torsdag 26. februar 2009

Flink pike?

Frå jentene i foreldremanualen har eg fått ei utfordring.

Utfordringa var at eg skal nemne tre ting som eg er flink til.

Eg er vel som dei fleste flink til litt forskjellig, men det er vanskeleg å vurdere seg sjølv objektivt;)

Kva som er "flinkt" og ikkje er dessutan så forskjellig "alt etter auget som ser". Og så var det dette med å skryte av seg sjølv... det er ikkje akkurat så sosialt akseptert... Då er det mykje enklare å nemne tre ting som eg ikkje er så flink til.

Men sidan eg er av den meining at vi generelt bør verte flinkare til å rose oss sjølv for det vi får til, så skal eg no prøve å skreppe litt av meg sjølv.

Eg tek sats; og eg synest sjølv at eg er relativt flink til:

*å passe på, og ta vare på ting

Eg har nok vore inne på det både ein og fleire gongar før her på bloggen. Eg synest det er så viktig å fare fint åt!!!

Det gjeld for det aller meste, anten det er små eller store ting, miljø og folk rundt seg, nytt eller gamalt, brukt eller ikkje brukt. Eg veit at eg kan verke masete på dei rundt meg når eg til stadigheit påpeikar "husk å henge fint i frå deg..." "ikkje trakk på ..." "vil du legge på plass ..." osv. osv. Slik er eg og eg ser ikkje grunn til å endre på denne "pirkinga", i tillegg ser eg kor stor glede både eg og andre rundt meg har av ting og tang som har vorte tatt godt vare på og det gjev meg ein driv til å fortsette "å passe på".

*å tenke miljøvenleg

I desse miljøtider er det trendy å vere miljømedviten. Det kan vere vel og bra, og forhåpentlegvis så er denne trenden komen for å verte verande. Eg er ikkje miljømedviten for å vere trendy, men eg har vakse opp i ein heim der relativt enkle, men effektive miljøtiltak har vorte gjennomførte. Desse tiltaka har eg tatt med meg vidare til min familie.

T.d; sortering av avfall; papir og plast for seg, glas og hermetikk for seg, bretting av kartongar. Batteri og anna spesialafall har vi sortert og tatt med til miljøstasjonen. Straumsparing i heimen er bra både for miljøet og den personlege økonomien:) Dusjing kvar dag er, dessverre for både miljøet og huda, vorte ein vane for dei fleste i vår generasjon. Ein er ikkje skitgris om ein nøyer seg med eit vaskefat og ein vaskeklut innimellom... Så kjem eg til eit av dei vansklegaste punkta; å redusere antal mil med bil... Sidan vi bur i relativt grisgrende strok er vi avhengige av å bruke motorfarty når vi skal på jobb, barnehage og skule. Då er det desto viktigare at vi prøvar å samkøyre bringing og henting. Ei periode hadde eg ein visjon om å sykle til og frå jobb for å gjere ein innsats for miljøet og mi eiga helse:) Tanken var god, men eg ga meg etter eit par veker... Sidan eg jobbar 10 timar nattevakt, vart det frykteleg tungt å sykle 1,5 mil i oppoverbakke for å kome meg heim etter jobb og så trur eg det vart litt hardt for ein stakkars kropp:(

-sykkeltur 

*å nyte livet :)

Trass i ein hektisk kvardag har både eg og min kjære fokus på å gi ungane og kvarandre gode opplevingar. No er "gode opplevingar" eit høgst subjektivt begrep, der det kan famne alt mellom himmel og jord, og eg skal ikkje legge meg ut på nokon diskusjon om kva som er viktig og mindre viktig å prioritere i ein travel kvardag. Det som er viktig og livgivande for oss treng ikkje vere like viktig for andre, men for vår familie er det styrkande å vere samla og nyte tid i lag når vi har fri, anten vi slappar av eller jobbar i lag:) 

 

Ryddedag ute 012 Ryddedag ute 037

Utfordringa går vidare til tre av mine trufaste:

Line, Tove og Dagny :)

9 kommentarer:

Torill sa...

Synest du har mykje godt ved deg og eg er heilt sikker på at du har mykje meir på lager. Janteloven skal vi ikkje alltid bry oss om, så ikkje vær redd for å seie kva du er flink til, det er jo slik det er! Heilt sikker på at du er ei god mor også, du verkar glad i familien din, i naturen og for dei små ting i livet. Og så er du født med ski på beina :-)

Anette {foreldremanualen} sa...

Så gøy at du tok utfordringen!
Tenker at jeg burde bli litt flinkere til å ta vare på ting, slik du er. :-)

Anonym sa...

Oi, oi, oi...Jeg har glemt å legge ut bildet fra forrige utfordring. Det kommer i bloggen min imorra, jeg lover! Nå er jeg så travelt opptatt med å glede meg, at jeg dropper bloggen for kvelden.

-klem-

Unknown sa...

Flott innlegg Astrid:0)
Det vanskelegaste ein vert bedd om er faktisk å seie noko positivt om seg sjølv, er ikkje det rart??
Eg skal ta den, må berre vri hjerna litt;0)
Klem

~♥~ Monica S sa...

Flott innlegg og kjekt å høyre nytt framma dalè!! ;-) (tok du'an??)

Koselig å være ilag!
FLOTTE bilder!

Monica

Fivrel sa...

Så gama at du er attende, Astrid! - med eit GODT innlegg som fortel mykje, ja det fortel meir om deg og dine og den verda du har vakse opp og lever i, enn det som står med reine ord. Du peikar på fleire svært viktige ting, og det gler meg å lese. Samd er eg både i det du skriv her, og kommentaren inne hjå meg - to sjeler kring same tankar, same verdiar.

Dette med miljøvern er så viktig, og aller mest i det daglege, i det "små", for det er slike ting ALLE kan gjere, og alle kan greie å gjere heile tida. Brette, sortere, bruke mindre straum, fly mindre, ta vare på det ein har og ikkje stø oppunder bruk-og-kast. Men i grunnen for alt dette må det liggje ei kjensle av tilhøyrsle, nærleik og kjærleik til naturen og alle, alt som lever der - for at me skal ha ein stødig og urokkeleg grunn til å ville ta vare på miljøet kvar einaste dag. Og dét får ein berre ved å vere ute i skogen, på fjellet, sjå på maurtuvene og fuglane, telje meitemark i kjøkenhagen og koke neslesuppe om våren :-)

Ha ei herleg helg, *klem*

Dagny- Heim sa...

Hoi! Jammen kjekt å "høyre" frå deg igjen :-) Du er flink,ja! Veit ikkje om eg klarer å spade opp noko så "flinkt", men eg skal prøve. Men først må eg ta ei anna utfordring eg fekk av Monica.
Synest forresten det er veldig tilgiveleg at du tek bil istadenfor sykkel på jobb!!! :-D

Ha ein strålande dag!

Dagny- Heim sa...

Så kom det ei utfordring til deg i retur frå meg, om du har lyst :-)
GOD TUR!

Anna Lisa sa...

Hei Astrid! Så koselig å "sjå" deg att :)
Takk for helsinga. Var koselig.
Eg kjem nok ikkje til med å slutte, er bare sliten innimellom, og utan inspirasjon til kva eg skal blogge om...men det dukkar alltid opp noko. Godt med nokre dagar fri frå bloggen, kjenn at lysta har begynt å kome igjen til å blogge. Ein må bare blogge når man kjenner man orka og vil.
Du har mykje positivt å sei om deg sjølv, og det er viktig å kunne være positiv om seg sjølv. Veit du har mykje meir enn det du skreiv om. Koselig utfordring:)
Ha ei fin helg!!!
Klem