da hun prøvde det på vinterferie i Troms. DER er det snø og ski-forhold. Hun hadde det helt herlig nedi pulken.Sov og sov...

Cecilie sa...

For en flott utr dåkke sikkert hadde. kjekt med pulk. Vi var på Bondalsseidet og køyrde slslom i går. Var litt surt og kaldt på toppen, men eit flott føre å renne i. i dag blir det nok innekos.
Håper det går bra med nakken din:

Ha ein fin søndag

Dagny- Heim sa...

Nei og nei! Dårleg gjort at det skulle bli sånt skitvêr akkurat då! Eller dvs. det har det vel stort sett vore heile vinterferien...bortsett frå nokre timar tilsaman torsdag og fredag. Men det såg faktisk litt deilig ut også. Godt å sveitte og få brukt litt krefter :-)
Og telemarksvingar er det fleire som treng å øve på!! Kremt...ein el.to gongar i året for min del...og det ser ein på utstyret frå 90-talet også. Ruststriper og lærskoknirking på høgt plan ;-D

Men den nakken din høyrdes ikkje god ut :-/ DET er energitappar det!! Håpar det ordnar seg, eller at du får nokon til å ordne det for deg.
God betring, Astrid! :-D

Englemor sa...

For ei hærlig historie du har skrive fra turen dokka. Koste meg medan eg las..
Har enda ikkje komt meg på ski i år.. blir liksom til at eg held meg i lav landet..
Såg nå ut som ein fin tur sjølvom veret var veldig skiftande..YR er ikkje til å stole på nei..:)
Koselig med niste innandørs også:)
Klem

Anita sa...

Jeg er nok ikke det friluftsmennesket som jeg skulle ønske jeg var, men det så ut som en deilig tur dere hadde. Akkurat nå har jeg en syk gutt her i huset, men kanskje vi kommer oss ut på noe mere enn en shoppingtur neste helg;o)
Kos dere videre på søndagen.

klem

~♥~ Monica S sa...

HEI!

Ojojoj!! No vart ej imponert Astrid!!! Flott skreve var det også.. og det slo meg at du hadde klart å tenke på å ta bilder også heile vegen! ;-) DEt såg ut som en herlig tur, og du såg såvisst ikkje sur ut! :-)
Tenkje det var godt å kome heim i varmen og kose seg med ein flott tur bak seg! :-)

Monica

Ingrid sa...

Ser ut som dokke hadde en fin tur, sjøl om været svikta.. God gammal pulk i alle fall! ;)
Så kjedelig å høre om nakken din, håpe det går fort over! Korleis går det med skuldra di då? Va'kje det der du va litt plaga..? Prøv akupunktur, ej he begynt med det, og no lure ej på om nåke he begynt å løsne her endelig.. :)
Og forresten; når enn he med sej ikkje mindre enn TRE store pakka med sjokolade, då e en garantert en god tur! Godt å sjå at det ikkje e berre ej :)

Guttemamma sa...

Tar av meg skilua (hatten) her altså!! Snakk om sporty folk!! Ja, vi er skikkelig skifamilie vi og, gikk 15km i går, 4åringen i strikk bak far deler av turen og de to eldste skøyter i vei som de aldri skulle gjort annet. veldig gøy!! I dag ble det mest pølsegrilling og aking, men noen runder i lysløypa ble det da! Ser at dere har like moderne pulk som oss...:-)
Ha en toppers søndagskveld!!
Klem fra Anette

Ramme Alvor sa...

:) eg er glad i å arbeide med hendene, spesielt trearbeid gjer meg lukkeleg. Tinga eg har gjort er ikkje noko handverk, det er grovsløyd på sitt verste, hehe :)

Du er så aktiv og fysisk. Der skulle eg ynskje at eg var betre. Hadde meir energi og motivasjon. Slik som turen du deler med oss her. Heilt fantastisk! :)


Klem
Britt

Om oss, -alt og ingenting :) sa...

For en HÆRLIG gjeng dokke e Astrid! Må henge mej på kommentatorane her og berre takke og bukke for dinne flotte skitur-opplevelsen :) Ej he sagt det før, men ej sei det gjerne igjen, det e ei glede å lese innlegga dine!! Du skrive så utrulig levande!

Og tusen takk for kjempefin kommentar på innlegget mitt!! DU va faktisk inspirasjonen i dag til å skrive et par nye ord :) Kjekt å lese at nåken "der ute" faktisk sakna innlegga mine :) Det e gull verdt!

Lill sa...

Hei hei:0)
For ein kjekk tur sjølv om det var snøkave... Alltid deileg å kome seg utfor døra på tur. Tusen takk for kjempekoseleg helsing inne hos meg. Ser ut som vinterferien kom ei veke for tdleg for no skal sola skine ei heil veke seier YR..... men kven veit. Ha ein super dag:0)
Stort smil frå meg

Anonym sa...

Takk for turen. Du er et utrolig forbilde for oss andre.
Selv er jeg utrolig dårlig på ski, men jeg syns det er moro alikevel. Kombinasjonen med en anti-ski-mann er ikke helt heldig, men han begynner å komme på gli, han også...
Har endelig lagt ut bildet i utfordringa jeg fikk for leeenge siden. Beklager tregheten.. Prøver å få klart litt om framtida i forhold til jobb osv, så jeg bruker litt for mye tid på ingenting innimellom :o)
Ha en riktig GOD tirsdag

-klem-

Fivrel sa...

Herleg!

Det er ikkje sjeldan det er slik - vêret snur seg plent når ein har fylgd med som ein smed og plukka ut nett det rette tidspunktet, og sekken er pakka, fellene på og anorakken under topplokket. Då kjem skyene, og i fjellet kjem dei snøgt, og så på null komma niks er det grått og snøvêr. Difor er det så viktig å vere førebudd, vite at slik kan det verte, og både ha gode klede og nyste i sekken. Berre snøre att hetta, lene seg mot vinden, og gå.

Kjenne vinden og den friske lufta mot nasen, og som du så godt skildrar, forsvinne inn i si eiga verd når kroppen berre har kome skikkeleg i gong. Puste, gå, la tankane fly.

Solskinsvêr er flott, men det er jammen herleg å vere på tur i friskt vêr au?!

Takk for at du tok oss med på denne flotte turen, Astrid ;-)

Anne Mette Lie sa...

Ååå, det er så herlig å lese om andres flotte turopplevelser! Utrolig kjekt at du har pulken din fra du var liten! - og så er det kjekt å se at det er flere som går toppturer med stive støvler.. *ler*

Unknown sa...

Heisann:0)
Håpar dokke har hatt ein flott søndag!!
Har noko til deg inne hos meg...
Klem

Unknown sa...

Takk for gode ord, Astrid:0)
Pssst! Såg inne på facebok at vi har bursdag på same dato i juli;9)
Klem