fredag 21. november 2008

Kven vert besøkjande nr. 10.000?

 

         ViewImageCALVMZ3CViewImageCAQ98C6T    ViewImageCAH74CIZ

Eg hadde tenkt å ha ei lita konkurranse då teljaren min runda 5000 besøkjande, men så vart ikkje det noko av, så då prøvar eg meg igjen, denne gongen ved runding av 10.000 talet :)

Sidan jula no nærmar seg med stormsteg, finn eg det naturleg å ha ei konkurranse som handlar om noko som høyrer jula til.

ViewImageCA5I8LL2 ViewImageCA745BSC

"Konkurransa" er ikkje vanskeleg; alt du treng å gjere er å legge att kommentar på dette innlegget.

Det eg spør etter er:

NEMN TRE JULESONGAR SOM DU ER GLAD I

KVA ER DINE TRE FAVORITT JULEKAKESORTAR?

KVA YNSKJER DU DEG TIL JUL?

OG DERSOM DU HAR LYST; DEL GJERNE EIT KOSELEG JULEMINNE MED MEG:)

ViewImageCA4UIDJ1  ViewImageCA3J4YX6 ViewImageCAIH6YPQ

Alle som ynskjer kan vere med på konkurransen, anonyme også:)

ViewImageCAPXNWQQ ViewImageCAW0KLFA

Alle bileta har eg henta frå denne nettbutikken Lobelia. Her har dei mykje fint, spesielt for dei som likar godt den franske landstilen.

ViewImageCAR0BCZD ViewImageCADJL0PJ

Du kan legge inn kommentarar fram til og med 1.desember:)

Kåringa av vinnaren skjer ved "tilfeldig lappetrekking" og den heldige får ei lita førjulsgåve med meg:)

 

35 kommentarer:

Gamleheksa sa...

Hei!
Her må en ta utfordringa!

1. Julesanger
*Jeg er så glad hver julekveld
*Julekveldsvisa
*En stjerne skinner i natt

2. Julekaker
*Strull(krumkaker)
*Kransekake
*Mors sjokoladedkake, mmmh, den er egentlig helårs, men MÅ med i jula også.

3. Mine ønsker er ganske "enkelt" aaaaaat familie og venner skal ha det bra. For min egen egoistiske del kunne jeg ønsket meg ei bedre helse. Ellers har vi det meste vi kan trenge og ønske oss av materielle goder.

4. Juleminne:
Det må uten tvil være jula -92, som jeg for det meste tilbrakte på sykehuset med den beste gaven levert litt sent,30. desember; ei datter!!!

Lykke til med konkurransen og den koselige bloggen. :)

Ramme alvor sa...

:) sanneleg har du mange lesarar, Astrid. Gratulerar!
Eg slengjer meg på:

Julesongar:
* Folkefrelsar
* Det hev ei rosa sprunge
* Glade Jul

Julekaker:
* Blondekaker
* Mandelhjarte
* Sirupsnippar

Juleynskjer: At det vert ei velsigna julehelg for små og for store. Mykje snjo ungane kan leike seg i saman med dei vaksne. At me har fred og god tid. At familie og venner får tid i lag...osb.

Juleminne: Det må vere frå eg var lita. Me var hjå besteforeldra mine i Lindås (det var sjelden) her fanst ingen Tv. Alle var saman, store og små, me leika og spela. Me lo og me åt. Me fyrte i ovenen sidan det kraup ned mot 20 minus ute. Me var ute og skeisa på isen, me søv lenge om morgonen. me knekte nøter og åt mandariner....
Nett som i ein julefilm...:)
Minne gjev ei fredfull og varm kjensle innom bringa...

Lukka til med konkurransen og med bloggframtida, dette lovar godt :)

Britt

Anna Lisa sa...

Så artig Astrid:) Nå har vi begge ei konkuranse på gang:) Mange spennte bloggarar der ute nå ja :)
Huff...du spør vanskeleg....
Eg har dessverre ingen spesielle favorittar som julesanagar... Er kansje mest glad i dei gamle eg lærte som jente på Island....
Julekaker er eg heller ikkje så veldig glad i....men eg kan nevne nokre eg eter i jula.
1 Filadelfiakake
2 Islandsk krydderkake ( lagkaka)
3 mjuke julemannar

Har få ønsker til jul som vanleg..
Men likar godt å få bøker som eg kan kose meg med.
Men eg tror mitt største juleønske i år er at eg skulle ønske jula blei som før... at alle roa seg ned, slutta å stresse med gåvehandel, fokuserte meir på kos og familie. Mindre på det materialistiske... Akkurat nå blir eg kvalm av julestresset...
Juleminner.... Ja dei er så klart mange... Men glemmer aldri når eg fekk endelig møte familien min på julaften når eg var 16 år. Da reiste eg frå Norge 24 desember, det var grusomt vær og det tok meg og pappa mange timar å kome oss heim. Mamma og søskena mine venta med julemiddagen varm...det vart seint...men eg får ennå klump i halsen når eg tenker på at eg endelig fekk sjå dei igjen... Tårene renner nå....

Ønska deg ei god helg!!!
Klem

Maria sa...

Det va ei koselig utfordring Astrid!

1. Julesongar
* Mitt hjerte alltid vanker
* Å kunne jeg bare bli barn igjen
* Himlen i min favn

2. Julekaker
(hm... berre 3?!)
* Mintbollar
* Brune pinner
* Kokosmakronar

3. Ønsker
Etter at eg har vorte "eldre" og fått barn sjølv, syns eg ikkje at det ikkje så nøye med oss vaksne lenger. Det er ikkje det at eg ikkje vert glad for julegåvene eg får, men no meiner eg helder at så lenge ungane får gode minner i advendt- og juletida, er det det viktigaste. Men når det er sagt, så ynskjer eg meg veldig ein spark;)

4. Juleminneminne
Spørsmål 3 fekk meg til å tenke på jula 86, då eg var 6 år. Gjennom heile julemiddagen sat godfar og fortalte om kor stor julegåve eg skulle få det året. Den var så stor at den ikkje fekk plass under juletreet, så den sto på loftet. Eg vart sjølvsagt veldig nyskjerrig, og kunne nesten ikkje vente på å få sjå den. Til slutt vart ein av mine gamle tanter så irritert på godfar at ho sa at no fekk det vere nok "terging", og at han fekk ta meg med å finne den. Midt under julemiddagen gjekk vi på loftet, og der på sto ein stor pakke, innepakka i gråpapir. Eg opna opp, i stor spenning, og fekk den finaste barnesparken eg kunne tenke meg! No er dene sparken sjølvsagt for liten, og utslitt, så difor ønsket under spm.3;)

Laila sa...

Heisann Astrid:)Dette må eg vere med på. Koselig med førjulskonkurranse!

Julesangar:
* Det lyser i stille grender
* Julekveldsvisa
* Musevisa

Julekaker:
* Mors hardvaffler
* Julemenn
* Sjakkbrikker

Ønsker for jula:
Som du veit så blir det ei annerledes jul for oss i år. Så mine ønsker er ikkje av jordisk gods. Eg ønsker at mamma mi, som er den beste i verden, skal få ei så god jul som mulig. Eg ønsker at dei gode minna om pappa skal hjelpe oss til å takle sorga vi ber på og eg ønsker å vere ilag med familien min :)

Juleminne:
Dette minnet er frå min tidleg barndom. Då brukte vi å feire jul ut på neset (Sæbøneset) ilag med heile familien, store og små. Vi kunne vere opptil 15 stk på stua hennar Mor. Under juletredet flaut det sølvsagt av julegaver og vi måtte ofte krype under sofaen for å hente dei siste. Kveldens høgdepunkt var då Nissen kom. Onkel Anton tok seg godt ut som nisse med sin naturlege mage. Ein gang satt han seg på ein stol og då den knakk i to visste ikkje vi barna om vi skulle le eller gråte. Desse julene saknar eg, men vi har heldigvis minna og dei er det viktig å ta vare på.

Klem frå Laila

Silje sa...

Dette må eg bli med på :)

1.Julesangar
- O'helga natt
-Julekveldsvisa
-Jul'kortet

2.Kakesortar
-Pepperkaker
-Mamma sine risbollar
-kransekakestenger

3. Til jul ynskjer eg meg selfølgelig mykje rart, men det viktigaste er at alle dei eg kjenner og er glad i har det bra, og at vi kan kose oss ilag!

Er alltid kjekt og spennande når eg ser du har lagt ut nytt innlegg i bloggen din Astrid, ynskjer deg og dine ei super helg!!

Klem Silje :)

Cecilie sa...

Dette må eg hive meg med på.

1. julesongar:
-det hev ei rose sprunge
-o helga natt
-det lyser i stille grender

2. julekaker:
-pepparnøtter
-krumkaker
-sirupsnipper

3. julegaveønsker
Eg har ingen spesielle ønsker, blir glad for dei gåvene eg får.
Eg kunne vel strengt tatt trengt å fornya ein del av pannene min, så blir eg glad for bøker, eg samlar på krystallglas i serien "Finn" så det er også kjærkomne gåver.
Men mest av alt så ynskjer eg meg fred på jord, snilde born, gull og grøne skogar...

4. koseleg juleminne
Då mormora og morfaren min levde, brukte heile familia å vere samla der på julaftan, Vi var faktisk 13 stk på det meste. Vi gjekk til kyrkje og då den var ferdig hadde pappa tent faklar på trappa og det vart spelt julesongar med trompet frå kyrkjetårnet. vi sette oss til bords alle mann og kosa oss med deilig julemat medan vi høyrde kyrkjeklokka kime og ringe jula inn. Når alle var vel forsynt måtte vi "legge lad" då måtte alle strekke fram hendene sine og legge dei i lad oppå kvarandre. (veit ikkje kvifor vi gjorde dette, men kjekt var det iallefall) etterpå var det tid for oppvask så kaffe og kaker før vi endelg kunne gå rundt juletreet og synge minst tre songar før det vart opning av julegåver. Vi var av og til så mange at vi måtte ha to ringar rundt treet.

Lykke til med konkurransa, her blir det nok mange som hiv seg med

CosiFanTutta sa...

Hei du, jeg er med jeg :o)

Tre julesanger :
- Bred dine vide vingar (mulig det bare er en salme, men jeg forbinder den med jul)
- En stjerne skinner i natt
- On the first day og christmas (denne synger vi hver jul i en middagsklubb jeg er med i og det er så morsomt)

Tre kaker :
- Kolakaker
- Hvite kakemenn
- Kokosmakroner

Jeg ønsker meg :
- Remedier til hud og hår
- Klær (gavekort sånt at jeg kan gå på salg)
- Penger på konto :o)
(egosistiske ønsker, hehe)

Vet ikke om alle ville synes det var så koselig minne, men jeg husker det iallefall veldig godt. Sønner var 3 år før han begynte i barnehage og han er ikke døpt og hadde før den tid ikke fått en kristen oppdragelse. Når han kom i barnehagen første gang var det rett før jul. Han kom hjem og var fryktlig fortvilet, for alle i barnehagen hadde fortalt at nissen ikke fantes. Selv om ALLE han spurte hadde sett nissen. Men en som heter GUD finnes, liksom, selv om INGEN han spurte hadde sett han. Har DU sett Gud, mamma
Hehe

Ha en god helg!
-

Monica sa...

Hei!

Blir med på denne:)

1. Julesongar
O'helga Natt
En stjerne skinner i natt
Det lyser i stille grender

2. Julekaker
Julemanna
Konfektkjeks
Serinakaker

3. Juleynskjer
Må berre innrømme at eg ønskar meg veldig eit speilreflekskamera. Bortsett frå det så ynskjer eg meg ei koseleg og fredfylt jul saman med familien min.

4. Juleminne
Huskar spesielt første jula med ei lita tulle på åtte dagar. I år blir ho tretten...Har også mange gode minner fra 1. juledag. Då møttest heile familien min hos farmor og farfar til kaffe. Mykje latter, varme og god mat. Ho laga verdens beste serinakaker:) Dessverre er begge døde no, men minna lever...

God helg!

Line sa...

Hi hi,eg nærmar meg med stormskritt;0)
Godt å høyre at du er litt sånn som meg, for eg har nemleg vore heilt overbevist om at du er ein veldig strukturert student!!
Og ja, eg har veldig lyst til å treffe deg neste gong eg er på heimlege trakter:0)
Kjem sterkare tilbake til utfordringa di...
No skulle eg berre innom å ynskje deg ei super helg og seie at det ligg ei lita oppmerksomheit til deg inne hos meg..
Klem Line

Duften av erteblomster-Vibeke sa...

Hei :o)
Dette er gøy!

1.Julesanger:
*Himlen i min favn
*Salmer er jul for meg, gjerne Lina Sandell
*En stjerne skinner i natt

2.Julekaker:
*Risboller
*Gorokaker
*Myk kransekake

3.Juleønsker:
*Bruke ekstra tid sammen med samboeren min :o)Kose meg!

4.Juleminne:
*Har nok mange gode juleminner men jeg kan ikke komme på et spesielt minne akkurat nå...

Klem Vibeke.

Tove sa...

Kjære Astrid! Snøvar du inne fram i Bjørdalen??? Eg skulle ut med hunden for litt sidan, og måtte presse opp ytterdøra... Huff og huff for ei elendigheit. Eg og Terje skal til Ålesund på kjærstetur med hotellovernatting og greier, men no spørst det om vi må avlyse pga all snøen som må brøytasat...

Dette var forresten ei utfordring etter mitt hjarte, julete som eg er!

Julesongar:
* Det hev ei rose sprunge
* Mitt hjerte alltid vanker
* Fager er jordi (Deilig er jorden)
Alle desse songane betyr av ymse grunnar mykje for meg. I tillegg er eg svak for salmar som høyrer jula til.


Julekaker:
Må innrømme at eg ikkje er så glad i julekaker, her går det mest i gjærbakst. Vi bakar sjølvsagt dei obligatoriske julemannane og peparkakene, men utover det kan eg ikkje skryte på meg så mykje julebakst.

Juleynskjer:
Juleynskja mine er i år, som alle andre år: å få tid til å vere mest mogleg heime med familien. Vi er så mykje på farten resten av året, så i jula kosar vi oss mest mogleg heime. Og så gler eg meg til å få juletreet inn i stova på veslejulaftan, det er ei magisk kjensle...

Juleminne: Mine beste juleminne er knytt til lukter, smakar og andre sterke sanseinntrykk. Lukta av grønsåpevaska hus og granbar, lukta av ribbe, smaken av nøtter, fiken og issjokolade, den intense roa 1. juledag då vi ikkje fekk lov til å gå på besøk til nokon. Og så hugsar eg ei julaft med snødrev og sterk vind, og vi skulle ut til besteforeldra mine etter middag. Det var så dårleg føre at vi ikkje fekk ut bilen, og måtte ta beina fatt. Minnet om den 20 minutt lange spaserturen i totalt stille og mørkre er eitt av mine beste juleminne.

Kos deg i helga - det skal visst verte sol!

Kveldsklem frå Tove

Line sa...

No er eg her att, og klar til å svare på utfordringa di:0)

1.Julesongar
* Julekveldsvisa
* Musevisa
* Det hev ei rose sprunge
Er og veldig svak for Werner Danielsen versjon av O helga natt

2. Julekaker
* Tørre/harde vaflar
* Kanelstenger
* Krumkaker

3. Har ikkje så mange andre ynskjer enn at ungane skal få ei jule som står til deira forventningar, og at vi skal klare å lage til den årlege julelunchen for familie og vener sjølv om det vert ei jul med mykje jobbing.

4. Juleminne
Den årlege juletrehogsten i lag med Pappa(som er vidareført til mine born)Den årlege tradisjonen når vi var små der Pappa alltidt trua med å vente med å ta inn juletreet til julafta...Denne skrekken vart ein årviss tradisjon, men kl 20.00 lisjejulafta var treet komt inn, pynta til kl. 21.00 og då sat me på rekke og rad framfor tven og såg på Grevinnen og Hovmesteren.
Huskar og kosen og dei lange morningane på julafta der me fekk opne ein nøye utvalgt pakke kvar, såg Disneys jul, tre nøtter til Askepott....
Det er ikkje til å kome forbi at utruleg mange av juleminna er knytta til Pappa....
Gratulerer med over 10 000 besøkande, det seier mykje om den flotte bloggen din som eg set så utruleg stor pris på å ha funne...
Klem frå Line

Torunn sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Torunn sa...

Hei,
Denne må ein jo prøve seg på. ;)

1. Julesongar:
* Himlen i min favn
* Mitt hjerte alltid vanker
* Det lyser i stille grender
* Julekveldsvisa

2. Julekaker:
* Julemenn
* Peanøttkaker
* Berit's beste

3. Ønskjer:
* At alle i familien har det bra og får ei fredeleg jul der dei er.
* At min kjære kan få litt fri på nyåret slik at me kan få litt tid i lag...
* Snø

4. Juleminne:
Eg hugsar ikkje kor gamal eg var, men eg var ei lita jente som elska å leike med barbiedukker. Foreldra mine, som ikkje hadde så god råd, og søstrene mine, som er 10 og 11 år eldre enn meg, hadde stelt i stad verdas flottaste julegåve. På juletreet hang det ein nøkkel og så måtte eg finne døra den passa til... Då eg fann døra og opna den stod det verdas flottaste barbiehus på rommet mitt. Pappa hadde snikra det, mamma hadde tapetsert og lagt golvbelegg i lag med søstrene mine. Og søstrene mine hadde sydd gardiner, seng (himmelseng), og "filleryer". Det var eit kjempestort barbiehus! For ikkje lenge sidan henta eg det hos foreldra mine og no står det på vårt "barnerom" (det er der tante- og onkelbarna våre søv når dei er på besøk) og niesene våre gledar seg stort over å få leike med det. Så kjekt når fleire kan gå saman og lage noko som betyr så mykje for ein. Og når ein kan tapetsere og legge golvbelegg og sy ting av rester så vert det ikkje så dyrt, men ei stor gåve for ei lita jente. ;)

Ramme alvor sa...

Eg vert mo av sjno;) her ligg den så vakker og blenkjer i måneskinet i kveld. Vakrare vinterkveld skal du leite lenge etter. For meg gjev snjoen fred i sinnet. Eg roar meg ned og finn kvile. Har de mykje snjo der de bur?

Ynskjer deg ei velsigna helg
Britt

Dagny sa...

Kjekt med slike utfordringar Astrid, no i denne søte førjulstid :-)

Julesongar:
-Juleklokker over jorda
-Himlen i min favn
-Josefs julevise

Julekaker er eigentleg kjekkast å bake, men...:
- Kransekakestenger m.sjokolde
i begge endar
- Sandkake
- Krydderkake med mykje godt i

Og kva eg ønsker meg til jul? Sett vekk i frå ei fredelig, frisk og kvit jul... tja, hadde ikkje vore så verst med ei garasje! Eller ei god bok, eller Mama Mia på dvd...

Juleminne er heile familien samla i stova til farmor, uendeleg ventetid fordi foreldra mine skulle verte ferdige i fjøset, lukta av pinnekjøt som dufta over heile tunet, gangen kring juletreet medan gamle-onkel spela på trekkspel, alle dei flotte gåvene som endeleg kunne pakkast ut og SÅ: Skrekken og redselen når eg måtte på do, for tenk om eg møtte den støyande nissen ute i den iskalde gangen når eg var åleine!!! Eg var livredd, men likevel var det spennande og kjekt.

Ha ein fin kveld :-)

Duften av erteblomster-Vibeke sa...

Hei igjen :o)

Måtte innom for å legge igjen et "bedre" svar på juleminne: det må være blodappelsinene som bestemor ga oss barnebarna når vi var barn og feiret jul sammen....Hun stappet sukkerbit inn i appelsinen og så sugde vi ut saften-mmmmmmm, deilig :o)

Vibeke

Monica sa...

mmm..dinne må me no berre henge oss på da!! He lest gjennom svara her, og de va so koselig å lese!! :)

1.
-Stille natt
-en stjerne skinner i natt
- o helga natt

2.
-puffaris bollar
-pepperkake
-sigarer

3.
I år ønska ej mej baby! :) hehehe... hadde no vår kos om den kom til da, men best for knøttet om h*n venta te over nyttår. ;)

4.
Den va vrien...men ej trur de må være første jula med snuppa og samboer..va liksom so spesielt huska ej å ha sin egen lille famile å dele alt med! :)

Lykke te me førjulstida, kose dokke med baking,pynting og alt som høre med!

~♥~ Monica S sa...

Å kor koselig!
Her må eg berre henge meg på :-)

1 Julesongar
*Du grønne glitrende tre
*Det lyser i stille grender
*Romjuls-visa

2 Julekaker
* kakemenn/julemenn
* pepperkaker
* krumkaker

Juleønske...
mest av alt at alle skal kose seg, julesnø og klarvær... mange koselege romjulskveldar, at ungane vert glade for det dei får, og en liten ting frå gromkaren min :-)
Og det kan være kva som helst berre han har lagt hjertet i det littegrann... :-)

beste juleminna kjem vel frå barndommen, når ein hadde ei lita tru på at nissen fans, og ein var den som fekk MEST gaver ;-) hehe!!
Mitt aller best juleminne måtte være den jula faren min hadde gøymt EI gave til meg.. til etter at alle gavene var opna, og eg var såååå lei meg for at julekvelden var over.... SÅ kom pappa og tok meg i handa og fylgde meg bort til reolen.. og øverst oppe låg ei gave, og inni den låg ei dokke som eg hadde grene fordi eg ikkje fekk tidlegare den hausten.
Det var av typen med mjuk kropp (det var heilt nytt då) Då må du tru jenta vart glad!!!! ikkje berre fekk eg ei ekstra gave etter at eg trudde det var slutt på moroa.. men eg fekk den eg ønska meg aller mest!! :-) jippi!! :-)

No fekk eg lyst til å sei god jul.. men det må vi nesten vente litt til med! ;-)

Monica

Laila sa...

Sjølv takk du..He hatt migrene i dag me...I morga blir det restemiddag her:) Forresten so vart ej nr 1000 på min eigen blogg...Komisk:)

Siren sa...

hehe...ja jeg skjønte at du mente miljøgevinst! ;)Man er jo blitt glad i de juletingene som man har hatt i flere år, så å kunne "stæsje" de opp er bra gjenbruk!

Så, over til utfordringa! Kjempemorsomt tiltak, og jeg hiver meg så klart med! :)

Julesanger:
1. Romjulsdrøm (Prøysen)
2. Julekveldsvisa (Prøysen)
3. When you wish upon a star

Julekaker:
1. Gnekkalefse/hvitlefse
2. Krumkaker
3. Kransekake

Ønsker til jul:
Jeg ønsker meg et gavekort på min favoritt interiørbutikk, eller ei ny krølltang! :)

Juleminne:
Husker veldig godt etter da vi og noen gode naboer hadde nisse i fjøsen til barna. Rundt oss var det tente fjøslykter, og ute var det stjerneklar himmel.

Nå krysser jeg både fingre og tær!;)
Ha en super helg!
:)

MA sa...

Så gøy!! Her kjem mit bidrag :)

1.
-Det lyser i stille grender
-deilig er jorden
-o`helga natt

2.
-mormors sirupsnitter
-kransekakestenger dyppa i sjokolade
-mamma´s fruktkake

3.
-Mitt øske for jula er ein delig kveld med barna, og at vi kan kose oss ilag med deilig mat.. Ønske at min lille på snart 2 klare å sitte i ro ved matbordet, hehe.. Elles ej ønske ej at det blir ei særdeles kvit jul, slik ej å gulla mine kan kose oss mykje i lag i snøen og i skibakke. Kvalitetstid med skattane er det ej ønske meg m ander ord. :)

i mitt lange liv har eg no opplevd eindel juler, vil nok minnast best første jul som mor. med ein gut på nett eit å, kledd opp i dress og tversoversløyfe og i vill jubel over alle gavene.. Deiligt minne :)

Tusen takk for supert initiativ, Astrid :)
Ønske deg ein strålande kveld.

klem, ma

Lill sa...

God morgon i vinterland:)
For en koseleg konkurranse du har laga til, er litt seint ute men vil gjerne vere med eg:))

1. Julesongar
- En sjerne skinner i natt
- Det lyser i stillegrender
- O`Helga natt

2. Julekaker
- Berlinerkransar
- Serenakaker
- Fyrstekake
(alle frå mormors oppskrifter)

3. Ønske
- Ynskjer så inderleg at Silje kjem seg trygt heim frå USA (blir førjulsynskje det), og ei fredfull og roleg JUL til alle:) At vi bremsar litt på krava både til oss sjølve og til den store høgtida vi snart går inn i. Ynskjer veldig at sonen min skal kome heim til jul og ha med seg bornebornet mitt, eg er så heldig at eg er farmor:))

4. Juleminne
Borndommens JUL der eg, mamma og pappa pynta, bakte og kosa oss. Eg kjem frå ei lita familie og på morssida var det berre eg som var born. Eg ynskja alltid ei syster eller bror til jul. No gjekk det ikkje slik, og ein sit att åleine når alle kjære er borte. Men minnane er der, og i Jula blir dei ekstra sterke.

Ha ei flott veke Astrid.
Smil og klem frå Lill i vinterland

Fivrel sa...

Trivelege bilete du har lagt ut - det er verkeleg den typen jolepynt eg au har sansen for, den duse, ljose, nostalgisk romantiske. Langt frå dei glorete, blinkande, jolesong-syngande nissane ein ser så alt for mange av på kjøpesenter og andre styggedoms-stadar her i hovudstaden.

Så til utfordringa!

1.
Det hev ei rose sprunge
Fager er jordi
Det lyser i stille grender

Dei to fyrste songane er berre vakre, så vakre at tårene veller fram i augo, så vakre at ein høyrer englekor og kjenner alle vonde og gode kjensler blande seg i bringa samstundes og gjere ein veik og sterk på same tid.

Den siste fordi me allstøtt song slik, eg og mor mi, når me gjekk vegen kring den vesle grenda vår i desember, og kika på alle dei koselege ljosa i glasa, adventsstjerner og fjøsljos og sa "sjå så triveleg det ser ut, skal tru kven som er så heldig å bu der?" medan me peika på huset vårt. Tindrande ljos og kjensla av varm stoge som venta kalde kjakar når turen var over.

2.
Rosinkake (store, runde, godt steikte jolekaker av kveitedeig med mykje smør og mykje rosiner, etne nysteikte og varme med smør på ;-) O lukke.

Delfia-kake (farlig, farlig men herlig, herlig..)

Peparkaker. For det må ein jo berre ha.

3. Ei fredfull og varm jolehøgtid saman med dei menneska eg er aller mest glad i. Jolesnjor og gnistrande kalde kveldar. Og i tradisjonen: Sledetur med fjordingen nord i skogen, med dombjøller og saueskinn for å hente joletreet lislejolepdagjen.
Altså: At det skal vere som det allstøtt plar vere. Same procedure ;-)

Dette siste er også eit av mine beste Joleminne: Turane med Sylvinn-hesten i det kvite landskapet, med sluffa som gofa bruka, med saueskinna og dei varme kleda godt pakka rundt kroppen.

Ein lodden, stødig hest, rolege og faste steg bortover den snøkledde vegen. Eimen av høy og fjøs, lyden av bjøllene på hesteryggen. Kjensla av høgtid i bygda.

Medan eg og far min leitar etter treet i skogen, står hesten med mulen djupt nede i striesekken og et høyet sitt. Ingen grunn til å binde han fast, han står han, og ventar. Og et. Og kikar etter oss.

Når me kjem att tek han eit godt jafs av treet for å kjenne etter om det er som det skal vere. Det er det, og vegen heim er fylt av granlukt og den snøgge gangen åt ein glad hest som har øyro spissa mot heimen og stallen. Han veit ei fredfull kveldsstund ventar i stall og fjøs, for hest, høner, kaninar og sauer, der krubbene berre vert fylte av det aller beste - høyet frå blomeenga nord i skogbrynet, lauvkjerra, og dei kløyvde søtepla.

Det er stilt, gjennom det lette snjofallet angar det av omnsrøyk og bjørkeved, og frå sør i bygda kan ein høyre ein veik tone av kyrkjeklokkene. Det er Høgtid. Jol.

Nikoline sa...

Dette vil eg så klart vera med på!
1.Julesangar
*Det lyser i stille grender
*Mary`s Boychild
*Julekveldsvisa

2.Julekaker
*Kakemannar frå Fellesbakeriet
*Kransekake
*Nordlandslefser

3.Julegåveynskje
*Boka til Ole Didrik Lærum
*Boka til Joralf Gjerstad,Snåsamannen

4.Juleminne
Då vil eg velgja minnet frå barneåra.Klokka 3 julaftan gjekk me ut på tunet,ferdig julekledde,for å høyra kyrkjeklokkene ringde jula inn.Me sto høgtidsstemde på tunet til siste klokketonen svann,då fekk me inn i stova for å sjå juletreet ferdig pynta.Julehefter,frukt og nøter var sett fram,lysa var tende og det lukta jul. Denne lukta kan eg framleis kjenna når eg blundar att og let minna siga inn.

Marie sa...

Sjølvsagt tar eg denne utfordringa :)
Julesongar;
Her hos oss syng med mange julesongar julafta. Etter julemiddagen og før gåvene sit heile familien og syng. Heilt fram til for to tre år sidan gjekk me alltid rundt juletreet, men sidan alle no er vaksne og i tillegg er alle mette og trøytte når me kjem så langt på dagen samlar me oss i sofaen.

Julesongen over alle for meg er Jeg er så glad hver julekveld. Alle versa MÅ vere med!
Vanskeleg å velge dei neste for det er så mange eg er glad i, men trur det må bli Det lyser i stille grender og Deilig er jorden.

Favoritt julekaker:
Serinakaker,
Vepsebol (marengs med malte nøtter, riven kokesjokolade og kokus)
Konfektkaker (kjeks med hakka sjokolade og hakka nøtter)


Julegåveynskje;
musikk,
bok om fotografering,
saueskinn til å ha under beina når eg sit med dataen (golvkalt i det gamle huset vårt)

Koseleg juleminne;
Det må vere då eg var lita og heile familien gjekk rundt treet og song julesongar saman. Me lærte alle versa på dei fleste julesongane. Synest eg høyrer far si klare røyst og kjenner den harde arbeidshanda hans i mi... Verdifulle og gode minne. Kvar kveld i romjula gjekk me rundt treet før me kosa oss med frukt og nøtter. Må hugse at det var heilt andre tider då, det var lite pengar hos oss og frukt var ikkje dagligdags.

Eit nærare juleminne var då eg i -84 kom heim med vesleguten vår på juleafta, han er fødd 20. desember. Heime venta pappa og to storesøstre. Ikkje så mykje julepynt som vanleg, men juletreet hadde jentene pynta med litt hjelp. Trur det har vore mi beste jul til no.

Dette var litt om meg :)

mali-mo sa...

Jeg er med!

Julesanger:
- Det lyser i stille grender
- Det hev ei rose sprunge
- Stille natt, hellige natt

Julekaker:
- Mammas gaffeltrykkere (lurer på hva de egentlig heter...det får bli et blogginnlegg)
- cognackuler (er vel egentlig ingen kake,men hjemmelaget er de...)
- berlinerkranser

Juleønsker:
- at meg og mine får en rolig og fredelig juletid sammen, uten stress og kjas og mas...
- at 2009 blir et like godt år som 2008 har vært
- og et sparer jeg i tilfelle noe spesielt skulle dukke opp ;)


Beste juleminne? Jo...det er vel flere. To jeg kommer på sånn aller først i forbifarten: Første jul da jeg og minmann var kjærester. Han jobbet og bodde i Sogn på den tiden, og jeg i Bergen. Julaften kom han kjørende i en lånt mat-transport bil, i snøføyke, klokken 2 om natten. Etter jobb og med kolonnekjøring og stengte veier. It's love!!!!

Ellers var det å oppleve lillemaliens første jul, bare noen dager gammel. DET var en julegave det!

Tofo sa...

Havnet tilfeldigvis inne på denne flotte bloggen din!
Tenkte eg måtte være med på konkurransen når eg først stakk innom.
1.Julesanger:
- Tenn lys.
- En stjerne skinner i natt.
- det lyser i stille grender.
2. julekaker:
- Sirupsspekelasi
- Bordstabler
- Smørkranser.
3. Ønsker til jul:
Egentlig ønsker jeg bare at vi skal få en koselig jul sammen med familien, og at alle får være friske. Og så Mamma Mia DVD! Hihi.
4. juleminne:
Tja, det må vel være første julen etter vi fikk barn. Datteren vår var 5 uker første julaften, og jeg syns alt bare var herlighet og glede!
Nå skal jeg kose meg litt med gamle innlegg på siden din!
:)

BakkeTone sa...

Klare ikkje å la vær å prøve :)..

Julesonga:
-En stjerne skinner i natt
-O helga natt
-Jeg så mamma kysse nissen

2. Julekake:
- Kromkaker
- Sirupsnitter
- Kokosmakroner

3. Det ej ønska mej til jul e at ho mamma skal få reise heim en tur fra sein/nattevakta si på ambulanse, slik ho fe være litt ilag med oss :)

4. Juleminna mine kjeme fram kvart år. Det ej minnast best frå jula e når ribbelukta kjem i hus, å juletallerkenane na mamma kjeme på bordet! Snøen dala ned, lysa glitra frå treda og heile familien samlast :)

Fortsatt lykke til med konkurransen :)

Pernille sa...

Så koselig konkurranse. Jeg må bare prøve meg om jeg får lov;)

1. Julesanger
* Julekveldsvisa
* O helga natt
* Ei stjerne som skinner i natt

2. Julekaker
* Pepperkake
* Kromkake
* Marmorkake (mamma's oppskrift)

3. Jeg ønsker meg mest av alt en deilig og koselig jul med min familie og masse snø:) (+ ei linse til kameraet;))

4. Juleminner
Det må være de gode minnene om den store koselige julenissen som kom år etter år akkurat da pappa gikk over til broren sin med julegave;) Og forventningene til strømpen på sengkanten:)

Lykke til med den koselige konkurransen:)

Klem fra Pernille

PS: Kjempekoselig blogg:)

Monika sa...

Heisan - såg du hadde ei utfordring , trekning - så eghiver eg på -selv om eg ALDRI vinner :)

1 julesanger
Her er ingen favoritt - men Smokine har noen veldig fine

2 Julekaker
Lefser til jul hører til her
Julemanna er også godt
risboller er også ein stor favoritt

3. ønsker til jul
Eg har aLT og litt til
Tid sammen med fam, og venner
Tid til å få nye venner
Tid til meg selv. tid til å gå turer, kose meg på syrommmet
og eit håp om at eg blir frisk og slipper fleire runder med smerte og sjukehus :)

4. juleminner
Minner er godt å ha - og med tiden lager ein seg nye minner
Men jula sammen med bestemor og bestefar var gode minner - og da bestefar døde 22. desember eit år - sleit eg lenge med å finne tilbake til juleroen og mine minner
Men med tiden går det bedre, og no har eg mange fine minner om ei flotte jul
Smil fra monika

Sol sa...

Heia. Jeg hadde ikke lagt merke til denne "konkurransen" jeg,så det var fint at du minnet oss på det. jeg vil gjerne være med.
1.Julesanger
-Det hev ei rose sprunge
-Jeg er så glad hver julekveld
-Julekveldsvise
2.Julekaker
-Sirupssnipper
-Julebrød
-Krumkaker med multekrem
3.Ønsker
-Jeg pleier ikke å ønske meg så mye til jul. Liker å få gaver,men liker også veldig godt å gi.Men i år ønsker jeg meg et nytt kamera og ny tlf. Regner ikke med å få det,men man kan jo ønske seg...
4. Juleminner
-Siden jeg mistet faren min da han bare var 52 har ikke julen vært det samme. Så minner må være alle julene jeg har vært sammen med mamma og pappa. Pappa likte så godt jula, og lagde en god stemning i huset....
HVis jeg skal minnes en spesiell jul må det være den første julen etter at sønnen vår ble født. Han er født tre uker før jul, og det var en vidunderlig opplevelse å feire jul med en tre uker gammel baby....For en julepresang!

Anonym sa...

Heisann! :) I siste liten...
Julesongar
# Det lyser i stille grender
# Det hev ei rose sprunge
# Å en amerikansk: The Christmas song

Julekaker
#Julemannja
#Lefser
#Konfektkake ( er litt tradisjonell kan ein trygt seie;)

Eg ynskjer meg aller mest ei fredfull jul saman med mine, Men eg ynskjer meg også nye øredobbar, nattkjole, eit nytt bilete, vaffeljarn, og opplevelsar av ymse slag( fjelltur med niste saman med gode vener, kino, osv)

Eg har sagt det før og seier det igjen: Du har ein flott blogg! :) Mykje kjekk lesing som gjev rom for ettertanke! :)

Gode helsingar frå Elisabeth

Aina sa...

Mange besøkende, så kjekt.
Koselig utfordring så den må en delta i, her er mine svar.

Julesanger:
Helga natt
Deilig er jorden
Det lyser i stille grender

Julekaker:
Krumkaker,
Delfiakake
Pepperkaker(hjemmbakte)

Juleønsker:
Familie og venner skal holde seg friske og ha det bra.
Og kanskje en aldri så liten broderimaskin til meg;-D

Juleminner:
Har jo massevis, et av de artigste er fra da jeg var liten og fikk to nisser på besøk. De skulle få klem da de dro og da sa jeg at det luktet D.... ?
Kjente igjen naboene på lukta hehe...det skal nevnes at de luktet godt!

Eller da jeg banket på vinduet og ropte: "nisse, nisse jeg er her" da jeg så en på vei til et av nabohusene, men det husker jeg ikke selv, bare gjenfortalt av foreldrene mine mange ganger og derfor blitt et artig minne.

Førjulsklem fra Aina.