søndag 30. november 2008

Ventetid?

200812_juletillaag_1dag 

I dag er dagen mange har venta på, det er 1. søndag i advent og i morgon startar nedteljinga til julaftan. Mange har kanskje halde på med nedteljinga i lange tider, men når eg tel ned dagane som er igjen til jul, ja då startar eg nedteljinga den 1. desember.

Eg har vore innom fleire bloggar og lese i dag, dei fleste har noko å skrive om advent. Kvifor markerar vi eigentleg advent?  Line i Storemyra  har eit flott innlegg om historikk rundt bl.a. advent, adventsstake, adventskalendar. Klikk deg gjerne innom den fine bloggen hennar for å sjå kva ho skriv:) 

Ein annan fin blogg eg ofte er innom er Anna Lisa sin hjerteblogg, i dag vart eg rett og slett veldig engasjert då eg las innlegget hennar. Eg er SÅ einig i det ho skriv om at julebodskapen forsvinn mellom juleførebuingsstress og materialistisk fokus. Her er utdrag frå min kommentar til innlegget:

"Julefeiring har vorte ein stor kjøpefest frå ende til annan, og eg forstår knappast kor vi skal greie å lære ungane om den eigentlege grunnen til at vi feirar jul, når det kan verke som til og med foreldregenerasjonen har gløymt kvifor vi feirar denne nydelege høgtida!!!
Eg klamrar meg fast i den julefeiringa som eg sjølv har vakse opp med, der advent er ventetida, songane har tekst som omtalar "det vesle barnet", pynting og julegåvehandling skjer litt uti desember, samstundes prøvar eg å dysse ned kjøpefesten for vår eigen del. Eg vil ikkje at ungane våre skal forlange/forvente seg dei sværaste og dyraste gåvene, eg vil at dei skal lære seg å setje pris på det dei får -uansett verdien på gåvene."

I løpet av dei siste ti åra har eg merka at jula verkar til å starte tidlegare og tidlegare. Sjølvsagt kjem den 24. desember til same tid kvart år, men folk sine førebuingar startar så uhorveleg tidleg!!! Allereie i oktober kjem julevarer i butikkane, ein må vere førebudd på å verte spurt om julegåveynskjer. Blad og aviser skriv om korleis ein får den beste svoren på svineribba, ein vert fora med oppskrifter på nye variantar av dei tradisjonelle julekakene -korleis lage sunnare(!) julekaker (ja det er ikkje måte på kor sunt alt skal vere no til dags, ikkje eingong i jula skal ein skeie ut med litt ekstra smør og sukker...) Vidare skriv dei om korleis ein best skal takle julestresset, for at julestresset kjem, ja det er opplest og vedtatt for alle som ein. Ikkje rart at ein stakar kan kome til å kjenne på det såkalla julestresset når alt og alle rundt ein marmar om alt som skal ordnast til jul! 

Det er ikkje lett å gå mot straumen, og når samfunnet legg opp til ein kjøpefest som utviklar seg til å verte større for kvart år, så er det lett å late seg rive litt med. Eg har bevisst ungått å legge handleturane mine til kjøpesenter, for dei har makt over meg, alle desse reklameskilta; kom og sjå på alt det nye, fine, alt du "må-ha", alt du "bør-ha" og alt du ikkje visste at du trengde, men som du sjølvsagt treng likevel... Eg vel å vente litt til. Eg trur at dess meir ein stressar med julegåvehandel og andre juleførebuingar, dess verre vert julestresset.

Ein annan ting eg vert skremd av er at ungar fortel at dei har berre "6 bukser" "3 tunikaer" "fire joggedressar" "fem kjolar" osv.  difor treng å ynskje seg meir kle til jul! Kan hende er det eg som er frykteleg gamaldags, men er det vanleg at ungar i dag har ei garderobe som sjølv ein vaksen kan vere misunneleg på?!!  For ikkje å snakke om når julegåveynskjelista til 10-åringar inneheld gåver som gir ein bakoversveis når ein ser kva desse gåvene kostar. Pc, i-pod, mobiltelefon står nok på mange ungdomar/born sine ynskjelister til jul, tippar at det er mange som får det også. Og for all del; for meg må andre gjere som dei ynskjer for sine ungar, så lyt vi gjere som vi ynskjer til våre ungar.

Det eg likevel reagerar på er at eg synest det "tek veldig av" dette julegåvehysteriet. Ikkje nok med at pakkane under juletreet ligg og kivar om å innehalde den sværaste gåva,  adventskalendarane er heller ikkje kva dei ein gong var.

kalender_i_boks_i89_274394d

Mange har adventskalendaren full av små eller større gåver, kvar dag opnar ungane flotte gåver medan dei går og ventar på den STORE julegåvedagen; Julaftan! Så kjem julekvelden, ungane flekkar papira av den eine gåva etter den andre, har ikkje tid til å utforske gåva som nett er utpakka før dei hiv seg over neste. Så er det brått tomt for pakkar... Kva no? Var det alt? Ikkje fleire pakkar å opne?  Kva skjer så med neste dag; 1.juledag? Er det antiklimakset sin dag? Eller greier ungane å skjøne at no er det ikkje pakkar før neste desember? Forhåpentlegvis leikar dei seg fornøgde med det dei har fått i julegåve, takksame for alt dei har fått, audmjuke fordi dei faktisk er heldige som har det trygt og godt, gjerne vitande om at akkurat det ikkje er ei sjølvfølgje.

No vart dette dagens utblåsning frå meg:) Eg har ikkje meint å støte nokon med det eg har skrive, dette var berre litt av mine tankar kring ventetida!

Minner om at det er siste dag i morgon for å delta i konkurransen min i innlegget 21.nov.

Alle kan legge att kommentarar, anonyme også!!

 

måndag 24. november 2008

Fantastisk vinterdag!

       404 400  418

Etter nokre dagar med stort snøfall letta vêret. At vi omtrent "snøva inne" gjorde ingen verdas ting, sjå berre her kor flott vi har det!!!

  288 289 290 

Far i huset måtte fram med traktoren for å brøyte rundt husa, då fekk ungane ein kjempefin snøhaug å boltre seg i. Her er Eirik i full sving med rumpeakebrett :)

244 

Elisa synest den reine, fine snøen smakar godt!

"Nesten som snop Mamma! "

278298

Eirik må sjølvsagt også smake :)

 362

To gode brorar susar imot meg...

363 

...forbi meg...

364

...og krasjar i ein mjuk brøytebare...

366 

Heilt hivens for to karar som likar at "det går føre seg"  :)

395398

Å, så godt med ein sterk og flink Pappa!

Flink å drage små vennar på akebrett, når dei små fotane byrjar verte trøytte...og som kan skubbe kjempestor "turbodisel-fart" !

233429347 346

Sjølvsagt måtte skia også prøvast. Hagen vår har vel sjeldan vore så fin, no har vi den flottaste skiløypa du kan tenke deg. Den slangar seg rundt hus, bær- og frukttre, med ei lita ekstra sløyfe for dei som må ut på "strafferunde" :)

414    413

Til slutt eit par stemningsbilete frå den venaste stad på jord!

Ser du Britt, kor fint eg har det? ;)

No er den nye veka ein time gammal, og eg ynskjer dykk alle ei god veke!!

P.S: Det er fortsatt mogleg å vere med på konkurransa under innlegget her. Det er ikkje vanskeleg, berre legg att ein kommentar, "ikkje-bloggar" så vel som "bloggar" :)

 

fredag 21. november 2008

Kven vert besøkjande nr. 10.000?

 

         ViewImageCALVMZ3CViewImageCAQ98C6T    ViewImageCAH74CIZ

Eg hadde tenkt å ha ei lita konkurranse då teljaren min runda 5000 besøkjande, men så vart ikkje det noko av, så då prøvar eg meg igjen, denne gongen ved runding av 10.000 talet :)

Sidan jula no nærmar seg med stormsteg, finn eg det naturleg å ha ei konkurranse som handlar om noko som høyrer jula til.

ViewImageCA5I8LL2 ViewImageCA745BSC

"Konkurransa" er ikkje vanskeleg; alt du treng å gjere er å legge att kommentar på dette innlegget.

Det eg spør etter er:

NEMN TRE JULESONGAR SOM DU ER GLAD I

KVA ER DINE TRE FAVORITT JULEKAKESORTAR?

KVA YNSKJER DU DEG TIL JUL?

OG DERSOM DU HAR LYST; DEL GJERNE EIT KOSELEG JULEMINNE MED MEG:)

ViewImageCA4UIDJ1  ViewImageCA3J4YX6 ViewImageCAIH6YPQ

Alle som ynskjer kan vere med på konkurransen, anonyme også:)

ViewImageCAPXNWQQ ViewImageCAW0KLFA

Alle bileta har eg henta frå denne nettbutikken Lobelia. Her har dei mykje fint, spesielt for dei som likar godt den franske landstilen.

ViewImageCAR0BCZD ViewImageCADJL0PJ

Du kan legge inn kommentarar fram til og med 1.desember:)

Kåringa av vinnaren skjer ved "tilfeldig lappetrekking" og den heldige får ei lita førjulsgåve med meg:)

 

tysdag 18. november 2008

Ein hyggeleg kveld :)

For ei tid tilbake hadde Tove ei utfordring på bloggen sin, der ein kunne legge att ein kommentar som fortalde om små og store gleder i kvardagen.  Det er så sant som Tove ofte seier; hugs å sjå det store i det små!

Eg la att ein kommentar og venta i spaning til liks med alle dei andre som hadde lagt att kommentar på "Småting"-utfordringa til Tove.

Så ein dag las eg ei viktig melding på bloggen min; "du må skunde deg inn på bloggen min Astrid!"

Eg så gjorde, og det som venta meg på Tove sin nydelege blogg, det rørte meg til tårer....

Det er ei stor glede for meg å presentere vinnaren av "Småting"-utfordringa mi!

011 012

astrid

Fantastisk Astrid med bloggen Frå eit A4-liv er så absolutt ein verdig vinnar av utfordringa mi! Og grunnane til det er mange..... Ho er omsorgsfull og kjærleg mamma til 4+2 born, eit skuleeksempel på ei hustru, samstundes som ho sjonglerer studier og jobb. Denne flotte sjukepleiardama har nettopp teke til på helsesysterutdanning, og kjenner vi henne rett vert no nok å sjå i korridorane på sjukeheimen òg! Astrid veit kva som er viktig i livet og formidlar dese verdiane til ungane sine på ein suveren måte. Så kjære Astrid:

Du er ein kvardagshelt utanom det vanlege! Eg beundrar pågangsmotet ditt og engasjementet ditt! Du gir av deg sjølv og er ei vitamin-innsprøyting for alle som kjenner deg! Du utstrålar ei indre ro og ein varme som mange kan misunne deg.

Om ikkje lenge dukkar det opp ei lita overrasking til deg! Enten lyt posten ta seg av leveransen, eller så lyt eg ha meg ei tur fram i den nydlege Bjørdalen og overlevere det sjølv!

Gratulerer, kjære Astrid!

Eg måtte lese superlativa omatt og omatt, for så å lagre det på innsida til seinare høve. For det må nemnast at sjølv om eg vart både rørt, stolt og glad over dei vakre orda, så er det slett ikkje alltid ein kjenner seg så "vellukka" som dette!

Uansett; TUSEN TAKK TOVE!!! Du gjorde meg umåteleg glad :)

Dette var i september. Så gjekk no dagane, både for meg og Tove.

Så var det endeleg ein kveld timeplanane våre hadde ledige timar for  å legge inn eit treff! Tove tok med seg den tidlegare skapbloggar-venninna våra Laila og kom fram i Bjørdalen på ein kveldsvisitt :)

Tove hadde lova meg ei lita overrasking... Gåva ho kom med var så mykje meir enn det, berre sjå her:

 Blogg nov 08 154

Sidan kameraet dessverre ikkje var for hand akkurat den kvelden, måtte eg til med ein rekonstruksjon ;) Ja, det var det ordet vi begge leita etter Tove ;)

Blogg nov 08 156Blogg nov 08 157Blogg nov 08 162

Pakken lukta nydeleg av mandarin, jordbær og champagne...

No kan eg vaske meg rein og god med den velduftande såpa ,før eg set på te-vatnet... og medan teen får trekke eit par minutt, så får eg unna resten av oppvasken som ein leik med desse spreke hanskane! Når den gode teen er klar, tek eg med meg tekoppen + denne flotte boka inn i godstolen og finn roa i kvardagen -som fleire enn meg synest er viktig!

Blogg nov 08 166     

Tusen takk for ei kjempeflott gåve Tove! 

Mannen i huset hadde laga pastasalat med kylling og pesto+ kvitløksbrød med parmesan til oss bloggdamene, og til dessert hadde eg laga ein variant av denne kaka :)

        Blogg nov 08 171Blogg nov 08 179Blogg nov 08 172

Tove var blogg-orakel som eg og Laila spurte til råds om forskjellig, bl.a. WLW (windows live writer), ny e-post adresse, msn for dummies m.m.

Blogg nov 08 178

Kveldstimane gjekk fortare enn dei vanlege kveldstimane, og eg trur det må kome av at eg storkosa meg i selskapet med to herlege jenter!

TUSEN TAKK FOR EIN KOSELEG KVELD LAILA OG TOVE !!!   

Blogg nov 08 111Blogg nov 08 126

tysdag 4. november 2008

"Det strøymer på så ein knapt kan andast!"

Eg må få låne ei tidlegare overskrift frå Tove http://tovehd.blogspot.com/ der ho takka for alle utmerkingane som ho hadde fått.
Ikkje før eg har fått takka for alle prisane som eg har fått, så strøymer det på endå fleire. Dette er ikkje anna enn utruleg kjekt:D
Eg har skrive det før, og eg må skrive det igjen; det er like kjekt kvar gong eg får ei slik merksemd rundt bloggen min og det eg skriv! Det kan ikkje verte for mykje av det gode:)

Fyrst som sist; TUSEN TAKK til alle dykk som har gitt meg desse flotte utmerkingane! Eg set utruleg stor pris på alle saman!
No er det på tide å dele dei med fleire:

¤

Denne fekk eg med Siren i Sirens hus og hage http://sirenjashus.blogspot.com/


Denne vil eg gi til:

Cosifantutta i CosiFanTuttas interiørblogg http://cosifantutta.blogspot.com/ fordi ho har ein fin blogg der eg let meg inspirere av alt frå spesielle møblar og duppedittar, til vin , film og musikksnuttar m.m.

Ida Mari i Smått og stort i frå Prestegardsmarka 2 http://idamarimeland.blogspot.com/ eg vert inspirert av tankane dine og alt det fine du viser oss som du kan tenkje deg å ha i "nyehuset" dykkar, gled meg til forsetjinga!

Mali-Mo i http://mali-mo.blogspot.com/ som har mykje inspirerande å vise fram blant anna av oppussingsprosjektet med huset dei bur i.
¤



Denne søte sjølvdesigna utmerkinga fekk eg med Anne Grethe i The World of Sandnes http://theworldofsandnes.blogspot.com/
Eg var også så heldig å få den med Lill frå bloggen Silje the Mustang http://silje-smu.blogspot.com/



Den gjev eg vidare til:

Tove http://tovehd.blogspot.com/ takk for at du gav meg det vesle sparket eg trengde for å starte med blogging:) Eg hugsar godt at du sa til meg; "Det er mykje kjekkare enn facebook!" Og det har du heilt rett i, det kan ikkje samanliknast eingong:)

Line http://lineah-rakfre.blogspot.com/ som takk for den flotte bloggvenskapen vi har:)

Laila i Olsenbandens kvardag http://olsenbandens.blogspot.com/ som endeleg har tatt steget fullt ut, etter å ha vore skapbloggar over lengre tid:) Takk for godt venskap, som eg håpar og trur vil vere varig:)


¤


Frå Lill http://silje-smu.blogspot.com/ har eg også fått denne:


Den skulle gå vidare til 7 andre bloggar.

Eg vel å gi den til sju bloggjenter med kvar sine flotte bloggar.
Eg er innom så og seie dagleg, i alle fall kvar gong eg ser at det har kome eit nytt innlegg frå nokon av dykk. Om eg ikkje alltid er like flink å kommentere hjå dykk, så skal de vite at eg les innlegga dykkar med stor interesse.
Eg er glad for at de bloggar og eg håpar at de vil fortsetje med det!:)

Cecilie i Kvardagsliv http://kvardagslivetmitt.blogspot.com/
Anna Lisa i Anna Lisas hjerteblogg http://annalisasblogg.blogspot.com/
Dagny i Heim http://d-heim.blogspot.com/
Tove i Tankar frå ein Kvardag http://tovehd.blogspot.com/
Anne Grethe i The World of Sandnes http://theworldofsandnes.blogspot.com/
Monica i Monicas hage http://monicashage.blogspot.com/
Siv i Livet er heeerlig http://liveterheeerlig.blogspot.com/


¤
Denne fekk eg med Siv i bloggen Livet er heeerlig http://liveterheeerlig.blogspot.com/ :



Denne går til:
Fivrel i Fivreldagar http://fivreldagar.blogspot.com/
Lill i Silje the Mustang http://silje-smu.blogspot.com/
Nunne i Bloggen hennes Nunne http://bestemorshobbyblogg.blogspot.com/
Marit i Som mine dager er http://somminedagerer.blogspot.com/
Ma i Fotograf Ma http://fotografma.blogspot.com/

Dei har alle koselege bloggar som eg set pris på å stikke innom:)
¤

Frå Line Kvardagsliv i Storemyra! http://lineah-rakfre.blogspot.com/ fekk eg denne:


Denne vil eg gi til:
Nikoline i Nikoline på Landet http://nikolinepalandet.blogspot.com/
Anemone i Litt av meg http://littavmeg.blogspot.com/
Monika i Monikas Liv http://monikasliv.blogspot.com/
Dei er alle fem flinke kreative jenter på kvar sine måtar, eg er ofte innom bloggane deira og vert overraska over deira kreative evner!
¤
Og sist men ikkje minst:
Denne utmerkinga trur eg må vere den flottaste eg har fått!
Ikkje nok med at den er fin i seg sjølv, men den er eigendesigna og laga av Line, spesielt for meg og Tove!

Dette skreiv Line på bloggen sin:

I min bloggrull er det to flotte, hjertevarme damer som eg synest spesielt utmerkar seg med si kreative skriving....
Dei kan verkeleg å komponere tekstar, har flotte & vare skildringar og tekstane er ofte så levande at eg "ser" episodane for mitt indre auge...
Når eg ser at dei har nye innlegg skundar eg meg inn for å lese, og det er ikkje EIN gong eg enten ler, smiler, nikkar gjenkjennande, vert rørt til tårer eller tårene trillar pga at triste episodar vert skildra på ein var og fin måte. Det er ei rein fryd å gå på besøk til dei....

No når eg har fått meg eit nytt "leiketøy"" på datamaskina mi, så har eg laga ei utmerking til desse to skjønne damene som eg set så utruleg pris på å ha fått etablert eit bloggvenskap til.
Versågod Tove og Astrid, denne utmerkinga er velfortjent til dokke begge to:0) Og det finst ikkje tvil i mi sjel om at dokke ber på ein forfattar i magen;9

Slike flotte "premiar" vert eg rett og slett veldig stolt av, og noko som eg synest er litt artig er at min betre halvdel er om mogleg endå stoltare;) Han har nok sendt meg nokre stygge blikk av og til når eg skal berre, skal berre her eg sit framfor skjermen, men innimellom så står han på eit bein og gjel som ein hane, stolt over premiehøna si:D

Men hadde det ikkje vore for alle dykk som har slike flotte bloggar som inspirerar, alle dykk som er innom bloggen min og ikkje minst dykk som legg att eit spor i form av ein kommentar, så hadde det ikkje vore like inspirerande å blogge!
Så TUSEN TAKK til ALLE som er innom bloggen min, eg set pris på dykk:)