søndag 27. juli 2008

Den dagen alt vart annleis...


Sola skin på ein varm sommardag, familien er som vanleg samla til middag, praten går om laust og fast rundt bordet. Etterpå går dei kvar til sine aktivitetar, kosar seg med ei god bok, ut og ha det moro med gode vener, jobbe litt i hagen. Alt er ved det trygge, vande, livet er godt å leve!

Brått, utan teikn på at kvardagen skal endrast, ikkje eit forvarsel, absolutt ingenting som skulle tilseie det, likevel skjer det; ALT vert annleis.

Sola skin ute, men likevel så skin ho ikkje. Familien er samla, men det er ein som manglar. Ikkje berre for ei lita stund, men for alltid!
Ufatteleg. Så endeleg. Aldri meir. Slutt.

Ei grufull sanning er i ferd med å trengje seg inn i bevisstheita. Vil ikkje fatte det, skubbar tankane til side, tenke på det ein annan gong, kjenner at kroppen ikkje er klar enno. No er det altfor låkt, må tenke på noko anna, tenke på dei andre, dei har det sikkert verre.

Draum. Var det eit mareritt? Jau, det det vere, eit grusomt mareritt. Kjenner etter, var det sant likevel? Det kjem smygande innunder huda, det som gjer ein oppmerksam på at det var eit levande mareritt.

Svart. Tomt, uendeleg tomt. Kaldt, ufatteleg kaldt. Låkt, grusomt låkt. Ei smerte som ikkje er meint til å bere. Det er trongt å puste, det snører og knyt seg i kvar ei blodåre i kroppen, dei vil ikkje, orkar ikkje, greier ikkje meir. Men likevel gjer dei det. Pusten går og hjartet slår, -utan at ein eigentleg orkar det. Må ha ein "timeout". Nokon må hjelpe, dette er meir enn ein kan takle.

Etterpå.
Dei seier at såra vil gro. Det er berre delvis sant.
Eit stort og djupt blødande sår var det, og det blødde lenge. Skorpa som danna seg på såret, hadde lett for å dette av og då blødde det meir. Men ein lærer seg å leve med slike sår, ein må det, har liksom ikkje så mykje val.

Djupe sår set djupe spor, og arra vil alltid vere der. Arr som minner ein på den dagen alt vart annleis, og ikkje minst på dagane før...

Til minne om min kjære Pappa, og til minne for alle dei som saknar sine kjære!

5 kommentarer:

Tove sa...

Så sørgmodig, men samstundes vakkert.... Klump i halse og tårer i augene... Vi har alle våre sår som ikkje heilt vil lækjast. Du skriv så nydeleg, Astrid!

Astrid sa...

Takk!
Det er i dag 13 år sidan pappa døde, tida går så fort.
"Ingen kjenner dagen før sola går ned", i desse dagane går tankane mine til dei som så meiningslaust miste guten sin. Dei har det tøft.

Tove sa...

Det ligg ein ny award til deg inne på sida mi!

Dagny- Heim sa...

Du skriv utruleg gripande, godt og kjennslefullt. Kan omtrent kjenne korleis du hadde det då, kunne nesten ha skrive det sjølv. Har også kjent på dette ufattelege, meiningslause då bror min tok livet sitt i påska for 13 år sidan. Eg seier så ofte: "Det er godt med alt me ikkje veit. Då hadde me ikkje heldt ut å leve."

Kjekt at du stakk innom bloggen min her ein dag ;-)

Unknown sa...

Dette var gripende lesning, Astrid! Kommer til å følge med på bloggingen din fremover. Synes det er koselig å surfe litt på disse sidene selv om jeg ikke er en blogger selv...