måndag 21. juli 2008

Eg bloggar!



Etter eit par månadar med "tenke på å opprette ein blogg"-tankar, har eg no tatt steget!

Det vert nok litt famling, prøving og feiling, men sånn er det vel med det meste her i verda. Når noko skal lærast så må ein gjerne prøve det nokre gongar først. Det er iallefall det eg seier til ungane mine, så då må det vel gjelde for mor sjølv også?

For etter å ha brukt bortimot ein time av mi dyrebare "åleinetid" på å lage til profilen min og skrive litt om meg sjølv, forsvann plutseleg alt det eg hadde skrive -utan at eg fann det igjen nokon stad... Så no gjenstår det litt utfylling og finpussing på profilen min før eg er skikkeleg i gong.

Eg kjem sterkare igjen!

4 kommentarer:

Tove sa...

Wow - eg er imponert! Dette lovar bra, Astrid! No er eg stolt av deg, altså! Legg deg til som link på min blogg med ein gong! Eit lite tips: malen du brukar finnast i ei litt "breiare" utgåve og heiter Minima Stretchy. Må berre spørre om du treng hjelp til noko, Halse-eksperssen kjem gjerne ilande fram i Bjørdalen om nødvendig, men flink som du er finn du nok ut av det meste på eigahand! No ventar eg spent på nye, velformulerte innlegg og nydelege bileter av alle dei herlege ungane dine!

Tove sa...

Du må forresten legge inn ein teljar på sida di! Då gjer du som følger: klikk på teljaren på mi side, finn ein du likar, marker og kopier. Gå tilbake til bloggsida di.
1. Klikk "Tilpass" oppe i høgre hjørne
2. Klikk "Sideelement".
3. Finn "HTML/Java Script" og klikk "Legg til i bloggen".
4. Skriv gjerne noko i tittelvindauget og lim inn dei kopierte kråketærne i "Innhold"-ruta.
5. klikk "Lagre"
Då skal du ha fått den! Sideelementa kan du flytte opp og ned alt ettersom kvar du vil ha dei. Håper du forstår kva eg meinte med alt dette.....

Tove sa...

Fantastisk bloggtittel, forresten! Er så einig i det du skriv under! Ein let seg så lett jage på leit etter det som skal gi meining til dagane våre, og så ser vi ikkje at vi står midt i lukke, livsglede, kvalitet og magiske augeblikk! La oss slå eit slag for kvardagane og dei enkle gledene!

Astrid sa...

Takk, takk! :)
No har eg prøvd å gjere som du har forklart meg med denne teljaren, men eg har ikkje fått det til endå... Fekk opp ei slags feilmelding, så eg får prøve litt til.