laurdag 10. januar 2009

Tradisjon til glede for søthungrige gullungar:)

Ein av mange førjulstradisjonar er blant anna det å bake julekaker, helst sju sortar.

Julemenn, pepparkaker, hardevafler, brune pinnar, krumkaker, sirupsnippar, risbollar er nokre av favorittane, men i tillegg til alle desse småkakene som gradvis forsvinn på mystisk vis allereie halvvegs i julefeiringa, så har vi noko juleknask som er freda til vi bikkar over i eit nytt år: pepparkakehus:)

Eg kan dessverre ikkje skryte på meg eit flott, eigendesigna og sjølvlaga pepparkakehus, sjølv om eg helst skulle ynskje at det var det eg kunne vise fram til alle våre julegjestar -og ikkje minst her på bloggen! Kanskje til neste år...? ;) Det ligg allereie ei oppskrift med fine byggmonteringsplansjar til eit kjempeflott stabbur i oppskriftsboka mi -det hadde vore noko å ha på stas i "Bestastova"!

 Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 017 Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 011

Å PYNTE pepparkakehus går som ein leik når ein har ivrige barnehender som vil hjelpe til. Litt verre var det då huset skulle monterast...det kan nemnast at vi måtte til med litt ekstra "fugemasse" undervegs grunna eit par arbeidsuhell, men, men slik må ein gjerne rekne med.

Vi hadde heldegvis rikeleg med stæsj til å pynte huset med, som de kan sjå så var det ikkje all pynten som kom seg så langt som til huset:-D

(Fantefjes er slikt som er heilt vanleg når ungane vert merksame på at dei er fotoobjekt, slik som Elisa vart her...)

Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 013

Pepparkakehuset vårt fekk stå i fred heile jula, faktisk heilt til 8.januar. Denne dagen var heile familien samla slik at alle skulle få kvar sin smak av huset.

Når ti ivrige barnehender kappast om å hente eitt pepparkakehus, ja då er oddsa høge for at dette skal gå problemfritt... Huset gjekk i golvet meir enn ein gong på ferda gjennom dei tre stovene, tårer måtte tørkast og mor enda opp med å bruke strengestemma:/ Ein litt trasig start på det som skulle vere ei kjekk oppleving. Heldigvis så vart uhella fort gløymde og det var seks blide og forventningsfulle som kika opp då eg ba om eit bilete:) Bortsett frå Linnea då, som sikkert ikkje forstod så mykje av det heile.

Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 366 

KLAR - FERDIG - KNUS ! ! !

Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 367 

 Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 369Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 370

Synne passar på at Linnea ikkje får i seg seigmenn og non-stop, men nokre smular fekk ho lov til å smake på:)   Vesle Gollemor er høgt og lågt for tida og ein dag tidlegare i veka datt ho slik at ho kutta seg under auget:(   Det var ikkje godt å seie om det var mor eller dotter som felte flest tårer då..;(

Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 373Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 372

Elisa og Stine i ein intern-humor episode. Fire års aldersforskjel jamnar seg ut for kvart år:) Matias og Eirik var snare å forsyne seg med dei bitane som hadde seigmenn på seg.

På under ti minutt var pepparkakehuset stort sett oppete, berre dei bitane utan pynt på låg att, dei var det visst ingen som ville ha.

torsdag 8. januar 2009

Eit forsøk på litt oppklaring:

Tusen takk for ALLE tilbakemeldingane på innlegget mitt i går!

Før eg skriv noko meir må eg understreke at eg vert spesielt glad for at de kommenterar det som ligg dykk på hjartet, og med det meinar eg at det er bra at også dei som er ueinige seier i frå når dei er det! :)

Eg ser meg likevel nøydd til å skrive eit litt oppklarande innlegg, då eg tydelegvis har ordlagt meg litt upresist her og der.

Alt i teksta er tufta på mine/våre tankar. Eg har til dømes skrive om kva som eg/vi (eg og min husbond) stiller oss spørsmål om, kva vi synest er fornuftig og ikkje, kva vi vel å gjere i vår familie, osv.

Eg må beklage på det sterkaste om eg har formulert meg som at eg/vi gjer "alt rett", har løysingar på det meste og er betre enn dei fleste. Det kan eg ikkje late stå uoppklara. Vi har som dei fleste andre; "våre mange feil og manglar", eller svakheiter som eg heller vil kalle det:) 

Det eg prøvar å få fram er vel meir i retning av at vi strevar etter å gjere det beste for våre ungar og vår familie; det beste vurdert utifrå vår sin ståstad. Slik er vi nok ikkje så veldig ulike nokon av oss, vi handlar vel alle utifrå det ein trur er det beste. Difor må andre sjølvsagt få gjere akkurat som dei vil, det skal ikkje eg blande meg bort i noko meir enn at eg har tankar om det eg ser og høyrer rundt meg, både sjølverfart, men mest av alt gjennom media, der ein kan få eit visst inntrykk av utviklinga av dagens samfunn . På mange vis så vert eg skremd over media si makt og påverknad, det er så lett å surfe med på same bølga som alle andre, og det eg er redd for i den samanheng er at vi ikkje tek oss tid til å stoppe opp og verkeleg tenke etter om vi verkeleg vil vere med på bølga eller ikkje?

¤

Når det gjeld valet vårt angåande fyrverkeri, så har vi fortsatt tankar om at vi skulle ønske at fleire gjer som oss. MEN det er ikkje dermed sagt at vi ikkje respekterar andre sine val. Eg meinar at det må vere mogleg å vere sterkt ueinig og samstundes ha respekt for at andre ikkje meinar det same:) Respekt for mangfaldet ser eg på som svært viktig, i alle samanhengar! Takk for påminninga, eg ser i ettertid at akkurat det burde vore presisert i innlegget under.

Ein annan kommentar som eg synest var så flott var denne:

For noen år siden var jeg så heldig å overvære verdensmesterskap i fyrverkeri. Jeg fikk se Kinas bidrag - og det var fyrverkeri det! Går ikke an å sammenligne med det som vi har her på nyttårsaften. Her var det ikke snakk om enkle smell og mye pang, her var det rene kunstverk på himmelen. Det var feks motiver som trær o.l. Helt fantastisk!
Etter det har jeg syntes at feks kommunen burde stå for et flott fyrverkeri, og at det burde bli forbud for andre. Men jeg synes ikke at man skulle ta bort gleden ved fyrverkeri, det er mye annet som også er sløsing - men som vi mennesker bruker for å glede oss. Fyrverkeri er noe som gleder fattig og rik.

Dette er eg nok ganske så einig i, tusen takk for kommentaren :)

Eg har ikkje med innlegget under meint verken å vere formanande, betrevitande eller fordømande.

Dette er berre ei utlufting av tankar som eg har gjort meg, og som eg hadde lyst til å dele med fleire. Vi er sjølvsagt alle ulike; med kvar våre verdiar, oppfatningar, meiningar og tankar kring det meste. Dette bør vi sjølvsagt akseptere, sjølv om det er lett å legge seg bort i ting som ein har andre meiningar om, meg sjølv inkludert i aller høgste grad;)

Som alltid når ein les noko som andre har skrive; kan det skrivne ord verte oppfatta på ulike måtar.

Slik er det, og slik vil det alltid vere, spesielt dersom forfattaren av teksta ikkje har vore tydeleg nok.

Eg har kanskje ikkje vore tydeleg nok, og eg beklagar så mykje dersom eg har trampa på nokon!!

Det var ikkje hensikta med innlegget mitt i går :(

Ein annan ting er at litt av hensikta var å få fram engasjement hjå andre, det synest eg er sunt:)

Eg likar å få tankevekkarar sjølv, anten vekkaren strir heilt i mot mine eigne meiningar og verdiar eller at vekkaren gjev meg eit positivt "spark i baken" :)

¤

Som vanleg er bloggen min rett frå hjartet, eller levra, alt ettersom ;)

Bloggen min er for mange kanskje vél personleg. For meg er dette den einaste måten å blogge på. Eg trur ikkje at bloggen min glir rett inn i nokon spesiell sjanger som til dømes: kvardagsblogg, interiørblogg, mammablogg, nettbutikkblogg, lyrikkblogg, reiseblogg osv. Eg bloggar om det som fell meg naturleg, og som tittelen på bloggen min seier; "Frå eit A4-liv", så er det nettopp smått og stort frå dette livet ein finn her:)

Kan hende er det somme som har tenkt over at bloggen min er prega av eit "eg/vi -fokus"? Det er i tilfelle korrekt observert:)

Her inne skriv eg stort sett om ting som er;

Sett igjennom mine auge.

Kjent igjennom mitt hjarte.

Tenkt mellom mine øyre;)

Det er ikkje det same som at mine tankar kring ting er det einaste rette. Slik tru på meg sjølv har eg ikkje utvikla slett enno;)

Heldigvis! Det er vel det siste eg ynskjer for meg og mine...

Eg håpar at eg har ordlagt meg litt meir presist denne gongen. Eller kanskje vart det berre endå verre?

De får i tilfelle vere snille å bere over med meg, eg har ikkje meint å fornærme nokon! :)

n1231626682_10126_2520

Dette er noko av det som vi likar å bruke tid på! :)

 

onsdag 7. januar 2009

Litt om det å gjere sine eigne val...

Først vil eg takke for alle dei fine kommentarane som de la inn på det forrige innlegget mitt, eg set veldig pris på kvar einaste ein!!!

Til alle dykk som trufast kikar innom for å sjå etter oppdateringar;

KJEKT AT DE IKKJE HAR GLØYMT MEG! :)

Julahøgtida har vore ei hektisk, men fin høgtid. Det har vore lite tid til blogging. Lysta til å blogge har absolutt vore tilstades og bloggestoff har det heller ikkje vore mangel på, det har berre ikkje vorte prioritert.  Familien har vore i fokus -og det er for oss det beste med heile jula. Vi har ei tru på at sterke familieband gjev ei uvurderleg styrke og tryggheit for resten av livet.

Eg har eit inntrykk av at kvardagane hjå mange no til dags er sterkt prega av stress og mas, og at tid i lag med kjernefamilien ofte vert bytta ut med tid til "alt mogleg anna". Somme kan verke som om dei har ei oppfatning av at det alle andre eller alle andre sine ungar er med på, ja det må dei og vere med på... For ein vil sjølvsagt ikkje vere noko dårlegare enn andre! Då stiller eg meg spørsmål om kva som er bra og kva som er dårleg... Er det beste for ungane at dei sjølve skal få avgjere alt kva dei skal få vere med på og ikkje? Og vert ungane gladare og meir lukkelege av å få gjere som alle andre, få det som alle andre har, sjå ditt og datt på tv fordi alle andre gjer det?

Eg har ikkje tru på at det er slik... Tvert om så trur eg at ungane vert lukkelegare, tryggare og meir reflekterte dersom dei har vaksenpersonar rundt seg som set klare grenser og som set av tid til å grunngje kvifor vi har diverse grenser å forhalde oss til. Ja, TID spelar nok ein gong ein sentral faktor. "Alle" skuldar sjølvsagt på den dårlege tida, eller mangel på tid... (Du kan lese meir om kva eg meinar om det her.) Tid har vi alle, det gjeld berre å prioritere bruken av den!

¤

Denne jula har tankane mine krinsa mykje rundt familie, prioritering av tid med familie, barneoppseding og ikkje minst tenkjer eg på kva kraft og ansvar som ligg bak det å vere forelder. Kva signal sender vi til ungane i ei førjulstid som er prega av kjas og mas? Overforbruk og overflod pregar generasjonen vår, anten vi likar det eller ei. Julaftan handlar i dag mykje om det materialistiske; gåvene under treet, og når nyttårsaftan nærmar seg er det jammen meg akkurat det same; berre at då er det det sværaste fyrverkeriet som står i sentrum...

Eg veit at det er mange som tenkjer over dette, men eg skulle ønske at det var endå fleire! MÅ vi til dømes kjøpe alle desse rakettane til nyttårsaftan?! Gjer vi det for å glede ungane? For å få seg ei ekstra stjerne i margen, for tenk om vi har finare fyrverkeri enn naboen i år?! ;)

Jauda, eg hugsar godt dei mange flotte nyttårsfeiringane i min barndom, eg sto der med stjerner i augene -i dobbel tyding:) Men som vaksen ser eg galskapen i  fyrverkerihysteriet; det er ikkje få som har fått varige mén av dette brennande vaksenleiketyet. Sjølv om akkurat den biten er underordna i mi anti-fyrverkerikampanje...

Ein annan ting er alle dei tusenar av dyr rundtomkring i bygd og by som vert skremde ut av sitt gode skinn. "Issa; berre å gje dei ein tablett så søv dei så godt og merkar ingenting", HØYRT PÅ VÅS?!

Det aller verste er å tenke på at dersom alle hadde brukt sine "øyremerka" fyrverkeripengar på t.d. fadderbarn, ja då kunne vi nok ha endra mang ei menneskeskjebne!!

Eg synest det er synd at det ikkje er endå fleire som gjer som oss? Er ikkje DET ei god nyttårsoppleving å gje ungane sine då? Fortelje dei at i staden for fyrverkeri, så reddar vi eit born frå svolt og naud, sikrar bornet medisinar og skulegong mellom anna. Betre kan det vel ikkje verte? Tenk å setje av ei kosestund i romjula, saman med alle familiemedlemane (-og for all del: ikkje gløym å slå av fjernsynet;)) snakk i lag om opplevingane som har prega julehøgtida, kva tankar har ungane om jula og alt som høyrer med. Er ikkje dette ei fin ramme for å reflektere litt saman med våre unge håpefulle? Kva verdiar, tankar og handlingsmønster ynskjer vi at ungane våre skal utvikle?

For fire år sidan tok vi ei avgjersle på akkurat dette. Ungane tok det som ei sjølvfylgje at vi skulle skyte opp rakettar og anna fyrverkeri på nyttårsaftan. "Det var då vanleg?" "ALLE ANDRE gjer det, så då skulle no vel også vi gjere det?"

"Nei", fekk dei til svar. Vi prøvde å forklare dei at vi ville gi fyrverkeripengane til eit fattig born i staden. Dette var vanskeleg å forstå, kva skulle no dei fattige borna med rakettar, dei som ikkje eingong har nok pengar til å kjøpe seg mat! Ikkje så lett å forstå for ein femåring og ein sjuåring kanskje? :) Spesielt ikkje når dei såg at andre familiar stod i kø utanfor fyrverkeri-utsala... "Kvifor gjer ikkje dei andre det same?" undra dei seg over etterkvart?

Vi har prøvd å forklare dei kvifor vi gjer som vi gjer, og vi er visse på at alle dei flotte ungane våre skjønar akkurat kva vi meinar etterkvart som dei vert eldre. Og vi trur nok at dei etterkvart kjem til å prise seg glade for at dei har vore med på å hjelpe andre born ved å gje vekk fyrverkeripengane sine, i staden for å skyte dei rett til himmels for ei kortvarig glede. Ei runde ute med kvar sine stjerneskot har vore populært, og vi kan ikkje sjå at vi har frårøva ungane våre ei opplevingsrik nyttårsaftan fordi om vi ikkje har hatt rakettar. Vi synest tvert om at vi har gjeve ungane våre ein viktig pakke i sekken.

Tanken bak frå vår side er ikkje at vi skal "redde verda", sånn sett er det mykje anna vi kan gjere annleis gjennom resten av året, men dersom vi har fått ungane våre til å reflektere litt over at dei faktisk kan vere med på å spele ein forskjel, ja då vert vi litt stolte:)

Julehøgtida er vel den tida på året då kontrastane er størst her i verda, og då er det godt å kunne gå inn i det nye året å vite at vi har gjort noko godt for andre! 

Kanskje skal vi utvide denne tradisjonen til å gjelde på farsdag og morsdag også? Kjøpepakkar på desse dagane er personleg sett ein uting, kanskje skal vi ynskje oss nye fadderborn i staden for nye lestar til far og roser til mor? :)

Så, til slutt vil eg nytte høvet til å ynskje dykk alle eit godt nytt år!!

onsdag 17. desember 2008

Kjære venn!

I dag er det eitt år sidan vi såg kvarandre for første gong!

Eg kan velje å styre unna klisjéar som; det var kjærleik ved første blikk, men sidan det var nettopp det det var, så kan det vere så mykje klisjé det berre vil!

Allereie før blikka våre møttest, visste vi at vi hadde noko heilt spesielt:)

Alle samtalane, tankane og draumane gjorde at håpet vaks,

og trua på det fullkomne møtet vart etterkvart eit realistisk håp ! 

All usikkerheita og ventinga før denne dagen kom var verdt det.

Du var nydelegare enn eg kunne forestille meg. 

Møtet med deg vart så intenst som berre møter mellom to som elskar kvarandre kan verte!

Den varme, mjuke huda di mot mi.

Eg kunne kjenne hjartet ditt slå med faste, raske slag mot hjartet mitt.

Lukta av deg -den beste lukta eg kan tenke meg, så søt, så rein, så god!

Så lukkeleg gjorde du meg, at tårene mine rann.

Dei kunne ikkje stoppast, ikkje ville eg det heller, kvifor skulle dei det?

Slik låg vi, eg og du.

Vi var fortsatt i eitt, no berre på ein litt annan måte.

Alle inntrykka frå vårt første møte har eg gøymt på i hjartet mitt.

Der ligg dei som dei vakraste skattar.

¤

Kjære Linnea mi -livet med deg er ei gåve for oss.

Du gjer dagane våre rikare. Vi er så glade vi har deg.

Takk for at du klamra deg fast i livet mitt, og at du heldt ut heile vegen til mål!

Du spreier slik glede. Du skal vite at vi er uendeleg takksame for at du er jenta vår!

¤

I dag er det eitt år sidan vi såg kvarandre for første gong.

I dag er det eitt års dagen din:)

Gratulerer med dagen, kjære, kjære Linnea!

Forskjellig frå nikon kam. haust 07 til vår 08 069

 

tysdag 16. desember 2008

Talet er fire

For ei stund sidan fekk eg denne utfordringa frå Cecilie. Som nemnt før, så har ikkje blogging akkurat hatt førsteprioritet siste tida, difor er eg litt sein med å svare på alle utfordringane eg har fått.

 

4 jobbar eg har hatt:

  1. Min første lønna jobb må nok vere som "dreng" på garden. Kvar sommar hadde eg arbeid som; å stå i siloen under slåtten, vere med i arbeid på skogen, førefallande arbeid på garden, dagleg stell av dyr på garden, m.m. Eg ser på det som ei sjølvfølgje at ungar/ungdomar er med på å hjelpe til heime, men sjølvsagt bør arbeidstype og arbeidsmengd tilpassast etter alder... I løpet av desse sommarjobbane kjende eg aldri at eg måtte jobbe for mykje eller for hardt. I staden ga variert og utfordrande arbeid bonus, i form av god fysikk og utvikling av improvisasjon, kreativitet og sjølvstendigheit.
  2. Skiinstruktør. Fleire vintrar har eg vore instruktør for små håpefulle alpinistar på skikurs. Trass i at eg har gått A-trenarkurs (eit slags grunnkurs i det å vere trenar, uavhengig av idrettsgrein) og at eg har stått VELDIG mykje på ski sjølv, så veit ikkje eg heilt om dette er noko som eg passar spesielt godt til... Trur det må skuldast tolmodet mitt...eg har dessverre ikkje i bøtter og spann av slikt, men det har betra seg!:)
  3. Pleieassistent på sjukeheim. Medan eg studerte til sjukepleiar, jobba eg på sjukeheimen i helgar, feriar og elles i ledige stunder. Det er vel noko av den beste praksis ein kan få, å jobbe sjølvstendig ved sidan av studiane. All denne jobbinga gjorde sitt til at eg vart oppmoda om å søkje på deltidsstilling om fast jobb på sjukeheimen etter utdanninga, og jobben fekk eg:)
  4. Sjukepleiar. I tillegg til deltidsstillinga på sjukeheimen, jobba eg mykje ekstravakter i eitt år på medisinsk og kirurgisk avdeling på sjukehuset. Dette året vart det mykje jobbing... Etter at ungane kom som perler på ei snor, har eg hatt nok med jobben på sjukeheimen.

4 filmar eg kan sjå oppatt: 

  1. Alle Astrid Lindgren-filmane. Spesielt Ronja Røverdatter, Emil og Madicken. Ronja Røverdatter gjorde eit usletteleg inntrykk første gong eg såg den, og den filmen står for meg som ein av dei beste filmane uansett sjanger. Vert like medriven kvar gong eg ser den. Tårene renn både av sorg og glede undervegs i filmen. PRESISERING; filmen ser vi sjølvsagt på svensk, ikkje snakk om at ungane våre skal verte kjend med ei Ronja som snakkar norsk:) Dette gjeld for dei andre Lindgren-filmane også.
  2. Dirty dancing. Kjem ikkje utanom denne filmen nei:) Vert aldri lei av den, og filmmusikken har i mine øyre berre vorte betre og betre med åra! Har ikkje tal på kor mange gongar eg har sett den, no har vi den på dvd, så den kjem nok til å surre og gå fleire gongar:)
  3. Leonardo Di Caprio. Då meinar eg ALT av Leonardo Di Caprio. Eg vart "fan" av han lenge før han spelte hovudrolle i Romeo og Julie. Den første filmen eg såg med Leonardo Di Caprio i hovedrolle var "A boy`s life" -der gjorde han eit sterkt inntrykk på meg. Det er noko ved denne skodespelaren som eg ikkje heilt kan forklare, og då siktar eg ikkje til det ytre, sjølv om eg synest han er fin å sjå på også;)
  4. The Sound of Music. Eg hugsar godt første gong eg såg den; ei nyttårsaftan liggande på magen framfor fjernsynet, med STORE auge gjennom heile filmen, på golvet hjå Mormor og Morfar i Måløy. Eit sterkt barndomsminne som dukkar opp kvar gong eg høyrer tittelen på denne musikalen.

4 stader eg har budd:

  1. Åsestranda. Mine fire første år budde vi på Åse, mamma gjekk på skule der(sjukepleie). Så eg lærte meg å snakke "demma". 
  2. Bjørdal. Bortsett frå nokre få år har eg budd her omtrent heile livet.
  3. Oppdal. Eg gjekk eitt år på skigymnaset på Oppdal, det var første gong eg budde åleine og vekk heimanfrå. Det var eit minnerikt år som eg ikkje ville vore forutan.
  4. Ørsta. I ei kjellarleilegheit på Engeset. Der var her vi budde då eg vart mor for første gong, og eg har mange minner frå dei to åra vi budde der:) men gleda var sjølvsagt stor då vi kunne flytte heim i Bjørdalen i oppussa hus:) Det var nok litt trongt om plassen siste tida i leilegheita, vi låg 5 stk på eitt soverom...men det gjekk no forsovidt greit det også!

4 tv-show/tv-seriar eg likar:

  1. "So you think you can dance?" Amerikansk reality-danse-konkurranse. Flinke dansarar med ulik bakgrunn møtest, dansar koreograferte dansar som dei aldri skulle gjort anna! Imponerande både av dansarane og koreografane. Eg må stryke av meg både tårer og frysningar i løpet av ei sending, heilt vanleg:)
  2. Dansefeber. Den nordiske varianten av programmet over. Framkallar dei same reaksjonane hjå meg som beskrive over.
  3. 71* Nord. Underhaldande reality-tv som får meg til å tenke: "`NO skal eg ta meg på tak, no skal eg byrje å trene igjen!" For dette er eit program som eg faktisk godt kunne tenke meg å vere med på. (Berre eg kjem i LITT betre form;))
  4. Kjem ikkje på fleire. Ser i grunnen ikkje så mykje på tv. Jau, forresten; Norsk Idol var då bra underhaldande:)

 

4 stadar eg har vore på ferie:

  1. Kypros. Min første tur til sydlegare strok. Eg var 9 år, reiste i lag med familien + Mormor og Morfar. Det var fyrste gong eg reiste med fly, og eg hadde med lekser og norske flagg:) Vi feira nemleg 17.mai der nede, gjekk i stort norsk 17.mai-tog med fullverdig 17.mai-fest og moro etterpå!:)
  2. Island. Familieferie med bil,tok båt via Færøyane til Island, sagaøya! Tok oss fram med bil rundt nesten heile øya. Denne turen baud på spektakulære naturopplevingar, vi var "innom" mange av både kjende og mindre kjende turistattraksjonar. Overnatta stort sett primitivt, men eksotisk:) i bilen, telt, overfylde soveloft, men også litt meir "urbant" i Reykjavik. Eit fantastisk land som eg har lyst å vitje fleire gongar! 
  3. Ibiza. Den første utanlands-ferieturen utan familien. Eg var 22 år og hadde vunne ei dansekonkurranse med svær premie;  Danskebåt-billett, vekesopphald på Ibiza og billett til finalen i NM i diskodans! Vi var 30 danseglade ungdomar frå heile landet som reiste i lag. Trygt opphald med flotte opplevingar heile veka, kjempekjekt!
  4. Eg har så mange gode ferieminner, men ein av dei siste jenteturane før eg stifta familie gjekk til solkysten i Spania. Der budde vi med familie av veninna mi. Vi slappa av på stranda, shoppa, reiste på tur rundtomkring Malaga, innom Granada, overnatta i fjellandsby på sørsida av Sierra Nevada, i det heile ein svært innhaldsrik og opplevingsrik ferietur.

 

4 websider eg er innom kvar dag:

  1. Bloggen min, og andre oppdaterte bloggar.
  2. yr.no   Kjekt å sjekke vêret, sjølv om det er lite eg kan gjere for å påverke det.
  3. hials. no Høgskulen i Ålesund si heimeside. Må innom for å sjå om der er oppdateringar på Fronter.
  4. facebook.com -just 4 fun :)

 

4 stadar eg ville ha vore no:

Akkurat no kan eg ikkje tenke meg nokon annan stad eg heller ville ha vore... Men fire stadar eg har lyst å reise til/oppleve ein gong i framtida må vere:

  1. Pilegrimsvandring i Pyrenèane
  2. USA på tvers i bobil.
  3. Fjellferie i Peru, Machu Piccu og båttur på Titicacasjøen.
  4. Svalbard . Jobbe og bu der i eitt år.

 

 

4 bloggar eg sender utfordringa til:

  1. Ingrid
  2. Elisabeth
  3. Fivrel
  4. Laila

måndag 15. desember 2008

Utmerkingar i lange baner

TUSEN, TUSEN TAKK!

Eg har motteke så utruleg mange koselege, flotte utmerkingar frå kjekke blogg-damer:)

No er det på tide med eit takke-innlegg og det er på tide å dele utmerkingane med fleire!

Denne har eg vore så heldig å få med Lill, Torunn, Monika, Mali-Mo, Silje, Stine, Ida Mari og Tove

award24

"Denne bloggen invisterer i og tror på NÆRHET
- nærhet i rom, tid og forhold!"
Disse bloggene er usedvanlig sjarmerende og søte,
og formålet er å finne og være venner.
De er ikke opptatt av utmerkelser eller selvhevdelse.
Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelsene er kuttet vil
enda flere vennskap ha forplantet seg.
Vær vennlig og gi litt ekstra oppmerksomhet til disse!
Gi denne awarden til åtte bloggere som igjen må velge seg nye åtte."

Er ikkje dette flotte ord vel?! Eg set super-duper stor pris på at eg har fått denne med alle desse flotte blogg-damene:) :)

TUSEN TAKK TIL DOKKE ALLE!!!

No skal eg gi denne vidare til desse åtte bloggarane: Torill, Nunne, Guttemamma, Nikoline, Line, Siren, Ma og Heidi

¤

award25

Takk til Anne Grethe, Stine og Tove!

Denne utmerkinga skal eg gi vidare til fem andre: Elisabeth, Ingrid, Siv, Fivrel, Cecilie 

Dei må gi den vidare til fem andre, og så må dei fortelje om fem ting dei er avhengige av.

Her kjem mi avhengig-av-liste:

  1. Familien min -sjølvsagt:)
  2. Bjørdalen, kva hadde eg vel vore utan mi kjære heimgrend?
  3. Søvn, som eg treng mykje av spesielt på denne årstida.
  4. Mat og vatn.
  5. Sjokolade...i alle slags variantar...

¤

Bloggy-Goodness-Award2

Tusen takk for Monica for denne artige utmerkinga! Den har eg ikkje sett før, så det var litt ekstra stas:)

Regelen er at ein skal gi denne vidare til seks andre bloggarar, og dei utvalde er:

Lill, Anna Lisa, Line, Marit, Ida Mari, Mali-Mo.

¤

Sååå søøt!

Denne søte dalmatineren takkar eg Laila og Monica for:)

Eg hugsar ikkje reglane som fyl denne vofsen, men eg vel å sende han vidare til desse seks;

 Stine, Kate, CHÂTEAU DE KONSTANSE, Silje, Synnøve og Monica.

¤

Frå Line har eg fått Nobelprisen i Mammakunnskap!!

Tusen takk Line for denne flotte utmerkinga!

Den går vidare til Laila, Anne Grethe og Tove.

Sjølv om hensikta med utmerkingane er å sende dei vidare, så vel eg også å gi denne tilbake til deg Line!

¤

Koseleg utmerking

Frå snilde, kjekke Line har eg også fått denne nydelege premien:) 

Takk Line!

Frå meg går den vidare til  Monika, Monica og Monica :)

¤

Mi eiga utmerking...

Nok ein gong takk til Line, denne gong for Utmerking for varme og støttande kommentarar!

Dagny, Cecilie og Britt er dei som får den med meg denne gongen.

¤

Utmerking for koselege helsingar!!

Tusen takk til Lill for den sjølvdesigna utmerkinga for koselege helsingar:)

Den kunne eg forsåvidt gitt til alle som er innom bloggen min og legg att kommentarar,for eg set stor pris på dykk alle!!

men sidan eg synest at det er kjekkast med personlege "til-frå lappar" på gåvene,

så er det Fivrel, Marie, Pernille som får den med meg i dag.

Gi den vidare til tre andre:)

¤

Til slutt vil eg at alle dykk som ikkje fekk utdelt ei utmerking med meg denne gongen

tek med seg denne flotte merksemda til bloggen sin!

Den er det Ida som har laga.

 Line har gitt den vidare til meg og no gir eg den vidare til DEG:)

[IDA.jpg]

Med ynskje om ei fortsatt roleg og fredfull adventstid.

For all del ikkje stress!

Lettare sagt enn gjort seier du?

Neida, berre prøv:)

Kjenn etter kva jula EIGENTLEG handlar om:)

 

fredag 12. desember 2008

Gode jenter :)

Etter nesten ei veke med daglege spørsmål frå våre mellomste gull: "Kjøme ho Synne og ho Stine i dag?" så var storejentene endeleg heime igjen :)

Når dei er her nyt vi tida i lag, stroplar og pratar, delar små og store hendingar i kvardagen, kosar oss og prøvar å senke det elles så hektiske tempoet som pregar kvardagen deira.

Denne helga er fullpakka med aktivitetar; Synne skal spele to handballkampar, og ballettskulen skal ha si årvisse "Nøtteknekkaren"-framsyning med show både fredag, laurdag og søndag.

Stine er vår ballerina og gledar seg til å stå på scena tre dagar til ende, ikkje mykje lampefeber med denne flotte jenta, nei!

No i kveld ba ho så fint om eg kunne knipse nokre bilete av henne medan ho turna og showa på stovegolvet.

"Du kan no ha det på bloggen din Astrid!" sa ho -og eg gjorde som ho ba om.

Godt med litt anna "arbeid" framfor dataskjermen enn oppgåveskriving;) 

Mjuke kjelle 018

Eg let bileta tale for seg sjølv...:)

Mjuke kjelle 010

   Mjuke kjelle 028 Mjuke kjelle 027

"Trur du eg kan verte "slangemenneske" viss eg trenar mykje, Astrid?" 

Mjuke kjelle 014

Det er ikkje berre Stine som kan,

størstestoresyste Synne er mjuk som berre det ho også!

Eg ynskjer go'jentene lukke til med aktivitetane sine i helga!

Vi er kjempestolte og kjempeglade i dokke uansett kor det går!!!

måndag 8. desember 2008

Noko du ikkje visste frå før? :)

Ei av dei fleire utfordringane eg har fått, er denne der eg skal fortelje sju ting om meg sjølv som kanskje ikkje så mange veit. No er det no eingong slik at vi bur i ei bygd der "alle kjenner alle", så her dukkar nok opp ting som nokre av dykk kanskje veit frå før.

Utfordringa har eg fått frå Cecilie, Lill og Silje.

  1. At eg har vakse opp på gard med dyr har nok dei som har lese litt i bloggen min fått med seg. Gjennom åra med dyr i fjøsen har eg fått prøve meg på mykje, bl.a. som jordmor: der eg har tatt i mot både kalvar og lam. Dei fleste fødslane var nok ukompliserte, men eg har også opplevd fleire kompliserte lammefødslar. Firlingar og femlingar har kome til verda ved hjelp av mine hender, med kyndig hjelp frå mi kjære Bestemor. Dette er stort for meg og er SÅ glad for at eg har fått oppleve slike under!! Som bonde får ein oppleve og lære meir enn dei fleste kanskje skulle tru. Eg kunne nok ha skrive veldig mykje om alt det fantastiske eg har fått oppleve gjennom det å arbeide på garden, men det får vere til ein annan gong. 
  2. Eg har vore ivrig alpinist sidan eg fekk mine første slalomski jula for 25 år sidan, og eg har stilt på startstreken kvart einaste år sidan 1985 (eller var det 1984?)
  3. Eg har ei kort karriere som friidrettsutøvar, der eg tevla i kastøvingane kule og diskos. Hugsar at eg tangerte klubbrekorden i diskos:)
  4. Eg har eit til tider litt for voldsomt konkurranseinstinkt... Det er ikkje få gongar eg har stilt til start i ulike tevlingar der eg ikkje nødvendigvis har vore spesielt godt førebudd. Då brukar eg å seie til mitt forsvar; at det viktigaste er ikkje å vinne, men å delta! 
  5. Eg er veldig glad i skogblomar. Frå 1995-1998 samla eg inn rundt 350 ulike skogblomar og andre planter som veks vilt frå fjell til fjøre, desse samla eg systematisk etter plantefamilier i eit herbarium. Eg hadde den store nordiske floraen på nattbordet i to år, las på latinske plantenamn om kveldane før eg sovna:) Eg er fortsatt glad i blomar, men har ikkje like god kontroll på dei latinske namna.
  6. Eg gjekk på musikkskulen i seks år, der lærte eg å spele fele. Eg kan hugse at det å spele fele ikkje akkurat gav status blant skulekameratar... "Ej vil ikkje vere på lag me ne Astrid, for ho spela fele!!" er ein kommentar som eg hugsar den dag i dag...ungar kan vere nådelause:/ Siste tre åra spelte eg kun fordi foreldra mine og musikklæraren min ba meg så fint om eg kunne fortsette. I dag skulle eg ynskje at eg meistra dette nydelege instrumentet, men det er dessverre så lenge sidan eg har hatt ei fele og ein boge i hendene mine at eg har gløymt kunsten:(
  7. Til slutt; litt meir "røl"... Som syttenåring lyfta eg 75kg i benkpress, tre månadar etter det første lyftet mitt med fri vektstong:) Det var den gong -no greier eg nok ikkje halvparten av det eingong...

                                        Eg utfordrar  Dagny og Laila , dersom de ikkje har fått denne før då :)

første snøven nov 08 091

                  Ynskjer alle som er innom ei fin veke! :)

torsdag 4. desember 2008

Og vinnaren er:

Den 2. desember var det dags for trekning av vinnaren av jubileumskonkurransen på bloggen min.

Pepparkakebaking 08 171 

Her ligg lappane med alle namna på dei som la att kommetar på jubileumsinnlegget mitt. På førehand må eg seie at alle hadde vore like verdige som vinnarar, og eg må seie at eg var ganske spent på kven vinnaren skulle vise seg å verte! Det var forresten veldig koseleg å lese alle svara dykkar! Spesielt alle dei fine juleminna!!

Linnea fekk den ærefulle oppgåva å trekkje ut vinnaren. Eg sa til henne at no måtte ho vere flink jente og hjelpe mamma -og flink var ho! Sjå berre:     

Pepparkakebaking 08 172 Pepparkakebaking 08 173 Pepparkakebaking 08 174

"Dette var mange lappar Mamma!" "Kva skal du no med alle desse?!" "Nei, her må eg til med hardehanda, vekk med dei!"

 Pepparkakebaking 08 175 Pepparkakebaking 08 176 Pepparkakebaking 08 178 

"Sjå her ja, no vart det litt færre lappar å velje i." "Skal me sjå her..."  "Jammen var ikkje dette litt artig likevel Mamma!" :)

 Pepparkakebaking 08 181 Pepparkakebaking 08 182Pepparkakebaking 08 183 

"No trur eg at eg har bestemt meg." "Jaudå, det må verte denne. Du ser vel det? "

  Pepparkakebaking 08 187 

"Ikkje sjå endå Mamma!" "Lat att augene medan eg opnar opp lappen!"

  Pepparkakebaking 08 193

Og vinnaren er:.....................................

...........................................MARIE !!!

Marie med den flotte bloggen Heimdal, er den heldige vinnaren av jubileumskonkurransen min! Gratulerer Marie :)

Då det var så utruleg koseleg for meg å lese svara dykkar, bestemte eg at det skulle trekkast ein vinnar til.Pepparkakebaking 08 212 Pepparkakebaking 08 217 Pepparkakebaking 08 220

Linnea var sjølvsagt klar for ny runde :) Ho var om mogleg endå meir målretta denne gongen, nesten så eg har henne mistenkt for smugkiking:-)

"Bakke Tone" stod der på lappen!

Tone som er heilt fersk bloggar med bloggen Veien mot sykepleien, Tone som er i frå same bygda som meg, Tone med røter frå same dalen som meg, Tone som alltid har eit nydeleg smil til dei ho kjenner! Gratulerer Tone :)

No kan dei to vinnarane glede seg til ei lita førjulsgåve frå meg :)

Til alle dykk andre som var så kjekke at de la att slike superkoselege kommentarar; TUSEN TAKK for at de deltok! 

De får nøye dykk med bileta av veslegullet som var så flink å hjelpe meg! (Som forresten var kledd i tanta sine 25 år gamle kle:) )

Pepparkakebaking 08 233

For deg som ikkje har vore innom og lese kommentarane på jubileumsinnlegget mitt; klikk deg inn og kos deg med stemningsfull lesnad! Eg trur eg kan love at du kjem i julestemning :)

søndag 30. november 2008

Ventetid?

200812_juletillaag_1dag 

I dag er dagen mange har venta på, det er 1. søndag i advent og i morgon startar nedteljinga til julaftan. Mange har kanskje halde på med nedteljinga i lange tider, men når eg tel ned dagane som er igjen til jul, ja då startar eg nedteljinga den 1. desember.

Eg har vore innom fleire bloggar og lese i dag, dei fleste har noko å skrive om advent. Kvifor markerar vi eigentleg advent?  Line i Storemyra  har eit flott innlegg om historikk rundt bl.a. advent, adventsstake, adventskalendar. Klikk deg gjerne innom den fine bloggen hennar for å sjå kva ho skriv:) 

Ein annan fin blogg eg ofte er innom er Anna Lisa sin hjerteblogg, i dag vart eg rett og slett veldig engasjert då eg las innlegget hennar. Eg er SÅ einig i det ho skriv om at julebodskapen forsvinn mellom juleførebuingsstress og materialistisk fokus. Her er utdrag frå min kommentar til innlegget:

"Julefeiring har vorte ein stor kjøpefest frå ende til annan, og eg forstår knappast kor vi skal greie å lære ungane om den eigentlege grunnen til at vi feirar jul, når det kan verke som til og med foreldregenerasjonen har gløymt kvifor vi feirar denne nydelege høgtida!!!
Eg klamrar meg fast i den julefeiringa som eg sjølv har vakse opp med, der advent er ventetida, songane har tekst som omtalar "det vesle barnet", pynting og julegåvehandling skjer litt uti desember, samstundes prøvar eg å dysse ned kjøpefesten for vår eigen del. Eg vil ikkje at ungane våre skal forlange/forvente seg dei sværaste og dyraste gåvene, eg vil at dei skal lære seg å setje pris på det dei får -uansett verdien på gåvene."

I løpet av dei siste ti åra har eg merka at jula verkar til å starte tidlegare og tidlegare. Sjølvsagt kjem den 24. desember til same tid kvart år, men folk sine førebuingar startar så uhorveleg tidleg!!! Allereie i oktober kjem julevarer i butikkane, ein må vere førebudd på å verte spurt om julegåveynskjer. Blad og aviser skriv om korleis ein får den beste svoren på svineribba, ein vert fora med oppskrifter på nye variantar av dei tradisjonelle julekakene -korleis lage sunnare(!) julekaker (ja det er ikkje måte på kor sunt alt skal vere no til dags, ikkje eingong i jula skal ein skeie ut med litt ekstra smør og sukker...) Vidare skriv dei om korleis ein best skal takle julestresset, for at julestresset kjem, ja det er opplest og vedtatt for alle som ein. Ikkje rart at ein stakar kan kome til å kjenne på det såkalla julestresset når alt og alle rundt ein marmar om alt som skal ordnast til jul! 

Det er ikkje lett å gå mot straumen, og når samfunnet legg opp til ein kjøpefest som utviklar seg til å verte større for kvart år, så er det lett å late seg rive litt med. Eg har bevisst ungått å legge handleturane mine til kjøpesenter, for dei har makt over meg, alle desse reklameskilta; kom og sjå på alt det nye, fine, alt du "må-ha", alt du "bør-ha" og alt du ikkje visste at du trengde, men som du sjølvsagt treng likevel... Eg vel å vente litt til. Eg trur at dess meir ein stressar med julegåvehandel og andre juleførebuingar, dess verre vert julestresset.

Ein annan ting eg vert skremd av er at ungar fortel at dei har berre "6 bukser" "3 tunikaer" "fire joggedressar" "fem kjolar" osv.  difor treng å ynskje seg meir kle til jul! Kan hende er det eg som er frykteleg gamaldags, men er det vanleg at ungar i dag har ei garderobe som sjølv ein vaksen kan vere misunneleg på?!!  For ikkje å snakke om når julegåveynskjelista til 10-åringar inneheld gåver som gir ein bakoversveis når ein ser kva desse gåvene kostar. Pc, i-pod, mobiltelefon står nok på mange ungdomar/born sine ynskjelister til jul, tippar at det er mange som får det også. Og for all del; for meg må andre gjere som dei ynskjer for sine ungar, så lyt vi gjere som vi ynskjer til våre ungar.

Det eg likevel reagerar på er at eg synest det "tek veldig av" dette julegåvehysteriet. Ikkje nok med at pakkane under juletreet ligg og kivar om å innehalde den sværaste gåva,  adventskalendarane er heller ikkje kva dei ein gong var.

kalender_i_boks_i89_274394d

Mange har adventskalendaren full av små eller større gåver, kvar dag opnar ungane flotte gåver medan dei går og ventar på den STORE julegåvedagen; Julaftan! Så kjem julekvelden, ungane flekkar papira av den eine gåva etter den andre, har ikkje tid til å utforske gåva som nett er utpakka før dei hiv seg over neste. Så er det brått tomt for pakkar... Kva no? Var det alt? Ikkje fleire pakkar å opne?  Kva skjer så med neste dag; 1.juledag? Er det antiklimakset sin dag? Eller greier ungane å skjøne at no er det ikkje pakkar før neste desember? Forhåpentlegvis leikar dei seg fornøgde med det dei har fått i julegåve, takksame for alt dei har fått, audmjuke fordi dei faktisk er heldige som har det trygt og godt, gjerne vitande om at akkurat det ikkje er ei sjølvfølgje.

No vart dette dagens utblåsning frå meg:) Eg har ikkje meint å støte nokon med det eg har skrive, dette var berre litt av mine tankar kring ventetida!

Minner om at det er siste dag i morgon for å delta i konkurransen min i innlegget 21.nov.

Alle kan legge att kommentarar, anonyme også!!