tysdag 30. september 2008

"Nei, eg kan ikkje i kveld, eg skal gjere fjøs..."

¤
Når eg tenkjer på det -så saknar eg det. Når eg ikkje tenkjer på det -så saknar eg det ikkje like mykje.
Det eg tenkjer på er "å gjere fjøs" eller "å ta fjøsen" -ein kan også kalle det fjøsstell.

Etter den dagen då alt vart annleis (som de kan lese i innlegget 27.juli 2008) var vi tre sysken på 18, 14 og 12 år som meir eller mindre vart kasta inn i alt arbeidet som høyrer med på ein gard. Blant anna "det å gjere fjøs". Det var ikkje alltid like kjekt å bruke kveldane, for ikkje å snakke om søndagsmorgonane, til dette arbeidet, men sjølve arbeidet var alltid kjekt.

I går fekk eg lyst til å gjere fjøs.

Utan forsøk på å bruke store og overveldande ord, så må eg likevel få skrive at minna kjem strøymande over meg; igjennom meg.


Berre synet av denne døra og tankane på kva som er innom den, får meg til å skjelve. Eg er så inderleg klar over kva som er realiteten bakom døra, men i dag vel eg ikkje å tenke på det, i dag skal eg tenke meg nokre år bak i tid.
Vil du vere med inn vert eg glad. Her inne ligg ein del av meg. Ein del av historia mi. Ein del av det som har forma meg til den eg er i dag. Her er det minner. Eit utal gode minner, men også nokre vonde minner. Her har eg opplevd så utruleg mykje, eg kunne nok fort ha skrive kapittel nok til å fylle ei passe tjukk bok.

Innom døra er mjølkeromet. Det er her mjølkeanlegget er, glasrøra går gjennom heile fjøsen, med inntak for mjølkeapparat ved kvar bås. Mjølka vert pumpa derifrå gjennom glasrøra, og her på mjølkeromet renn den ferske, varme mjølka gjennom sila, vidare ned i slangen som fører ned i mjølketanken.

Før vi startar fjøsstellet må vi slå på lyset. Når eg i dag ser på desse brytarane tenkjer eg på kor mange gonger dei har vorte slått av og på. Eg tenkte ikkje på det før, men no gjer eg det. Det er kanskje rart, men eg gjer det likevel. Eg kan i alle fall sjå at det har vore gjort ein del gongar, plastdekselet som låg over brytarane er mykje vekkslite, det skulle nok beskytte mot fukt kan eg tenke meg.

Fjøsdressen min heng her visst enno, ein av dei vel og merke. Dei fleste var altfor store, bortsett frå den raude "Fiatagri-dressen"som eg fekk med Pappa den hausten eg gjekk i sjuande klasse og måtte gå i fjøsen kvar morgon før skule. Ytre omstende denne hausten gjorde sitt til at det vart slik. Eg kan hugse at det var ein travel, men lærerik haust.

Vask av hendene... "En god håndhygiene kan forebygge infeksjonsspredning" står det her, og det gjeld ikkje berre på kjøkenbenken og i helseinstitusjonar...

Som de kan sjå så var det "på stell". Det finnast vel ikkje så mange såpedispensarar med "sepepulver" lenger, men her er det fortsatt att litt! :)

Kva kallar eg dette då? Eg har visst gløymt namnet, men det har noko med måling av trykket å gjere. Eg kallar det ei vakumpumpeklokke. Kan du hugse at vi måtte fylgje med på denne ved oppstart av mjølkeanlegget, systa mi? Den svarte pila skulle stoppe på den raude pila, men av og til hengde den seg opp slik at vi måtte gi den eit lite kakk med oppvaskkosten, då brukte det å ordne seg.

Mjølkeapparatet heng her også. Dette har mjølka fleire hundretusen liter mjølk, slangane har nok vore skifta nokre gonger på den tida, men likevel fasinerande å tenkje på.
I dag, i tankane mine, tek eg det over skuldra og ber det med meg inn i lag med resten av utstyret som eg treng.
Dei har nok høyrt romsteringa mi no, dyra inni fjøsen. Eg kan høyre dei rolege, lågmelte "Mmmmhh" frå mjølkekyrne, og lyden av små kalveføter som trakkar forventningsfullt att og fram i kalveboksane sine, dei veit kva som ventar dei.
I det eg opnar døra inn til sjølve fjøsen har også sauene fått med seg det som skjer, og dei brekar i kapp med kvarandre, eit noko høglytt og støyande orkester, det er deira måte å ynskje meg velkomen på.
Men i dag er det ikkje slik.
Varmen og den gode fjøslukta slår ikkje i mot meg når eg opnar døra.
Lydane som før fortalde meg at det var mange som var glade for å sjå meg, er ikkje her lenger.
Ikkje skrapinga frå utolmodige hestehovar.
Ikkje den koselege "hmhmhmhm"-lyden frå islandshesten våra, lyden som kom då ho visste at vi hadde med ein brødskalk i lomma.
Ingen fjøskatt som kjem springande innimellom beina mine for å få seg ein mjølkeskvett og litt kos.
Lukta, lyden og dei andre sanseinntrykka i dag gjer at det kjennest TOMT.
Ikkje berre tomt i fjøsen, men også tomt ein plass inni meg.

Er du der kalven min? Eg saknar deg!
Hugsar du då du var nyfødd? Eg tørka deg med høy!
Kvar morgon og kveld fekk du mjølk med meg.
Av og til eg oppi bingen sat, då hadde vi det gøy!

Eg kjenner at eg har sete her før. Trøtt jente, med trøtte auge, søndagsmorgon etter ei laurdagsnatt. Godt å sitje her og kvile augene litt, lytte til lyden av den taktfaste rytma i mjølkeanlegget, berre slappe av eit par minutt før eg må klargjere neste ku for mjølking. Slappe av med fjøskatten kroande i fanget mitt, så glad for å bli kjæla med.
I dag er det ikkje slik, men det gjer godt å sitje her likevel. Mimre om ei tid som var.

Medan eg sit på fjøskrakken kikar eg bort på båsane. Det er berre halsbanda att etter dei store, vakre, kloke og snille dyra. Ja, for alle som er så heldige å kjenne eller har kjent ei ku, veit at dei også har sine personlegheiter slik som til dømes hundar har.
Ei av "mine" kjære kyr var Audhumle. Audhumle er vel eit av dei eldste kunamn i historia, og alle våre kyr hadde sjølvsagt namn, nokre gamle, andre nye, nokre vart oppattkalla av fotomodellar (!) og songfigurar; Carla Bruni og Trollemor bl.a. Til og med eit russisk namn; Dusjenka, som tyder "mitt lille hjerte" viss eg ikkje hugsar heilt feil... :)

Desse fôrtavlene med namn og nummer heng slik som dei gjorde sommaren 2000. Det er altså over åtte år sidan dei siste kyrne stod på bås her i fjøsen. Eg les på tavla til Audhumle her at ho leverte 40kg mjølkein dag i mars -00. Det er rett nok 40 kg fordelt over to mål, altså morgon og kveld, men det er likevel ein god del mjølk.


Det vart eit annleis fjøsstell i dag. Eg let att døra og takkar for alt eg har fått oppleve innom denne.
Takk til deg som var med meg inn!
Og for dei som ikkje synest det var så interessant, så har eg all forståing for det, dette var mest for min eigen del, som ein slags terapi for sjela mi:)
Det å leggje ned ei gardsdrift medfører i mange tilfelle ein slags sorgprosess med ei slags tap-kjensle, samstundes som det opnar seg eit "nytt liv". Den tida som ein har brukt på til dømes fjøsstellet kvar dag gjennom heile året, skal då fyllast med andre ting.
Eg kan ikkje seie anna enn at dei siste åtte åra har gått forrykande fort. Minner på godt og vondt har festa seg fast inni meg, eg ville aldri ha vore desse åra forutan.
(Det må presiserast at eg på ingen måte har hatt eineansvar for gardsdrifta, men eg har vore ein del av familiebedrifta.)

25 kommentarer:

Torunn sa...

En rørende start på dage å lese dette innlegget ditt!
Nydelig.

Ha en deilig onsdag

Klme Torunn

M.E.V. foto sa...

Skjønar at dette må vere vemodig. Høyres ut som om du har mange gode minner frå fjøset:)

Emmeline sa...

Har lest innlegget ditt to ganger og har vært innom innlegget fra
27.juli. Du rører virkelig med oss som leser. Så vedmodig så trist så nært og så sterkt.

Takk for et nydelig innblikk i din tilværelse, eller det som engang var... Du skriver bare helt nydelig!

Miamor sa...

Sitt her med tårer i øynene...du skriver så nært og varmt om minner og savn!! Du blir ei god helsesøster, Astrid!!!!

Ha en god ørstadag...det er så vakkert der!!!!

Smil fra marit

hvorfor ikke... sa...

Du skriver vakkert og vart...jeg har sagt det før...du blir ei god helsesøster!

hvorfor ikke... sa...

Jeg måtte bare lese det en gang til...
er vokst opp på gård, med griser, og kjenner igjen noe av dette!
Veldig godt beskrevet!

Anna Lisa sa...

Så rærande å lese. Takk for at du deler dette med oss. Mange ting tar man for gitt.... og eg er nok ein av dei som aldri har tenkt over kor vemodig det må vere når ein gård legges ned. Jo, eg har jo tenkt over det på ein måte...men aldri før har eg sjønnt det på denne måten... At livet forandrar seg, ein del av eit menneske blir borte... At dyra dei bryr seg om er ikkje der meir... veldig trist.
Men du er heldig som har slike minner...
Takk igjen for at du delar den her.
Ha en fin kveld.
Klem

Marie sa...

Tenk at eg skulle tilfeldigvis skulle "snuble over" dette blogginnlegget i dag ei veke før me sel mjølkekyrne våre... Det er sterkt for meg å lese dette.

Om ei veke sluttar me med mjølkeproduksjon, då har det vore produsert mjølk her på garden sidan han blei dyrka og levert til meieri så lenge det har eksistert meieri. Det har også vore seld mykje mjølk direkte frå garden i tidlegare tider.

Eg er sliten etter mange år nesten utan fri og med ein mann som jobbar meir og meir utanom bruket for at det skal gå i hop økonomisk. Eg har jobba i barnehage i tillegg sidan i sommar. Måtte ta jobben då den var ledig. Dette er den travlaste hausten eg har hatt i heile mitt liv. Eg ser fram til å få fri helger og kveldar som anna folk.

Likevel ligg ein stor del av livet mitt mellom fjøsveggene. Eg har alltid vore glad i og opptatt av dyr. Nå høyrer det med til mi historie at fjøset skal fyllast med kjøtfe så det skal vere liv der i mange år framover. Reknar med at mannen min skal ta det daglege stellet og at eg skal vere med under kalving og elles når det er noko ekstra.

Ønskjer deg gode haustdagar :)
Kikk gjerne innom bloggen min om du har lyst. Eg har ein del innlegg med gard og dyr +hage og natur.

AnneGrethe7 sa...

......flott skrive Astrid....!!!
Som dine dagar er skal din styrke vere.....mykje sant i desse orda, og som du sei; desse minna ville du ikkje ha vore foruten. Det er nok desse opplevingane på godt og vondt som har forma deg til den jenta du er i dag. Sjølv om ein gjerne skulle ha vore nokre av erfaringane foruten...

Når det gjeld fjøsstell så
hadde eg besteforeldre med gard i Follestadalen og var så heldig å få vere med på mykje av det du skriv om når det gjeld fjøs, men berre i helgane. Gode minner som eg tek godt vare på. Når eg kjører gjennom Follestadalen no prøver eg å mane fram dei gode minna, men saman med dei kjem også eit uforklarleg vemod, eit vemod over noko som var og som eg ikkje har lenger. Det er vel sjølve livet eg kjenner på då?

Ønskjer deg ein vidunderleg kveld Astrid!
klem

Cecilie sa...

Du fortel så levande, det er nesten som eg kjenner den varme lune fjøslukta kome snikande her eg sit.
Du har gode barndomsminner, ta vare på dei og fortel dei vidare til dine born. Det er slike ting om kvardagslivet som er med på å skape identiteten vår.
Gler meg allereie til neste innlegg frå deg.

Eg legg deg til på bloggen min slik at eg kan følgje med.

Ha ein fin kveld saman med dine kjære.

klem

hvorfor ikke... sa...

Tusen takk, Astrid.
Elsa Beskow har nydelige barnebøker, det er jeg enig med deg i!

Nunne sa...

Det her blei rørende å lese... jeg ble plutselig bare sju år gammel og smaug meg rundt i fjøset heime hos mamma og pappa.... vi hadde fjøs i alle år mens jeg vokste opp. Men pappa jobba som vegvokter i tillegg, så det ble mye på mamma, og jeg måtte jo hjelpe til., det var klart... Broren min som var seks år eldre, han hadde det travelt på andre felt, så han slapp ofte unna fjøset.
Det var som å GÅ der ved sia di men sdu forteller... jeg kjenner det lukta ku og dyr og fjøs og gammelt høy.... aaammmmmmmmm, både vemodig og dot på samme tid. Tenkte på Marie med en gang jeg leste dette, at jeg skulle tipse ho, men så har ho vært her :)
Håper alt er bra ellers!
Bloggen din er utrolig innholdsrik! Gleder meg til å følge med deg videre. Blessings!

CosiFanTutta sa...

Heisan, takk for besøk på bloggen min!. Dette innlegget var virkelig nydelig skrevet, personlig og rørende.
"Trøtt jente, med trøtte auge, søndagsmorgon...."
Ser det levende for meg og får helt vondt i hjertet. Jeg har Tommy og tigern tegneserie på bloggen min og pappan til Tommy ville sagt at det der "bygger karakter" :o) Det tror jeg at jeg er enig i!
Du har en utrulig fin stemning på bloggen din, nydelige bilder og inspirerende tekster.
Den ene jenten din, Stine, er skummelt lik deg :o)
Ha en fortsatt fin, fin kveld med minnene i bakhodet

CosiFanTutta sa...

Meg igjen :o)
Portishead er fantastisk god stemningsmusikk!

Dagny- Heim sa...

Takk for turen gjennom fjøsstellet. Dette var veldig kjent, både på godt og vondt.
Eg har vel fortregt dei fleste av dei negative kjenslene, som å måtte ta fjøsen som 16-17 åring heile helga når "alle dei andre" var i Ørsta og hadde det gøy. Eller når dei "mannevonde" kuene skulle mjølkast... Kan framleis drøyme at dei store oksane har slite seg og kjem galoperande over fôrbrettet...
Så det var litt godt å bli påminna den gode og trygge biten også.

No står den gamle fjøsen tom, men drifta og dyra held det gåande i splitter ny fellesfjøs. Så kvardagen er ein heilt annan, takk og pris! Odelen har eg og bror min sendt vidare nedover i rekka :-)

Miamor sa...

Tuusen takk for bursdagshilsen!!
Så mykje varme og gode venner her inne ;)

Smil fra meg

Ramme Alvor sa...

..me gjekk i floren. Kjydna heitte Knøtri, Sybella, Raudlinn....

Da versta med da va lukta som hang i håret i fleire dagar. Risikoen for å verte erta på skulen fø at ein lukta flor. Da kjekka va varmen frå dyra, den varma mjelka som skummande fyllte byttene, støvet som la seg etter at ein hadde gjeve mjøl eller høy. Eg veit ikkje om de snippa kjydna, da gjore me, da va min jobb :)

Kjempekjekt å lese. Florsjenter er det ikkje mange att av i dag. Vakker beskriving. Nydelig blogg :)

R.A.

Vibeke sa...

Rørende innlegg Astrid!Var igjennom noe lignende for 2 år siden og det var tungt....Flott at du bruker bloggingen som "terapi" også,jeg er iallefall rørt over det du deler med oss.
Tenker på deg :o)

Klem fra Vibeke

Monica sa...

Heisann!!
Rett og slett en steikje bra blog. Du skrive på en utrulig engasjerande måte, so gjer det KJEKT å snike på bloggen din!! :)
Kjem te å fortsette å kikke litt!
Klem Monica!

Unknown sa...

Nydeleg innlegg, og var innom innlegget frå 27 juli.
Rørande og sterkt, kjenner tårene sprengjer litt på her eg sit...
Ligg noko å ventar på deg inne hos meg, og med det ynskjer eg deg ei strålande helg:9)
Klem

Anna Lisa sa...

Bare innom for å ønska ei god helg til deg!!!
Kos deg:)
Klem

Monika sa...

Go morgen astrid
grattis med levert oppgave -håper det går bra :)

Har lest fjøsinnlegget ditt noen ganger no - sårt, trist og fint
Slik var det heime også - og no står der ein tomme fjøs - fulle av minner - gode og noen dårlige - desverre.

Men i vår fjøs er det ennda liv - enn så lenge
Noen dager har eg også lyst til å slutte - men andre dager kan eg ikkje tenke meg noe anna.
Sliten - ja. men av og til er det nok med å få sove 10 min lenger ein søndagsmoren
Eller noen dager - trenger ikkje meir for å savne dyra mine
Artige navn dere hadde - spørs om eg skal låne eit av dei :)

Smil fra monika
som fikk 3 kalvefødsla i går - travelt , men DU kor artig

Som mine dager er sa...

Dette var koselig lesing, Astrid. Jeg kjenner på godfølelsen når jeg følger deg på runden i fjøset. Jeg har nemlig selv vært hjertelig tilstede hver sommer på min tantes gård og hatt ansvar for kalvene og var også med på å hjelpe til med selve melkingen. Det var flotte år som var veldig lærerike.

Jeg takker for turen i fjøset og takk for alle minnene du vakte hos meg også.

Ha en flott lørdag, Astrid.

Klem fra Marit

Blåbærpai sa...

Hei!
Her var det mykje fint lesestoff!
Du skriv godt og eg følte eg var med deg inn i floren! Hadde ein bestefar med gard så sjølv om eg berre var der på kos, kjenner eg att lukta og kan høyre duringa i mjølkemaskina , så godt som du skriv!
Her kjem eg att og du er velkomen til meg!Ha ei god veke!

Blåbærpai sa...

Hei!
Her var det mykje fint lesestoff!
Du skriv godt og eg følte eg var med deg inn i floren! Hadde ein bestefar med gard så sjølv om eg berre var der på kos, kjenner eg att lukta og kan høyre duringa i mjølkemaskina , så godt som du skriv!
Her kjem eg att og du er velkomen til meg!Ha ei god veke!