torsdag 15. januar 2009

DIN VEG

første snøven nov 08 035

Ingen har varda den vegen du skal gå

ut i det ukjende, ut i det blå.

 

Dette er din veg.

Berre du skal gå han,og det er uråd å snu.

 

Og ikkje vardar du vegen, du hell.

Og vinden stryk ut ditt far i aude fjell.

 

Olav H.Hauge

6 kommentarer:

Lill sa...

Hei.
Eit fantastisk dikt Astrid, og orda er sanne,.... Håper du får ein fin dag i nydeleg vinterver.
Klem frå Lill

Lyst på livet sa...

Så sant, så sant.
Og for et vvakkert vinterbilde!

Klem Torunn

Tove sa...

Vakkert, Astrid! Har du travle dagar for tida? Her har det vore spysjukehus i dagesvis. I dag er eg einaste heime som ikkje er heilt på beina endå. Men det kjem seg, eg har endåtil fått i meg frukost i dag! Ynskjer deg ein fin dag! Har sola nådd Bjørdalen, forresten?

Ramme alvor sa...

Tusen takk for lang og god kommentar! Det varma spesielt at den kom frå deg! Det var ingenting du har sagt eller gjort som gav støtet til innlegget mitt i går.

Det var ting eg har lese rundt om, om teljarar og ikkje teljarar, om dronninga og arbeidsmaur, at Emmeline måtte moderere kommentarar fordi misunnelege anonyme sparka i alle retningar osv.

Eg ville berre sei, at slik er livet og me klara fint å leva med da om me skikkar oss vel...:)

Det er lett å ikkje sei noko om nåke, at innlegga handlar om ufarlege ting, glade ting og ting ingen kan vere ueinige i. Da er eigentleg ein god ting. Men avogtil meinar ein noko hjartefølt, og kva skal ein med ein blogg om ein ikkje der kan dele dei tankan med andre?

Eg tåler fint at folk er ueinige med meg, berre dei ikkje sparkar og sler...:)

DU er veldig flink til å bruke bloggen din til å formidla haldninga og meininga. Eg syns det er ein styrke ved ein blogg. Gjer den levedyktig på ein spesiell måte.

Og Hauge er ein fantastisk diktar, det er me begge einige om :)

Klem
Britt

~♥~ Monica S sa...

FLOTT!! :-)
fyste tanken min når eg såg overskrifta di var :

ALLE VEIER ER DRONNINGENS VEIER!!
;-) hehehe
Frå Alice i eventyrland..
sett for mykje film?? YES.. trur det!

Monica

Fivrel sa...

Så flott at du har valt dette diktet; Olav H. Hauge er for meg ein av dei aller fremste diktarane me har.

I desse dagar kan ein også seie med Arne Næss: Sva marga - finn DIN veg. Lat oss ikkje vere sauer, og berre dilte der andre har gått føre. Lat oss ikkje berre fylgje straumen, fordi det er det lettaste, og gjev oss minst motstand på livsvegen. Ein må finne SIN eigen veg, og gå denne i krok og omveg, trass i kritikk og misunning frå andre. Slik trur eg du er, Astrid, du tør å gå eigne vegar, fordi du veit kor viktig det er, og kor viktig det er å syne borna nett dette. Å stole på seg sjølv, slik at ein kan stå i mot for press frå ulike kantar, og stå ved dei vala ein tek, fordi nett desse vala er rette for ein sjølv.