laurdag 26. juli 2008

Om å hente sin eigen mat.

Det enkle ER ofte det beste!

Tidlegare i veka, før den store varmen kom til oss, var 3 av ungane på sin første fisketur.

Dorging på Dalsvatnet er ein av mine barndomsskattar. Eg og syskena mine som bytta på å sitte bakerst i båten med kvar si "dorgefjøl", og ein trygg og god pappa som rodde runde på runde rundt vatnet. Den stolte gleda over å kome heim til mamma og få vise fram fiskane som vi hadde fiska sjølv.
Slik var det også denne dagen, berre ein generasjon etter:)

Gjett om det var stolte ungar som kom meg i møte med kvar sine 5 sjølvfiska kreder! Sjølvsagt skulle dei ha krede til middag denne dagen.

Men med slik ein flott middag skulle ein hatt ein god dessert til.
Kva var då meir naturleg enn å hauste sine eigne ripsbær? Ungane fekk kvart sitt beger, la på sprang ut i hagen og plukka med stor iver! Litt av bæra tok kortaste vegen, rett i munnen, men dei fleste gjekk i begera. For som Elisa så klokt sa det: "Vi kan ikkje ete opp alle bæra no mamma, då he'kje vi noke å ha sukker og vaniljesaus på!"


Arbeidsfordelinga vart slik; far laga til middagen, ungane ordna desserten og mor sprang inn og ut for å dokumentere (les: tok bilete) og passa på minstejenta.

Femten flotte kreder som skulle mette fem forventningsfulle munnar!

Og dagens dessert: sjølvplukka rips! Mmmm....
Då maten var oppeten (ungane åt kjempegodt!) og det var tid for å takke for mat, då sa Matias: "I dag vil ej takke mej sjøl for maten, for ej he no fiska fiskane sjøl og plukka bæra sjøl!
Og det hadde han no heilt rett i! :)

1 kommentar:

Tove sa...

Mmmmmm, ein kan få vatn i munnen av slike bileter! Noko anna som var sommarmat i barndomen, var nyfiska småsei på brødskive med sirup. Best var det sjølvsagt om brødet var ferskt! Kanskje vi må ut og fiske ein kveld....