laurdag 16. mai 2009

16.mai- fotballfestdagen!

Fotball…

Dei som kjenner meg vert vel overraska over at EG har eit fotballinnlegg på bloggen min, eg som synest at fotball-idretten får ALTFOR mykje spalteplass i avisene. For ikkje snakke om at eg ikkje kan fordra fotball på tv! Noko meir kjedeleg skal ein leite lenge etter spør du meg.

MEN når det gjeld lokalfotball er eg ein smule meir interessert. Rett nok er interessa mi kun retta mot eitt lag, nemleg Åmdal, klubben i mitt hjarte <3 :)

Åmdal er ei av bygdene i kommunen vår, Ørsta. Ørsta-fotballen har alltid vore “storebror”  for dei andre laga i kommunen; Vartdal, Hovdebygda og Åmdal, men denne sesongen spelar alle dei fire laga i same divisjon! Ikkje er eg nokon historikar, men eg trur dette er første sesong dette skjer. For dei som ikkje veit kva divisjon dei spelar i er det snakk om 4.divisjon.

Trass i mi snevre fotballinteresse er eg gift med ein fotballfrelst mann. I elleve sesongar har han spelt på Ørsta sitt A-lag, før han starta som spelande trenar på Åmdal sitt A-lag i  år 2000. Sidan har han vore trenar for Åmdal, med unntak av to år.

Først eit par skrytebilete frå mimrealbumet;

 IMG_0001IMG

I dag er det duka for fotballfest. Åmdal skal for første gong i historia spele mot Ørsta i ein seriekamp. Og mindre vesentleg; eg kan for første gong i historia seie at eg gledar meg til ein fotballkamp;)  Meir om fotballfesten kan du lese her.

IMG_0009

Litt meir historikk for spesielt interesserte kjem her:

Desse to utklippa er henta frå “Møre-Nytt” 15.mai 1993 :

IMG_0017IMG_0018

Merk dykk dei to som den gong var kapteinar på  Ørsta og Volda, i dag er dei trenarar for  Åmdal og Ørsta. Såleis kunne den same overskrifta  “Rikken skal slå tunnel på Evebø” vore brukt i dagens utgåve av “Møre-Nytt” :)

Eg har også leita fram eit gammalt bilete frå 1995-sesongen. Då var Dagmund Evebø trenar for Ørsta, og Svein Erik fortsatt kaptein på laget. For lokale interreserte; merk dykk at tre av desse karane i dag stiller som trenarar for kvar sine lokale fotballag. Dagmund Evebø for Ørsta, Frode Digernes for Vartdal og Svein Erik for Åmdal. Og, den gongen, ungguten som ligg på tvers, er  ein av dei som Åmdal-forsvaret må prøve og stoppe på Legene grasbane i dag.

IMG_0014

Her ser vi to av dei igjen i fredagen si utgåve av Sunnmørsposten. 14 år etter forrige bilete, der dei den gong spelte på same lag. I dag skal dei møtast igjen :)

IMG_0007

Eg avrundar med eit rungande;

“HEIA ÅMDAL!!!” :) :) :)

6 kommentarer:

Gulla sa...

Eg er heller ikkje vidare interessert i fotball, har kanskje utvida horisonten en smule meir dei siste åra, men engasjemente ligg fult og heilt hos Åmdal!
Der har eg stort sett kontroll på resultat, spelarar og andre lag i divisjonen ;)

Rikken har no verkeleg vore ein sentral spelar i monge år, så du har vel ikkje anna valg enn å ta det med på lasset. Å jammen er det kjekt å sjå desse karane springe rundt etter ballen. Spesielt når den er din eigen kar. Er ikkje rart at engasjementet dukkar opp likevel då ;)

Dagen idag har vi verkeleg sett fram til, eg har pleia dei såre beina hans med gnagsår på, med fotbad dei siste to kveldane. Idag fekk han sove lenge og steikte egg til frukost :)

Eg kan ikkje bidra med så mykje på bana, men håpar den lille ekstra innsatsen min vil smitte over på han og pretasjonen vil bli enda betre!

No er fleire liter med vaffelrøre på vei fram.
likje jenta ligge å lada batteria, og eg skal gjere nokre studie oppgåver til før vi set nasa mot Legene!

Heia Åmdal!

Tove sa...

Sjølv om eg framleis er litt Ørstapatriot, så hadde det vore artig og historisk om Åmdal vann! Eg er vel programforplikta til å heie på Vartdal i år, for ikkje å lage altfor store bølger i familien! Artig å sjå bilete av lissjebror min òg!

Var kjekt å mimre seg gjennom fotballhistoria ilag med deg, Astrid!!! No står du vel klar med alle dine på sidelinja og heiar av full hals! Lukke til...

~♥~ Monica S sa...

hehe!! Kjekt å sjå igjen "Rikken" frå gamle(?) dagar !! hehe!
Huska han sånn som på -95 bildet ja!

Ellers forstår eg at Ørsta vann??
ja,ja.. gøy va det nok!

Ha ein fin 17.mai!!!

Monica

Anna Lisa sa...

Er bare innom for å ønske god 17 mai.
Kos deg!!
Klem

Anita sa...

Ha en superfin 17. mai;o)

Anita

ps! Fotball er gøy!!!!!

Bentelen sa...

Heisann snubbla over bloggen din idag, og falt helt for din måte å formiddle livet på. Setter nok din blogg på min favorittliste ja. En liten hilsen ifra meg, og jeg kommer nok snart innom på besøk igjen.