onsdag 27. august 2008

Familiedag på Brudavollen


(Klikk på bileta om du vil sjå dei i full storleik)

Søndag vart det arrangert familiedag på Brudavolltunet.
Dette har vorte eit årvisst arrangement, der særleg småbarnsfamiliar møter opp i fleirtal. Det er tillaga mange ulike aktivitetar for borna; dei blant anna får prøve å kinne smør, vere med i smia, karde ull og sjå på prosessen frå ull til ferdig tråd.
Eventyrstund, skattejakt, riding, gå med stylter(som var stor stas for ungane våre!) var populære aktivitetar.


Her er det Stine som får hjelp av Bestefar Stig til å halde balansen.


Synne har gjort dette nokre gongar før, så ho manøvrerte styltrene godt:)


Eirik (3 år) trengde naturleg nok litt hjelp, så då var Pappa trygg å ha bak seg.


Kjekt med ein Bestefar som kan hjelpe Elisa!



Det vart rømmegraut på heile familien denne søndagen, store og gode porsjonar til alle mann:)



...bortsett frå Linnea då... Trur ho var litt snurt då ho ikkje fekk smake. Neste år Linnea! :)



Etter å ha kosa oss nokre timar i det vakre, velstelte Brudavolltunet, var det på tide å reise heimatt. Elisa ville sitte på ryggen til storesyster Stine på veg ned til bilen, og det vart slikt eit fint motiv, så dermed vart det foreviga:)

Vi er alle glade for dei frivillige kreftene som vi har her i bygda, og takkar dei for at dei står på og brukar av fritida si på å lage det kjekt for oss!

3 kommentarer:

Joanna sa...

Du så kjekt at det finnest slike arrangement! Det ser rett iddylisk ut, og ikkje minst kjekt (både for store & små)

Stine kjenner eg til, då ho går i klasse med Benedicte, men det er kjekt å sjå bilete av alle borna de har!

Ha ei fin veke Astrid! Klem

Grip dagen sa...

Dette var balsam for sjela!
Mye fin lesing på bloggen din. Du griper dagen, ser jeg!
"Tid tilbragt med barn er de minst bortkastede i ditt liv..."
Du ser ut til å sjenke dem MYE tid. Det er flott å se!

Det så riktig idyllisk ut på det gamle tunet. Helt herlig med slike dager!
Jeg er litt tidlig ute, men ønsker deg og dine ei GOD HELG!
Hilsen Marit

Fagerborg sa...

Tusen takk for koseleg kommentar på bloggen vår! Tida går so altfor fort me dissa små. E glade for at me leve i en digital verden, slik at me kan forevige dei gode øyeblikka!;-)
Kjempefint dikt du he skrive på bloggen her også forresten. Du he talent alså!;-)
Nydelege onga dokke he også, og så misunne ej kor flinke dokke e til å finne på ting i lag. Fint å vere ilag som ei familie både på fjellet og på sånne familiedaga.