torsdag 26. februar 2009

Flink pike?

Frå jentene i foreldremanualen har eg fått ei utfordring.

Utfordringa var at eg skal nemne tre ting som eg er flink til.

Eg er vel som dei fleste flink til litt forskjellig, men det er vanskeleg å vurdere seg sjølv objektivt;)

Kva som er "flinkt" og ikkje er dessutan så forskjellig "alt etter auget som ser". Og så var det dette med å skryte av seg sjølv... det er ikkje akkurat så sosialt akseptert... Då er det mykje enklare å nemne tre ting som eg ikkje er så flink til.

Men sidan eg er av den meining at vi generelt bør verte flinkare til å rose oss sjølv for det vi får til, så skal eg no prøve å skreppe litt av meg sjølv.

Eg tek sats; og eg synest sjølv at eg er relativt flink til:

*å passe på, og ta vare på ting

Eg har nok vore inne på det både ein og fleire gongar før her på bloggen. Eg synest det er så viktig å fare fint åt!!!

Det gjeld for det aller meste, anten det er små eller store ting, miljø og folk rundt seg, nytt eller gamalt, brukt eller ikkje brukt. Eg veit at eg kan verke masete på dei rundt meg når eg til stadigheit påpeikar "husk å henge fint i frå deg..." "ikkje trakk på ..." "vil du legge på plass ..." osv. osv. Slik er eg og eg ser ikkje grunn til å endre på denne "pirkinga", i tillegg ser eg kor stor glede både eg og andre rundt meg har av ting og tang som har vorte tatt godt vare på og det gjev meg ein driv til å fortsette "å passe på".

*å tenke miljøvenleg

I desse miljøtider er det trendy å vere miljømedviten. Det kan vere vel og bra, og forhåpentlegvis så er denne trenden komen for å verte verande. Eg er ikkje miljømedviten for å vere trendy, men eg har vakse opp i ein heim der relativt enkle, men effektive miljøtiltak har vorte gjennomførte. Desse tiltaka har eg tatt med meg vidare til min familie.

T.d; sortering av avfall; papir og plast for seg, glas og hermetikk for seg, bretting av kartongar. Batteri og anna spesialafall har vi sortert og tatt med til miljøstasjonen. Straumsparing i heimen er bra både for miljøet og den personlege økonomien:) Dusjing kvar dag er, dessverre for både miljøet og huda, vorte ein vane for dei fleste i vår generasjon. Ein er ikkje skitgris om ein nøyer seg med eit vaskefat og ein vaskeklut innimellom... Så kjem eg til eit av dei vansklegaste punkta; å redusere antal mil med bil... Sidan vi bur i relativt grisgrende strok er vi avhengige av å bruke motorfarty når vi skal på jobb, barnehage og skule. Då er det desto viktigare at vi prøvar å samkøyre bringing og henting. Ei periode hadde eg ein visjon om å sykle til og frå jobb for å gjere ein innsats for miljøet og mi eiga helse:) Tanken var god, men eg ga meg etter eit par veker... Sidan eg jobbar 10 timar nattevakt, vart det frykteleg tungt å sykle 1,5 mil i oppoverbakke for å kome meg heim etter jobb og så trur eg det vart litt hardt for ein stakkars kropp:(

-sykkeltur 

*å nyte livet :)

Trass i ein hektisk kvardag har både eg og min kjære fokus på å gi ungane og kvarandre gode opplevingar. No er "gode opplevingar" eit høgst subjektivt begrep, der det kan famne alt mellom himmel og jord, og eg skal ikkje legge meg ut på nokon diskusjon om kva som er viktig og mindre viktig å prioritere i ein travel kvardag. Det som er viktig og livgivande for oss treng ikkje vere like viktig for andre, men for vår familie er det styrkande å vere samla og nyte tid i lag når vi har fri, anten vi slappar av eller jobbar i lag:) 

 

Ryddedag ute 012 Ryddedag ute 037

Utfordringa går vidare til tre av mine trufaste:

Line, Tove og Dagny :)

torsdag 5. februar 2009

Eliteutøvarar i søtsnasking...

Ja du las rett. Utøvarane eg siktar til er meg og husbonden. I rett rekkjefølgje. Eg er suveren, han diltar eit par runder bak.

Av og til kan eg få ein enorm oksehunger på søtt og godt. For spesielt interesserte finn du meir om akkurat det HER.

I går kveld var eg ein tur innom Englemor sin blogg...og synet av dei nybaka muffinsane der fekk meg til å saumfare både skuffer og skap på jakt etter noko søtt. Alt eg fann var nokre restar etter diverse godteposar, og kun dei kjedelegaste godteribitane låg att:(  Desse bitane kunne ikkje gjere meg heilt tilfreds, så eg leita vidare...

Brått kom eg på at der stod ein pakke kremfløyte i kjøleskapet og den hadde utløpsdato i går. DEN måtte eg no kunne få bruke til noko, for vi kastar då ikkje mat! Etter ei lita runde i kjøkkenskapa fann eg ut at vi hadde alle dei ingrediensane som eg trengde for å lage ei kake:) Klokka nærma seg ein time før midnatt, men det vart plutseleg heilt uvesentleg -endå så trøytt eg var eit par timar tidlegare på kvelden! Kakebaketida på denne kaka er i overkant av ein time, men pytt, pytt. Tanken på himmelsk god kake som smeltar på tunga heldt meg våken:)

Eg deler gjerne kakeoppskrifta med dykk:

Det må forresten leggast til at dette er min variant av sviskekake. Oppskrifta som eg ein gong hadde på eit laust ark inni kokeboka mi, er sporlaust forsvunne. Difor har eg prøvd meg litt fram, og etter eit titals meir eller mindre vellukka sviskekaker har eg "landa" på denne oppskrifta:

  155

Pisk fem eggekviter. Tilsett ein pakke med brunt sukker (ca.450g) og ei teskei bakepulver.

  148

Rør dette godt saman og hell det over i ei langpanne.

(Eg brukar å legge bakepapir i langpanna, då slepp eg å smørje den og den vert lettare å gjere rein)

158

Steik på 175*C i ca ein time. Eg brukar å ha den midt i omnen.(Her har eg delt den i to etter steiking)

154

Bland 200g svisker med ein slump vatn(eg brukar ca 1,5dl) + ei spiseskei sukker.

151

Kok sviskeblandinga på svak varme til sviskene kan mosast lett med ein gaffel. Ca 10 min.

156

Pisk ein pakke kremfløyte(1/3 l). Mange brukar TO pakkar kremfløyte, men EG brukar kun ein.

Du skjønar kanskje at mi kake vert ein MYKJE sunnare variant? ;) ;)

Grunnen til at eg brukar kun ein fløytepakke er at eg ikkje er så veldig glad i mykje fluffy krem, då kremen har ein tendens til å ekspandere i munnen min -og det opplevast ikkje akkurat godt.

Eg har nokre traumatiske opplevingar med slik ekspanderande krem frå barndomen friskt i minne, der augene lurte vitet til å tru at flotte kremkaker var noko som smakte like godt som synsintrykket gjorde... Takk og lov for serviettar seier eg berre!!! God oppseding som eg hadde, kunne eg sjølvsagt ikkje legge att noko på fatet! Så fekk det heller vere med litt kremflekkar i lommene...(serviettane var dessverre ikkje alltid store nok til å halde på alt kreminnhaldet).

Med åra har eg lært meg å like krem, men som sagt ikkje i store mengder. Så flotte, fluffy kremkaker får oftast stå i fred for meg. Sikkert kjekt for andre, for slike kaker går som regel først unna i kakeselskap likevel:)

  160

Når kremen er ferdig piska; bland dei mosa sviskene inn i kremen.

Til deg som ikkje likar svisker; det gjer ikkje eg heller!

MEN sviskekrem på denne kaka er fantastisk godt og absolutt verdt ein smak!:)

159

Når kaka er ferdig steikt; del den i to like delar.

Då passar det godt å legge kaka på eit Vesterålens beste/Verdens Beste/Kvæfjordkakefat.

162

Fordel ca halve mengda av sviskekremen på den eine halvdelen av kakebotnen.

Legg så den andre halvdelen oppå kremlaget, og ha på resten av sviskekremen.

164

Kanskje ikkje den mest delikate kaka etter utsjånad å døme, men som dei fleste veit så er det ikkje alltid utsjånaden som tel;)

 166

Så; då klokka bikka halv eitt i natt, ja då kunne eg ENDELEG få tilfredsstille mitt voldsomme søtsug! :)

Ha ein fin dag! No skal eg kose meg med kake! :)

Det 6. biletet i den 6. mappa...

 For litt sidan vart eg utfordra av Cecilie til å vise det sjette biletet i den sjette mappa,

og det resulterte i dette biletet frå sommaren 2006:

010

Biletet gjev meg fine minner om ein fantastisk flott sommar både slik og sånn.

Som de kan sjå så er Elisa og eg foreviga på sopptur.

Kantarell er ein favoritt for liten og stor her i familien.

Nyplukka sopp steikt i smør, krydra med salt og peppar smakar himmelsk!!!

Seinsommaren baud på korgevis av kantarellar, og vi kunne hauste så mykje vi berre orka

då det lyste gul kantarell same kvar vi snudde oss. (I granskogen vel og merke)

Eg kjenner at eg gledar meg til sommar og sol igjen! :)

Ingenting er betre enn sommarferie i Bjørdalen

når sola skin og temperaturen bikkar 20*C...

Utfordringa sender eg vidare til:

Hestia-Kari

Blogge-Ingrid

Englemor Kristin

Gulla-Stine

Bakke-Tone

Utfordringa tek de om de har tid og lyst:)