Rykta vil ha det til at sommaren 2011 var "sommaren som aldri kom". Etter eit dykk i sommarens fotoarkiv, kan eg ikkje seie meg heilt samd i det.
Første del av mai var varm og fin, sol, varme, grilling, is, bikini, myggstikk og skrubbsår på knea -alt slikt som høyrer sommaren til! :)
Så kom det nokre dagar med regn, før også juni kom med sol og varme. Desse bileta fortel si eiga historie om første helga i juni...
¤ ¤ ¤
Her er vi på tur til Sæbø for å besøke "Hjørundfjord-dagane"
Sjølvsagt var vi innom Bellingen for å kjøpe is:)
Her er vi heimreiseklare!
Vi sykla gamlevegen forbi Sæbø kyrkje...
...vidare fram mot gamle Rise. Her er det ikkje biltrafikk, så her er heilt topp for mjuke trafikantar!
Sjølv om heimvegen frå Sæbø til Bjørdal er lang og seig, sykla ungane med stort pågangsmot meir eller mindre heile vegen.
Sidan det var første "langturen" på sykkel dette året, kjendest det godt i baken. Både for liten og stor:)
Så lenge humøret er bra, vert turen bra. Ein kjem seg langt her i verda med godt humør:)
***
Neste dag ved frukostbordet kom det frå Linnea, 3,5år, "I dag vil ej gå oppå heisa!"
Vi har utsikt frå kjøkenbordet rett opp mot skisenteret, og vi snakkar omtrent daglig om "heisa"
"I dag er det fint vêr oppå heisa", "no er det så tjukk skodde at vi ser ikkje heisa", "mykje folk på heisa i dag" osv.
Så då vart det tur opp på heisa:) Vi gjekk opp råsa i hovudtraseen, med Eirik som hare.
På toppen rasta vi ved kafeen. Her i solveggen kosar vi oss med nydelig utsikt både sommar og vinter B-)
Etter at skiver, melon og sjokolade var rettferdig fordelt, gjekk vi mot Nottane for å bade i Storevatnet.
Men sidan isen på Storevatnet fortsatt låg tjukk, vart det bading i Dalsskarvatnet(?) i staden for.
På veg nedatt vart det litt knall og fall, slik det ofte vert når ein kombinerer høgt tempo med øsete leik.
Heldigvis har vi kjekke storesystre som trøystar og leikar fram smilet på ein-to-tre igjen:)
Så var vi nede igjen! Sjølvutløysar og oppstilte bilder kan også vere kjekt å ha! :)
1 kommentar:
Det ser jammen meg ut som om dere hadde litt sommervær hos dere, ja!
Vi hadde sommer i påsken, og konfirmasjonshelgen i mai (takk og lov) og dett var dett.
Men, vi fortviler ikke. Raggsokker, pledd og rødvin gjør nytta si, så vi koste oss likevel.
Krysser fingre for litt mere sol i 2012 :-)
Klem Torunn
Legg inn en kommentar