torsdag 23. februar 2012

"Kjærstetur" til Grøthornet

Når dei minste har lagt seg, og mai-kveldane er lyse og lange -då er det godt å ha ei tenåringsdotter i hus.

Særleg godt er det når ho seier; "eg kan godt sitte barnevakt eit par timar om dokke vil finne på noko i lag."

Klart vi takka ja!!

 

Vi snøra på oss joggesko og langa ut mot Grøthornet 1058moh. Det gjekk over stokk og stein i ordets rette forstand.

Der det ein gong var god rås er det no lyng, einekratt og småskog, men vi trakka no oss fram og opp likevel.

Kanskje tek vi med motorsag og beitesaks neste gong?

 Grøthornkveldstur a og se 002 

Våren er ei fantastisk tid, sett vekk frå pollenstøv og raude auger...

Høgt til fjells merkar ein ikkje så mykje av pollenplagene, og ein kan nyte utsikta av våren som bryt seg fram.

Det er ikkje berre utsikta som er fin, det er så mange lydar i våren!

Alt frå fuglesong til songen av vatn og snø som smeltar. Nydelig!

Her ligg isen over heile Kvanndalsvatnet, ein knapp månad før isen er vekk og badegjestane hoppar uti!

Grøthornkveldstur a og se 010 

Etter ein time er vi på toppen, og vi rekk å sjå sola som rullar sakte ned bak Nivane.

Då passar det godt med eit kjærstebilde;)

Grøthornkveldstur a og se 025

Ein kjenner seg heldig og rik når ein får stå slik, høgt over havet og berre nyte alt rundt seg...

Store ord kanskje, men det er slik det er.

Grøthornkveldstur a og se 026

Kolåstinden, majestetisk og kvass, med den endå kvassare Sylen nedom seg.

Og dei flotte Grøtdalstindane i Bondalen er også eit syn eg aldri vert lei av.

Grøthornkveldstur a og se 028  

Vakre og kjende tindar same kva veg ein snur seg...

Her peikar eg på Storetinden 1408moh, som skulle få to besøk av meg sommaren 2011.

Grøthornkveldstur a og se 040

Klokka tikkar raskt når ein står slik og skodar.

Ein halvtime før vi lova og vere heime tek vi det siste biletet av dagens siste solstrålar...

Sommarfest i bhg, Saudehorntur m Birg 001 

Med kvar sin Kiwi-pose som akebrett, kom vi oss kjapt, trygt og billig nedatt :)

Grøthornkveldstur a og se 053Grøthornkveldstur a og se 054

Og vi var begge samde om at det hadde vore fornuftig bruk av barnevakt-timane!

1 kommentar:

Torill sa...

Så koseleg at du bloggar igjen. Fjellbileter er aldri dumt :-)