måndag 19. januar 2009

Bloggen min i avisa!

Blogging vekkjer oppsikt!

034

For om lag to veker sidan vart eg oppringt frå Voldingane si lokalavis "Møre". Ei hyggeleg stemme i telefonen spurte meg om det var eg som hadde bloggen "Frå eit A4-liv" ? Jau, det var då det:) Dama eg snakka med spurte om det var greit at ho kunne få presentere bloggen min i avisa og låne bilete derifrå, til slutt vart eg stilt nokre spørsmål. Eg sa at det burde då vere greit, sidan bloggen min ligg open for heile verda, så må den då kunne tole eit oppslag i ei av dei lokale avisene:)

Ettersom det har kome ei stor blogge-bølgje i Ørsta/Volda området med stadig nye bloggarar, ville "Møre" presentere eit utval av bloggar frå Volda og Ørsta kvar laurdag framover.

Lite visste eg om at eg med min blogg skulle verte både framside- og dobbelt midtsidestoff i laurdagsutgåva til nabokommuna si lokalavis! Eg hadde nok meir sett føre meg ein liten artikkel gøymd mellom lokale politiske diskusjonar og spalter med NPK-nyhende, så overraskinga var stor då eg såg ansiktet mitt på framsida av avisa same kvar eg skulle denne dagen; på jobb, besinstasjonen og i daglegvarebutikken. Ikkje det at eg vart irritert, berre overraska over storleiken på oppslaget:)

031  038

Eg har fått mange positive kommentarar på oppslaget i avisa, og dei som ikkje synest fullt så mykje om det let nok vere å nemne noko om det.

Som så ofte så er det gjerne ein sjølv som les teksta/intervjuet med dei mest kritiske brillene på. Står der noko som har vorte feiltolka, noko som er trekt ut av ein samanheng? Det er ikkje lett å få med seg alt som vert sagt i eit intervju, kanskje spesielt vanskeleg i eit telefonintervju. Eg synest at det var ein fin artikkel, der mykje av teksta var henta rett frå bloggen min. Eit par ting vil eg likevel kommentere (for dei som kanskje har lese artikkelen):

Der står noko om dette med å legge ut informasjon og bilete av familien, med tanke på at folk kan misbruke bileta;

"Etter mykje tenking kom eg fram til at det er så pass mange som gjer det, så eg bestemte meg for at det gjekk greitt. Men eg har tenkt nøye over det, så folk ikkje trur eg er heilt dum" 

Eg kjende meg ikkje heilt igjen i fråsegna, spesielt det med at "det er så mange andre som gjer det, difor fann eg ut at det var greitt". Men, men slik står det no, eg klandrar ikkje den som skreiv artikkelen, eg kunne nok kanskje ha spurt om å få lese korrektur før det vart publisert, noko eg skal tenke på til ein eventuell neste gong:)

Kan hende forklarte eg meg litt vanskeleg over telefon, men det eg ville presisere var at eg er kritisk til kva type bilete og informasjon eg vel å legge ut på nettet.

Eg har tenkt litt att og fram når det gjeld heile blogginga generelt. Skal det bloggast frå denne kanten, så vert det ein blogg med mange aspekt frå livet, då vert det naturleg å ta med både bilete, sjølvopplevde erfaringar, personlege meiningar og kjensler. Eg er klar over at der er ein viss fare for at data som ligg på nettet kan verte misbrukt av folk med lite hyggelege intensjonar. Bloggen ligg på verdsveven open for alle, sånn sett når den ut til større delar av verda enn ei lokalavis. Eg har både lest og høyrt om folk som har vorte misbrukt på nettet, der misbrukarane faktisk ikkje har hatt meir å nytte seg av enn eit profilbilete av eit ansikt og ein fødselsdato. Sånn sett er det ikkje lett å heilgardere seg mot noko her i livet. Vel ein å ha ein profil anten på facebook, nettby, blogger, m.m. så er ein meir eller mindre utsett for at andre kan misbruke bilete og data.

Det eg også nemnde, var at eventuelle misbrukarar kan nytte seg av fleire forum enn blogg dersom dei vil få tak i bilete og andre data, som til dømes aviser og andre tidsskrifter på nett. Det har vorte vanleg at blant anna lokalaviser opnar opp for at lesarar kan legge inn eigne bilete på diverse bildegalleri. Her finn ein mange bilete med fullt namn, og av og til alder på vedkomande. Sommarstida er det ikkje sjeldan å sjå bilete av ungar på stranda, ofte lettkledde eller nakne. Slike bilete er eg redd kan trigge dei som kanskje er sjuke nok til å misbruke bileta.

Det er nok ikkje lett å trekke ut ei setning som ein konklusjon ut av alt dette, som igjen skal publiserast i ein artikkel, det har eg forståing for. Eg hadde likevel lyst til å få fram at eg legg ikkje ut bilete og informasjon på bloggen som resultat av ein konklusjon; "greitt å gjere fordi det er såpass mange andre som gjer det".

Då framstår eg faktisk som det motsette av det som var tanken bak setninga. Ganske naiv og kanskje litt dum? :)

 

038

Vel ein å vere synleg må ein vere budd til å ta konsekvensane av det, det er vel noko av det eg også ville vise at eg har tenkt igjennom. Det håpar eg at dei som har lese litt på bloggen min har fått med seg. Vi er alle ulike, med ulike grader av openheit og anonymitet. Eg meinar at ein ikkje nødvendigvis er meir naiv dersom ein vel å dele bilete, kjensler og tankar, enn dei som ikkje gjer det. 

Diskusjonen om kva som er rett eller gale, naivt eller smart, dumt eller klokt å gjere når ein vel å vere synleg på verdsveven, kan nok verte lang, likeeins er det nok mange meiningar om dette. Det skal eg ikkje skrive noko meir om no:)

28 kommentarer:

Ida Mari... sa...

Hei!
Ser ut som om det var ei kjempe fin repotasje av deg Astrid! Har desverre ikkje lese avisa sjølv, men ut i frå dei bileta du viser ser det flott ut :)
Eg kjenner meg også igjen i det å bli litt feil sitert i avisa, som kanskje kan irritere ein litt..
Men pytt pytt...Det er heilskapen som betyr noko..
Eg synast du skriv veldig engaskjerande, nyansert og klokt Astrid, og det er derfor du har så mange som likar bloggen din!

Lykke til vidare med blogginga di!

klem.

Englemor sa...

Hei Astrid.
Eg vart gledelig overaska da eg las om bloggen din i avisa. Eg satt heime i stova hos mi mor og las avisa og fortalde då at eg brukar å vere inn å lese på bloggen din. Da kunne ho gamle mor fortelje at det brukar ho også:) å vi begge er jo so imponert over korleis du og din kjære får ting til her i livet. Det gir stor innspirasjon. Følgjer med deg vidare i bloggverda:)

Anna Lisa`s hjerteblogg sa...

JA stykket i avisa om bloggen din var veldig kjekt å lese. Det har jammen komt mange nye bloggarar hit siste tida. Eg hugsar at når eg begynte var eg heilt aleine i volda/ ørsta. Her var iallefall ingen eg visste om. Eg begynte i nov 06. Så dette har forandra seg mykje sidan då. Skal dei virkelig ha flere slike reportasjer? Artig. Men eg vert nok ikkje spurt tenker eg, siden eg har vore gift inni denne avis familien fra før. Så det er spørs....
Ønska deg ein fin kveld Astrid. Det er alltid kjekt å besøke bloggen din.
Klem

Anette sa...

Så morsomt at du fikk et så stort oppslag da! :-D

Alle har mange meninger om alt. Hadde ikke sjenket det en tanke om jeg var deg. ;-)

Ha en fortsatt fin kveld! :-)

Line sa...

Så moro, Astrid:9)
Eg får sende melding til Mamma om at ho må ta vare på avisa, for denne artikkelen har eg lyst til å lese!!
Ser jo at det har blitt eit stort bloggemiljø i Volda/Ørsta, og synst det er litt artig...
Har funne att litt gamle kjende her inne, eg:0)
Klem

Anita sa...

Så artig å komme i avisa sånt da. Synes du har en kjempefin blogg. Er relativt ny her i blogglandia, men har jo skjønt at det er en del bloggere fra ditt område her. Koselig det;o)
Når det gjelder å legge ut bilder på bloggen, så tenker jeg at jeg bare legger ut bilder jeg kan "stå" for, at det ikke er bilder som på noen måter skjemmer ut meg eller min familie.
Kommer nok til å følge med bloggen din i fremtida også.
Ha ei fortsatt fin uke;o)
klem

Ramme alvor sa...

Gratulera. Du må gle deg over merksemda, det var kjekt!

Ha ein framifrå kveld!
Britt

Nunne sa...

Hadde jeg funnet den avisa hadde jeg sagt... HENNE KJENNER JEG... for sånn føl eg det når det gjelder endel folk i Ørsta/Volda/Sunnmøre... dei utmerker seg med koselige blogger...

Veldig artig at du fikk omtale i avisa, for bloggen din er TRIVELIG...VELDIG trivelig.
God natt hilsen.. fra Nunne.

kate sa...

Hei Astrid:)
Så morsomt med flott oppmerksomhet rundt bloggen din ( til tross for feilsitering)
Ha en fin tirsdag,
klæm fra Kate:)

~♥~ Monica S sa...

Dette har gått meg "hus-forbi". hm.. ja,ja.. og sånn går no dagan! hehe

Trur vi alle er i same båt, og forstår nok godt kva du meinar Astrid!

Monica

Lill sa...

Hei:0)
Så flott Astrid:0) Har dessverre ikkje Møre, men det ser ut som dette var ein flott artikkel om ditt A 4-liv. Du skriv så flott og engasjerande, og det er alltid kjekt å lese her inne:0))
Nyt dagen
Klem frå Lill

Kari/Hestia sa...

Så koselig med avisinnlegg. Har lagt ut noe til deg på bloggen min.. Falt for sia di den første gangen jeg var her inne.
Ha en fin dag :o)

Cecilie sa...

Det var kjempekoseleg å lese om bloggen din i avisa. Eg må innrømme at eg stussa litt over kommentaren som du referer til her, men sidan eg føler at eg på ein måte kjenner deg og veit kva du står for, så var eg igrunnen heilt sikker på at her var ting feilsitert eller tatt litt ut av samanheng.

Klart at ein ikkje legg ut bilete og skriv om tankar og slikt på nettet berre fordi alle andre gjer det. Ein tenkjer sjølvsagt godt over kva bilete ein legg ut og kva ein publiserer av andre ting.
Bloggen din er koseleg og hjartevarm, eg kosar meg kvar gong du legg ut nytt innlegg.

Blir spanande å følgje med i Møre framover no, for å sjå om det er flerie "kjendtfolk" som dukkar opp.

kari - carpe diem sa...

Artig å få litt "publisitet", da, selv om det er slurvete av lokalavisa å ikke sitere deg helt riktig. Når det gjelder følelsene rundt selve blogginga, har jeg vært der også...mange ganger. Ofte angret meg på bilder, tekster...lett å bli for privat og utlevere seg selv. samtidig er det MEG, og akkurat sånn jeg er, og det kan jeg ikke forandre. men tanken på å bare kutte helt ut...vært der ofte...
Internett er fantastisk, men også farlig...

Torill sa...

He du kome i Møre, so arti! Endelig nåke vetigt som står der, haha! He merka at det bjynde å kome fleire kjende på bloggefronten, det e no kjekt :-) Vi he vel blitt meir globale enn før. Ej bjynte blogginga mi først fordi familie og venna skulle lese om ka som skjedde me oss, men etterkvart e det like mykje for å verte kjende med andre. Husk å klippe ut artikkelen. Den verte kjekk å ta vore på den dagen blogging e heilt avleggs og internett he vorte erstatta me nåke anna :-)

Line sa...

Heisann!!
Har noko til deg:0)
Ha ein fin dag, klem

Nikoline sa...

Hei!Så kjekt at du fekk såpass plass i avisa, det synes eg verkeleg bloggen din er verd!Eg har ikkje den avisa,men det ser flott ut det eg ser her..
Ha ei superfin veke!

Cecilie sa...

Hei, har ei lita utfordring til deg på bloggen min, ta den om du vil

klem

Anette sa...

Heisann!
Utfordring til deg inne hos oss også... ;-)

Linda sa...

Hei, så stilig at du har vekket oppmerksomhet da!:o) Jeg har også tenkt frem og tilbake på det med bilder.. For meg er det like mye en dagbok som en blogg.. I tillegg så tenker jeg at så mange nettsider og blogger som finnes så er det liten sannsynlighet for at noen vil plukke akkurat min blogg.. Kanskje naivt, men men.. Ha en fin-fin dag!:o)

Fivrel sa...

Hei!
Veldig moro at du vert lagt positivt merke til på den måten! Så har du då også ein innhaldsrik blogg, og til skilnad frå mange andre "tør" du reflektere og filosofere fritt, gje uttrykk for meiningane dine og du gjer det på ein svært diplomatisk, jordnær og velformulert måte.

Eg tykkjer du tek opp eit interessant emne også i dette innlegget - om å verte "oppfatta" slik og slik, anten det er journalisten som oppfattar gale (det er IKKJE så reint sjeldan, så ver varsam og les gjerne gjennom fyrst, ja!), eller andre lesarar av bloggen. Alle les med ulike briller, og tolkar teksten på sitt vis.
Kanskje er det serleg utfordrande når ein bur i ei lita bygd, og ein stor del av lesarane (som ein ikkje veit kven er, fordi Dei aldri gjev seg til kjenne gjennom kommentarar eller anna)er menneske som veit kven du er, "kjenner" deg, og såleis er mykje meir jante-tilbøyelege. Så bør ein kanskje vere varsam med å verte for personleg? Men korleis skal ein då presentere seg og sitt, det vert då rein skjønnlitteratur! Nei, eg trur at det er det å vere Ekte, vere Seg sjølv, som gjev tillit og respekt. Det er td nett difor eg likar deg så godt, fordi du gjev av deg sjølv og er så solid og ekte. Så må ein heller lære seg å ignorere dei som vel å fokusere på negativt i staden for positivt.

Gode ynskje frå sør i landet :-)

Line sa...

Heisann, du...
HAr ei utfordring og ei utmerking til deg:0)
Fredagsklem

Fru Petersen sa...

Hei hei der! Ville bare si at jeg synes innlegget ditt om tidklemma var enestående, og at jeg er veldig enig i mye av det.
De fleste rudt meg har barn som er med på aktiviteter både to og tre ganger i uka, selv er de ute i jobb og har de minste i barnehage. Og jeg vet mange MÅ ut i jobb, kanskje jeg også må det, for å spe på i kassa. Men NÅ er jeg bare så vanvittig glad for at jeg kan sitte lenge ved frokostbordet med barna, jeg kan lage middag uten å kjefte fordi jeg er stressa, jeg kan ta husarbeidet om formiddagen, også har vi rolig ettermiddag.Det er sånn VI ønsker å ha det-og passer meg perfekt :) En pappa sa her en dag til meg, at før synes han det var nokså spesielt at jeg bare gikk hjemme med barna..Nå vokser respekten for det bare mer og mer ,sa han. Det handler om å gå de stikkveiene man selv har lyst til-og stå for det. Og kjære deg(og evt andre) jeg SKJØNNER at noen MÅ ut i jobb- men håper det norske folk etterhvert kan endre den holdningen som har regjert de senere årene om"hjemmeværende mødre". Vi er slettes ikke dumme, eller egoistiske for den saks skyld. Og hvem vet hva som skjer i morgen? Hva om jeg blir borte?? Hva slags minner vil barna sitte igjen med? en heseblesende, frustrert, småkjeftete mamma som kommer inn døre klokka 16.30 hver dag?...Som hadde helgene som sin egen kvalitetstid fordi da skulle hun liksom "slappe av" fra mas og jag? nei,takk....

beklager langt innlegg...jeg ble litt revet med :D
Flott blogg, jeg stikker innom igjen! :)

Line sa...

Heisann:0)
Travelt opptatt med skulegang for tida??
Eg var på tredagersammling i forrige veke, fjerde og siste semester, det er godt å sjå enden!!
Har noko til deg inne hos meg...
Klem

~♥~ Monica S sa...

Hei Astrid

Takk for besøk :-)

Eg er veldig glad i utsikta mi eg og.. som du kanskje har merka??

Du gjer nok lurt i å skygge unda bloggen ei stund skal du få gjort anna...
Hehehe.. e slettes ikkje lett å fyre uten avis og eller tennbrikettar nei.. då tek det tolmod og mykje tid!!

Håpe gemalen tek med slikt heimatt då.. til neste gong!

Monica

Vivi sa...

Hei Astrid og takk for besøket inne hos meg :-) Måtte jo gå på gjenvisitt for å se hvem du var, og det ble et hyggelig besøk :-) Artig at bloggen din kom i avisa, og forstår godt at det er litt rart å se egne skriverier slik på papiret, men tror nok som du, at det er du selv som har de mest kritiske brillene :-)

Jeg kommer tilbake!

Fam.Sandnes sa...

...Heia:)

Vart så glad i dag då eg såg renta gjekk ned...endeleg er ho på rett veg og kanskje blir det råd også for oss å få orden på uteområde og ei dobbelgarasje:)
Eigentleg så trur eg ein set litt meir pris på det ein slit for å få til, men ikkje kjekt å vere so blakk kvar månad grunna høg rente..hehe...
Noko store ferieturar blir det uansett ikkje her i garden, men vi kosar oss på rorbua til foreldra mine, og er viss på at det er slikt ungane vil hugse når dei blir vaksne:)

Håper alt er bra med deg og dine, reknar med det går i eitt også heime hjå dykk?

Ønskjer deg ein fin onsdagskveld:)

Klem

Ingrid sa...

Det gjeld å få med seg det viktigaste - også på tv :)
Ja, eg prøvar å være flink å jobbe med skule og sånt, og trur nok eg skal kome i hamn til slutt. Reknar med at skulegangen går bra for deg òg? Du verkar som ei som får ting til.. :)
Eg trur me er litt like på det med rettskrivinga, eg er også nøye på skrivefeil og slikt, sjølv om eg stort sett skriv dialekt i uformelle settingar som dette. På bloggen bestemte eg meg heilt i starten for at det kun skulle skrivast på nynorsk, og det har eg heldt på :)