tysdag 14. oktober 2008

Godtesjuk!

Godtesjuk?
Det er berre forbokstaven det. I dag er det visst ein av dagane. Dagane der eg kjenner eit voldsomt sug etter noko godt. Ikkje sug etter godt som i god mat, taco, tapas, fruktsalat og andre salatar osv. Nei, det er sug etter godt som i GODTeri eller SNOP som eg helst kallar det.

Potetgull er alltid godt, og på slike dagar som i dag kjem det verkeleg godt med! Den pakken som låg uopna i skapet etter helga, den vart første offer i dag:
Eg er fullt klar over at Delivio ikkje er sunt, sjølv om det er laga med olivenolje, men på dagar som i dag spelar det ikkje noko stor rolle, for det er GODT!
Eg kan vel ikkje klage over at desse potetgullposane er små, men dei inneheld vel strengt tatt ikkje så mange potetgullflak som størrelsen på posen skulle tilseie? Eit titals turar nedi posen med ei litt grådig hand, ja då er det jammen tomt!
Eg kan hugse frå ungdomsskulealderen, eg og ei av mine gode veninner brukte å klippe opp posane for å få tak i dei aller siste smulane. Det gjorde eg ikkje i dag, men som de kan sjå, så vart det ganske tomt i denne Delivioposen likevel.

Men så var det dette søtsuget då, det vert ikkje borte av litt saltsnop!
Non Stop er gode greier. Det er veldig godt til vaniljeis saman med litt peanøtter, men i dag hadde eg verken peanøtter eller is... Då er det ikkje så verst med berre Non Stop.

Pakken var ikkje nyopna i dag, denne jenta har måtte ty til Non Stop ein dag før...
Det er likevel rart kor fort det vert tomt...?


Fortsatt er det ei uro innvendig (eg er litt uviss på om uroa skuldast eit fysisk eller eit psykisk behov). Det vert ikkje betre etter at eg har stappa i meg siste rest av denne melkesjokoladeplata. Det er sikkert sant som det står i papiret: "Alt kan skje i et lite stykke Norge"... Eg leitar vidare.

Nokre få pikekyss ligg att etter ein herleg bærdessert med vaniljekrem som vart laga i sommar. Dei er ikkje til stor hjelp i dag, steinharde som dei var gjekk dei bosbytta istadenfor i munnen min.


Kakepynt? Nei, ikkje i dag.

Sjølv om akkurat det har vore redninga nokre gonger før. Det eigentleg litt flaut, men i nøden spiser Astrid kakepynt...

...det er sjukt, er det kanskje nokon som vil påstå...


Då er det meir sosialt akseptert å knekke ei boks med valnøter. Det er forresten nesten litt in, for alle veit vel at nøtter er sunt?


Eg er fortsatt snopesjuk. Eg har sjølv stilt diagnosa. Problemstillinga er klar og målet må vere: "Astrid kjenner ikkje søtsug". Eg må iverksetje tiltak. Eg veit kva som må til. Toro brukar å gi god effekt, med bra virkningstid:)

23 kommentarer:

Dagfinrud Moe sa...

Ej me he "maula" kakepynt alså...so du ekje åleine om det..
Og ekje her nåke anna i hus, e d nugatti-boksa som fe sej et rafs..Off...d e flaut d...
Men sånn e d me mej når ej fe sånn søtsug alså...! D funka liksom ikkje me en salat då...

AnneGrethe7 sa...

...hihi...va som å lese om meg sjølv. Ikkje reint sjeldan ej saumfer skapa for å finne noko å stappe inn. Ej e heilt hekta på Toro brownies og he alltid ein pakke i skuffa, knall god og lettvint.
Alt som berre kan etast og kan med godviljen kallast snop går inn om behovet er der ;)
Ønskjer deg ein deilig snope-kveld:) Vi skal til eit vennepar og spele kort og då he me alltid snop::::)

Tove sa...

Wow - det gir ei fantastisk god kjensle å vite at det faktisk er nokon der ute som er MYKJE verre enn meg når det gjeld søtsug og snopehunger!!! Fantastisk historie!!! I dag er det både Bondedromantikk og Grey`s, så då spørst det om potetgullposen frå helga må tømast skikkeleg...

Anonym sa...

Hehe, dette var godt skrive:) Er godt å vite at ein ikkje er aleine om å ha det slik avogtil;)
Utruleg kjekk blogg å dumpe innom ein tirsdagskveld, du skriv utruleg godt og levande! Er nok ikkje siste gongen eg kikar innom:)

Cecilie sa...

he he, artig å lese om noko som eg kjenner meg så godt igjen i. Kakepynt er godt det, sjølv utan kake. Eg har kjøpt meg ein pose med julemarsipan i dag eg. Den skal eg kose meg med og sjå på Greys.

Tusen takk for utfordringa forresten. Den skal eg ta, men det får bli ein annan dag.

Ha ein fin kveld

Lykkeligkaos sa...

Kjekt å sjå de er fleire :)
Ej sitte å ete unna alt paul har fått med seg frå taxfree'en når han kom frå Riga, smarties, lakris, kindersnop og fazermint. ja no er alle godte skuffer og godteskåler i huset fulle :p
men det varer ikkje så lenge, ein pose med m&m's er allereie tom. hehe.

Eg hyggar meg særs med bloggen din :)
kjekt å lese og å fylle med :)
du ligg på blogglista mi så eg er rask med å stikke innom når eg ser du har kome med noko nytt :)

Klemm & kos

Monika sa...

hmmmmmm ja ja - har du spist alt dette - og framdeles godtesjuk :-)
Eg Skal - iallefall prøve å ikkje drikke pepsiamx - berre i helgene
Og det er IKKJE lett
MEN i dag er dag nr1 uten pepsi max
- bra for å vere meg
Smil

Ramme Alvor sa...

Been there, done that! Denne gongen i tydinga, slik har eg det og av og til...litt for ofte.
DU verda for ein oksehunger som bråå kan koma, ofte knytt til litt dårleg humør eller bratte bakkar i livet.
Og ja det fungerar, so då seie me...if it works, don't fix it :)

Kos deg vidare ned i toro muffinsane òg :)

Britt

Anonym sa...

Skulle nesten tru du var systera til Birgitte;-)

Astrid sa...

Hihihi! Du Torill, du Torill:D
Kanskje snopesjuka kan forklarast genetisk?;)

Unknown sa...

Kan si jeg kjenner meg igjen iallefall..."tatt på fersken med julenissen" innlegget mitt taler for seg selv...

Himmelblaa sa...

Åååå, så godt jeg kjenner meg igjen! Mitt verste minne var en gang jeg ikke kunne finne noe søtt i huset. Ikke en smule! Da måtte jeg ty til en boks prim... Det rare er at jeg egentlig ikke er så glad i prim, men så lenge den ga meg litt søtsmak på tunga, så gikk den ned...
Hva er det med dette søtsuget, egentlig? Er det mulig å bli kvitt? Og hvorfor er det mest kvinner som har det? Kjenner jeg blir litt desperat bare av å tenke på det.
Klem :-)

hvorfor ikke... sa...

Kjente saker, kakepynt og diverse lørdagssnop har, på uforklarlig vis, blitt borte her i huset også....var forresten værre før...men nå fant jeg frem lakrisbåtene som jeg oppdaget i skapet her om dagen...mmmm

Kate-Marita Pettersen sa...

Åjj som jeg kjente meg igjen på ei sånn vandring fra skap til skap:)
Føler nesten jeg kan gå gjennom ild og vann når jeg har det sånn...:)

Ha en flott onsdagskveld:)

Klem fra Kate.

Anonym sa...

Godt å høyre at det ikke er berre eg som avogtil går amok gjennom skap og skuffer, når søtsuget kjeme må ei liksom berre ha noko!! Elles vil eg seie at du skriv kjempebra, heilt imponert over bloggen din, mykje artig lesning her :) Er ofte innom og ser om du har skreve noko nytt..stå på, kjempegreier!!

Torill sa...

:-) Vi har vel alle slike dagar. Hungeren tek ikkje sluttt. Og alt det søte i verden tilfredsstiller ikkje før du er kvalm og dårleg. Fine bileter på Sliden din forresten.

BO sa...

I nøden spiser fanden fluer! Hehehehehe! DU er heilt normal!!! Når godtesuget kjem så må alle bokser, esker, posar gøyma seg!!!
Ha ein skikkelig koselig og snopete kveld!!! :-)

Dagny- Heim sa...

Gjennkjenning, gjennkjenning!!!!

Skal snart ta føre meg utfordringa di, har nettopp tatt føre meg ei eg fekk av Tove, som eg sender vidare til deg! Sjå innom!

Nunne sa...

Du... no skal e fortell deg nåkka lurt.. (som om du ikke veit det?)
Sånne Toroposer er glutenfrie i tillegg... ifall du får besøk av cøliakere... :) (SMART!)

Vi hadde en godtesjukekveld igår kveld, mannen min og jeg. Vi satt her med striketøyet i kveldinga og hørte Gaithermusikk og spiste tortillachips... og drakk JULEbrus.
Jaja, det er ALT jeg har kjøpt av juleting, så langt. Jeg liker ikke at jula kommer så tidlig.
God lørdag til deg!

Marie sa...

Utruleg korleis dette søte "ropar" på oss frå skuffer og skap du! Eg har nok ete nugatti med skei eg også, men no har eg ikkje det i hus. Har minst mogleg i hus for at eg ikkje skal finna noko når søthungeren slår til for fullt.

Blei litt sugen no da, etter dette innlegget, hehe

Unknown sa...

He he he, dette var historie å kjenne seg att i:0)
Godt å vete at ein ikkje er åleine når søthungeren melder seg!!
Ha ein flott kveld, klem

Anne sa...

Ikke noe nytt fenomen for denne dama desverre ;-)

Kathleen sa...

Uff, kakepynt. Nøtter derimot er kjempegodt! Jeg putter nøtter i omtrent all mat jeg lager.