torsdag 28. august 2008

Om TID



Mykje kan seiast om tid.

I dag snakkar dei fleste om "dårleg tid", "har ikkje tid", "tida går så fort", "tidsklemma" osv.

Men er det verkeleg slik at nokre har mindre tid enn andre? For all del, eg skjønar godt at ein av og til kan få kjensla av at ein ikkje har "nok" tid, men heilt matematisk sett har vel alle like mange timar i døgnet. Ein annan ting er korleis ein vel å prioritere desse timane ein har til disposisjon...


Her til lands er det frykteleg viktig å fylgje klokka, viss ein ikkje gjer det kan det meste gå gale. For vi har tidsfristar over alt; på jobb, på skulen, diverse avtalar som skal haldast, fly og tog som vi skal nå, legetimar, frisørtimar og andre timar. Dagsrevyen, sportsrevyen, Hotel Cæsar og andre såper på tv som vi skal sjå (dette gjeld sjølvsagt ikkje meg vel og merke, då eg ikkje er særleg oppteken av det som rullar på tv-skjermen).

For ikkje å snakke om alle treningstidene som skal haldast greie på! Bl.a. fotball, handball, symjing, ski, riding, ballett, speidar, kor, leikarring, helsestudio, bedriftsfotball, spinning, step, bosu, yoga, you name it...

Så skal vi ha tid til familie, vener og sjølvsagt blogging! (I den rekkefylgja ja...;))

Ikkje rart at vi har fått eit samfunn med utbrende slitarar fulle av dårleg samvit, nettopp på grunn av at tida ikkje strekk til!!!

Tru meg når eg seier at eg er redd. Redd for at denne fryktelige tidsklemma skal kome å bite seg rundt meg, halde meg fast i sitt harde grep! Tenk om ho knip meg så hardt at eg ikkje evnar å sjå kva prioriteringar som er viktigast her i livet! Eg skjelv berre ved tanken!!! Heilt sant!

Tida er noko av det mest dyrbare vi har, det gjeld berre å bruke den rett.

Og kva som er rett må nok vere opp til kvar einskild å svare på...



(Bileta er av kjøkkenklokka mi. Den er noko av mitt kjæraste arvegods, den tilhøyrde besteforeldra mine som budde i huset her før oss. Etter at vi pussa opp huset, hengde eg klokka opp på veggen igjen, omtrent på same plassen som den hadde før. Ein ting var sikkert: Det var aldri dårleg tid i bestemor sitt kjøkken:) )







8 kommentarer:

Tove sa...

Wow - you amaze me!!!!! Berre ein kort liten kommentar frå meg, eg er på jobb og ugleauger er rundt meg alle stadar og lurer på kvifor eg bloggar og ikkje jobbar..... Det var denne tida, ja... Snart matfriminutt - og snart helg!

Unknown sa...

Hei, takk for trivelig kommentar!
For en flott frilufts familie du har! Vi er ikke fullt så flinke på turer...men gjør mye annet morsomt! (sa samvittigheten min...)
Jeg linker deg, jeg.hvis det er ok!??

Monika sa...

Heisan
Takk for koselig komentar på bloggen min - JA dei er jo så søte når dei er så små -dei kalvene
og JEPP kuer ER kloke dyr - ogveit som regel kva dei vil og noen korleis dei skal få det slik dei vil også :-)
Ja den tida er ikkje lett å gjøre noe med - desverre
DA eg flytta hit inn i dalen - mista eg klokka mi - og den er ennda ikkje kommet på igjen 22 år etterpå.
Tida ligger inni meg - selfølgeli MÅ eg også følge noen tider, men eg prøver så godt eg kan å leve med tiden og ikkje mot tiden
Og her i huset bruker eg mye video - til å ta opp - og så ser eg litt når eg har tid ;-)
Men sæsar MÅ eg se
Smil fra monika

Dagny- Heim sa...

Her hadde du utruleg mange gode poeng!!! Får panikkkjensle av og til når klokka har slukt for mange timar og alt eg skulle gjere framleis står i kø. Spesielt på jobb...
Og når ein les alle dei flotte bloggane skulle ein tru at veldig mange har fått utdelt fleire timar i døgnet enn ein sjølv. Men vi har vel ei evne til berre å vise fram det vellukka og kjekke :-)

Hmmm...der fekk eg ein blogge-idé!

sa...

Du har så rett så rett i det du skriver i dette innlegget ditt Astrid! Flotte & spreke dere er da :) I gamle dager var det helt annerledes, husker hun gamle nabodamen hvor rolig, koselig og hvor GOD TID hun hadde til meg da jeg var 5 år og kom for å hilse på henne! God Helg, Nyt hvert minutt :)

Hilsen fra meg

Torunn sa...

Mens jeg leser innlegget ditt finner jeg meg plutselig sittende i det som var min mormors kjøkken. Der var det heller aldri snakk om ikke å ha tid.....

Du har så rett i alt du sier. Men det værste syns jeg likevel er alle de foreldra som ikke har tid til barna sine! SÅ mange som er overlatt til seg selv både sent og tidlig. SÅ mange som ikke har mamma eller pappa på tribunen når de spiller kamp og SÅ mange som ikke engang har noen som forventer at de er hjemme til et bestemt tidspunkt(ja, for noen ganger er det selvfølgelig trygt med klokka også ;-))

Nyt lørdagskvelden og bruk tiden på det som er viktig .-).

Anna Lisa sa...

Hei:) Nå har eg kjika i bloggen din. Den er veldig koselig med masse fine bilder.
Takk for hyggelig helsing i bloggen min:)
Ha ei fin helg vidare.
Klem

Den gamle stil-de svunne tider...VINTAGE sa...

Oi, så herlig blogg du har !!!
Nå har jeg bladd meg nedover og sett på bilder og innlegg, og du har virkelig forstått hva som er viktig her i livet føler jeg.Ta vare på nuet og være glad for slik vi har fått det.Du er heldig som har fått 4 barn...jeg elskar tiden med mine 4...og det kan være voldsomt av og til -men jeg ville ikke hatt det annerledes nei.Lykke til videre....fine tur-bilder !!!