Eg har gjort det igjen.
Det som eg skulle passe meg så vel for slik at det ikkje skjedde fleire gongar.
Eigentleg er det for flaut til å stå på trykk, men eg har med åra lært at det går an å le av seg sjølv også, ikkje berre av andre sine flauser...
Eg likar å danse. Frå eg var 17 år og fram til eg klekte ut mine fyrstefødde, då var eg ei danseløve eller ein danseklovn, alt ettersom kven du spør;) Der det var dansegolv med bankande rytmer frå høgtalarane, der var eg å finne, gjerne tre kveldar i veka. Då var det ikkje snakk om sving, tango, foxtrot og andre flotte pardansar, pardans har eg forresten ikkje lært meg skikkeleg enno, har liksom ikkje vore heilt gira på det. MEN når det kjem til å utfalde seg åleine på dansegolvet (...ja, gjerne saman med fleire som dansar åleine...) då likar eg meg best! Ingen innøvde trinn, berre rørsler som kjem som følgje av musikken.
Det er SÅ godt!
Som Madonna syng på si siste plate:
"You know I feel it in my heartbeat, don't you know, can't you see, when I dance I feel free, wich makes me feel like I'm the only one, that the light shines on".
Når eg er åleine på biltur syng eg av full hals i duett med Madonna, men då eg ikkje er heilt sikker på korleis det høyrest ut for andre, gjer eg det berre når det er meg og Madonna som er åleine på tur.
Dei siste fem åra har det ikkje vore same mulegheitene for å få utfalde seg på diskotek som danseløve/danseklovn, ikkje er eg like ofte på fest som før (naturleg nok) og ikkje har det vore like freistande å hive seg på dansegolvet med struttande gravidmage... (Sjølv om eg har gjort det også, med stor suksess! Då eg var tvillingsvanger i 8.mnd, var eg ein av fire vinnarar i ei lokal dansekonkurranse:) Om eg vann fordi eg såg ut som ein stranda kval er uvisst, då er det betre å leve i trua på at dei syntest eg var flink! :) )
Sjølv om eg ikkje har entra dansegolv i fleng siste åra, så har eg ikkje slutta å bevege meg til musikk. Nei, langt i frå! Eg har då stereoanlegget mitt som eg kjøpte for konfirmasjonspengane mine for hundre år sidan, det formidlar fortsatt lyd av god kvalitet. Så innimellom husarbeid, lekser, amming og blogging, ja då finn eg stundom tid til litt fysisk utfalding.
Det var ein dag tidlegare i år, eg trur det kunne vere tidleg i sommar. Mann og ungar var på handel og eg skulle stelle heime. Husarbeid er som kjent kjekkast når ein har musikk til, slik er det i alle fall for meg. Så eg sette i ei brent cd-plate som inneheldt litt forskjellig musikk, deriblant Michael Jackson med "Bad"...
Godt humør som eg sjølvsagt var i då eg hadde heile huset for meg sjølv, så skrudde eg anlegget på med god styrke og håpte på at naboane var opptatt med gjødsling og anna gardsarbeid slik at dei ikkje vart forstyrra av min husarbeid-bakgrunnsmusikk.
Teppa vart hengt ut til lufting, golv vart vaska og støvsugd, og gangen vart med eitt forvandla til eit dansegolv med bankande rytmer til. Det var ikkje til å unngå at mor sjølv slo seg laus i heftig dans midt på golvet i gangen framfor den store spegelen.
Det utvikla seg etterkvart som Ravi syng det i hit'en "Utadæsjæloplevelse"; dans, dans, dans oppå bordet, legg deg ned på gølvet, dans, dans, utadæsjælopplevelse...
Stadig fleire gamle hit'ar vart pumpa ut av høgtalarane, og eg var i storform, svetten hagla -og eg dansa, lo, song med og dansa vidare:) Som fortsatt midlertidig fungerande meieri for veslegull, så var det sikkert ikkje til å unngå litt lekkasje der eg dansa rundt med mengder av både endorfinar og adrenalin i blodårane.
Når eg dansar, så dansar eg ikkje berre med føtene, slik "bytt-om-fot og bytt-om-fot" som eg eingong lærte for lenge sidan på Barnelag eller Leikarring som det også kan kallast.
Nei, når eg dansar så er det med heile meg, til og med med ansiktet...når eg verkeleg vert riven med...slik som denne dagen...
Intense, litt sinte blikk på meg sjølv i spegelen, medan eg syng duett med Michael av full hals: "I'm BAD, I'm BAD, you know it!"
(Heldigvis for at eg ikkje dansar på same måte som Michael, med eit godt grep om edlare delar og slikt...)
Som i ein slags uverkeleg draum i slow-motion ensar eg noko ytterst i synsfeltet mitt...
Det er akkurat som eg ikkje vil snu på hovudet for å sjå betre etter, for eg trur eg har rett når eg tenkjer at DER STÅR NOKON UTANFOR DØRA! OG DEN NOKON SER PÅ MEG!!!
Tankane flyg om kapp på innsida; Skal eg springe og gøyme meg? Kven er det? Kva skal eg seie? Skal eg forklare situasjonen? Eg tenkjer alle desse tankane på ein gong i løpet av brøkdelen av eit sekund, før eg snur meg og gjer det som eg sjølvsagt må gjere... Late opp døra. Seie hei. Vere naturleg. Late som ingenting, det er trass alt mitt hus, og her gjer eg kva eg vil.
Utanfor døra står det ein mann. Postmannen. Ein ung, pen postmann. Han smiler. Han har ein pakke til meg som eg må signere på.
Eg er fortsatt eit kaos på innsida, tankane flyg enno i stor hastigheit; skal tru kva han tenkjer? Har han stått der lenge og sett på? Vil han fortelje det til alle han kjenner, at han har sett det mest komiske av alt, slik at han og venene gapskrattar når han gjenfortel det han har sett? Eg skundar meg å signere på mottatt pakke, seier takk og skundar meg å late att døra.
Så ser eg meg i spegelen.
Om eg var eit kaos på innsida, var kaoset på utsida MYKJE verre!
Skrekk og gru!
For det første; mi usminka sannheit kombinert med veldig hektiske roser i kinn...
Bustete manke med restar av morgonens kamp med Linnea og grautskåla...
Men verst av alt: to store, mørke, våte ringar midt i augesynet på den unge postmannen!!! Den lys turkise singlet'en kunne på ingen måte kamuflere min mjølkespreng...
Ikkje nok med at eg såg slik ut, men det faktum at postmannen garantert hadde sett delar av min utfaldande dans, samstundes som han garantert kunne høyre meg i duett med Michael Jackson, det var nesten uuthaldeleg å tenkje på!
Kan det verte meir flaut enn dette?
Eg lovde meg dyrt og heilagt at dette aldri skulle skje igjen.
Det har det heldigvis ikkje gjort heller.
Ikkje fullt så gale...
Eg har ikkje slutta å danse heime, men eg har tatt eit par forhaldsreglar.
Eg dansar ikkje i yttergangen der det er fritt innsyn gjennom vidauget i ytterdøra.
Eg torer ikkje synge av full hals, prøvar å nøye meg med litt miming, men det er likevel ikkje alltid eg greier å late vere å synge...
Dette skjedde ein dag i forrige veke.
Medan Linnea sov trygt og godt i vogna si ute, så skulle eg trimme litt inne. Musikk må sjølvsagt til dersom eg ikkje skal bryte saman etter 10 armhevingar og 20 situps... Etter ei lita ykt med styrketrening på stovegolvet, var det tid for litt dansing framfor den litt mindre spegelen lenger inne i gangen. Eg dansa, kosa meg og song med, ikkje av full hals denne gongen, men likevel høgt nok til at det sikkert kunne høyrast ut i yttergangen.
Så var det eg vart var ein lyd. Nokon som banka på? Jau, der var den igjen, eg skunda meg å slå av musikken og gjekk ut for å opne opp. Der stod det to smilande damer på trappa.
"Forstyrrar vi? Driv du og øvar kanskje? Vi kunne høyre deg synge skjønar du."
Dei hadde visst banka på nokre gonger(vi har ikkje dørklokke) og medan dei venta på at nokon skulle opne døra hadde dei altså fått med seg at det var nokon heime, ei syngande husmor. Isolert sett så er vel ikkje akkurat det så uvanleg. Det er berre det at mi songstemme eignar seg best når det berre er eg som høyrer på...
Damene var visst ute i eit vervande ærend, men eg inviterte dei ikkje inn.
Eg var glad for at dei ikkje hadde fått med seg alt, og eg var glad for at eg såg litt meir representabel ut enn forrige gong eg vart overrumpla.
Nokon som har ei flause som de kan tenkje dykk å dele? ;)