fredag 24. februar 2012

Tindebestigningar i sommarnatta?

Kvifor ikkje? Nattugler likar å lufte vengane sine om natta.

Eg er ei nattugle. I menneskeform :)

Mi kjære lissjesyster er også nattugle, og to nattugler har det fint når dei får lufte seg i lag!

Sommarfest i bhg, Saudehorntur m Birg 046 Sommarfest i bhg, Saudehorntur m Birg 047

Ein sein laurdagskveld i juni gjekk turen til Saudehornet 1303 moh.

Saudehornet m Birgitte 021

Tilknytinga til heimlege fjell er sterk. Same kva topp vi står på, ser vi etter dei finaste toppane vi veit...

Eg vel og tru at det var Bjørdalsfjella Ivar Aasen hadde i tankane då han skreiv "Dei gamle fjell i syningom" :)

Saudehornet m Birgitte 066

Du skal ikkje sova burt somarnatta! I alle fall ikkje kvar sumarnatt...

Her på vestlandet er det ikkje kvardagskost med opphaldsvêr,

så når ein er så heldig å ha fri på ein slik dag/natt, er det berre å hive seg rundt!

Saudehornet m Birgitte 054Saudehornet m Birgitte 057

Og vi heiv oss rundt, hoppa og dansa opp etter fjellsida.

Laga oss minner for resten av livet -og dokumenterte det, for minnebygging skal ein ikkje kimse av!

Om 40 år er det ikkje sikkert at spensten er like god, kanskje ikkje husken heller for den del,

då er det godt med bilder frå den tida som ein gong var :)

Saudehornet m Birgitte 036Saudehornet m Birgitte 037

Lukkelege nattugler 1303 meter over havet! Lukkelege auger lyg ikkje...

Sommarfest i bhg, Saudehorntur m Birg 054

Sommarfest i bhg, Saudehorntur m Birg 056 

Ørsta by night! Utsikta var det ingenting å utsetje på, verre var det med bakgrunnsmusikken...

Nokre av bygda sine rånarar laga såpass med lyd at vi høyrde både burning og bassdunking heilt opp på toppen.

Dei kosa seg vel i sommarnatta dei også -på sin måte :)

Sommarfest i bhg, Saudehorntur m Birg 060Sommarfest i bhg, Saudehorntur m Birg 059

Månen var så stor at vi trudde nesten det var sola som hadde stått opp igjen, men berre nesten;)

Saudehornet m Birgitte 062    

 

* * *

 

Julinatta er også fin, berre litt mørkare, spesielt når skyene er mørke og regnet ausar ned.

Turmålet, Lissjetinden, var utpeika og vi var forsåvidt klar for avgang relativt tidleg på kveld.

MEN så skjer det som så ofte skjer når vi to kjem i lag...

...det kjem sirup i avtrekkaren...

Så då vart det seinkveld før vi kom oss over dørstokken.

Dei som kjenner oss vil kanskje påstå at vi er treige uansett om vi er kvar for oss eller begge,

men når vi først er i gang går det som regel fort i svingane ;)

 

Dokumentasjon er viktig, og vi ville ha eit synkronisert og fint hoppebilete av oss før vi starta.

Tur til Likkjetinden   Sykkeltour 001

Synkroniseringa gjekk forsåvidt greit, då var det verre med timinga på sjølvutløysaren...

...men vi ga oss ikkje med det første...

Tur til Likkjetinden   Sykkeltour 002

...heller ikkje med det andre...

 Tur til Likkjetinden   Sykkeltour 003

...men med det tredje sa vi stopp, for då var vi så fulle med lått ;)

Ferda gjekk først opp Grøthornsida, i endå tettare buskas enn to månadar før.

Tur til Likkjetinden   Sykkeltour 005

Tur til Likkjetinden   Sykkeltour 007

Her ser vi f.v. Lissjetinden, Storetinden, Sandegga bak Stien og litt av Kvanndalshesten til høgre.

Tur til Likkjetinden   Sykkeltour 008 

Det er ikkje rart at Grøthornet har fått namnet sitt, for her er det verkeleg mykje 'Grjot'!

Tur til Likkjetinden   Sykkeltour 009

Når ein er oppe på Grøthornet, er det fint å gå bortetter ryggen og vidare opp på Lissjetinden.

Råsa opp på sjølve tinden er godt synleg -i alle fall i dagslys :)

Tur til Likkjetinden   Sykkeltour 011

Tur til Likkjetinden   Sykkeltour 014

Bratt og luftig utsikt frå toppen, men likevel trygt og fint.

Biletet her lyg litt, det var ikkje svarte natta, og eg var ikkje SÅ bleik. Men elles snakkar det sant:)

Tur til Likkjetinden   Sykkeltour 022

torsdag 23. februar 2012

"Kjærstetur" til Grøthornet

Når dei minste har lagt seg, og mai-kveldane er lyse og lange -då er det godt å ha ei tenåringsdotter i hus.

Særleg godt er det når ho seier; "eg kan godt sitte barnevakt eit par timar om dokke vil finne på noko i lag."

Klart vi takka ja!!

 

Vi snøra på oss joggesko og langa ut mot Grøthornet 1058moh. Det gjekk over stokk og stein i ordets rette forstand.

Der det ein gong var god rås er det no lyng, einekratt og småskog, men vi trakka no oss fram og opp likevel.

Kanskje tek vi med motorsag og beitesaks neste gong?

 Grøthornkveldstur a og se 002 

Våren er ei fantastisk tid, sett vekk frå pollenstøv og raude auger...

Høgt til fjells merkar ein ikkje så mykje av pollenplagene, og ein kan nyte utsikta av våren som bryt seg fram.

Det er ikkje berre utsikta som er fin, det er så mange lydar i våren!

Alt frå fuglesong til songen av vatn og snø som smeltar. Nydelig!

Her ligg isen over heile Kvanndalsvatnet, ein knapp månad før isen er vekk og badegjestane hoppar uti!

Grøthornkveldstur a og se 010 

Etter ein time er vi på toppen, og vi rekk å sjå sola som rullar sakte ned bak Nivane.

Då passar det godt med eit kjærstebilde;)

Grøthornkveldstur a og se 025

Ein kjenner seg heldig og rik når ein får stå slik, høgt over havet og berre nyte alt rundt seg...

Store ord kanskje, men det er slik det er.

Grøthornkveldstur a og se 026

Kolåstinden, majestetisk og kvass, med den endå kvassare Sylen nedom seg.

Og dei flotte Grøtdalstindane i Bondalen er også eit syn eg aldri vert lei av.

Grøthornkveldstur a og se 028  

Vakre og kjende tindar same kva veg ein snur seg...

Her peikar eg på Storetinden 1408moh, som skulle få to besøk av meg sommaren 2011.

Grøthornkveldstur a og se 040

Klokka tikkar raskt når ein står slik og skodar.

Ein halvtime før vi lova og vere heime tek vi det siste biletet av dagens siste solstrålar...

Sommarfest i bhg, Saudehorntur m Birg 001 

Med kvar sin Kiwi-pose som akebrett, kom vi oss kjapt, trygt og billig nedatt :)

Grøthornkveldstur a og se 053Grøthornkveldstur a og se 054

Og vi var begge samde om at det hadde vore fornuftig bruk av barnevakt-timane!

tysdag 21. februar 2012

Sommaren som aldri kom?

Rykta vil ha det til at sommaren 2011 var "sommaren som aldri kom". Etter eit dykk i sommarens fotoarkiv, kan eg ikkje seie meg heilt samd i det.

Første del av mai var varm og fin, sol, varme, grilling, is, bikini, myggstikk og skrubbsår på knea -alt slikt som høyrer sommaren til! :)

Så kom det nokre dagar med regn, før også juni kom med sol og varme. Desse bileta fortel si eiga historie om første helga i juni...

¤ ¤ ¤

Her er vi på tur til Sæbø for å besøke "Hjørundfjord-dagane"

Sykkeltur til Sæbø, Sæbødagane 004

Sjølvsagt var vi innom Bellingen for å kjøpe is:)

Sykkeltur til Sæbø, Sæbødagane 007

Her er vi heimreiseklare!

Sykkeltur til Sæbø, Sæbødagane 013

Vi sykla gamlevegen forbi Sæbø kyrkje...

Sykkeltur til Sæbø, Sæbødagane 016Sykkeltur til Sæbø, Sæbødagane 017

...vidare fram mot gamle Rise. Her er det ikkje biltrafikk, så her er heilt topp for mjuke trafikantar!

Sykkeltur til Sæbø, Sæbødagane 025

Sykkeltur til Sæbø, Sæbødagane 029

Sjølv om heimvegen frå Sæbø til Bjørdal er lang og seig, sykla ungane med stort pågangsmot meir eller mindre heile vegen.

Sykkeltur til Sæbø, Sæbødagane 031

Sidan det var første "langturen" på sykkel dette året, kjendest det godt i baken. Både for liten og stor:)

 Sykkeltur til Sæbø, Sæbødagane 033

Så lenge humøret er bra, vert turen bra. Ein kjem seg langt her i verda med godt humør:)

Sykkeltur til Sæbø, Sæbødagane 035

***

Neste dag ved frukostbordet kom det frå Linnea, 3,5år, "I dag vil ej gå oppå heisa!"

Vi har utsikt frå kjøkenbordet rett opp mot skisenteret, og vi snakkar omtrent daglig om "heisa"

"I dag er det fint vêr oppå heisa", "no er det så tjukk skodde at vi ser ikkje heisa", "mykje folk på heisa i dag" osv.

Familietur til Eitrefjell 002

Så då vart det tur opp på heisa:) Vi gjekk opp råsa i hovudtraseen, med Eirik som hare.

 Familietur til Eitrefjell 020

 Familietur til Eitrefjell 031

På toppen rasta vi ved kafeen. Her i solveggen kosar vi oss med nydelig utsikt både sommar og vinter B-)

 Familietur til Eitrefjell 036

Familietur til Eitrefjell 040Familietur til Eitrefjell 044

Etter at skiver, melon og sjokolade var rettferdig fordelt, gjekk vi mot Nottane for å bade i Storevatnet.

Familietur til Eitrefjell 066Familietur til Eitrefjell 074

Men sidan isen på Storevatnet fortsatt låg tjukk, vart det bading i Dalsskarvatnet(?) i staden for.

Familietur til Eitrefjell 095Familietur til Eitrefjell 096

På veg nedatt vart det litt knall og fall, slik det ofte vert når ein kombinerer høgt tempo med øsete leik.

Heldigvis har vi kjekke storesystre som trøystar og leikar fram smilet på ein-to-tre igjen:)

Familietur til Eitrefjell 097 

Så var vi nede igjen! Sjølvutløysar og oppstilte bilder kan også vere kjekt å ha! :)

Familietur til Eitrefjell 099