måndag 13. juli 2009

Det er noko spesielt med...

...den fyrste tanna.

1. juni 2004. På dagen fem månadar etter at du kom til verda, fekk du di fyrste tann!

Ein milepæl.

Ein dag mamma aldri gløymer:)

Eit lite skarpt "riskorn" kunne sjåast og ikkje minst kjennast. I den tannlause babymunnen din kika den fram, den fyrste mjølketanna di. Endå eit teikn på at min vesle jentebaby var i ferd med å verte stor:)

Den høgre framtanna di fekk snart selskap av resten av mjølketennene dine, dei kom som perler på ei snor den sommaren.

elisa tann

I dag, 12.juli, på Bestefar sin bursdag, var det tid for den fyrste mjølketanna å takke for seg.

I bursdagselskapet på Grevsneset, midtvegs i ein av dei mange melonbåtane, der losna tanna!

elisa og bestefar 2

Eg veit ikkje kven som var den stoltaste etter tannfellinga; godaste Elisa mi eller var det kanskje mamsen sjølv?! :)

tannfe tannfe.

Vi ventar i alle fall begge to i spenning om tannfeen kjem på besøk i natt! :)

8 kommentarer:

Cecilie sa...

Kor spennande for storejenta di. Hugsar sjølv kor spennande det var å stå opp om morgonen for å sjå om tannfeen hadde vore på besøk i løpet av natta.

Eiriken min mista si første tann på hytta, og det var stor ståhei kan du tru. vi måtte vrenge alle lommer å leite under sofaputene for å finne småpengar, men det løyste seg heldigvis - og ein stolt, "nyrik" og tannlaus gut var i lykkerus resten av turen.

Håper dåkke har ein flott sommar.

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Dette er en STOR begivenhet. Særlig når man har eldre søsken og vet hvor stas det er og hvor STOR en er blitt selv når tanna ramler ut.

Fortsatt God Sommer til dere.

Unknown sa...

Ja den fyrste tanna er spesiell å få og spesiell å miste...
Var tannfeen på besøk i natt??
Vi huskar best fellinga a fredrik si andre tann...Det skjedde i bilen på veg til Kristiansand.Han og Rakel dreiv å tulla med eit teppe, han beit i det og ho drog...Poff så var tanna vekk;0)
Dei har ledd mykje av dette i ettertid!!
Ha ein fin dag, klem

Evelyn sa...

Hei:)Fant ut at her vill jeg legge igjen en hilsen for her var de en blogg slik jeg like de..så kjekt å få ta del i din hverdag og så flotte bilde..

Håpe de e greit at jeg legg de te min blogg liste?

Jeg er forholdsvis ny på dette med blogg jeg da og strever vell enda med å finne ut hvordan jeg vill legge opp min blogg. Men de blir vell ette hvert.

I alle fall en kjempe fin blogg de du he..

Håpe tannfeen he vært på besøk og at de var et vellykket besøk.

H.Evelyn

Torill sa...

Å so spennande med første tannfelling! Kjekt at du tek dej turen på bloggen din, kika innom av og til for å sjå om det e nåke nytt :-)

Torill sa...

Har du lagt ned bloggen din?

~♥~ Monica S sa...

Alt bra med dokke??
Må sjekke innom, det har vore litt stilt frå mi sida siste tida...
vesla e bra lik pappaen sin! ;-)

Monica

Nunne sa...

Spent på hvordan du har det....