fredag 6. juni 2008

"Sydenferie" i Bjørdalen

Dei siste ti dagane har eg tatt ferie, ferie frå min kvardag som husmor i fødselspermisjon. Det er ikkje slik at eg har reist så langt av garde, og eg har heller ikkje reist frå familien min. Dessutan har ferien hittil ikkje kosta meg ei einaste krone. Likevel har eg tatt ferie, ikkje på hotell med basseng og 500 meter frå stranda, men hus med hage og 1 km frå friskt og godt ferskvatn.

Ferien eg snakkar om, er meir slik;
Då nordavinden snudde i slutten av mai, kom fineveret. Og med søraustleg bris og sol heile dagen, vart eg instillt i "sydenmodus".
Ulltrøya, som er flittig brukt gjennom heile året på desse kantar, vart bytta ut med bikinien eg fekk i eit "Det-Nye"-blad i fjor sommar. Varmepumpa som surrar og går for å halde oss varme stort sett heile året, fungerar no som luftkjølar. Kjøt- og fiskekaker, graut og ball på middagsmenyen er no bytta ut med pastasalatar, grøne salatar, friske dressingar, baguettar, foliert laks og -det er ikkje til å kome heilt vekk frå: grillpølser.

Innandørs husarbeid er sett på vent, berre det mest prekære som å sette på oppvaskmaskina om kvelden, og ei og anna koke med kle i løpet av veka... (Vekk er bekymringane om at alle ungane har kvar sine tre lag med reine, tørre klede til ei kvar tid, der halve huset er tatt i bruk som tørkestativ for at 3 stk parkdressar med og utan for, same antal 2-delte regnkle skal vere klar til neste dag. Dette var berre ein liten digresjon...)

No om dagen er det altså nesten som å vere på sydenferie; vi kler oss i shorts, skjørt og bikini, et ein lett frukost, før vi smør oss godt inn med solkrem og spring ut i sola :) Solsenga i hagen er inkludert i huslånet, vi slepp å vere førstemann ut for å sikre oss ein parasoll, og skal vi på stranda for å bade er det innan gangavstand. Her har vi ferskvatn med "kreder" istadenfor saltvatn med brennmanetar og giftige kråkebollar. Ikkje minst har vi lange, lyse kveldar med grilling og anna god mat utandørs der solnedgangen er finare enn alle andre bakgrunnskulissar!
(No juksar eg litt, og legg til eit bilde frå Vatnevatnet, som ikkje ligg i Bjørdalen, men heller ikkje så langt ifrå:) )

No kan det kanskje oppfattast som eg er motstandar av å reise til sørlegare breiddegrader og til varmare strok når vi har det så fint her heime. Det er ikkje heilt slik det er. Det er vel heller det at eg konstanterar kor fint vi har det her, for deretter å undre meg over kva det er som gjer at så mange vel å legge ferieturen sin til komersielle turisthotell der ein ofte ligg som sild i tønne når ein skal kose seg på stranda. Sjølvsagt er ikkje det alltid slik. Eg har vore på ulike "resorts" både her og der, og har stort sett kosa meg der eg har vore.

Eg trur; at ein kan ha ein fin ferie (med feriekjensle) sjølv om en ikkje reiser så langt frå heimen. Eg trur til og med at ein kan ha ein fin ferie (-også her med feriekjensle) sjølv om ein BERRE er heime! Men det krev vel helst at ein klarer å leggje til side kvardagens kjas og mas. Ein føresetnad er at alle familiemedlemane har fri frå jobb og organiserte fritidsaktivitetar, slik at ein har mulegheita til å vere i lag. Har ein det så er ein allereie godt på veg.

Trur eg! :)