torsdag 14. mai 2009

Kva anna kan ein gjere...

...enn å gå ut på tur når sola skin, og våren syner seg frå si beste side?

Kanskje eit litt flåsete spørsmål, for sjølvsagt veit eg at det ikkje er alle som har moglegheit til å prioritere slik som eg gjorde i går.

Eg stillte meg sjølv spørsmålet; hadde eg TID til dette? Nasjonaldagen står for dør og då skal heile familien kle seg i flotte bunadar. Dei som har bunadar veit at det kostar nokre timar arbeid med stasplagga for ikkje å gjere skam på både klesdrakta og husmoremne-tittelen der ein går på utstilling i barnetoget 17.mai. Eksamen nærmar seg også for kvar dag som går, fleire tusen sider skal lesast og lærast -og DET er ikkje gjort på eit par kveldar med skippertaksmetoden! I tillegg har ein no alt som "ein skulle ha gjort, men kan utsetje litt til"...

Likevel meinar eg at eg prioriterte rett i går då eg la turen til Kvanndalen. Fysisk aktivitet, hausting av vårgjele, D-vitamin, motivasjon og anna positiv energi er kanskje vèl så viktig i det lange løp?

Kvanndalstur 013

Er det rart at eg er heimekjær?!

Kvanndalstur 029Kvanndalstur 030

Kvanndalstur 031

Det var faktisk så varmt og fint i solveggen at tanken på ein dukkert i Kvanndalsvatnet var tilstades:) No er eg langt frå nokon isbadar, så dette vart det ingenting av, men vi måtte nedom for å sjekke badetemperaturen likevel.

Kvanndalstur 045 Kvanndalstur 046 

Kvanndalstur 047 Kvanndalstur 053

Eit par minutt i leik med friskt, kaldt fjellvatn var stor stas!!

Og etterpå venta tjukkelestane i ein varm voksipose på dei små nybada fotane:)

 Kvanndalstur 056

Eittåringar i leik er også ein del av pensum, og motorisk utvikling er eit fasinerande emne! :)

 Kvanndalstur 062

På veg nedatt frå Kvanndalen måtte vi ta ein blåbærtilstandsrapport. Mykje fine bær i emning, men der var også ein del blåbærlyng som ikkje har tolt den lange finevêrsperioden tidlegare i vår:(

Kvanndalstur 024

I dag er vêret like fint som i går, kanskje tek vi turen til Kvanndalen igjen

-og let bunadskjortene vente ein dag til? :)

Ha ein fin dag!

10 kommentarer:

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Påfyll av trivsels-vitamin er også påkrevet skal en stå til eksamen i bunadskjortestryking og helsesøter-faget. Det er jeg helt overbevist om.

For ei herlig lita tulle som får "smake" litt av naturens elementer. Det er bra.

Ingrid sa...

For nåken fine bilde!! Ej he aldri vore i Kvanndalen, men ej skulle vel hatt mej en tur he ej sett, ser nydelig ut der :)

Anita sa...

Så flotte bilder, og for ei nydelig jente. Så jo virkelig hvor hun koser seg.
Fik nesten lyst på en tur ut selv..... En annen gang;o)
Bunadskjorta mi ligger godt nedpakka, den krympet nok i skapet;o). Begge døtrene mine er konfirmert i bunaden som min mor sydde til meg til min konfirmasjon. Synes det er veldig stas da;o))
Ha en flot helg og 17. mai-feiring:o)
klem

Torill sa...

Å so herleg! Vakre bileter og flott vær! Du gjorde rett i å ta deg ein tur.

Du skal ikkje tenke so mykje på kva andre måtte meine og synest om ting, du gjer det du har vett til :-) Ein skal tørre å vere seg sjøl og stå for det. Personleg meinar eg at du ikkje har noko å frykte. Det er lenge til 17.mai, eg har ikkje kjøpt klede endå... Og jenta di såg då vel ut til å ha det bra. Lykke til med eksamen!

Livets landeveg sa...

Berre sunt for små, mjuke barneføter med eit lite bad. Spesielt i det flotte "sunnmørsvatnet"
Skulle hatt oss ein tur til Kvanndalen eg og Matias også, ser eg. Der har eg virkelig gått glipp av noko.

Eg er så privilegiert at eg slepp å stryke mi eiga bunadskjorte, ettersom eg her på Vatne har personleg "bunadskjortestrykar" Eg trur eg er veldig heldig med det. Men den harde kvardagen kjem nok etterkvart, der eg må stryke sjølv ;)

Ha ein fin kveld vidare, so kanskje vi sjåast i Kvanndalen ein dag!

hvorfor ikke... sa...

For noen vannvittig flotte bilder!!! Mister nesten pusten: FOR EN NATUR! Klar Cabriolet-bussen svinger innom, hehe!
Forstår godt at du er hjemkjær...veldig glad i naturen jeg, også...og kanskje spesielt i fjellet...sukk og dåååån!

Lykkeligkaos sa...

Hærleg!
Rett å slett! :)

Anette {foreldremanualen} sa...

Det ser ut som at hun storkoste seg ja! Deilige bilder!! ;-)

propelle sa...

Her var det mange fine bilete. Ei fine jente som storkosar seg, og så grønt og fint det er i kvanndal no på våren.

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.