måndag 23. mars 2009

"Ekte leik"

Å hoppe paradis var ein av dei aktivitetane i min barndom eg gledde meg mest til når det vart vår og snøfrie vegar.

I går under familiefrukosten fann ungane ut at dei ville ut å lage paradis:)

031 

At ungane meistrar å aktivisere seg sjølv med leik er noko som vi ser på som svært viktig, så det gledde stolte foreldre å sjå korleis ungane kosa seg ute i går. Dei trassa den sure vinden og sluddbygene, og dei hoppa, reia, klatra, sparka ball, rulla på kryss og tvers av den store plenen vår. Som vaksen misunner eg ungane den enorme energien dei legg for dag, samstundes som eg gledar meg stort over å sjå kor friske og raske dei er.

033 034

Ekte leik
Førsteamanuensis Asbjørn Flemmen ved Høgskolen i Volda har følgande definisjon av denne type leik:

  • Ekte leik er en miljøavhengig sosial virksomhet der interaksjonen skjer gjennom utstrakt bruk av allsidig grovmotorisk atferd.
  • Den er spontan i det den springer ut fra barna sjøl, ut fra deres forutsetninger på det utviklingstrinnet de står på.

 035 036

"Den frie leken er annerledes enn den tradisjonelle idretten ved at den er spontan, og at reglene ikke er gitt på forhånd. Den spontane leken er barnas egen. Det er de som bestemmer, organiserer og lager regler.Gjennom reglene skaper de ofte en jevnbyrdighet mellom de som deltar slik ikke resultatet er gitt på forhånd. Det fører til at barn på vidt forskjellig utviklingsnivå finner mening i å leke sammen."

041 043

"Ekte leik skjer uten voksenstyring og endres stadig ut fra de rammebetingelser som blir gitt. Kvaliteten i lekemiljøet er derfor svært viktg for den frie, ekte leken. For å utvikle den spontane leken trenger en et aktiviserende nærmiljø og særlig naturområder." 

-Asbjørn Flemmen-

Leikestativet som ungane fekk forrige sommar har vore mykje i bruk heile året. Eg las ein gong noko om at slike leikestativ står ubrukt hjå over halvparten av dei som har eit slikt. Skal tru kva som er årsaka til det? 

 049 052

Ikkje alle er så heldige å ha ein sprek Oldefar til å hjelpe seg når farta på reiene skal verte stor nok, der er vi veldig heldige!

Morfar/Oldefar er ein av ungdomane, det har han alltid vore:) Eg kan ikkje hugse nokon andre vaksne som har leika så mykje i lag med oss, heilt frå vi var små. Kan ikkje hugse at han har sagt nei ein einaste gong! Du er fantastisk Morfar!

054 056

"Veit du ka Mamma? Ej skal faktisk verte flinkare å spele fotball enn han Pappa ej!"

Då blir du flinke då Matias;)

060 061

Eitt av våre fire radarpar her i garden; Magnus og Eirik, er fortsatt på toddlerstadiet :) Det er heilt herleg å sjå dei i leik! Nesten så eg fekk lyst å rulle i lag med dei, det hadde nok gjort meg godt... Eg trur vi vaksne har mykje å lære av ungane når det gjeld fysisk utfalding:)

11 kommentarer:

~♥~ Monica S sa...

Herlig!! Godt å være fleire også.. så e det fleire med gode idear! :-)
Er så deilig å sjå ungar i leik!

Paradis, hoppetau, hoppestrekk osv. huska godt kor vi leitte det fram når det var ein liten tendens til vår .. då eg va lita.. og vi kunne jammen hoppe høgt også.. strak arm.. ikkje noke problem! ;-)

MEN noke ej kom til å huske på her om dagen var denne tråden som vi knytte i ei lykkje/ring og fletta rundt fingrane og lagde forskjellige "mønster"... to og to kunne holde på med dette.. huska du slikt??

HA ein herlig dag!
Monica

Unknown sa...

Så herleg innlegg, Astrid...
Dette er jo verkeleg til å bli glad av!!
Koselege bilder av barn i fri utfaldelse:0)
Eg jobba eitt år i Oppigarden brnehage, der Asbjørn Flemmen har vore med på å utvikle det fantastiske leikeområdet...
Når eg er heime i Volda er vi ein gjeng som ofte brukar å samlast der med kvar si nistekorg...
Kjempekoseleg, og ungane får verkeleg utfalde seg...
Angåande rulling så hugsa eg faktisk kor skrekkblanda moro det var;9)
Eg har jo ikkje fått med meg kven du faktisk er gift med før eg var innom deg på facebook. Artig å finne ut at du er gift med tremenningen min, og at ungane våre dermed er firmeiningar:0)
Nyt dagen, min venn.
Klem

Torunn sa...

Unger i leik er det flotteste som finnes. Men at det står mange ubrukte lekeapparater rundt forbi tror jeg på. Data og tv lokker nok flere, desverre.....
heldigvis har jeg også selv klart å få ungene til å sette pris på å være ute. Selv han som snart er tenåring er ute masse. Hopper i hagen og spiller fotball....

Ha en god dag :-)

Klem

Stoltzen2012 sa...

Ja dette må jo være oppskriften på ekte lek..:o) Har glemt å takke deg for den fine awarden..skal nok få god plass til den.. Tusen takk!! Husker godt når vi var liten og endelig fikk småsko på etter en lang vinter med tunge støvler.. Da følte jeg meg så lett at jeg kunne flydd..Og så hoppet vi strikk..helt opp til halsen!! Hjelp så sprek vi var:o) ha en strålende dag!!

Ida Mari... sa...

Ser dåkke he hatt ein kjekke søndag..E so herlig når ungane får utfalde seg slik..Saknar veldig ein stor god hage her..Men går planane som dei skal har vi og stor hage og ein deilig boltre plass til ungane i sommar.. :)

Ha ein fin dag :)
Klem

Lill sa...

Herleg... rett og slett herleg Astrid:0) Hoppe paradis.... mmmmmmm .... kjempeartig. Hugsar godt paradis når eg var mindre.... forresten også når eg jobba på Velle. Hoppa mykje paradis med ungane i friiutta:0)) Dokke er så utruleg flinke til å vere saman med ungane, er så koseleg kvar gong det kjem innlegg frå deg:0)
Nyt dagen
Stort smil til deg

Lill sa...

huff oh huff........... friminutta sjølvsagt

Anonym sa...

For nokre herlige unga!!! å en alletiders Morfar!! Klem Linda NV

Unknown sa...

Heia:0)
Har noko til deg inne hos meg...
Klem

Elisabeths Ingeborg sa...

Heihei!
Takk for hyggelig innlegg:)
Ville berre kommentere det med lokale bloggarar. Om du kikar nest på mre.no si side, så er der ei liste over ymse lokale bloggar. Ser at du nyter våren for tida, fekk litt lyst til å hoppe paradis når eg ser det vakkre du har laga!
No lir det mot helg, så du får ha ei god helg!
Klem frå Elisabeth

ja9ta sa...

Hei:)
Takk for hyggelig kommentar i bloggen min.

Tenker det er kjekt for ungane med litt "våraktivitetar" no ja:) Huskar sjølv kor kjekt det var!