onsdag 23. juli 2008

Eg har ei tulle med auge blå...

Eg har faktisk to tuller med auge blå. Her er den minste av dei; Linnea.









Kosestunda om kvelden etter at storesyskena har lagt seg, er noko heilt spesielt.

Med song, rim og regler, der eg får verdas beste respons; barnelatter og barnesmil, er ei ufatteleg fin stund!















Eg får lyst å "fryse" desse stundene, slik at eg kan ta dei fram ved seinare høve, denne spebarnstida går så fort, så altfor fort! Samstundes gledar eg meg kvar dag over nye framsteg, steg på vegen til den vesle ungen min som etterkvart skal verte ei stor jente!

Det gryr av dag, dei vaknar til liv.
Eg kjenner meg glad, dei gir meg slik giv.

Eg legg meg om kvelden, kjenner meg rik.
Ser på himmelkvelven; tenk at det vart slik?

1 kommentar:

Tove sa...

Rein poeten du, Astrid!!! ALT du seier stemmer! For ikkje lenge sidan hadde eg ei lita trulte som kunne kose seg på fanget, no spring ho rundt som sjølvaste Ronja Røverdatter og gjer dei utrulegaste ting! Vi hadde forresten ei ny kakaoepisode i går.... Tenk å vakne til slik ein deilig dag, kos deg med alle dine!