søndag 31. mai 2009

Sommar!

Pinsehelga i år har vore strålande så langt, og vi har kosa oss ute i sola:)

pinse 09 010pinse 09 018

Plaskebassenget er atter ein gong fyllt opp med luft og vatn -til stor glede for alle ungane!

Det er første sommaren Linnea får prøve, og det var sjølvsagt stor suksess:)

 pinse 09 014pinse 09 015

...springe rundt på nyslått plen med berre fotar...

mob 058

måndag 25. mai 2009

Kvardagskunst?

 Tove sin kvardagsblogg, utfordra lesarane sine til å vise fram kvardagskunst.

"Kunst må ikkje vere så komplisert at vi ikkje klarer å glede oss over det. Eller så dyrt at vi ikkje kan unne oss det. Kunsten er rundt oss overalt - vi må berre sjå den!" skriv Tove.

"Ta bilete av kvardagskunsten, legg den ut på bloggen din og skriv gjerne litt om kvifor akkurat dette er kunst for deg. Du må gjerne linke til bloggen min i innlegget og så er det fint om du sender utfordringa vidare til andre!" oppmodar ho.

Her er mine bidrag:

kvardagskunst 001kvardagskunst 003

Med sitt eminente pinsettgrep plukkar ho tilogmed av smørjepålegg på skiva! Kvesse tenner kan heller gjerast på orkideèn til mamma:/

kvardagskunst 009 kvardagskunst 010 kvardagskunst 011

Medan mamma sit med hovudet i ei bok, er det fritt fram for å gjere som ein vil...

Kunst?

kvardagskunst 016kvardagskunst 007

Made by Linnea! :)

¤

...men det er ikkje berre Linnea som kan setje fine merker og lage fine "tablå" her i familien...

kvardagskunst 027003

Far sjølv er visstnok veldig fornøgd med "sitt kjæraste eige" stabla på peishylla, medan mor har meir sansen for  "naturlege " innslag.

Kva som er finast og mest estetisk å kvile augene på, kan ein gjere opp si eiga meining om. Slik er det med kunst!

¤

kvardagskunst 017

Bilete av rips som ungane har lagt frå seg på stabburshella er eit vakkert kunstverk i seg sjølv!

¤

Til slutt eit bilete av min KVARDAGSHELT :)

 102

Litt av ein kunst dette også?! :)

¤

Dette var mitt bidrag til kvardagskunst, Tove.

laurdag 16. mai 2009

...og resultatet vart

4-2 til Ørsta...

Men Åmdal hadde beste heiagjengen;)

Her er det Synne og Stine med Elise på ryggen som heiar på Åmdal. Dei hadde med sjølvlaga plakatar og duskar, og all heiaropinga vart lønna med is og brus i kiosken etter kampen:)

synne og stine 16.maikamp

Her jublar vi for eitt av Åmdal sine to mål.

heiagjeng 

Bileta er henta frå nrk møre og romsdal, og meir om folkefesten kan du lese her.

No er det bunadskjortestryketid -og Noreg er i ferd med å drage sigeren i land i årets Melodi Grand Prix :)

16.mai- fotballfestdagen!

Fotball…

Dei som kjenner meg vert vel overraska over at EG har eit fotballinnlegg på bloggen min, eg som synest at fotball-idretten får ALTFOR mykje spalteplass i avisene. For ikkje snakke om at eg ikkje kan fordra fotball på tv! Noko meir kjedeleg skal ein leite lenge etter spør du meg.

MEN når det gjeld lokalfotball er eg ein smule meir interessert. Rett nok er interessa mi kun retta mot eitt lag, nemleg Åmdal, klubben i mitt hjarte <3 :)

Åmdal er ei av bygdene i kommunen vår, Ørsta. Ørsta-fotballen har alltid vore “storebror”  for dei andre laga i kommunen; Vartdal, Hovdebygda og Åmdal, men denne sesongen spelar alle dei fire laga i same divisjon! Ikkje er eg nokon historikar, men eg trur dette er første sesong dette skjer. For dei som ikkje veit kva divisjon dei spelar i er det snakk om 4.divisjon.

Trass i mi snevre fotballinteresse er eg gift med ein fotballfrelst mann. I elleve sesongar har han spelt på Ørsta sitt A-lag, før han starta som spelande trenar på Åmdal sitt A-lag i  år 2000. Sidan har han vore trenar for Åmdal, med unntak av to år.

Først eit par skrytebilete frå mimrealbumet;

 IMG_0001IMG

I dag er det duka for fotballfest. Åmdal skal for første gong i historia spele mot Ørsta i ein seriekamp. Og mindre vesentleg; eg kan for første gong i historia seie at eg gledar meg til ein fotballkamp;)  Meir om fotballfesten kan du lese her.

IMG_0009

Litt meir historikk for spesielt interesserte kjem her:

Desse to utklippa er henta frå “Møre-Nytt” 15.mai 1993 :

IMG_0017IMG_0018

Merk dykk dei to som den gong var kapteinar på  Ørsta og Volda, i dag er dei trenarar for  Åmdal og Ørsta. Såleis kunne den same overskrifta  “Rikken skal slå tunnel på Evebø” vore brukt i dagens utgåve av “Møre-Nytt” :)

Eg har også leita fram eit gammalt bilete frå 1995-sesongen. Då var Dagmund Evebø trenar for Ørsta, og Svein Erik fortsatt kaptein på laget. For lokale interreserte; merk dykk at tre av desse karane i dag stiller som trenarar for kvar sine lokale fotballag. Dagmund Evebø for Ørsta, Frode Digernes for Vartdal og Svein Erik for Åmdal. Og, den gongen, ungguten som ligg på tvers, er  ein av dei som Åmdal-forsvaret må prøve og stoppe på Legene grasbane i dag.

IMG_0014

Her ser vi to av dei igjen i fredagen si utgåve av Sunnmørsposten. 14 år etter forrige bilete, der dei den gong spelte på same lag. I dag skal dei møtast igjen :)

IMG_0007

Eg avrundar med eit rungande;

“HEIA ÅMDAL!!!” :) :) :)

torsdag 14. mai 2009

Kva anna kan ein gjere...

...enn å gå ut på tur når sola skin, og våren syner seg frå si beste side?

Kanskje eit litt flåsete spørsmål, for sjølvsagt veit eg at det ikkje er alle som har moglegheit til å prioritere slik som eg gjorde i går.

Eg stillte meg sjølv spørsmålet; hadde eg TID til dette? Nasjonaldagen står for dør og då skal heile familien kle seg i flotte bunadar. Dei som har bunadar veit at det kostar nokre timar arbeid med stasplagga for ikkje å gjere skam på både klesdrakta og husmoremne-tittelen der ein går på utstilling i barnetoget 17.mai. Eksamen nærmar seg også for kvar dag som går, fleire tusen sider skal lesast og lærast -og DET er ikkje gjort på eit par kveldar med skippertaksmetoden! I tillegg har ein no alt som "ein skulle ha gjort, men kan utsetje litt til"...

Likevel meinar eg at eg prioriterte rett i går då eg la turen til Kvanndalen. Fysisk aktivitet, hausting av vårgjele, D-vitamin, motivasjon og anna positiv energi er kanskje vèl så viktig i det lange løp?

Kvanndalstur 013

Er det rart at eg er heimekjær?!

Kvanndalstur 029Kvanndalstur 030

Kvanndalstur 031

Det var faktisk så varmt og fint i solveggen at tanken på ein dukkert i Kvanndalsvatnet var tilstades:) No er eg langt frå nokon isbadar, så dette vart det ingenting av, men vi måtte nedom for å sjekke badetemperaturen likevel.

Kvanndalstur 045 Kvanndalstur 046 

Kvanndalstur 047 Kvanndalstur 053

Eit par minutt i leik med friskt, kaldt fjellvatn var stor stas!!

Og etterpå venta tjukkelestane i ein varm voksipose på dei små nybada fotane:)

 Kvanndalstur 056

Eittåringar i leik er også ein del av pensum, og motorisk utvikling er eit fasinerande emne! :)

 Kvanndalstur 062

På veg nedatt frå Kvanndalen måtte vi ta ein blåbærtilstandsrapport. Mykje fine bær i emning, men der var også ein del blåbærlyng som ikkje har tolt den lange finevêrsperioden tidlegare i vår:(

Kvanndalstur 024

I dag er vêret like fint som i går, kanskje tek vi turen til Kvanndalen igjen

-og let bunadskjortene vente ein dag til? :)

Ha ein fin dag!

onsdag 13. mai 2009

"Blomster små...

...gule, blå...

Hage 3.mai 09 013Hage 3.mai 09 030

kikar opp frå marka no!

Hage 3.mai 09 057Hage 3.mai 09 058

Vinkar til Mamma-lill,

Vårtur i Kvanndalen 007Vårtur i Kvanndalen 004

for ho er så snill!"

Eirik brukar å synge denne til meg når vi er på tur i skog og mark

-då bankar det ekstra godt i eit mammahjarte! :) 

Ynskjer alle som er innom bloggen min ein strålande dag!!!

Her skin sola igjen -og eg skal ut på tur! :)

tysdag 12. mai 2009

Bad hair day?

138

Talkin' about me?!

135141

147148

 Synne leikar stylist, og saman kosar vi oss over dei små gledene i kvardagen:) 

 154

 Syskenkjærleik -kanskje den finaste av dei alle...

søndag 10. mai 2009

Egotrip eller investering?

Kva skal ein kalle det når mor i huset "stikk av" på fjellet -ein heil finevêrslaurdag, og let far i huset vere heime med ungeflokken?!

standalrennet 09 006standalrennet 1

Laurdag for to veker sidan vart det tradisjonsrike Standalrennet arrangert for 68. gong. Der var eg ein av deltakarane. Sidan dette var mitt første Standalrenn, ante eg ikkje kva eg gjekk til. Sjølvsagt visste eg at eg skulle gå opp ei fjellside og renne nedatt så fort som vetet kunne tillate:) men eg visste lite om løypeprofilen, teknikken for å halde seg på beina i den våte vårslushen, mjølkesyra og adrenalinkicket!

standalrennet 09 003

Etter bortimot 3 strevsame timar på bakglatte/sideglatte fellar, 20 fall, bortimot ein liter væsketap i varmen, var eg endeleg oppe på start. Høg på ei kjensle av å vere ein del av fantastisk flott sunnmørsnatur, gjorde eg meg klar for start.

standalrennet 09 004standalrennet 09 005

Eg rakk såvidt å ta nokre få bilete før det var min tur å setje utfor. Ikkje veit eg kven som er avbilda her, men eg håpar at eg er tilgitt dersom vedkomande skulle kjenne seg att på bildet. :)

mob 061standalrennet -

Tv: nesten oppe, med Fingeren i bakgrunnen. T.h: ein av løparane, uvisst namn og nummer.

standalrennet

Endeleg i mål, og kan nyte resten av rennet frå tilskodarplass.

Spektakulær oppleving for ei sliten 4-barnsmor !!