måndag 24. november 2008

Fantastisk vinterdag!

       404 400  418

Etter nokre dagar med stort snøfall letta vêret. At vi omtrent "snøva inne" gjorde ingen verdas ting, sjå berre her kor flott vi har det!!!

  288 289 290 

Far i huset måtte fram med traktoren for å brøyte rundt husa, då fekk ungane ein kjempefin snøhaug å boltre seg i. Her er Eirik i full sving med rumpeakebrett :)

244 

Elisa synest den reine, fine snøen smakar godt!

"Nesten som snop Mamma! "

278298

Eirik må sjølvsagt også smake :)

 362

To gode brorar susar imot meg...

363 

...forbi meg...

364

...og krasjar i ein mjuk brøytebare...

366 

Heilt hivens for to karar som likar at "det går føre seg"  :)

395398

Å, så godt med ein sterk og flink Pappa!

Flink å drage små vennar på akebrett, når dei små fotane byrjar verte trøytte...og som kan skubbe kjempestor "turbodisel-fart" !

233429347 346

Sjølvsagt måtte skia også prøvast. Hagen vår har vel sjeldan vore så fin, no har vi den flottaste skiløypa du kan tenke deg. Den slangar seg rundt hus, bær- og frukttre, med ei lita ekstra sløyfe for dei som må ut på "strafferunde" :)

414    413

Til slutt eit par stemningsbilete frå den venaste stad på jord!

Ser du Britt, kor fint eg har det? ;)

No er den nye veka ein time gammal, og eg ynskjer dykk alle ei god veke!!

P.S: Det er fortsatt mogleg å vere med på konkurransa under innlegget her. Det er ikkje vanskeleg, berre legg att ein kommentar, "ikkje-bloggar" så vel som "bloggar" :)

 

24 kommentarer:

Ramme alvor sa...

At du bur på den venaste plassen på jorda, kan eg nesten gå med på, men berre nesten...:) Me gjer vel alle det om ein ser slik på det. Fantastiske bilete av ein fantastisk dag. Her ligg og snjoen, men mykje mindre enn hjå deg. Våre - 10C i dag var kanskje litt i mesta laget tykkjer eg når eg tenkjer på kva ungane hadde på seg(eller ikkje hadde på seg) då dei for ut i dag tidleg.

Vinteren er komen, og velkomen skal den vera! Ynskjer deg ei flott veke!

Britt

Anna Lisa sa...

Du har tatt nydelige bilder Astrid!! Så vakkert bare!!
Det er så koselig når barna får kose seg og glede seg over snøen. Så friskt og sunt. I dag dro eg og Tuva i barnehagen med sparken. Det var kejkt og koselig.
Ønska deg ei flott veke
Klem

Cecilie sa...

Ser ut som dokke har hatt ein fantastisk flott dag ute saman med alle dei søte og små. Vi var også ute og kosa oss. Benedicte på akebrett for første gong. Det var heilt givens.

ha ei fin veke.

~♥~ Monica S sa...

Gu' for nokken nydelege bilde du får tatt ifrå der du bur!! :-)
Og for ein koselig dag dokke har hatt ute i snøen.. kjekt når heile familien er samla ute i snøen til moro!! :-)
Det såg så kjekt ut. at ej nesten ynskte eg var der også!! hehe

Monica

Lyst på livet sa...

Fantastiske bilder!!!! Som et eventyr dette...

Klem

Silje sa...

Utruleg fine bilder du har tatt, både av naturen og av dei søte små ;) Kjekt at det kom snø, heilt utruleg kor kjekt ongane har det ute i snøven!!
Her ute i rystene snøva vi nesten inne natt til laurdag, berre så vidt eg fekk opp ytterdøra då eg skulle på tidlivakt laurdagsmorgen! Men det var i alle fall superkoseleg innevær!
Ha ei flotte veke Astrid!

Nikoline sa...

Dette var nokre fabelaktige bilder av vinteren! Og det første er "kalendarbilde" de lux...
Må ta ein tur innom att ser eg,må jo sjølvsagt henga seg på når det er konkurranse på gang!! Nett no er det middagen som står for tur.
Ha ein fin dag vidare!

Line sa...

Herlege bilder, Astrid:0)
Det øverste bildet var UTRULEG flott....
Vi kosa oss i snøen vi og i går, kjelkane susa avgårde nedover bakkane, og skia vart testa, herleg...
Etterpå vanka det varm kakao og pepparkaker...
Uff ja, denne dagen er alltidt tung, og reknar med at du har sånne dagar du og...
Er godt å vete at det er fleire her inne som veit korleis ein har det på sånne dagar!!
Rakel kom heim i dag og fortalte at Even ikkje hadde vore på skulen fordi mora døydde i dag tidleg...
Vi har jo venta på det, men hadde no håpt for familien sin dela t det skulle halde til over jul, det var det ho ynskte sjølv og...Ho hadde brystkreft med spredning, og tre gutar frå 6 - 13 år vart morlause i dag...
Den kreften er forferdeleg....
Huff, nei, over til noko hyggelegare. Kjekt at du heiv deg med å konkurransen, og du traff skikkeleg blink på siste spørsmålet;9)
Ynskjer deg ein flott kveld, klem

Guttemamma sa...

Tusen takk for hyggelig hilsen hos meg!! Og du, for noen fantastiske vinterbilder du viser, jeg drømmer om snø til advent men det ser dårlig ut!! Klem

Duften av erteblomster-Vibeke sa...

Herlige bilder :o)

Ønsker deg en flott uke Astrid!
Klem Vibeke

pepperkverna sa...

Vakkert! Hege

Om oss, -alt og ingenting :) sa...

Hei Astrid!
Så kjekt at du stakk innom bloggen min! Og tusen takk for koseleg kommentar! Ja, du har jo også smerteleg fått erfare å miste noko av det kjæraste du har....
Det er no snart 2 år sidan pappa døde, men det kjennast ut som det var i går...saknet kjenner eg på kvar ein einaste dag, du veit nok godt kva eg snakkar om...

Fantastisk fin blogg du har forresten! Må innrømme at eg har vore innom og smugkikka titt og ofte :) Veldig fasinert av skrivinga di....du skriv så godt og levande! Du har nok vore ein av inspirasjonane til at eg sjølv byrja å blogge... :)
Bloggen min er nok ikkje særleg "fengjande" endå. Då eg ikkje akkurat er særleg kyndig med data, så synast eg faktisk denne blogginga er ganske vanskeleg....Men men, det kjem seg vel med tida, lærer noko nytt kvar dag :) Positivt at det dukkar opp nye ansikt på bloggen min vertfall!!
Ha ein flott mandagskveld!!

Fivrel sa...

Du har overtydd meg, Astrid - no trur eg verkeleg at du bur på venaste staden på jord. For desse bileta gjorde meg både så glad, og tok reint pusten ifrå meg. Fjella og liene, det koselege, vesle huset med all snøen på taket, dei raudleitte og lukkelege ungane midt i alt det kvite og reine.

De treng ikkje ein dyrlækjar og ein snikkar i bygda dykkar, vel...? For dette er ein stad me kunne flutt til på dagen ser eg! :-)

Gulla sa...

Nydelege unga, nydeleg stad og ei nydeleg stund ser eg! :)
Får nesten litt dårleg samvit som ikkje har tatt meg tida til ditta enno, men lille Tilde ekje heilt i form so vi ventar litt til :) det nye akebrettet står vertfall i gangen å ventar :)

Jeu takk skal nok gå bra dette håper eg :)

Fam.Sandnes sa...

Nydeleg bilete Astrid. Akkurst slik dag hadde vi også..ungane i hærleg leik....raude roser i kjakane. Deilig å kome inn og berre kose oss i stilongs...hihi...d he me gjort heile familia denne helga :)

Takk for koseleg kommentar, var ikkje nokon lett dag i dag, men går seg nok til. Gjekk fint med dagmamma heldigvis...går seg nok til for meg også etter nokre dagar. No he ej berre ei kjensle av at ej svikta han. Tenk å ha nok pengar til å kunne vere heime medan dei var små....sukk :)

Ønskjer deg ein fin måndagskveld... litt klevask og opprydding, så må ej finne senga:)

Nattaklem

Marie sa...

Nydelege bilde og kjempekoseleg å lese :)

Ha ei fin førejulstid :)

mali-mo sa...

Herlighet for noen nydelige bilder! Jepp, tror nok at du når langst opp i kåringen av "verdens vakreste sted å bo" med disse bildene her! Nydelig! Og artige ake-bilder!

Vi har hatt noen dager med snø vi også nå, og lille Malien og jeg var ute på en liten aketur igår. Egentlig er vi for sjuke begge to, jeg med lungebetennelse, og hun var IKKE feberfri, men vi kledde på oss i tjukke lag og for på to aketurer med rattkjelken rundt huset her. Full fart og veldig moro! Vi har jo ikke ofte snø her, og jeg syns det var for galt at lill egullet ikke skulle få dette med seg ;)

Nå må jeg ned og kikke litt på denne konkurransen din! Natta ;)

~♥~ Monica S sa...

KOM TILBAKE!! ;-) hahaha!

Takk for kommentar, men no MÅ du ta en tur til!! har noke til deg!!:-)

Monica

hvorfor ikke... sa...

FANTASTISK! rett og slett.
Jeg var innom deg en dag tidligere...da ble jeg helt målløs...nå måtte jeg sjekke om jeg hadde lagt igjen kommentar, da, men det glemte jeg visst...Bare nøt bildene!
Jeg elsker vinter og snø...og så hærlig tekstet også. Dette var et veldig koselig innlegg, Astrid!
Og at du bor på verdens vakreste plass...ja, det kan jeg godt tro!
smil Torunn

Monica sa...

Utruleg vakre bilete:) Og herlige bilete av born i leik:)

Dagny sa...

Og godt var de at de hadde vet til å nyte snøen medan han låg i ro!

Bileta du tek seier meir enn tusen ord, rett og slett mykje stemning og "ord" i kvart eit einaste eit!
Flink er du :-)

Sol sa...

For noen utrolig flotte vinterbilder!! Moro å se ¨så fine bilder.
Her hos oss er det helt bart...På en måte er det flott,men ganske kjedelig for barna da....Får håpe på litt snø til jul.

familien Vatne Eidheim sa...

Hei.
Alltid kjempe koselig å titte innom bloggen din. Du tek fantastisk flotte bilder:)
Bjørdalen er ikkje så verst, men likar best Vatne eg då... :)

Guttemamma sa...

Takk for hyggelig hilsen! Oppskrift kommer i neste innlegg..