fredag 22. august 2008

Yngstemann på Saudehornet??

Onsdagane er Svein Erik sin fridag. Og med 3 av ungane i barnehagen og 2 på skulen, var det berre vi to voksne pluss Linnea (8mnd) som var heime, med andre ord: vi følte oss ganske "fri" denne onsdagen. Og då vermeldinga på yr varsla om fint ver denne dagen, la vi planar om fjelltur. For fjell og friluft er noko både Svein Erik og eg verdsett veldig høgt.


Så kva for fjelltopp skulle vi sikte oss inn på?
Eit av dei viktigaste kriteria var at vi måtte finne eit fjell med god rås utan kliving, dette fordi vi skulle gå med Linnea i beresele og dermed var det viktig å sette føtene trygt framom seg:) Samtidig hadde vi lyst å slite oss litt ut denne dagen, så Saudehornet (1303 moh) vart destinasjonen. Der har vi vore nokre gongar før, så vi visste at der er trygg og god rås heile vegen.

Etter at ungane var levert i barnehagen, pakka vi tursekken og sette kursen mot fjellet. For at turen skulle verte mest mulig komfortabel for vesle Linnea (8 mnd), hadde vi med vogn slik at ho fekk sove første delen av turen.













(For dei som ikkje veit det, er det bomveg/grusveg eit godt stykke på veg opp til Saudehornet, ei særs populær trimrute for spreke ørstingar! Ikkje heilt mi type trimrute denne vegen då, men det er sikkert berre fordi eg er bortskjemt med eit flott friluftseldorado "rett utom nova".







Utan mat og drikke...:)





Det vart handla inn rikelige mengder med smågodt, sjokolade og anna godis, Linnea måtte nøye seg med yoghurt og pupp -sikkert ikkje så verst det heller:-)
























































Turen gjekk kjempefint! Linnea såg ut til å storkose seg, bortsett frå at ho reagerte litt på det skarpe lyset på toppen, då var solbrillene til mamma gode å få låne B-)
Som de ser på bileta så låg det skodde rundt toppen, vi fekk likevel nokre glimt av det fine veret då vi satt der. Då kunne litt av utsikta også nytast, og sunnmøres alpenatur er noko for seg sjølv!!

5 kommentarer:

Nunne sa...

Du store min, for en tur!
Så flott utsikt ned mot vannet...
Får lyst å klatre til fjells, men i år har vi vært slapp med fjellturer....
Strever hvert år med å få 10 topper, for å oppnå et Fjelltrimkrus. Men i år har vi jobba så med hytta, at vi har ikke hatt tid.
Du har en flott blogg! God natt.

Astrid sa...

Beklagar rotete oppsett, har ikkje heilt lært meg dette med plassering av bileta enno...

Joanna sa...

For noken fine bilete Astrid. Saudehornet har eg aldri vore på, men det verka som ein veldig fin tur :O)

Søt jente, med eit nydeleg namn de har!

Ha ein finfin kveld

Joanna sa...

Det er loppemarknad på Rjåneset om to veker ;O)

Ha ei fin veke, du og dine :O)

Monika sa...

Heia
Takke takk for titten bilder avein flotte tur :)
Eg har ikkje slete meg opp på ein topp tur i sommer - men det kommer vel - håper eg da
Har bert mye unger i meir på mange turer - og det har vert kos
Smil fra monika