torsdag 5. februar 2009

Det 6. biletet i den 6. mappa...

 For litt sidan vart eg utfordra av Cecilie til å vise det sjette biletet i den sjette mappa,

og det resulterte i dette biletet frå sommaren 2006:

010

Biletet gjev meg fine minner om ein fantastisk flott sommar både slik og sånn.

Som de kan sjå så er Elisa og eg foreviga på sopptur.

Kantarell er ein favoritt for liten og stor her i familien.

Nyplukka sopp steikt i smør, krydra med salt og peppar smakar himmelsk!!!

Seinsommaren baud på korgevis av kantarellar, og vi kunne hauste så mykje vi berre orka

då det lyste gul kantarell same kvar vi snudde oss. (I granskogen vel og merke)

Eg kjenner at eg gledar meg til sommar og sol igjen! :)

Ingenting er betre enn sommarferie i Bjørdalen

når sola skin og temperaturen bikkar 20*C...

Utfordringa sender eg vidare til:

Hestia-Kari

Blogge-Ingrid

Englemor Kristin

Gulla-Stine

Bakke-Tone

Utfordringa tek de om de har tid og lyst:)

6 kommentarer:

~♥~ Monica S sa...

Herlig bilde!!! :)
NO... sprekk eg snart.. eg lengtar til SOOOOMMMMAAARR!!!! Gler meg sånn til å få være ute, ute, ute!!

Mmmmm godt med sopp ja! :-)

Monica

Tove sa...

Godt å ha deg tilbake, fru Bjørdal!!!! Nydeleg sommarbileta! Må ikkje røpe kvar dei bugnande kantarellplassane er, veit du! Sjølv om eg har ein liten mistanke... Men ta det heilt med ro, sidan eg er grunneigar av svært mange mål med granskog, skal halde meg der!

Ramme Alvor sa...

Ja, eg veit, hausten 2006. Året eg fann svart tompetsopp og svartkvit sølvpigg for fyrste gong. Soppen taut ut or skogen. Huset var fullt og gleda rann over. Vakkert vær osv. Biletet ditt beskriv akkurat alt det eg minnast med sommaren/hausten 2006. Og det er utruleg sidan me ikkje eingong kjenner kvarandre :)

Masse klemmar
Britt

Lill sa...

Hei:0)
Tusen takk for koseleg helsing på bloggen min:0) Og for eit flott bilde du har lagt ut. Kantarellar er berre nydeleg og det ser ut som dokke har funne matfatet som naturen kan by på. Håper dokke alle får ein flott dag i Bjørdalen.
Smil frå Rystefeltet

Unknown sa...

Herleg bilde, med utruleg flotte og klare fargar:0)
Kantarell er fantastsik godt...Eg har ikkje prøvd meg på sopplukking enno, men har lyst til å gjere det i år, er jo litt redd for å ta feil, da...
Skulderplager skal ein ikkje spøke med, nei...Eg var jo sjukemeld nesten i to månader i haust pga nakke og skuldrar, kraftig senebetennelse i venstre skulder og mykje spenningar...
Hadde god effekt av fysioterapibehandling, heldigvis, men kjenner at det knyter seg lett til att enno, så det gjeld å vere bevisst på det!!
Fin torsdag til deg, klem

Stoltzen2012 sa...

Nydelig bilde av dere:o) Håper det er greit at jeg linker den koselige bloggen din til min:o)