tysdag 19. august 2008

Det store "kvifor" spørsmålet og andre kvardagslege utfordringar...

"Mamma, koffår plokka du bær?" spør Elisa.
"Jau, det er fordi eg skal fryse ned bæra i frysaren" seier eg, som om det var heilt sjølvsagt for ein fireåring.
"Koffår det då mamma?" kjem det igjen frå Elisa.
"Jau, det er fordi at då kan eg ta opp bæra seinare ein gong eg treng dei" svarar eg, litt opptatt med mitt.
"Jammen koffår det då?" -Denne jenta gir seg ikkje med dette til tider travle spørsmålet.
"Jau, for då kan eg for eksempel pynte ei god kake med fine raude ripsbær" seier eg, og kjenner at eg syns dette spørsmålet kjem i litt for hyppig frekvens.

Eg må stoppe opp litt, bite meg i at sjølv om eg har haurt dette "koffår" bortimot hundre gongar hittil denne dagen, så kan eg ikkje verte irritert. Eg må dele dette talet rettferdig på tre, så då vert det i overkant av 30 "koffår"-spørsmål per snute. Og det er i grunnen ikkje så mykje?

Eigentleg burde eg fryde meg over kvart eit einaste slikt spørsmål, for det er vel eit godt teikn på at ungane mine er nyskjerrige på kunnskap, same kor lite eller mykje viktig denne kunnskapen er.
Og frydar meg gjer eg då også, spesielt etter litt ettertanke. Det er berre det at av og til, i somme situasjonar, kan denne repeterande ordlyden verte oppfatta som masing...

Det er spesielt etter at ungane har gått til ro om kvelden, og etter at eg har fått sortert tankane mine, at eg ser kor fantastiske ungane mine faktisk er. (Slik som ungar flest;) )
Så når tankane over dagen er rydda i nokonlunde orden, kjem av og til den litt låke kjensla av dårleg samvit...

-Har eg vore nok tilstades for ungane mine?
-Har eg sett kvar einskild for den ho/han er?
-Har eg skjent på alle når det berre var ein av dei som gjorde ugagn?
-Har eg vore flink nok å rose kvar einskild for det dei har gjort bra?
-Har eg sagt nei også dei gongane eg kanskje burde sagt ja?
-Har eg lytta alle dei gongane dei har spurt meg om noko?

Mykje å tenke på dette, og ikkje minst mange spørsmål som fort kan gi svar som ein kanskje ikkje likar. Eg vel å svare at: eg prøvar så godt eg kan!

Eg er nok ingen supermamma, men eg trur eg er nokonlunde dugandes likevel. Eg trøystar meg med det:)

1 kommentar:

joanna sa...

Hei Astrid!
Fyrst og fremst så har du ein alldeles nydeleg blog! Det er vel få som kan, med hånda på hjertet kalle seg sjølv for supermamma, men dei fleste prøvar vel så godt dei kan.??
Eg stiller meg sjølv dei same spørsmåla, spesielt i travle periodar, men prøvar også å tenke på at ein gjer det så godt ein tross alt kan...

Klem frå Joanna :O)