måndag 1. juni 2009

Nokon som vil ha is?!

Slik var reaksjonen då ungane fekk dette spørsmålet tidlegare i dag. Sjølvsagt vil dei ha is! :)

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 008

Så med is som mål for turen, la vi i veg på 12 hjul mot Sæbø. Familien på åtte fordelt på fire syklar, eitt sykkelsete og to sykkelvogner:)

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 007Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 005

Her er vi såvidt i gong, på veg ut frå Bjørdalen. Linnea har fått låne tante B. sin fine, rosa sykkelhjelm:)

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 018Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 022

Endeleg over første kneika! Flatt og fint på Bondalseidet før ein vidare berre kan nyte TRILLEturen heilt ned til Ville bru:)

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 024

Forbi gardane på Stokke vart vi forbikøyrde av 5-6 flotte veteranbilar. Dei sneik seg med på biletet som eigentleg skulle vise den flotte utsikta...

La gå! ;)

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 025

Vi sykla over Kvistad-brua og vidare nedover Moane mot Sæbø.  

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 026Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 031 

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 030Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 037

Stine viser fram "fornøgd-jente"-teikn:) Blide og fornøgde ungar på heile turen, endå det heilt sikkert var slitsamt innimellom for dei også!

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 038 

Vel framme på Sæbø kunne vi springe inn på Bellingen og kaste oss over isdisken:) Velfortente isar til alle saman.

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 039

Då vi skulle benke oss med isane våre, fekk far sjølv det spontane spørsmålet som han har fått så mange gongar før; "Er dei dine alle i hop?!" 

Litt rart at det skal vere slik ein sensasjon å vere pappa til seks, at framande folk ser seg nøydde å kommentere det. Litt artig også:)

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 036Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 043 

Posering i framgrunnen av majestetiske fjell høyrer med når ein er på Sæbø:)

Utsikta frå Slogen, 1564 moh er: "one of the proudest in Europe" i flg William Cecil Slingsby 1884

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 047

Det vart oss fortalt av lokalkjende at temperaturen i sjøen i dag var 12*C. Det var ikkje med på å friste meg uti...men storejentene derimot!

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 050

Elisa på leit etter fine skjel:)

Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 054

Vi starta med å sykle gamle riksvegen frå Sæbø på veg heim. Her, på Rise, står det att ei trapp med eit minnesmerke framom. Legg merke til rekkverket på trappa, det har vore sterke krefter i sving den morgonen 19.februar 1968... Raset som utsletta Rise må ikkje gå i gløymeboka. Stine stoppa opp for å lese det som står skrive på minnesmerket og det gjorde inntrykk.

 Sykkeltur til Sæbø pinsa 09 055

Er det rart eg tek meg sjølv i å nynne på "Vestland, Vestland" etter ein slik tur?! :)   

Å Vestland, Vestland! Når eg ser deg slik
med fagre fjell og fjord og tronge vik,
det stig i all sin venleik stort og vilt
og atter møter meg så mjukt og mildt.

Tore Ørjaseter

16 kommentarer:

Dagny- Heim sa...

Eg er vel litt innhabil her, men det er utruleg vakkert i denne delen av Noregs land. Når det er fint vêr kjem du ikkje stort nærare paradis....
Og Moane er dei første gardane du kjem til etter å ha svinga av frå Kvistad og nedover mot Sæbø :-)

Jammen har de vore utruleg spreke! Spesielt dei to største jentene!!! Det er ingen spøk å sykle heile den vegen! Spesielt heimvegen!!! Laaaang og seeeig oppoverbakke heile vegen, nesten.

Anna Lisa sa...

Å for en fantastisk tur dokke hadde!!! Eg med vil på ein slik tur!!! Mannen held på å fikse sykkelen min så snart blir det nokre sykkelturar på meg. Fint å sykkle. Man opplever naturen på ein fin mååte syns eg.
Fantastiske bilder du viser. Dokke er flinke.
Ha ein flott siste fridag
Klem

Tove sa...

Om ikkje Hjørundfjorden opplever eit ras av turistar etter dette, så veit ikkje eg! For ein deilig tur dokke har hatt! Men korleis gjekk det på heimvegen? Var vel litt seigare då, tenkjer eg...

Kos deg med siste fridagen som er att av pinsa, eg er på jobb....

Astrid sa...

For en fantastisk natur dere har rundt dere. Og for en fantastisk flott ungeflokk:) Kjempekoselig blogg du har. Ikke så lenge siden jeg oppdaget den.

Hilsen fra navnesøster på sørlandet:)

Anonym sa...

Kjekke blogg du har :) Er ofte innom å kikar på både din og fleire sine bloggar, men skriv sjeldan kommentarar. Kanskje eg må skjerpe meg litt der. Ha ei fin veke vidare ilag med den store kjekke familien din!

Volda-tausa sa...

Super reklame for vakre sunnmøre! Syns bildet med veteranbilane var heilt toppers eg! Understreka på ein måte det litt nostalgiske i biletet. For ei spreke familie du har!! :)

Linda S sa...

Så mange flotte bilder, både i dette innlegget og i dei tidligare innlegga :)

Monica sa...

Kor flotte bilder!! Ej e HEILT enig, vi bur på den flottaste plassen på jord..de gjeld berre å finne på dei rette tinga! ;)
Kor deilig å fare på sykkeltur da..ej gler mej te littjetutta mi kan sitte på, da kan vi også fare på sykkeltur...med halvparten av unga so dokke he...hehe...
Dokke e jaggu spreke, og flinke! :)
Ha en nyyydelig sommar. klem!

Ramme alvor sa...

dette var majestetiske bileter. Utruleg heldige som kan vekse opp i slik storslått natur :)

~♥~ Monica S sa...

Veit du... dette var ein av dei beste blogg innlegga eg har sett på leeeeeeeeenge!!
Ej vart jammen litt rørt også!

Monica

Torill sa...

Å så fint! Framover Sæbø og sjølve Sæbø er heilt fantastisk vakkert! Sukk, eg får heilt lengsel. Tenkte fleire gonga i mi storheitstid å bestige nokon av fjella deromkring, men eg har aldri gjort det. Verken Slogen, Saksa eller andre av dei majestetiske fjella har fått mitt besøk. Sykkeltur er meir mi greie no :-) Flotte born alle seks, herleg gjeng!

Tonje sa...

Hei.
Såg dokke på tur, sykla forbi huset vårt. Nedover dalen er ein deilig tur, men frammover er eit anna kapittel... he he
Dokke er spreke!

Badebilete fra same stranda? Eg bada, og ja, det var kaldt ;o)

Helsing Tonje

Guttemamma sa...

Vet ingen som er så sporty som dere:-). Lå i solen hele pinsen uten å gjøre et døyt jeg...burde kanskje skjerpe meg??

Livet er heeerlig sa...

Så UTROLIG koselig innlegg, og skikkelig flotte bilder :)
Ha en riktig så fin helg
*Siv*

happy in pink sa...

for en flott gjeng dere er!!!
og for noen herlige bilder fra turen deres...fantastisk natur!!!

fod helg til dere alle sammen:)))
klem tara

Hanne sa...

Nydelege bilder... det er så vakkert her på vestlandet - og eg som er halvvegs sunnmøring likar bildene dine særs godt.