måndag 22. juni 2009

Kjære Stine!

IMG_0001

(Fotograf: Marta Lystad)

I dag, 21.juni 2009, er det 10 år sidan du kom til verda.

Det er 10 år sidan Synne vart storesyster for første gong.

Det er 10 år sidan du kraup inn i hjarterota til alle som stod deg nær.

På desse 10 åra har du allereie vevd eit stort og fargerikt teppe. For det meste er det vevd i spreke, glade fargar, men også litt av dei mørkare fargane er på livsteppet ditt. Du har kanskje fått erfare og fått lære meir om livet enn somme andre på din eigen alder.

DU Stine er ein fargeklatt i deg sjølv. Du har visst alltid vore eit naturleg midtpunkt; glad og sprudlande, raus med klemmar og gode ord. Du veit det kanskje ikkje heilt sjølv endå, alle dei fantastiske flotte eigenskapane du har. Ikkje sjeldan viser du både klokskap og forståing som sjølv vaksne kan misunne deg... 

I dag har du fyllt 10 år -og du har heile livet framom deg! :) 

Her er eit lite utval av alle bileta vi har av deg:

IMG_0016IMG_0018

Du har alltid likt å pynte deg:) Spesielt godt likte du leppestifta i Besta si veske;)

IMG_0008IMG_0029IMG_0026

Du har hatt mykje glede av mine mange skopar. "Astrid? Kan ej få vere skomannekeng?" var standardspørsmål då du var heime annakvar helg. Fram og tilbake på golvet, med hofteknekk og smilet på plass:) Seinare har du hatt gleda av å kle deg ut ved ulike høve, blant anna som Julebukk og i Lurvetog.

IMG_0003IMG_0004IMG_0015IMG_0006 

Du er ei friluftsjente. Du kosar deg i ditt rette element både vår, sommar, haust og vinter.

Snøklokkeplukking om våren var du eit par år VELDIG fasinert av:) Eg kan hugse at du omtrent kunne plukke hagane fri for snøklokker, du sa; "Sjå der då Pappa! Dinna snøklokka e endå finare, dinna snøklokka står åleine, dinna snøklokka kanskje e mammasnøklokka til dinna", alltid hadde du ein grunn til å plukke endå fleire:) 

Sommaren har du og Synne likt å starte tidleg, iallefall badedelen av sommaren;) Grilling på Grevsneset har alltid vore kjekt! I år skal du til og med feire selskapet ditt der.

Hausten har vore ei fin tid for ulike turar i skog og fjell. Du er flink å hauste av naturen, her er du på din aller første sopptur -den dagen var skogen full av gul(l) -og dei steikte kantarellane gjekk ned på høgkant den kvelden:)

Vinter og snø er også stas. Her er du med på juletreskogen for første gong -og du fekk velge ut juletre til Besta.

IMG_0017

Du er ei Gollejente! :)  Her er du 4 år gammal, på ein kjempekoseleg ferietur i Bø.

IMG_0021IMG_0020

Du har alltid vore nyfiken på kunnskap. Konkrete og filosofiske spørsmål dansar om kvarandre:)

Du er dessutan flink til å ta utfordringar som møter deg. Vi har snakka mykje om å "gutse" i ulike samanhengar, og det gjer du Stine!

Det vil nok kome godt med vidare, for livet er fullt av utfordringar!

Om du treng hjelp forbi hindringar på vegen din -då veit du at vi vil hjelpe deg vidare.

Nesten som i hinderløypa på Sommarland;)

IMG_0014stine-kattIMG_0013

Du er glad i dyr -og dyra er glade i deg. Dyrepassar...det er du nesten allereie Stine. Ein flink dyrepassar:)

IMG_0002-sepSøndagstur til Helgehornet 189- sv-kv

IMG_0010Synne 11 år, selskap i Kvanndalen 036

Familiane dine set du veldig høgt. Du viser med heile deg at du verdset å vere saman som familie.

Heimekos inne/ute, ulike aktivitetar og turar der vi er samla, dei lange, gode samtalane rundt kjøkenbordet

...små og store hendingar som vi opplever i lag, alt dette knyt familiebanda sterkt i hop:)

Bakketua-fjelltur juli 08 067134

Bakketua-fjelltur juli 08 051- nær

Av og til kan eit bilete seie meir enn tusen ord. Slike som dette.

Nokre ord synest eg likevel talar sterkt her; kjærleik, nærleik og tryggleik.

Trehjulsykkel fjøs og stabbur (106)

Hugsar du dagen då du kom heim frå skulen med denne plakaten? Du hadde vore vekas elev:)  

   Du er ikkje berre flink å leike med gutane:) Du er flink til så mykje!

ski vinter 09 051Grotlirennet -09 038-stine  

Du er flink til å glede deg over å få vere aktiv. Du er flink som tør å setje utfor bratte løyper.

Du er flink til å kose deg på fotballbana. Du er flink til å spele på lag -og til og med flink til å lage mål:)

benditcup-08_kamp3_3536 -STINE-stine kiwi cup

***

Det er seks år mellom desse to bileta...

Eg ser likevel at du er den same jenta:) Ei jente som vardar vegen sin på ein flott måte!

 -sv-kvSøndagstur til Helgehornet 205

Gratulerer med 10-års dagen din kjære Stine!

14 kommentarer:

Anna Lisa sa...

ulerer til jubilanten.
Flotte bilder av ei flott jente:)
Ha en koselig dag!!!
Og ei fin veke
Klem

Anna Lisa sa...

Skulle stå Gratulerer!!! Veit ikkje ka som skjedde....

Gamleheksa sa...

Forsinket gratulasjon herfra. Tenk å være født på årets lyseste dag, det må jo love godt. Så mange fine bilder av det flotte jenta.
Jeg kjenner faktisk ei Stine på Hamar som og hadde bursdag i går.

Annika sa...

For eit flott innlegg!
Og gratulerer så mykje til jubilanten!!:)

Anonym sa...

Ble rørt.Gratulerer til den nydelige jenta som tydeligvis er like fin inni seg.

Torill sa...

Masse fine bilde. På jobben tok det ei evigheit å få fram sida, men heime gjekk det fint. No kjem godværet, kanskje vi får nokre fine sommarbilder? Dokke e jo så flinke å være ute, gjere kjekke ting :-)

Bilde på framsida av bloggen min er forresten tatt av eit vanleg kompaktkamera. Motivet er frå stranda i Hals, Danmark. Heilt utruleg å sjå havet som dukka opp bak sanddynene :-)

Anonym sa...

Kjære vene kor heldige Stine er som fekk slik ei flott helsing! Så fylt av godheit! Ei flott jente med flott familie.

Landliv sa...

For en flott bildekavalkade, forstår at det er en helt spesiell jente. Gratulerer!!

Englemor sa...

So flott du skriv om ei flott jente.. Ho er heldig som har ei slik stemor som du som klarer å ta vare på å gi ho den godheita ho treng:) Er sikker på at ho set stor pris på dei gode orda du skriv om ho.:)

Cecilie sa...

For eit flott og rørande innlegg. Godt å sjå og lese at det går an å ha ei så fantastisk reservemamma...(det er ikkje alle forundt)

Ha ein strålande sommar :)

Dagny- Heim sa...

Nydeleg nnlegg til ei nydeleg jente! Ikkje verst å få ei slik "gåve" :-)

Ha ein god sommar vidare ;-)

L i n d a l o v e sa...

For en nydelig jente, og så koselig innlegg du har laget til henne :o) Håper dere har hatt en fin sommer! klem fra Linda :o)

ariel sa...

Nydelege bilete!

xxxl sa...

Kjempe fine bilde :)