måndag 19. januar 2009

Bloggen min i avisa!

Blogging vekkjer oppsikt!

034

For om lag to veker sidan vart eg oppringt frå Voldingane si lokalavis "Møre". Ei hyggeleg stemme i telefonen spurte meg om det var eg som hadde bloggen "Frå eit A4-liv" ? Jau, det var då det:) Dama eg snakka med spurte om det var greit at ho kunne få presentere bloggen min i avisa og låne bilete derifrå, til slutt vart eg stilt nokre spørsmål. Eg sa at det burde då vere greit, sidan bloggen min ligg open for heile verda, så må den då kunne tole eit oppslag i ei av dei lokale avisene:)

Ettersom det har kome ei stor blogge-bølgje i Ørsta/Volda området med stadig nye bloggarar, ville "Møre" presentere eit utval av bloggar frå Volda og Ørsta kvar laurdag framover.

Lite visste eg om at eg med min blogg skulle verte både framside- og dobbelt midtsidestoff i laurdagsutgåva til nabokommuna si lokalavis! Eg hadde nok meir sett føre meg ein liten artikkel gøymd mellom lokale politiske diskusjonar og spalter med NPK-nyhende, så overraskinga var stor då eg såg ansiktet mitt på framsida av avisa same kvar eg skulle denne dagen; på jobb, besinstasjonen og i daglegvarebutikken. Ikkje det at eg vart irritert, berre overraska over storleiken på oppslaget:)

031  038

Eg har fått mange positive kommentarar på oppslaget i avisa, og dei som ikkje synest fullt så mykje om det let nok vere å nemne noko om det.

Som så ofte så er det gjerne ein sjølv som les teksta/intervjuet med dei mest kritiske brillene på. Står der noko som har vorte feiltolka, noko som er trekt ut av ein samanheng? Det er ikkje lett å få med seg alt som vert sagt i eit intervju, kanskje spesielt vanskeleg i eit telefonintervju. Eg synest at det var ein fin artikkel, der mykje av teksta var henta rett frå bloggen min. Eit par ting vil eg likevel kommentere (for dei som kanskje har lese artikkelen):

Der står noko om dette med å legge ut informasjon og bilete av familien, med tanke på at folk kan misbruke bileta;

"Etter mykje tenking kom eg fram til at det er så pass mange som gjer det, så eg bestemte meg for at det gjekk greitt. Men eg har tenkt nøye over det, så folk ikkje trur eg er heilt dum" 

Eg kjende meg ikkje heilt igjen i fråsegna, spesielt det med at "det er så mange andre som gjer det, difor fann eg ut at det var greitt". Men, men slik står det no, eg klandrar ikkje den som skreiv artikkelen, eg kunne nok kanskje ha spurt om å få lese korrektur før det vart publisert, noko eg skal tenke på til ein eventuell neste gong:)

Kan hende forklarte eg meg litt vanskeleg over telefon, men det eg ville presisere var at eg er kritisk til kva type bilete og informasjon eg vel å legge ut på nettet.

Eg har tenkt litt att og fram når det gjeld heile blogginga generelt. Skal det bloggast frå denne kanten, så vert det ein blogg med mange aspekt frå livet, då vert det naturleg å ta med både bilete, sjølvopplevde erfaringar, personlege meiningar og kjensler. Eg er klar over at der er ein viss fare for at data som ligg på nettet kan verte misbrukt av folk med lite hyggelege intensjonar. Bloggen ligg på verdsveven open for alle, sånn sett når den ut til større delar av verda enn ei lokalavis. Eg har både lest og høyrt om folk som har vorte misbrukt på nettet, der misbrukarane faktisk ikkje har hatt meir å nytte seg av enn eit profilbilete av eit ansikt og ein fødselsdato. Sånn sett er det ikkje lett å heilgardere seg mot noko her i livet. Vel ein å ha ein profil anten på facebook, nettby, blogger, m.m. så er ein meir eller mindre utsett for at andre kan misbruke bilete og data.

Det eg også nemnde, var at eventuelle misbrukarar kan nytte seg av fleire forum enn blogg dersom dei vil få tak i bilete og andre data, som til dømes aviser og andre tidsskrifter på nett. Det har vorte vanleg at blant anna lokalaviser opnar opp for at lesarar kan legge inn eigne bilete på diverse bildegalleri. Her finn ein mange bilete med fullt namn, og av og til alder på vedkomande. Sommarstida er det ikkje sjeldan å sjå bilete av ungar på stranda, ofte lettkledde eller nakne. Slike bilete er eg redd kan trigge dei som kanskje er sjuke nok til å misbruke bileta.

Det er nok ikkje lett å trekke ut ei setning som ein konklusjon ut av alt dette, som igjen skal publiserast i ein artikkel, det har eg forståing for. Eg hadde likevel lyst til å få fram at eg legg ikkje ut bilete og informasjon på bloggen som resultat av ein konklusjon; "greitt å gjere fordi det er såpass mange andre som gjer det".

Då framstår eg faktisk som det motsette av det som var tanken bak setninga. Ganske naiv og kanskje litt dum? :)

 

038

Vel ein å vere synleg må ein vere budd til å ta konsekvensane av det, det er vel noko av det eg også ville vise at eg har tenkt igjennom. Det håpar eg at dei som har lese litt på bloggen min har fått med seg. Vi er alle ulike, med ulike grader av openheit og anonymitet. Eg meinar at ein ikkje nødvendigvis er meir naiv dersom ein vel å dele bilete, kjensler og tankar, enn dei som ikkje gjer det. 

Diskusjonen om kva som er rett eller gale, naivt eller smart, dumt eller klokt å gjere når ein vel å vere synleg på verdsveven, kan nok verte lang, likeeins er det nok mange meiningar om dette. Det skal eg ikkje skrive noko meir om no:)

Fire x fem!

I går fekk eg ei utfordring frå Tove, den skal eg prøve å svare på no.

4 Favorittprogram på TV:

Eg ser svært lite på tv, så her må eg nok putte inn program som eg har sett på/fylgt med på tidlegare...

  • "So you think you can dance?"
  • "Dansefeber"
  • "71* Nord"
  • Div. oppussingsprogram når eg kjem på det.

4 Ting eg gjorde i går:

  • Såg Synne spele handballkamp i Voldahallen.
  • Rydda og vaska etter ei hektisk veke med lite og inkje husarbeid.
  • Leita fram pensum og laga meg ein leseplan.
  • Var på ein liten fotosafari ute i lag med den store blesten.
063

4 ting eg ser fram til:

  • Å vere ferdig med eksamen i vitskapsteori...
  • Praksis på helsestasjonen
  • Å få reparert stabburstaket, før den store blesten tek det med seg til dunders!
  • Mange skiturar, med årets Grotlirenn som høgdepunkt og avslutning på skisesongen.

n1231626682_10120_9016 ørstafjord

4 Favorittrestaurantar:

Her må eg nok melde pass. Kjem ikkje på nokon favoritt, har ikkje så godt utval å velje frå heller. Den beste maten får eg heime, anten her eller hjå andre.

4 ting på ønskelista mi:

n1231626682_70270_795- fotar

  • Om det går an; livsvarig god helse til alle rundt meg!
  • Dobbel garasje.
  • At eksamenane mine går smertefritt, gjerne med gode resultat!
  • Fine skiforhald og fint vintervêr heilt til påska er over:)

n1231626682_10139_8576 kvanndal

Eg sender utfordringa vidare til desse fire:

Eg må også nemne at eg er så takksam for alle dei fine utmerkingane som eg har fått!

Det kjem eit takke-innlegg om ikkje så lenge:)

fredag 16. januar 2009

Mama mia :)

Abba-Stine 006 

Med jamne mellomrom dukkar det opp hyggelege bursdagsinvitasjonar i skulesekkane og i barnehagemappene.

Ikkje ukjent er det når bursdagsfeiringane er lagt opp med eit spesielt tema.

"Pysjamas-bursdag", "Bad-taste-bursdag", "Baby-bursdag", for å nemne nokre.

Denne gongen var det for meg, ein ny variant på invitasjonen til Runa si bursdagsfeiring:)

Mama-mia-bursdag!

  Abba-Stine 007

Når ein skal i Mama-mia selskap har ein høve til å kle seg ut :D

¤

Stine veit kven som er rette dama å spørje når det gjeld utkledning;)

Stine veit at denne dama samlar på dei raraste ting.

Stine veit at denne dama har sko og kle for ei kvar utklednings-anledning.

Stine veit at denne dama tek på seg hovudlykt, boblekåpe og tøflar, og luffar seg ut døra med stor iver og barnsleg glede for å leite etter "kostyme" i eit kaldt og mørklagt stabbur.

Stine veit at denne dama er litt streng når ho seier at "du må passe godt på tinga dine/mine/våre, då har du/eg/vi glede av dei -leeenge!"

Stine veit at denne dama vert glad for at det er andre enn ho sjølv som likar å kle seg ut når anledninga byd seg:)

¤

Abba-Stine 001

Trass i at nesten alle plagga var fleire nummer for store for Stine,

så var det ei særs nøgd jente som for avgarde til Mama-mia-party denne kvelden.

(Ibiza-Buffalo skoa og parykken var vel det einaste som passa i størrelsen;) ) 

Abba-Stine 008

Jenta var ikkje mindre nøgd då ho kom heim og fortalde om kor kjekt dei hadde hatt det:)

Song og dans, stropl og vas

-akkurat slik det skal vere når veninner kosar seg i lag!

Litt ekstra stoltheit var det å spore då Stine fortalde at det hadde vore premiering for "beste kostyme";)

 

torsdag 15. januar 2009

DIN VEG

første snøven nov 08 035

Ingen har varda den vegen du skal gå

ut i det ukjende, ut i det blå.

 

Dette er din veg.

Berre du skal gå han,og det er uråd å snu.

 

Og ikkje vardar du vegen, du hell.

Og vinden stryk ut ditt far i aude fjell.

 

Olav H.Hauge

laurdag 10. januar 2009

Tradisjon til glede for søthungrige gullungar:)

Ein av mange førjulstradisjonar er blant anna det å bake julekaker, helst sju sortar.

Julemenn, pepparkaker, hardevafler, brune pinnar, krumkaker, sirupsnippar, risbollar er nokre av favorittane, men i tillegg til alle desse småkakene som gradvis forsvinn på mystisk vis allereie halvvegs i julefeiringa, så har vi noko juleknask som er freda til vi bikkar over i eit nytt år: pepparkakehus:)

Eg kan dessverre ikkje skryte på meg eit flott, eigendesigna og sjølvlaga pepparkakehus, sjølv om eg helst skulle ynskje at det var det eg kunne vise fram til alle våre julegjestar -og ikkje minst her på bloggen! Kanskje til neste år...? ;) Det ligg allereie ei oppskrift med fine byggmonteringsplansjar til eit kjempeflott stabbur i oppskriftsboka mi -det hadde vore noko å ha på stas i "Bestastova"!

 Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 017 Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 011

Å PYNTE pepparkakehus går som ein leik når ein har ivrige barnehender som vil hjelpe til. Litt verre var det då huset skulle monterast...det kan nemnast at vi måtte til med litt ekstra "fugemasse" undervegs grunna eit par arbeidsuhell, men, men slik må ein gjerne rekne med.

Vi hadde heldegvis rikeleg med stæsj til å pynte huset med, som de kan sjå så var det ikkje all pynten som kom seg så langt som til huset:-D

(Fantefjes er slikt som er heilt vanleg når ungane vert merksame på at dei er fotoobjekt, slik som Elisa vart her...)

Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 013

Pepparkakehuset vårt fekk stå i fred heile jula, faktisk heilt til 8.januar. Denne dagen var heile familien samla slik at alle skulle få kvar sin smak av huset.

Når ti ivrige barnehender kappast om å hente eitt pepparkakehus, ja då er oddsa høge for at dette skal gå problemfritt... Huset gjekk i golvet meir enn ein gong på ferda gjennom dei tre stovene, tårer måtte tørkast og mor enda opp med å bruke strengestemma:/ Ein litt trasig start på det som skulle vere ei kjekk oppleving. Heldigvis så vart uhella fort gløymde og det var seks blide og forventningsfulle som kika opp då eg ba om eit bilete:) Bortsett frå Linnea då, som sikkert ikkje forstod så mykje av det heile.

Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 366 

KLAR - FERDIG - KNUS ! ! !

Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 367 

 Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 369Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 370

Synne passar på at Linnea ikkje får i seg seigmenn og non-stop, men nokre smular fekk ho lov til å smake på:)   Vesle Gollemor er høgt og lågt for tida og ein dag tidlegare i veka datt ho slik at ho kutta seg under auget:(   Det var ikkje godt å seie om det var mor eller dotter som felte flest tårer då..;(

Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 373Førjul, jul, bursdag L. nyttår, 5.årsdag 372

Elisa og Stine i ein intern-humor episode. Fire års aldersforskjel jamnar seg ut for kvart år:) Matias og Eirik var snare å forsyne seg med dei bitane som hadde seigmenn på seg.

På under ti minutt var pepparkakehuset stort sett oppete, berre dei bitane utan pynt på låg att, dei var det visst ingen som ville ha.

torsdag 8. januar 2009

Eit forsøk på litt oppklaring:

Tusen takk for ALLE tilbakemeldingane på innlegget mitt i går!

Før eg skriv noko meir må eg understreke at eg vert spesielt glad for at de kommenterar det som ligg dykk på hjartet, og med det meinar eg at det er bra at også dei som er ueinige seier i frå når dei er det! :)

Eg ser meg likevel nøydd til å skrive eit litt oppklarande innlegg, då eg tydelegvis har ordlagt meg litt upresist her og der.

Alt i teksta er tufta på mine/våre tankar. Eg har til dømes skrive om kva som eg/vi (eg og min husbond) stiller oss spørsmål om, kva vi synest er fornuftig og ikkje, kva vi vel å gjere i vår familie, osv.

Eg må beklage på det sterkaste om eg har formulert meg som at eg/vi gjer "alt rett", har løysingar på det meste og er betre enn dei fleste. Det kan eg ikkje late stå uoppklara. Vi har som dei fleste andre; "våre mange feil og manglar", eller svakheiter som eg heller vil kalle det:) 

Det eg prøvar å få fram er vel meir i retning av at vi strevar etter å gjere det beste for våre ungar og vår familie; det beste vurdert utifrå vår sin ståstad. Slik er vi nok ikkje så veldig ulike nokon av oss, vi handlar vel alle utifrå det ein trur er det beste. Difor må andre sjølvsagt få gjere akkurat som dei vil, det skal ikkje eg blande meg bort i noko meir enn at eg har tankar om det eg ser og høyrer rundt meg, både sjølverfart, men mest av alt gjennom media, der ein kan få eit visst inntrykk av utviklinga av dagens samfunn . På mange vis så vert eg skremd over media si makt og påverknad, det er så lett å surfe med på same bølga som alle andre, og det eg er redd for i den samanheng er at vi ikkje tek oss tid til å stoppe opp og verkeleg tenke etter om vi verkeleg vil vere med på bølga eller ikkje?

¤

Når det gjeld valet vårt angåande fyrverkeri, så har vi fortsatt tankar om at vi skulle ønske at fleire gjer som oss. MEN det er ikkje dermed sagt at vi ikkje respekterar andre sine val. Eg meinar at det må vere mogleg å vere sterkt ueinig og samstundes ha respekt for at andre ikkje meinar det same:) Respekt for mangfaldet ser eg på som svært viktig, i alle samanhengar! Takk for påminninga, eg ser i ettertid at akkurat det burde vore presisert i innlegget under.

Ein annan kommentar som eg synest var så flott var denne:

For noen år siden var jeg så heldig å overvære verdensmesterskap i fyrverkeri. Jeg fikk se Kinas bidrag - og det var fyrverkeri det! Går ikke an å sammenligne med det som vi har her på nyttårsaften. Her var det ikke snakk om enkle smell og mye pang, her var det rene kunstverk på himmelen. Det var feks motiver som trær o.l. Helt fantastisk!
Etter det har jeg syntes at feks kommunen burde stå for et flott fyrverkeri, og at det burde bli forbud for andre. Men jeg synes ikke at man skulle ta bort gleden ved fyrverkeri, det er mye annet som også er sløsing - men som vi mennesker bruker for å glede oss. Fyrverkeri er noe som gleder fattig og rik.

Dette er eg nok ganske så einig i, tusen takk for kommentaren :)

Eg har ikkje med innlegget under meint verken å vere formanande, betrevitande eller fordømande.

Dette er berre ei utlufting av tankar som eg har gjort meg, og som eg hadde lyst til å dele med fleire. Vi er sjølvsagt alle ulike; med kvar våre verdiar, oppfatningar, meiningar og tankar kring det meste. Dette bør vi sjølvsagt akseptere, sjølv om det er lett å legge seg bort i ting som ein har andre meiningar om, meg sjølv inkludert i aller høgste grad;)

Som alltid når ein les noko som andre har skrive; kan det skrivne ord verte oppfatta på ulike måtar.

Slik er det, og slik vil det alltid vere, spesielt dersom forfattaren av teksta ikkje har vore tydeleg nok.

Eg har kanskje ikkje vore tydeleg nok, og eg beklagar så mykje dersom eg har trampa på nokon!!

Det var ikkje hensikta med innlegget mitt i går :(

Ein annan ting er at litt av hensikta var å få fram engasjement hjå andre, det synest eg er sunt:)

Eg likar å få tankevekkarar sjølv, anten vekkaren strir heilt i mot mine eigne meiningar og verdiar eller at vekkaren gjev meg eit positivt "spark i baken" :)

¤

Som vanleg er bloggen min rett frå hjartet, eller levra, alt ettersom ;)

Bloggen min er for mange kanskje vél personleg. For meg er dette den einaste måten å blogge på. Eg trur ikkje at bloggen min glir rett inn i nokon spesiell sjanger som til dømes: kvardagsblogg, interiørblogg, mammablogg, nettbutikkblogg, lyrikkblogg, reiseblogg osv. Eg bloggar om det som fell meg naturleg, og som tittelen på bloggen min seier; "Frå eit A4-liv", så er det nettopp smått og stort frå dette livet ein finn her:)

Kan hende er det somme som har tenkt over at bloggen min er prega av eit "eg/vi -fokus"? Det er i tilfelle korrekt observert:)

Her inne skriv eg stort sett om ting som er;

Sett igjennom mine auge.

Kjent igjennom mitt hjarte.

Tenkt mellom mine øyre;)

Det er ikkje det same som at mine tankar kring ting er det einaste rette. Slik tru på meg sjølv har eg ikkje utvikla slett enno;)

Heldigvis! Det er vel det siste eg ynskjer for meg og mine...

Eg håpar at eg har ordlagt meg litt meir presist denne gongen. Eller kanskje vart det berre endå verre?

De får i tilfelle vere snille å bere over med meg, eg har ikkje meint å fornærme nokon! :)

n1231626682_10126_2520

Dette er noko av det som vi likar å bruke tid på! :)

 

onsdag 7. januar 2009

Litt om det å gjere sine eigne val...

Først vil eg takke for alle dei fine kommentarane som de la inn på det forrige innlegget mitt, eg set veldig pris på kvar einaste ein!!!

Til alle dykk som trufast kikar innom for å sjå etter oppdateringar;

KJEKT AT DE IKKJE HAR GLØYMT MEG! :)

Julahøgtida har vore ei hektisk, men fin høgtid. Det har vore lite tid til blogging. Lysta til å blogge har absolutt vore tilstades og bloggestoff har det heller ikkje vore mangel på, det har berre ikkje vorte prioritert.  Familien har vore i fokus -og det er for oss det beste med heile jula. Vi har ei tru på at sterke familieband gjev ei uvurderleg styrke og tryggheit for resten av livet.

Eg har eit inntrykk av at kvardagane hjå mange no til dags er sterkt prega av stress og mas, og at tid i lag med kjernefamilien ofte vert bytta ut med tid til "alt mogleg anna". Somme kan verke som om dei har ei oppfatning av at det alle andre eller alle andre sine ungar er med på, ja det må dei og vere med på... For ein vil sjølvsagt ikkje vere noko dårlegare enn andre! Då stiller eg meg spørsmål om kva som er bra og kva som er dårleg... Er det beste for ungane at dei sjølve skal få avgjere alt kva dei skal få vere med på og ikkje? Og vert ungane gladare og meir lukkelege av å få gjere som alle andre, få det som alle andre har, sjå ditt og datt på tv fordi alle andre gjer det?

Eg har ikkje tru på at det er slik... Tvert om så trur eg at ungane vert lukkelegare, tryggare og meir reflekterte dersom dei har vaksenpersonar rundt seg som set klare grenser og som set av tid til å grunngje kvifor vi har diverse grenser å forhalde oss til. Ja, TID spelar nok ein gong ein sentral faktor. "Alle" skuldar sjølvsagt på den dårlege tida, eller mangel på tid... (Du kan lese meir om kva eg meinar om det her.) Tid har vi alle, det gjeld berre å prioritere bruken av den!

¤

Denne jula har tankane mine krinsa mykje rundt familie, prioritering av tid med familie, barneoppseding og ikkje minst tenkjer eg på kva kraft og ansvar som ligg bak det å vere forelder. Kva signal sender vi til ungane i ei førjulstid som er prega av kjas og mas? Overforbruk og overflod pregar generasjonen vår, anten vi likar det eller ei. Julaftan handlar i dag mykje om det materialistiske; gåvene under treet, og når nyttårsaftan nærmar seg er det jammen meg akkurat det same; berre at då er det det sværaste fyrverkeriet som står i sentrum...

Eg veit at det er mange som tenkjer over dette, men eg skulle ønske at det var endå fleire! MÅ vi til dømes kjøpe alle desse rakettane til nyttårsaftan?! Gjer vi det for å glede ungane? For å få seg ei ekstra stjerne i margen, for tenk om vi har finare fyrverkeri enn naboen i år?! ;)

Jauda, eg hugsar godt dei mange flotte nyttårsfeiringane i min barndom, eg sto der med stjerner i augene -i dobbel tyding:) Men som vaksen ser eg galskapen i  fyrverkerihysteriet; det er ikkje få som har fått varige mén av dette brennande vaksenleiketyet. Sjølv om akkurat den biten er underordna i mi anti-fyrverkerikampanje...

Ein annan ting er alle dei tusenar av dyr rundtomkring i bygd og by som vert skremde ut av sitt gode skinn. "Issa; berre å gje dei ein tablett så søv dei så godt og merkar ingenting", HØYRT PÅ VÅS?!

Det aller verste er å tenke på at dersom alle hadde brukt sine "øyremerka" fyrverkeripengar på t.d. fadderbarn, ja då kunne vi nok ha endra mang ei menneskeskjebne!!

Eg synest det er synd at det ikkje er endå fleire som gjer som oss? Er ikkje DET ei god nyttårsoppleving å gje ungane sine då? Fortelje dei at i staden for fyrverkeri, så reddar vi eit born frå svolt og naud, sikrar bornet medisinar og skulegong mellom anna. Betre kan det vel ikkje verte? Tenk å setje av ei kosestund i romjula, saman med alle familiemedlemane (-og for all del: ikkje gløym å slå av fjernsynet;)) snakk i lag om opplevingane som har prega julehøgtida, kva tankar har ungane om jula og alt som høyrer med. Er ikkje dette ei fin ramme for å reflektere litt saman med våre unge håpefulle? Kva verdiar, tankar og handlingsmønster ynskjer vi at ungane våre skal utvikle?

For fire år sidan tok vi ei avgjersle på akkurat dette. Ungane tok det som ei sjølvfylgje at vi skulle skyte opp rakettar og anna fyrverkeri på nyttårsaftan. "Det var då vanleg?" "ALLE ANDRE gjer det, så då skulle no vel også vi gjere det?"

"Nei", fekk dei til svar. Vi prøvde å forklare dei at vi ville gi fyrverkeripengane til eit fattig born i staden. Dette var vanskeleg å forstå, kva skulle no dei fattige borna med rakettar, dei som ikkje eingong har nok pengar til å kjøpe seg mat! Ikkje så lett å forstå for ein femåring og ein sjuåring kanskje? :) Spesielt ikkje når dei såg at andre familiar stod i kø utanfor fyrverkeri-utsala... "Kvifor gjer ikkje dei andre det same?" undra dei seg over etterkvart?

Vi har prøvd å forklare dei kvifor vi gjer som vi gjer, og vi er visse på at alle dei flotte ungane våre skjønar akkurat kva vi meinar etterkvart som dei vert eldre. Og vi trur nok at dei etterkvart kjem til å prise seg glade for at dei har vore med på å hjelpe andre born ved å gje vekk fyrverkeripengane sine, i staden for å skyte dei rett til himmels for ei kortvarig glede. Ei runde ute med kvar sine stjerneskot har vore populært, og vi kan ikkje sjå at vi har frårøva ungane våre ei opplevingsrik nyttårsaftan fordi om vi ikkje har hatt rakettar. Vi synest tvert om at vi har gjeve ungane våre ein viktig pakke i sekken.

Tanken bak frå vår side er ikkje at vi skal "redde verda", sånn sett er det mykje anna vi kan gjere annleis gjennom resten av året, men dersom vi har fått ungane våre til å reflektere litt over at dei faktisk kan vere med på å spele ein forskjel, ja då vert vi litt stolte:)

Julehøgtida er vel den tida på året då kontrastane er størst her i verda, og då er det godt å kunne gå inn i det nye året å vite at vi har gjort noko godt for andre! 

Kanskje skal vi utvide denne tradisjonen til å gjelde på farsdag og morsdag også? Kjøpepakkar på desse dagane er personleg sett ein uting, kanskje skal vi ynskje oss nye fadderborn i staden for nye lestar til far og roser til mor? :)

Så, til slutt vil eg nytte høvet til å ynskje dykk alle eit godt nytt år!!