tysdag 4. november 2008

"Det strøymer på så ein knapt kan andast!"

Eg må få låne ei tidlegare overskrift frå Tove http://tovehd.blogspot.com/ der ho takka for alle utmerkingane som ho hadde fått.
Ikkje før eg har fått takka for alle prisane som eg har fått, så strøymer det på endå fleire. Dette er ikkje anna enn utruleg kjekt:D
Eg har skrive det før, og eg må skrive det igjen; det er like kjekt kvar gong eg får ei slik merksemd rundt bloggen min og det eg skriv! Det kan ikkje verte for mykje av det gode:)

Fyrst som sist; TUSEN TAKK til alle dykk som har gitt meg desse flotte utmerkingane! Eg set utruleg stor pris på alle saman!
No er det på tide å dele dei med fleire:

¤

Denne fekk eg med Siren i Sirens hus og hage http://sirenjashus.blogspot.com/


Denne vil eg gi til:

Cosifantutta i CosiFanTuttas interiørblogg http://cosifantutta.blogspot.com/ fordi ho har ein fin blogg der eg let meg inspirere av alt frå spesielle møblar og duppedittar, til vin , film og musikksnuttar m.m.

Ida Mari i Smått og stort i frå Prestegardsmarka 2 http://idamarimeland.blogspot.com/ eg vert inspirert av tankane dine og alt det fine du viser oss som du kan tenkje deg å ha i "nyehuset" dykkar, gled meg til forsetjinga!

Mali-Mo i http://mali-mo.blogspot.com/ som har mykje inspirerande å vise fram blant anna av oppussingsprosjektet med huset dei bur i.
¤



Denne søte sjølvdesigna utmerkinga fekk eg med Anne Grethe i The World of Sandnes http://theworldofsandnes.blogspot.com/
Eg var også så heldig å få den med Lill frå bloggen Silje the Mustang http://silje-smu.blogspot.com/



Den gjev eg vidare til:

Tove http://tovehd.blogspot.com/ takk for at du gav meg det vesle sparket eg trengde for å starte med blogging:) Eg hugsar godt at du sa til meg; "Det er mykje kjekkare enn facebook!" Og det har du heilt rett i, det kan ikkje samanliknast eingong:)

Line http://lineah-rakfre.blogspot.com/ som takk for den flotte bloggvenskapen vi har:)

Laila i Olsenbandens kvardag http://olsenbandens.blogspot.com/ som endeleg har tatt steget fullt ut, etter å ha vore skapbloggar over lengre tid:) Takk for godt venskap, som eg håpar og trur vil vere varig:)


¤


Frå Lill http://silje-smu.blogspot.com/ har eg også fått denne:


Den skulle gå vidare til 7 andre bloggar.

Eg vel å gi den til sju bloggjenter med kvar sine flotte bloggar.
Eg er innom så og seie dagleg, i alle fall kvar gong eg ser at det har kome eit nytt innlegg frå nokon av dykk. Om eg ikkje alltid er like flink å kommentere hjå dykk, så skal de vite at eg les innlegga dykkar med stor interesse.
Eg er glad for at de bloggar og eg håpar at de vil fortsetje med det!:)

Cecilie i Kvardagsliv http://kvardagslivetmitt.blogspot.com/
Anna Lisa i Anna Lisas hjerteblogg http://annalisasblogg.blogspot.com/
Dagny i Heim http://d-heim.blogspot.com/
Tove i Tankar frå ein Kvardag http://tovehd.blogspot.com/
Anne Grethe i The World of Sandnes http://theworldofsandnes.blogspot.com/
Monica i Monicas hage http://monicashage.blogspot.com/
Siv i Livet er heeerlig http://liveterheeerlig.blogspot.com/


¤
Denne fekk eg med Siv i bloggen Livet er heeerlig http://liveterheeerlig.blogspot.com/ :



Denne går til:
Fivrel i Fivreldagar http://fivreldagar.blogspot.com/
Lill i Silje the Mustang http://silje-smu.blogspot.com/
Nunne i Bloggen hennes Nunne http://bestemorshobbyblogg.blogspot.com/
Marit i Som mine dager er http://somminedagerer.blogspot.com/
Ma i Fotograf Ma http://fotografma.blogspot.com/

Dei har alle koselege bloggar som eg set pris på å stikke innom:)
¤

Frå Line Kvardagsliv i Storemyra! http://lineah-rakfre.blogspot.com/ fekk eg denne:


Denne vil eg gi til:
Nikoline i Nikoline på Landet http://nikolinepalandet.blogspot.com/
Anemone i Litt av meg http://littavmeg.blogspot.com/
Monika i Monikas Liv http://monikasliv.blogspot.com/
Dei er alle fem flinke kreative jenter på kvar sine måtar, eg er ofte innom bloggane deira og vert overraska over deira kreative evner!
¤
Og sist men ikkje minst:
Denne utmerkinga trur eg må vere den flottaste eg har fått!
Ikkje nok med at den er fin i seg sjølv, men den er eigendesigna og laga av Line, spesielt for meg og Tove!

Dette skreiv Line på bloggen sin:

I min bloggrull er det to flotte, hjertevarme damer som eg synest spesielt utmerkar seg med si kreative skriving....
Dei kan verkeleg å komponere tekstar, har flotte & vare skildringar og tekstane er ofte så levande at eg "ser" episodane for mitt indre auge...
Når eg ser at dei har nye innlegg skundar eg meg inn for å lese, og det er ikkje EIN gong eg enten ler, smiler, nikkar gjenkjennande, vert rørt til tårer eller tårene trillar pga at triste episodar vert skildra på ein var og fin måte. Det er ei rein fryd å gå på besøk til dei....

No når eg har fått meg eit nytt "leiketøy"" på datamaskina mi, så har eg laga ei utmerking til desse to skjønne damene som eg set så utruleg pris på å ha fått etablert eit bloggvenskap til.
Versågod Tove og Astrid, denne utmerkinga er velfortjent til dokke begge to:0) Og det finst ikkje tvil i mi sjel om at dokke ber på ein forfattar i magen;9

Slike flotte "premiar" vert eg rett og slett veldig stolt av, og noko som eg synest er litt artig er at min betre halvdel er om mogleg endå stoltare;) Han har nok sendt meg nokre stygge blikk av og til når eg skal berre, skal berre her eg sit framfor skjermen, men innimellom så står han på eit bein og gjel som ein hane, stolt over premiehøna si:D

Men hadde det ikkje vore for alle dykk som har slike flotte bloggar som inspirerar, alle dykk som er innom bloggen min og ikkje minst dykk som legg att eit spor i form av ein kommentar, så hadde det ikkje vore like inspirerande å blogge!
Så TUSEN TAKK til ALLE som er innom bloggen min, eg set pris på dykk:)

24 kommentarer:

Unknown sa...

Gratulerer så mykje med alle dei flotte utmerkingane, Astrid:0)
Tusen takk for at du vil dele ein av dei med meg=9)
Og eg er så hjertens einig med deg og Tove i at dette er mykje kjekkare enn Facebook;9)
Ynskjer deg ein flott dag, min venn...
Klem!

M.E.V. foto sa...

Gratulerer så mykje med alle utmerkingane, og tusen takk! Set stor pris på at nokon likar bloggen min. Ser på det som ei oppmuntring i kvardagen:)

Ha ein fin dag:)

mali-mo sa...

Så kjekt med så masse fine ord og at bloggen, og det en skriver og deler der blir satt pris på av andre. Gratulerer til deg med alle de fine awardene, og tusen takk for at du ville dele en med meg, det ble jeg virkelig glad for! Koselig å finne en sånn liten gladmelding som jeg fikk av deg ;9 Takk skal du ha! Ønsker deg en fin dag ;)

CosiFanTutta sa...

Heisan, først gratulerer med massevis av utmerkelser!! Det var ikke snaut :o)
Tusen, tusen takk for at du vil sende en videre til meg, det setter jeg stor pris på!!
Det er virkelig hyggelig! Kanskje spesielt at du får utmerkelser fra en du ikke har fått før :o)

Ser at du har vært så flink å finne navnene til eierne av bloggene som du nevner i innlegget. Jeg skal tenke på om jeg kanskje skal lette litt på sløret og navngi meg, jeg også,etterhvert! hehe

En fin dag til deg også!

by Siv sa...

Åååå så kjekt med award :)
Blir kjempeglad!!!
Og veldig kjekt å få den av deg :)
Ha en strålende fin kveld
*Siv*

Lill sa...

Tusen takk for utmerking Astrid:) Eg elska slike eg!! Den ligg "heime" med meg og eg har sendt den vidare også slik at den kan glede fleire:)) Nyt dagen så snakkast vi.
Klemm Lill

AnneGrethe7 sa...

Grattis med alle flotte utmerkingar Astrid..det er så kjekt å bli sett pris på. Gjer ein litt grå dag med eitt litt betre...
Tusen takk for at du vel å gi ein av utmerkingane vidare til meg:)

Ønskjer deg ein flott onsdagskveld

Anne sa...

Å tusenhjertelig takk til deg.
Dette varmet et trønderhjerte som sliter for å få fyr i ovnen denne kalde kvelden .-)))

Gamlå sa...

Gratulere med velforjente awarder:).

hilsen Gamlå

Nikoline sa...

Gratulera med utmerkingar i fleng! og 1000,1000 takk for at du tenkjer på meg med den flottaste av flotte!!! Eg har den ikkje frå før den der og då er det jo ekstra,ekstra stas! Og så ein seksar på terningen også då,gitt...
Du hadde eit veldig stemningsfullt innlegg sist,eg koste meg med dei fine bilda.
Ha ein fin kveld vidare og igjen ; tusen takk!

Som mine dager er sa...

Ja jeg er så enig med deg. Det er veldig hyggelig å få awarder. Det varmer veldig og gir inspirasjon og glede ved videre blogging. Så kos deg med alle velfortjente awarder du har fått. Må samtidig takke deg så mye for at du gir meg awarden for koselig blogg. Må bare få gi den en varm klem.

Marit

Anna Lisa sa...

Gratulerer så masse med awardane dine!! Dei fortjena du alle sammen.
Og TUSEN TAKK for at du delar med meg også!! Det set eg pris på. Som du sei det er like kjekt kvar gong!!
Ønska deg fine dagar vidare:)
Klem

Cecilie sa...

Tusentakk for den koselege utmerkinga. Eg har ei utfordring til deg på bloggen min

hvorfor ikke... sa...

Gratulerer, gratulerer, Astrid!
Du fortjener dem virkelig!
Er litt tidlig ute...men ønsker deg en flotters helg!
smil Torunn

Anonym sa...

Heisann! En virkelig flott blogg...!! Lurer på hvordan du i allverden får tid...:-) Jeg heter Ann Kristin og er også gift med "mannen i mitt liv" og har fire barn; flott å være mor!
Men...verden er ikke stor; Helt tilfeldig kom jeg innom bloggen din, søkte på sangen "Hanen stend på stabbursella..." (..eller var det "rakkjen skvakkar..?!) og kom hit. Nå i natt (Oisann...må legge meg no!!), skulle jeg se etter noe i loggen på favoritter og såg linken din. Ble nysgjerrig på hvem du var. Har nå kommet frem til at du må være kona til en jeg tar førskolelærerutdanning sammen med; Svein Erik. Litt underlig, men vi er faktisk på samme basisgruppe! Kjekt å hilse på deg :-) stikker sikkert innom sida di en annen dag og...mye fint her! Hils mannen din.. Hilsen Ann Kristin (uten facebook, nettby og blogg...)

Ramme Alvor sa...

Tusen takk for flotte ord og for utmerkinga! har vore utan internett i heimen dei siste dagane så eg har ikkje hatt høve og kome å takke deg før. Takk att! :)Og du fortener alle dei utmerkingane du har fått, i fullt monn :)

Ynskjer deg ei velsigna helg!
Britt

Tove sa...

Du Astrid, du Astrid... Om smitten kom framma deg spelar inga rolla, i så fall var det verdt det! Tusen takk for ein utruleg kjekk kveld! Det var så kosleg å sitje i stova di og blogge, prate og ete deilig mat (takk igjen til husbonden!). Håper nattevaktmaratonet ditt gjekk bra... Vi snakkast!

PS! Hugsar du ordet vi leita etter? Det var "rekonstruere".....

Anna Lisa sa...

vil bare ønske deg ei fin veke
Klem

Fivrel sa...

Tusen takk for utmerkjinga du gav meg! Som du sjølv seier, det varmar å vite at ein vert sett pris på :-)

Eg har lange studentdagar no midt i svartaste november - men eg vert audmjuk med tanke på deg og slike som deg, som etter kva eg forstår både er student, arbeidande, mor og husmor alt i eitt! Eg bøyer meg i støvet og tykkjer det er så FLOTT med aktive, engasjerte kvinner meg glød og livslyst. Go girl! ;-) Ha ei strålande veke, trass i regn og mørke morgonar, lange arbeidsdagar og trøytte kveldar. Tenn eit stearinljos og njot haustfreden i lag med kjærasten din medan det knitrar i omnen -

Vibeke sa...

Gratulerer så mye med alle utmerkingene :o)De er så fortjent!!!!

Det ligger en utfordring inne hos meg til deg hvis du har tid og lyst.

Klem fra Vibeke.

Lill sa...

Hei på du:))
Lill her:) Ligg ei utfordring til deg hos meg viss du vil:)
Smil og klem

Anna Lisa sa...

Håpa du snart er tilbake
Sakna deg!!
Ønska deg ei fin helg
Klem

Dagny- Heim sa...

Skrekk og gru!!!
Eg har gløymt å takke for utmerkinga eg fekk med deg!
Tuuusen takk :-)

Travelt med eksamen og diverse, eller?

I kveld blir det barndomsvenninnetreff, med vin og god mat. Gler meg som ein unge :-)

Ønskjer deg ei god helg!

Silje sa...

Ligge ei utfordring til dej på sida mi :)