Viser innlegg med etiketten gullungar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gullungar. Vis alle innlegg

søndag 14. september 2008

Gjensynsglede :D

Tidlegare denne veka var det marknad med underhaldning frå alle klassene ved Øyra barneskule.
Dei var alle veldig flinke å synge og underhalde til stor glede for foreldre, sysken og besteforeldre.
Då Stine var ferdig å synge oppdaga ho småsyskena sine på sidelinja, sjå og nyt:







Som mor og stemor er det utruleg godt å sjå kor glade ungane er i kvarandre. Heil- og halvsysken er det berre vaksne som bryr seg med, ungane skiljer ikkje slik.


Er det rart hjartet mitt svulmar?

tysdag 9. september 2008

Ein nydeleg haustdag... eller er det sommaren som ikkje vil gi seg enno?


Eg nyt det. Eg har bestemt meg for å nyte det. Eg skal nyte kvar ein einaste finevêrsdag utandørs, så langt det let seg gjere.

For om ikkje lenge er vinteren over oss, med puddersnø og kulde (som eg forøvrig likar ganske godt), men også med slaps, med våte barnehagekle i fleng -kvar dag, med snømåking og kalde bilar, med ei sol som har gøymt seg bak fjella -og som brukar laaaang tid til å klive seg opp dit eg likar henne best.

Eg merkar at eg for kvart år vert meir og meir melankolsk når det gjeld denne overgangen frå sommar til haust. Ikkje fordi eg ikkje likar hausten, for hausten er vel kanskje den nydelegaste årstida vi har? (Ja, eg veit at eg seier akkurat det same om våren når den kjem... -og sommaren...) Men det er liksom som at ein avsluttar ei god bok, og berre ventar på at oppfølgjaren skal kome, som i denne samanheng ikkje kjem før til neste år.

I år har vi vêrmessig sett hatt ein kjempefin sommar her på sunnmøre, med fleire fine varmeperiodar. Siste veka har vi også hatt det fint, så fint at eg i går leita fram bikinien igjen!

Eg vert ikkje heilt einig med meg sjølv om det er fine haustdagar vi har, eller om det er sommaren som ikkje heilt vil sleppe taket enno. Uansett; eg har bestemt meg for å nyte det!




Ungane vil heller ikkje sleppe taket på sommaren. Då far i huset ropte oss inn til middag i dag, lurte Elisa på om vi ikkje kunne ete den ute? Før vi fekk tenkt oss om var ho allereie på veg inn i garasja der eg hadde stabla vekk plaststolane, og kvifor ikkje? Vi tok med oss fata i handa og inntok middagen i all enkelheit i hagen. Godt var det, og til dessert; nydelege opal-plommer frå eigen hage.


Etter middag var det tid for endå meir uteleik. Reiestativet som dei fekk i sommar har vore mykje brukt, ikkje berre til reiing, eg har observert mykje artig rolleleik med mange gode gullkorn frå gullungane mine derifrå:)

Ekstra kjekt er det å reie seg når heile familien ser på, skubbar fart og knipsar bilete;)
Til og med Linnea storkosa seg, for kvart frydefullt hyl frå ein av dei andre ungane, sette ho i ei latterkule, som igjen utløyste endå meir latter frå storesyskena :D

Matias er flink storebror når han vil:) Her hjelper han Eirik med å skubbe fart. Det er vel blant anna slike ting ein har storebrødre til? Gode gutar er dei i alle fall begge to! :)

onsdag 27. august 2008

Familiedag på Brudavollen


(Klikk på bileta om du vil sjå dei i full storleik)

Søndag vart det arrangert familiedag på Brudavolltunet.
Dette har vorte eit årvisst arrangement, der særleg småbarnsfamiliar møter opp i fleirtal. Det er tillaga mange ulike aktivitetar for borna; dei blant anna får prøve å kinne smør, vere med i smia, karde ull og sjå på prosessen frå ull til ferdig tråd.
Eventyrstund, skattejakt, riding, gå med stylter(som var stor stas for ungane våre!) var populære aktivitetar.


Her er det Stine som får hjelp av Bestefar Stig til å halde balansen.


Synne har gjort dette nokre gongar før, så ho manøvrerte styltrene godt:)


Eirik (3 år) trengde naturleg nok litt hjelp, så då var Pappa trygg å ha bak seg.


Kjekt med ein Bestefar som kan hjelpe Elisa!



Det vart rømmegraut på heile familien denne søndagen, store og gode porsjonar til alle mann:)



...bortsett frå Linnea då... Trur ho var litt snurt då ho ikkje fekk smake. Neste år Linnea! :)



Etter å ha kosa oss nokre timar i det vakre, velstelte Brudavolltunet, var det på tide å reise heimatt. Elisa ville sitte på ryggen til storesyster Stine på veg ned til bilen, og det vart slikt eit fint motiv, så dermed vart det foreviga:)

Vi er alle glade for dei frivillige kreftene som vi har her i bygda, og takkar dei for at dei står på og brukar av fritida si på å lage det kjekt for oss!

laurdag 26. juli 2008

Om å hente sin eigen mat.

Det enkle ER ofte det beste!

Tidlegare i veka, før den store varmen kom til oss, var 3 av ungane på sin første fisketur.

Dorging på Dalsvatnet er ein av mine barndomsskattar. Eg og syskena mine som bytta på å sitte bakerst i båten med kvar si "dorgefjøl", og ein trygg og god pappa som rodde runde på runde rundt vatnet. Den stolte gleda over å kome heim til mamma og få vise fram fiskane som vi hadde fiska sjølv.
Slik var det også denne dagen, berre ein generasjon etter:)

Gjett om det var stolte ungar som kom meg i møte med kvar sine 5 sjølvfiska kreder! Sjølvsagt skulle dei ha krede til middag denne dagen.

Men med slik ein flott middag skulle ein hatt ein god dessert til.
Kva var då meir naturleg enn å hauste sine eigne ripsbær? Ungane fekk kvart sitt beger, la på sprang ut i hagen og plukka med stor iver! Litt av bæra tok kortaste vegen, rett i munnen, men dei fleste gjekk i begera. For som Elisa så klokt sa det: "Vi kan ikkje ete opp alle bæra no mamma, då he'kje vi noke å ha sukker og vaniljesaus på!"


Arbeidsfordelinga vart slik; far laga til middagen, ungane ordna desserten og mor sprang inn og ut for å dokumentere (les: tok bilete) og passa på minstejenta.

Femten flotte kreder som skulle mette fem forventningsfulle munnar!

Og dagens dessert: sjølvplukka rips! Mmmm....
Då maten var oppeten (ungane åt kjempegodt!) og det var tid for å takke for mat, då sa Matias: "I dag vil ej takke mej sjøl for maten, for ej he no fiska fiskane sjøl og plukka bæra sjøl!
Og det hadde han no heilt rett i! :)

onsdag 23. juli 2008

Eg har ei tulle med auge blå...

Eg har faktisk to tuller med auge blå. Her er den minste av dei; Linnea.









Kosestunda om kvelden etter at storesyskena har lagt seg, er noko heilt spesielt.

Med song, rim og regler, der eg får verdas beste respons; barnelatter og barnesmil, er ei ufatteleg fin stund!















Eg får lyst å "fryse" desse stundene, slik at eg kan ta dei fram ved seinare høve, denne spebarnstida går så fort, så altfor fort! Samstundes gledar eg meg kvar dag over nye framsteg, steg på vegen til den vesle ungen min som etterkvart skal verte ei stor jente!

Det gryr av dag, dei vaknar til liv.
Eg kjenner meg glad, dei gir meg slik giv.

Eg legg meg om kvelden, kjenner meg rik.
Ser på himmelkvelven; tenk at det vart slik?

Fjelltur!

Når storfamilien skal på fjelltur, gjeld det å finne eit passande turmål.
Her i Bjørdalen er vi omkrinsa av høge, kvasse tindar og store ruvande horn. Desse er alle fantastiske turmål spør du meg, men når ein skal ha med seg 10 barneføter som skal trakke i resene sjølv, så bør ein legge lista litt lågare og heller sikte seg inn på ei av dei to tuene vi har.
Bakketua, som skiljer Bjørdalen frå Kvanndalen, vart turmålet denne dagen.

Noko som er særs viktig når vi skal på tur, uansett kvar turen går, og uansett kva varigheit turen har, er innhaldet i tursekken. Forutan vatn på alle drikkeflaskene, har vi med grove skiver med godt pålegg til alle mann, nokre epler eller litt anna frukt, ein kjekspakke og sist, men ikkje minst: "overraskelse" (les: sjokolade) Denne "overraskelsen" er noko som vi alle gledar oss til, og når små fotar byrjar å verte trøytte og humøret kanskje skulle sige eitt par hakk, då undrar vi oss litt over kva slags "overraskelse" som ligg i sekken, og vips så er humøret på topp for ei stund til:)

Bakketua kan ein nå på ulike vis, ein kan til dømes gå "rett på", kortaste vegen, gjennom låg fjellbjørkeskog i noko ulendt terreng. Toppen er då mest sannsynleg nådd innan tre mødesame kvarter. Vi gjorde val om å gå ein omveg, for målet for oss var i hovudsak turen -ikkje toppen.



Fjellbjørka veks sjeldan rett oppover, denne her var ganske skeiv:) .......Kvanndalen er også ein fin dal!
På turen tok vi mykje bilete, til og med eg kom med på bilde denne dagen:) Alle fekk vere med å knipse, og nokre bilde var det sjølvutløysaren som tok seg av. Blomsternamn vart pugga og lært, og som tidlegare hobbybotanikar fekk eg friska oppatt bortimot 70 plantenamn denne dagen. Synne hadde augene med seg, så det var omtrent ikkje ei plante som vart forbigått! Kjempekjekt!


Her er Synne med eit eksemplar av den fine blomen med det fine namnet:Linnea

Vi såg sommarfuglar, biller og eit par froskar, og sjølvsagt møtte vi på sauene som har sommarbeitet sitt her. Ungane hadde stor glede av å få dele litt av nista si med nokre av dei sistnemnde:) Elles så fann vi mellom anna gamle, rare trerøter og store steinar som likna på sovande kjempar! Det er så fasinerande med ungane sin utrulege fantasi, dei ser ofte så mykje meir enn oss vaksne!





Noko som for ungane var det raraste på heile turen, var at vi gjekk oss på ein stor flekk med snø, "Sjå mamma! SNØV! SJØL om de e sommar!!!" Så då måtte vi sjølvsagt bort å kjenne på:)

Eg kan sjølv hugse kor rart dette var. Det er noko av det som er så godt med å vere i lag med ungane; å oppdage ting på nytt igjen. Den gleda eg får inni meg når eg ser kor ungane frydar seg over dei same tinga som eg eingong også fryda meg over, er så god. For som vaksen har ein vel nærast har gløymt denne bortimot berusande kjensla over å ha oppdaga noko "nytt".

Vel fire timar etter at vi parkerte i Kvanndalen, var vi på Bakketua. Ikkje ei sur mine på desse timane! (sett vekk i frå eit par fall som resulterte i skrubbsår på knea, då er det sjølvsagt lov å klage litt, men heldigvis vart dette gløymt nesten med ein gong:) )

På fjellryggen som skil Kvanndalen frå Bjørdalen er det flott utsikt! Dalsvatnet, deretter Vatnevatnet oppe til venstre i bildet.

Alle var samde om at vi hadde hatt ein kjempefin tur! Det høyrer også med til historia at vi overnatta i selet våra i Kvanndalen, ei flott avslutning på ein innhaldsrik dag.