søndag 10. mai 2009

Egotrip eller investering?

Kva skal ein kalle det når mor i huset "stikk av" på fjellet -ein heil finevêrslaurdag, og let far i huset vere heime med ungeflokken?!

standalrennet 09 006standalrennet 1

Laurdag for to veker sidan vart det tradisjonsrike Standalrennet arrangert for 68. gong. Der var eg ein av deltakarane. Sidan dette var mitt første Standalrenn, ante eg ikkje kva eg gjekk til. Sjølvsagt visste eg at eg skulle gå opp ei fjellside og renne nedatt så fort som vetet kunne tillate:) men eg visste lite om løypeprofilen, teknikken for å halde seg på beina i den våte vårslushen, mjølkesyra og adrenalinkicket!

standalrennet 09 003

Etter bortimot 3 strevsame timar på bakglatte/sideglatte fellar, 20 fall, bortimot ein liter væsketap i varmen, var eg endeleg oppe på start. Høg på ei kjensle av å vere ein del av fantastisk flott sunnmørsnatur, gjorde eg meg klar for start.

standalrennet 09 004standalrennet 09 005

Eg rakk såvidt å ta nokre få bilete før det var min tur å setje utfor. Ikkje veit eg kven som er avbilda her, men eg håpar at eg er tilgitt dersom vedkomande skulle kjenne seg att på bildet. :)

mob 061standalrennet -

Tv: nesten oppe, med Fingeren i bakgrunnen. T.h: ein av løparane, uvisst namn og nummer.

standalrennet

Endeleg i mål, og kan nyte resten av rennet frå tilskodarplass.

Spektakulær oppleving for ei sliten 4-barnsmor !!

12 kommentarer:

Gamleheksa sa...

Du verden! Dersom du kom fra dette med alle kroppsdeler like inntakt, så er jeg svært imponert. En slik dag må man unne seg i ny og ne for å ha overskudd til dem der hjemme. Dessuten er da en far halvparten av et foreldrepar og burde være i god stand til å ta seg av sine egne barn.

Anna Lisa sa...

Kjære Astrid!!!
Først: Kor kjekt å ha deg tilbake:) Har tenkt masse på deg, og håpt på å få sjå fleire fine innlegg frå deg. Og det vart det!! Og for eit innlegg!!! Du imponera meg stort!!!
For en fantastisk tur dette må ha vore, og kor flink du er!!! Ja, dette hadde eg aldri i mitt liv klart eller tårt!! Eg er som en frosk på flukt når det gjeld ski nedoverbakke :) hehe
Flott innsats!!!
Takk for koselig helsing hos meg, det var somsagt kjekt å høyre frå deg.
Klem

Aarskog maskin sa...

Der var du endeleg!!! Kjekt å "sjå" deg att! Ikkje plag tankane dine med egotripp eller investering, du kjenner nok svaret i hjertet ditt - og det er det viktigaste! Kjempeflott oppleving har du i allefall fått, og ungane leid nok inga naud!!!

Dagny- Heim sa...

Kjekt å ha deg tilbake! :-) Reknar med at du har hatt meir enn nok å henge fingrane i, og då fortener du slike kick og egotrippar som dette. Såg du hadde fantastiske prestajonar i løypene på Bondalseidet også, gratulerer!!

Tilslutt, om du var i tvil, så var det ikkje meg du hadde teke bilete av på toppen :-D

Ha ei strålande veke, det skal det visst bli på vérfronten i alle fall!

P.s. håper det ikkje blir såååå lenge til neste gong du legg ut gode ord og finebilete ;-)

Anette {foreldremanualen} sa...

Imponert!! Og helt klart en investering for hele familien! :-D

Nikoline sa...

Uansett kva grunnen var til at du var aleine til fjells,var det heilt sikkert ein berettiga "husmorferie-dag"!
Eg er sikker på at det har vore omvendt også fleire gonger,der gemalen har fri frå "kjerring og ungar" for å gjera sine ting...
Ser at du hadde ein fabelaktig dag,men at du vågar ned dei bakkane der er imponerande!!! Eg hadde ikkje komme meg OPP,eg for min del...
Ha ei strålande veke med masse ny energi etter fjellturen:0)

Eline sa...

Så stilig!

Gjengen framma dala sa...

Steik kor tøft!! Klart det e lov å ta sej en egotripp innimellom!!
Flotte bilde du he tatt! Kjekt å sjå dej på blogg igjen:-)
Helsing Asbjørg

~♥~ Monica S sa...

YAY!! det såg herlig ut! Skjønt eg hadde aldri turt! Eg er litt pysete i høgdene, og spesielt på ski!!!!
Du er flink!

Monica

Ramme alvor sa...

Ops..bomma litt på innlegga :), dråpen var vakker og den! :)

Torill sa...

Hjelpe mej kor spreke du e! Du he det i kroppen frå alle åra i bakken. Fantastiske fjell vi he altso, ej blir so glade ta å sjå bilda.

Når det gjelde påbygging av hus, kan ej tipse dej om ei side som foreslår korleis du kan bygge på huset og få det til å sjå ut som sveitserstil o.l. Vi he tenkt på å bygge på huset vårt meir med tider, men foreløpig hekje lommeboka sagt sej villig til det. Merkelig kanskje å ha planen om påbygging før huset e oppe, men ej tenke langsiktig :-)

www.gamletrehus.no

Kjekt at du e tilbake. Ej e nok en av dei som får besøkertalet ditt til å stige, ej e innom ofte og ser om det he kome nåke nytt.

Ha en fin dag.

Anonym sa...

Ein kan gjere mykje god for familia sine. Det å prioritere seg sjølv når ein treng det, er ein av dei. Takk for at du gir det eit ansikt, eg vonar mange mødre og fedre tek til seg inspirasjon og klarer legge frå seg dårleg samvit! :)
Mvh RS